28. september 2017

Motorpsycho (Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2017)

Dette vart omtrent som i gamle dagar, med to Motorpsycho-konsertar på to dagar. Dei siste gongene dei har spelt i Bergen har dei spelt på USF, men denne gongen var det Landmark, truleg av di det er BIFF-festival på USF. Landmark er eit langt dårlegare lokale - utan scene, mykje mindre, og med meir ujamn lyd. Onsdagskonserten vart raskt utselt, og eg kjøpte like godt billett til ekstrakonserten dagen før òg. Det kjendest både rett og feil - det var stas med to konsertar, men samstundes er det jo då ein eller annan som ikkje fekk sett dei i Bergen i det heile.

Konsertane var ujamne. Konserten tysdag var bra, og hovudvekta låg (ikkje uventa) på songar frå den siste plata. Det var den fyrste med Tomas Järmyr bak trommene, og det er ei hardare plate enn forgjengaren. Det er ei finfin plate, som veks og veks, men i eit lite lokale som Landmark vart det for tungt og hardt, der det av og til var uråd å skilja dei ulike instrumenta frå kvarandre. Høgdepunkta vart når dei roa det heile litt ned, som i gode gamle "Watersound".

Sjølv om det var litt opp og ned var eg godt nøgd med den fyrste kvelden, men den andre konserten vart noko heilt anna. Setlista var endra mykje. Frå den siste plata spelte dei dei same songane som kvelden før, pluss ein litt haltande versjon av "Pacific Sonata". Av tidlegare songar var det berre ein felles for dei to kveldane, den relativt nye "Lacuna/Sunrise". I staden trilla dei fram godbit etter godbit. Opningssongen, "Year Zero" var aldeles perfekt - eg har skrive tidlegare at det er den heilt rette songen å opna med, der dei frå nokre rolege opningstonar glir inn i det reine infernoet, og her sat alt akkurat slik det skulle. Utover i settet sprudla det jamt, det var tydeleg at dei på scena koste seg.

Her køddar eg ikkje: Omtrent midtvegs tenkte eg at dei kjem til å spela "Un Chien d'Espace" og "Vortex Surfer" til slutt. Det gjorde dei òg, med den siste som ekstranummer, og begge versjonane var fabelaktige. "Chien" vert berre betre og betre, og det lange midtpartiet, der dei byggjer opp ein utruleg lydvegg, var så til dei grader midt i blinken. "Surfer" er ein meir fastlagt song, men det er ein song med store kontrastar, og med nokre uvanleg fengande parti. Det var ikkje berre eg som hadde klump i halsen, og på veg ut var fleire reint euforiske.

Det var altså fyrste konserten eg såg med Järmyr, og han gjorde eit godt inntrykk. Han er ikkje Kapstad, men det er det jo ingen som er, og det ville jo òg vore rart å prøvd å erstatta like for like. For dei to andre i bandet må det jo vera meir spanande å finna noko heilt nytt å leika med. Plusspoeng òg for filmane som vart viste på bakveggen - der eg stod såg eg ikkje så mykje til musikarane, og då var det jo greitt med gode filmar i staden.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

27. september 2017

Arnfinn Kolerud: Den som ikkje har gøymt seg no (2004)

Medan me ventar på det siste bandet i Vassbygdi-trilogien: Dette er ein godt og vel ti år gamal roman av Kolerud. Boka vert presentert som ei ungdomsbok. Det er nok eit rett omgrep, men samstundes er det jo slik at gode ungdomsbøker greitt kan lesast og likast av vaksne.

Slik er det absolutt med denne boka. Det er ei bok med mykje å le av. Kanskje me vaksne ler meir enn dei noko yngre, men det var i alle fall ei langt større oppleving enn eg hadde rekna med.

Hovudpersonen i boka er Odd, ein relativt forsiktig og sjenert fjortenåring. Bestevenen hans, Per Tore, har isolert seg på rommet sitt, etter at han har fått det for seg at han fører ulukke med seg. Odd prøver å finna ut av om dette stemmer. Det gjer det sjølvsagt ikkje, og Per Tore opnar seg opp mot slutten av boka. På vegen dit har me vore innom mange lystige og nokre svært lystige situasjonar. Kolerud skriv fram komiske situasjonar, men har òg god kontroll over språket. Og samtidig fortel boka klokt om korleis det er å vera i overgangen mellom born og vaksen, der du kan irritera deg stort over småsysken, men der du òg ikkje anar nokon ting om korleis du skal oppføra deg med vaksne.

Guffen tilrår.

Meir Kolerud på kulturguffebloggen
Langt frå bambus (1999)
Zommarferien (2007)
Når ein først skal skyte nokon (2010)
Kom ikkje inn i mitt hus (2012)
Snillionen (2017)
Gamle menn i syningom (2021)

20. september 2017

Camilla Juell Eide og Erling Moss: "... aldri mer slippes løs" (1999)

Fredrik Fasting Torgersen vart i 1958 dømd for å ha drepe ei 16 år gamal jente i Skippergata i Oslo. Han sat i fengsel til 1974. Alt utover i 1960-åra tok fleire opp det dei meinte var feil i rettssaka. Torgersen prøvde fleire gonger å få teke saka si opp att, men kravet vart avvist kvar gong.

Det er aldeles uforståeleg for alle som les denne boka. Eg er fullt klar over at det i andre bøker vert hevda at Torgersen var mordaren, og er fullt klar over at det er mange andre som er usamde i argumenta som vert lagt fram her, men likevel: Dette må vera eit justismord, og det er vondt å tenkja på at Torgersen ikkje fekk saka si opp att medan han levde.

Han vart pågripen (mistenkt for sykkeltjuveri) før liket vart funne. Likevel samsvara forklaringa hans heilt med andre vitneforklaringar om kva han hadde gjort i timane rett før, altså utan at han kunne ha avtala noko med dei andre vitna. Han skulle ha valt ut den rette av to nøklar frå kåpa til den drepte jenta, for å koma seg inn att ei stund etter at han hadde drepe henne. Han skulle ha funne ei godt gøymt kjellarluke i eit hus han ikkje var kjend i. Han skulle ha samla saman brennbart materiale i den mørke kjellaren, som han lyste opp med åtte fyrstikker - alle desse låg på same stad, ved sida av bålet han kom tilbake for å tenna på. Ein annan mann hadde fulgt etter jenta heim, kanskje den same mannen som stod saman med ho i gangen i huset ho budde i, men ingen av dei som såg desse mennene gjekk god for at det var Torgersen. Han hadde nokre heilt vanlege grannåler i ei dresslomme, men av sakkyndige vart desse barnålene presenterte som ekstremt sjeldne, og at dei matcha eit daudt juletre i kjellaren. Han sa at han hadde kjøpt dressen frå ein som hadde vore på flukt frå politiet og som hadde overnatta ute i skogen - politiet kalla aldri denne mannen inn til avhøyr. Det var bitemerke i brystet til den drepne jenta - to sakkyndige meinte at merka matcha tennene til Torgersen, men dei var usamde om kva tenner som hadde sett dei ulike merka.

Og så bortetter. Det er ein trist historie, som vert godt fortalt. Denne boka flyt langt betre enn boka Moss skreiv om Per Liland, og det er ei bok det absolutt er verdt å lesa.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Michael Grundt Spang: Torgersen-saken (1973)
Erling Moss: Saken Per Liland (1997)
Litteratursymposiet i Odda, 2011

17. september 2017

Boyz n the Hood (1991)

I bydelen South Central i Los Angeles bur det stort sett negrar. Det er ikkje ein trygg bydel. I denne filmen vert folk stadig skotne, sirenene frå politibilar er overalt, og kvar kveld sirklar helikopter med lyskastarar over alle.

I denne bydelen veks tre gutar opp. Den ambisiøse og skuleflinke Tre, den talentfulle football-spelaren Ricky, og bror hans, gjengmedlemmet Doughboy. Dei to fyrste drøymer om å koma seg vekk; Doughboy ser ut til å akseptert at han kjem til å vera der resten av livet.

Det livet vert ikkje så veldig langt, og det vert heller ikkje livet til Ricky. Medlemmar frå ein annan gjeng kjem over Ricky og Tre, og opnar eld mot dei. Ricky vert drepen. Tre vert med Doughboy når han køyrer rundt for å ta hemn, men forlet bilen før dei finn dei dei reknar med at har drepe Ricky.

Det er ein uventa fengande film. Det vert rett nok litt for enkelt av og til, som når far til Tre held eit foredrag for nokre andre, og der poenget er så altfor tydeleg: Altfor mange negrar vert drepne i denne bydelen, og det er negrane sjølv som drep kvarandre. Det er dette styresmaktene vil, men me burde heller slå oss saman og kjempa mot dei.

Guffen tilrår.

14. september 2017

Sigmund Skard: Karen Grude Koht (1987)

Karen Grude Koht (1871-1960) var gift med Halvdan Koht; Sigmund Skard var svigerson deira. Han skreiv nokre år tidlegare ein omfangsrik biografi om svigerfaren, og denne gongen skriv han altså om svigermora. Denne boka er langt frå like omfangsrik, og han slit òg med å avgrensa seg til ho han skriv om. Halvdan Koht er langt meir synleg her enn Karen Grude Koht var i biografien om han.

Det er sjølvsagt vanskeleg å unngå akkurat det, men likevel: Det skapar eit inntrykk av at Karen Grude Koht ikkje var viktig nok til å få sin eigen biografi. Og det inntrykket er feil. Ho var ei viktig kvinne, på fleire område. Ho var den fyrste bondejenta frå Jæren som vart student. Ho var engasjert i kvinnerørsla, og kjempa for likestilling. Ho var tidleg ute med å gje ut bøker om barnepsykologi. Samstundes verkar det som om det var opplagt for ho at dei to i heimen skulle ha eit tradisjonelt kjønnsrollemønster, der det var mora som hadde ansvar for barn og mat og alt slikt, medan faren var ute og tente pengar.

Når ein nær familiemedlem skriv ein biografi, kjem sjølvsagt dei vanlege innvendingane: Har biografen nok avstand til den biograferte? Bruker han kjeldene nøkternt nok? Det er det sjølvsagt uråd å svara på, men det er ikkje noko glansbilete Skard teiknar. Ekteskapet mellom Grude Koht og mannen hangla i fleire år, kanskje fleire tiår, og Skard fortel om fleire kvinner som stod Halvdan Koht nær i denne perioden. Det skal ha vore reint platoniske forhold, men det var likevel forhold som sette spor.

Guffen er lunken.

13. september 2017

Kieron Tyler: Smashing it Up (2017)

The Damned var tidleg ute. Dei gav ut den fyrste britiske punk-singelen, den fyrste britiske punk-LP-en, og hadde nokre svært fengande songar. Vokalisten Dave Vanian var ulik alle andre, og var goth mange år før folk kalla det goth. Dei var med på den vidgjetne Anarchy-turneen i 1976, og det var omtrent då det skar seg mellom dei og dei to andre store punkbanda i 1976, Sex Pistols og The Clash.

For Kieron Tyler er det eit kvalitetsstempel av The Damned kom på kant med dei to andre. Han meiner at det viser at dei var sjølvstendige, og at dei meir enn andre gav ein komplett god ein i kva andre meinte om dei. Det er ikkje eit heilt overtydande argument, men det er likevel eit faktum at dei stod på utsida. Dei vart oppløyst i 1978, men kom saman igjen seinare på året, med ny bassist. Der kom mange ny bassistar etter kvart, men dei tre andre var stabile til midt i åtti-åra. Bandet vart meir og meir poppete.

Boka går heldigvis rett på sak: Tyler bruker minimalt med plass på å presentera barndom og oppvekst. Dei fyrste åra av historia til bandet er underhaldande, men boka misser piffen utover i 1980-åra, slik òg bandet gjorde. Det er ei grundig bok, der alle LP-ane får detaljert omtale, men det vert litt for mange detaljar og slikt for ein som meg, som berre kjenner delar av det dei har gitt ut.

Guffen er lunken.

10. september 2017

Ragnar Hovland: Halve sanninga (1997)

Boka har undertittelen "tre versjonar", og i dei tre delane av boka fortel ein mann, ei kvinne og ein hund om nokolunde same hendingar. Mannen og kvinna møter kvarandre på ei strand. Dei innleier eit forhold, han vert forelska i henne, men brått forsvinn ho. Han leitar etter henne, men greier ikkje å spora ho opp. Versjonen hennar er meir omfattande - ho fortel om korleis ho har hatt ein kriminell ektemann. Det fortalde ho òg mannen ho møtte på stranda, men ho fortalde ikkje at ho hadde tysta på mannen, og at han var på leit etter henne. Grunnen til at ho flykta no var at han var på sporet av henne. Den siste versjonen, altså versjonen til hunden, er mest prega av at han ikkje skjønar det same som menneska skjønar.

Slik det går fram av tittelen på boka, veit me aldri heilt kva andre tenkjer og meiner. Dei to personane har ulike oppfatningar av kva som skjer, og slik er det normalt. Dette poenget vert òg understreka av at boka er forma som ein trekant; halvparten av ei vanleg bok er altså skore vekk. Slik sett er det ein god idé, og boka er òg grei nok. Det er ikkje ein altfor omfattande tekst, men det er ein god Hovland-tekst, med passe mengder humor og gode formuleringar.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

9. september 2017

Jeffrey Burton Russell: Inventing the Flat Earth (1991)

Christopher Columbus var ein modig mann. Han hadde sjølv kome fram til at jorda var rund, og at ein såleis kunne finna India dersom ein segla over havet mot vest. Det gjekk bra, som me veit, han kom til eit kontinent han skal ha trudd at var det asiatiske, osb.

Omtrent slik vart me fortalt om Columbus på skulen for mange år sidan. Denne boka dokumenterer på svært grundig vis det eg har lese andre stader: At jorda var rund var almennkunnskap då Columbus var på topp. Og det hadde vore almennkunnskap i mange hundre år. Columbus var ein modig mann, men ikkje av di alle andre trudde at jorda var flat: Dei som hadde rekna på storleiken til jordkloden hadde fått eit svar som var svært nær det korrekte, og dei fleste meinte difor at det var uråd å segla heilt til Asia viss ein segla vestover. Ein ville gå tom for mat og drikke lenge før ein kom fram. Då Columbus søkte om støtte til turen manipulerte han dei kjende tala, slik at det faktisk såg ut som om det kunne la seg gjera. Det kunne det ikkje, men heldigvis for Columbus dukka det opp eit ukjent kontinent.

Russell viser altså korleis den runde jordkloden var godt kjend. Han viser òg kvifor noko anna vart hevda på 1800- og 1900-talet. Frå 1820-åra vart det frå fleire hald, fyrst og fremst religiøse, hevda at jorda var flat, og at det for Columbus òg var slik. Dei kunne ikkje snakka seg vekk frå at det i antikken var kjent at jordkloden var rund, men meinte at denne kunnskapen hadde gått tapt. Det utrulege er at dette synet festa seg.

Russel skriv ikkje akkurat sprudlande, men han går sakleg og grundig til verks. Og det er sjølvsagt fint med bøker som gjev oss ny kunnskap.

Guffen tilrår.

4. september 2017

Robert Forster: Grant and I (2016)

Det australske bandet The Go-Betweens var, slik eg skriv kvar gong eg skriv om dei, eit altfor undervurdert band. Dei gav ut seks LP-ar i åtti-åra, tok ein pause på ti år, og gav ut tre til etter årtusenskiftet. Den siste plata deira, Oceans Apart frå 2005, er heilt på høgd med det beste dei gjorde tjue år tidlegare, og ein av songane derfrå, "Finding You", kan godt vera på topp tre av enkeltsongar. To av medlemmane, Robert Forster og Grant McLennan, var med heile tida, og det er forholdet mellom desse to denne boka handlar om.

Dei møter kvarandre i tjueårsalderen, i Brisbane. Forster har spelt litt gitar; McLennan har aldri spelt noko instrument. Dei lagar likevel eit band saman, og det viser seg at begge kan skriva songar, begge kan skriva tekstar, begge kan syngja, og begge vert etter kvart habile gitaristar. Dei vert svært nært knytt til kvarandre, sjølv om dei er ulike: Forster er langt meir sosial og open om seg sjølv; McLennan er reservert. Dei ler, dei deler erfaringar, dei snakkar om bøker og filmar, men Forster kjem likevel ikkje inn til den inste grinda til McLennan.

Det er kanskje det mest overraskande med denne boka. Det handlar mykje om korleis dei to arbeidde og treivst saman, også i åra Go-Betweens var oppløyst, men det handlar uventa lite om McLennan. Me kjem ikkje heilt innpå han. Og det er heilt greitt, det var truleg slik han ville hatt det sjølv. Boka er uansett finfin, og er tidvis ei fabelaktig skildring av venskap, og av gleda ved å skapa noko saman. Dei konkurrerer om å skriva dei beste songane, men konkurransen stikk ikkje djupare enn at dei kan gle seg over gode songar frå den andre. Forster skriv til dømes glimrande om den fabelaktige "Cattle and Cane", ein av dei tidlegaste godbitane frå McLennan. Og eg fekk ein stor klump i halsen då Forster skriv om då McLennan døydde av eit massivt hjarteslag, 48 år gamal.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

3. september 2017

Tony Adams: Sober (2017)

Tony Adams spelte for Arsenal i nitten sesongar. Han var kaptein i dei fleste av desse, og vann ei rekkje trofé. Han spelte i ei tid då spelarane slettes ikkje tenkte mykje på kosthald. I Arsenal, som i dei fleste andre laga i England, var det ein solid drikkekultur. Nokre takla dette fint; Adams gjorde det ikkje. I 1996 stod han fram som alkoholikar. Tida fram mot den meldinga skreiv han om i Addicted, som kom i 1998. Det var ei lesverdig bok. Denne boka handlar om tida etter, og er langt frå like pirrande.

Han held seg edru gjennom heile boka. Det er han med rette stolt av, men det er ikkje altfor spanande å lesa om at han går på møte i AA. Kanskje det er haldningar derfrå som gjer at han skriv mykje om ting han slit med, som angst, flyskrekk, sengevæting og liknande, men det er heller ikkje altfor spanande å lesa om. Han skriv sjølvsagt om korleis han prøver å få seg gode jobbar som trenar eller manager. Dette er dei kapitla som er mest lesverdige, men dei engasjerer ikkje altfor mykje. Spesielt tida i Azerbadzjan og Kina er lite interessante. Og det siste gjennomgåande temaet i boka, familie og slekt, er jo mest interessant for dei det står om. Så det var ikkje så mykje å skryta av, dette.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)