30. januar 2018

Ørjan Nilsson; Tårer fra en stein (2017)

Intervjubøker kan vera gode bøker, i alle fall dersom dei som vert intervjua har mykje på hjarta. Denne boka er ei samling samtalar med Pål Waaktaar Savoy. Han er den ivrigaste komponisten i a-ha, men har lett for å trekkja seg tilbake når bandet vert intervjua. Han vert gjerne framstilt som den tankefulle, tenkjaren som skapar stor musikk i a-ha.

Sjølv har eg ikkje rare forholdet til a-ha. Dette er tredje boka eg les om dei, slik at alt tyder på at eg har brukt meir tid på å lesa om dei enn å høyra på musikken deira. Det er likevel ei spanande bok, der Nilsson får Waaktaar Savoy til å snakka. Han snakkar om oppvekst, han snakkar om bandet, han snakkar om dei to andre i bandet, han snakkar om gleda ved å skapa noko, og han snakkar om mykje meir.

Det er det å skapa noko som er driv han. Han er på leit etter den beste melodien og den beste teksten, og verkar langt meir interessert i det enn å vera stjerne. Eg kjenner musikken godt nok til å vita at det er langt mellom songane som fengar meg, men det kan godt vera at han på sitt beste er på god veg mot ein drøymemelodi. Tekstane hans er det verre å vera positiv til; boka sluttar med fem tekstar, og dei verkar heller ordinære.

Guffen tilrår.

Meir a-ha på kulturguffebloggen
Tor Marcussen: "We want the world and we want it now..." Boka om a-ha (1985)
Jan Omdahl: a-ha. The Swing of Things (2010)

28. januar 2018

1971 (2014)

For nokre år sidan las eg boka The Burglary. Den fortalde om åtte fredsaktivistar som i 1971 meinte at nok var nok. Dei braut seg inn i eit FBI-kontor i Pennsylvania, for å fjerna alle arkivmapper som handla om rekruttering av nye soldatar til Vietnam. Då dei gjekk gjennom mappene såg dei at dei hadde fått med seg mykje meir. Og at det dei hadde fått tak i var brennbart. Dokumenta prova at FBI aktivt infiltrerte aktivistar, avlytta alle dei kunne avlytta, og i det heile dreiv på ein heilt annan måte enn mandatet deira.

Denne filmen fortel den same historia, på ein like god måte som boka gjorde. Fleire av dei åtte er intervjua, og dei har god grunn til å vera stolte av det dei gjorde. Dei kom alle opp i dilemma før og under innbrotet, ikkje minst ekteparet som hadde fleire små ungar. Og også den niande personen, som trekte seg ut nokre veker før innbrotet, sleit med sitt. Alle dei åtte unngjekk kvarandre i tida etter innbrotet, men ekteparet fekk ein gong besøk av han som hadde trekt seg ut. Han hadde høyrt at dei hadde kome over ting som var farlege for tryggleiken til USA, og at dei kom til å publisera det. Det ville ikkje han at skulle skje, og truga med å gå til politiet. Dei greidde å overtyda han om at det ikkje var noko slikt i det dei fekk med seg.

Eg såg filmen i nettspelaren til NRK, der han er tilgjengeleg ut februar.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Betty Medsger: The Burglary (2014)

Cormac McCarthy: Cities of the Plain (1998)

Dette er den tredje boka i grense-trilogien til McCarthy. Eg las dei to andre for (uventa) mange år sidan - den fyrste var glimrande, den andre var ein stor nedtur. Denne har difor stått i hylla og kika på meg ei stund, men no var det omsider dags. Og det var på tide - det er ei finfin bok.

Hovudpersonane frå dei to fyrste bøkene, John Grady Cole og Billy Parham arbeider på ein stor ranch i New Mexico. Dei held til like ved grensa til Mexico, og det er der utgangspunktet for historia ligg: Cole vert forelska i ei ung jente som arbeider på eit horehus dei frekventerer med ujamne mellomrom. Han vert kjend med ho, og overtalar ho til å røma til USA saman med han. Det er sjølvsagt problematisk, halliken hennar, Eduardo, vil ikkje gje slepp på ho. Det får fatale følgjer.

Minst to ting peikar seg ut ved boka. McCarthy skriv flott. Boka er skriven i eit språk som tidvis er ufatteleg elegant og poetisk. Det er ordknapt, han gjev ikkje ut meir enn han treng. Det andre er den eksemplariske spaningskurva i boka. Det vert gradvis meir og meir engasjerande, og i dei siste kapitla er det nesten uråd å leggja boka frå seg. Han kombinerer desse to elementa i scena der Cole møter Eduardo til ein knivkamp. Det er spanande, og det er poetisk.

Før me kjem så langt har me fått mange flotte skildringar av livet på ranchen. Handlinga må vera lagt til tidleg i 50-åra, ei tid då USA var prega av framtidsdraumar om eit annleis samfunn. Dei på ranchen har like mange draumar om samfunnet som er i ferd med å forsvinna.

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

23. januar 2018

Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)

Therese Bertheau var ein pioner i fjellheimen. Ho var den fyrste norske kvinna som dreiv det langt innan fjellklatring. Ho var med på fire fyrstebestigningar, og vart i 1894 den fyrste kvinna på toppen av Store Skagastølstind. Ho er ofte nemnt i fjellbøker, og er med på fleire kjende fotografi, men spesielt mykje vert det ikkje skrive om ho. Slik sett er dette ein velkomen biografi.

Me kjem ikkje altfor tett innpå Bertheau. Ho let ikkje etter seg så mange spor - ho skreiv nokre artiklar, og det finst nokre brev, men mykje av livet hennar er framleis gøymt. Vibe er bibliotekar, og er difor godt kjend med å leita etter kjelder, så ho har nok funne det som er tilgjengeleg. Likevel er ikkje boka på meir enn knappe hundre sider, og då er det òg med kapittel om andre tidlege kvinnelege klatrarar, og om andre tilsette ved Nissen Pigeskole, der Bertheau var ei respektert (og litt frykta) lærarinne.

Det er klatringa som får mest plass, slik det bør vera. Ho møtte større motbakkar enn mennene ho klatra med, det var ikkje sett på som høveleg å klatra i bukser, slik at i alle fall fram til klatringa tok til, gjekk kvinnene i lange skjørt. Det seier seg sjølv at det er eit plagg som er dårleg eigna til fjellturar. Det var nok òg ei utbreidd haldning at kvinner ikkje høyrde heime på dei vanskelegaste toppane - hugs korleis Slingsby harsellerte med at Store Knutsholstind var ein topp som var så enkel at til og med kvinner kunne nå toppen.

Slingsby fekk respekt for Bertheau, og i 1900 inviterte han ho med til toppen av Store Skagastølstind - han meinte det var på sin plass at den fyrste mannen og den fyrste kvinne som hadde nådd toppen gjekk dit saman.

Det er ei fin bok Vibe har skrive. Ho skriv godt, og gjev oss eit godt bilete av korleis kvinner hadde det i den tidlege fjellturist-tida, og gjev oss òg eit godt bilete av kven Therese Bertheau var. Der er hol som kan tettast, men dei er færre etter denne boka.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

21. januar 2018

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Kimen er ein av dei store romanane til Tarjei Vesaas. Boka kom ut hausten 1940, og tek opp eit tema som var ekstra aktuelt då: Kor langt kan vanlegvis normale menneske som jaktar i flokk gå? Ein framand kjem til ei øy, der han oppfører seg rart nok til at folk skjønar at han ikkje er frisk. Han drep ei jente på øya, og dei fleste prøver å finna han. Dei finn han, han vert slegen i hel, og når dagen vert til kveld og kvelden vert til natt skjønar dei kva dei har gjort. Dei skjønar kanskje ikkje kvifor dei har gjort det, men det går opp for dei kva som verkeleg har hendt.

At ein roman er glimrande er sjølvsagt ikkje det same som at det automatisk kan lagast godt teater av han. Ei av utfordringane i dette tilfellet er at det er få replikkar i Kimen. Eller - det er sjølvsagt mange replikkar, men det er ikkje replikkane som driv handlinga framover, i alle fall ikkje i den fyrste delen av boka. Dette løyser Det Norske Teatret på ein ikkje altfor vellukka måte: Dei åtte skodespelarane er alle på scena så godt som heile tida, og altfor ofte går dei inn i forteljar-roller, der dei fortel kva som skjedde, kvar handlinga er, og så bortetter. Det vert relativt stilleståande, og framsyninga vert altså langt svakare enn romanen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)


Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

Dee Brown: The American West (1995)

Den best kjende boka til Dee Brown er Bury My Heart at Wounded Knee. Den boka fortel historia om korleis kvitingane tok makta over prærien og utrydda indianarane, heile tida fortalt frå indianarane sin ståstad. Det er ei framifrå bok.

Denne boka fortel mykje av den same historia, men Brown utvidar horisonten. Han vekslar mellom tre grupper - indianarane, nybyggjarane og kvegfarmarane. Det fungerer berre sånn middels. I ei svært god innleiing fortel han om korleis han vart interessert i dette feltet, og korleis han fekk publisert tre fotobøker. Kvar av desse bøkene handla om ei av dei nemnde gruppene. Her prøver han å fletta det saman, men det vert svært oppkonstruert.

Dessutan er det mest i indianarkapitla han får vist kor god forteljar han er. Dei andre kapitla vert meir oppramsande, der fakta følgjer fakta. Om indianarane tek han føre seg dei viktigaste stammene, og skriv om viktige slag. Han får fram skilnaden mellom stammene, og han får presentert viktige enkeltpersonar. Hadde boka konsentrert seg om desse emna hadde det vore ei langt betre bok. Men då hadde det jo vore ei bok han har skrive før.

Guffen er lunken.

20. januar 2018

Three Billboards Outside Ebbing, Missouri (2017)

Det er litt uvant å sjå ein film same dag har noregspremiere, men for ein gongs skuld gjekk det slik. Heldigvis - dette er ein fin film

Dotter til Mildred Hayes vart valdteken og drepen for eit halvt år sidan. Mildred er forbanna på politiet, som ikkje har greidd å løysa saka, og tek ut sinnet sitt på ein original måte: Ho leiger tre store reklameskilt ved ein lite brukt veg, der ho spør kvifor politisjefen ikkje har løyst saka. Det vert bruduljar, sjølvsagt. Politisjefen tek det fint, og lovar Mildred å sjå på saka igjen. Ein anna politibetjent, ein enkel kar med høgst tvilsamt menneskesyn, tek det mindre fint, og tek ut sinnet sitt på han reklamekaren som selde skiltplass til Mildred. Både eks-mannen og sonen til Mildred likar det dårleg.

Saka vert ikkje løyst, men det er ikkje det viktigaste, filmen handlar meir om korleis Mildred kjempar mot overmakta. Ho har ikkje store økonomiske ressursar, men ho har ein vilje dei fleste kan misunna ho. Frances McDormand er strålande og vel så det i hovudrolla, og også Woody Harrelson er stor som politisjefen. Her er gode dialogar, med uventa mykje humor i ein i utgangspunktet alvorleg film, og det er truverdige og gode personar over heile lina. Til og med musikken er bra.

Guffen tilrår.

17. januar 2018

Therese Tungen: Ein gong var dei ulvar (2017)

Denne boka inneheld seks noveller. Det er ikkje av dei lystigaste novellene eg har lese, men det gjer jo ingenting. Det er solide og gode noveller, der det som regel ligg noko uroleg og ulmar. Den siste novella, "Seksten", er unntaket. Den handlar om ei seksten år gamal jente som gjerne vil vera litt vaksnare. Ho har det ikkje så godt, så lenge har denne novella same stemninga som dei andre. Men på siste sida snur det - då har ho fått ein telefon ho har lengta etter. Veret var strålande sol.

Novellene hentar gjerne handlinga frå Kvam i Gudbrandsdalen, der Tungen er frå. Det kjem mest fram gjennom dialogane, der mange av replikkane har dialektord. Men også andre ting tyder på det, i opningsnovella står bygda under vatn, og Kvam er jo ei av bygdene som fleire gonger har vore råka av flaum.

Novellene er alle godt komponerte. Tungen dreg oss raskt inn i stemninga, ho gjer oss raskt kjende med personane ho skriv om. Det er ei glimrande debutbok, dette, og det er all grunn til sjå fram til fleire bøker frå Tungen.

Guffen tilrår.

Meir Tungen på kulturguffebloggen
Kjærleik og det som liknar (2019)
Snu deg. Edvins bok (2022)

15. januar 2018

Paul Auster: The Music of Chance (1990)

Dette er ikkje den aller beste Auster-romanen, men det er ein av dei som er mest austersk. Nokre tema går att i forfattarskapen hans, og det tilfeldige er eitt av dei, manglande fedre er eit anna. Same kor godt ein planlegg er det tilfeldigheitane som formar liva våre, og i alle Auster-bøkene er det kanskje her det er aller mest tydeleg. Her bruker han til og med ordet chance i tittelen.

For her skjer mykje tilfeldig: Jim Nashe arvar enormt med pengar frå ein far han aldri har sett, seier opp jobben og køyrer på måfå rundt i USA. Når pengane tek han slutt tek han på impuls opp den fyrste haikaren så langt. Haikaren, Jack Pozzi, er pokerspelar, og dei kokar saman ein plan om å vinna store pengar frå to eksentriske luringar som bur langt ute på landet. Det går ikkje heilt etter planen. For å betala løna må dei byggja ein mur av nokre steinar eksentrikarane har liggjande, og frå no av er det lite som er tilfeldig: Dei to oppdragsgjevarane veit akkurat korleis dei skal ha det, og har makt nok over Nashe og Pozzi til å få det gjort. Det er altså eit stort sprik mellom det frie, tilfeldige livet og det stramme, redigerte livet. Det er ikkje tvil om kva for eit liv som appellerer mest, både til Auster og lesaren.

Det er ei god bok, der Auster skriv godt og levande. Det einaste som trekkjer ned er slutten. Det er eit element av tilfeldigheit også der, men det vert likevel litt for lett å la Nashe sleppa ut av straffarbeidet på den måten.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

The Vietnam War (2017)

Vietnam-krigen verkar som ein krig USA aldri vert ferdig med. Det er laga mange filmar om krigen, det er skrive ei rekkje bøker. Krigen splitta USA, og var verkeleg med på å forma USA i nokre tiår. Det er ei historisk hending som fortener ein solid fjernsynsserie. Og denne serien er solid.

Eg såg versjonen NRK sende. Den har ti episodar, kvar på om lag ein time, slik at det er tid nok til å gå grunnleggande inn i alle sider av krigen. Det er likevel kortversjon; originalen er nesten dobbelt så lang.

Det er ein grundig og god historieleksjon. I tillegg til sjølve krigsåra (1955-75) fortel serien om tida før og tida etter. Ei rekkje personar på begge sider av konflikta er intervjua - både soldatar og pårørande. Det er ikkje gjort nye intervju med politikarane som var aktive då, men gamle fjernsynsopptak fortel om kva dei sa offentleg, og her er i tillegg mange lydopptak som fortel kva dei amerikanske presidentane sa bak lukka dører. Ingen av dei presidentane står fram i noko spesielt godt lys, og i alle fall ikkje Richard Nixon.

Vietnam-krigen var ein krig som kom heim i stovene til folk. Fjernsyn var vanleg overalt, og alle kanalar hadde reportarar i landet. Avisene hadde òg journalistar og fotografar i landet, sjølvsagt, og nokre av dei best kjende krigsfotografia er frå Vietnam-krigen. Som munkane som brende seg i hel, som politisjefen som avretta ein soldat på open gate, som den nakne jenta som skrikande spring vekk frå eit napalm-helvete. Alle desse er med her.

Guffen tilrår.

14. januar 2018

Zora Neale Hurston: Their Eyes Were Watching God (1937)

Janie Crawford kjem attende til den vesle byen i Florida ho vaks opp i. Ingen har høyrt frå ho på lenge. Barndomsveninna hennar går på besøk, spør korleis Janie har hatt det, og får fortalt heile livssoga hennar.

Janie har hatt eit innhaldsrikt liv. Bestemora gifta ho vekk til ein eldre kjenning. Janie stakk av derfrå, saman med den litt meir driftige Joe Starks. Som alle andre negrar i Florida såg han at dei var undertrykte, men han gjorde noko med det. Han samla dei spreidde husa til ein by, opna ein butikk der inntektene gjekk til negrar, og heva sjølvkjensla til alle i byen. Etter at han døydde gifta Janie seg med den langt lausare fuglen Tea Cake. Dei flakkar rundt omkring, han er ikkje spesielt trufast, og misser livet etter å ha vorte biten av ein rabies-hund. Og Janie returnerer til heimbyen.

Hurston tek opp mange tema i denne boka. Dei mest opplagde er korleis negrar vart handsama, og korleis kvinner vert handsama. Janie (og andre kvinner) er ressurssterke, men vert ofte fortalt at dei bør halda seg vekke frå stader der ting vert bestemt, og at dei heller kan ta seg av matlaginga. Janie er likevel sterkare enn mange av dei andre kvinnene, ho finn seg ikkje i at ho heile tida skal sitja i baksetet.

Boka er velskriven, med ei rekkje glimrande dialogar. Eg las ho ein gong midt i nitti-åra, og sjølv om ho ikkje fenga meg like mykje no, var det framleis ei fin oppleving.

Guffen tilrår.

13. januar 2018

George Harrison: I Me Mine (2017)

Denne boka vert gjerne sett på som sjølvbiografien til George Harrison. Boka kom fyrste gong ut i oktober 1980, i eit opplag på berre 2000 kopiar, som alle var signerte av Harrison. Denne utgåva er større, og kjem i eit langt større opplag.

Boka er òg langt større. Ho er tredelt, og den siste (og klart største) delen er songtekstar skrivne av Harrison. Denne delen er lang både av di der er mange tekstar, men òg av di dei fleste kjem både i trykt og handskriven versjon. I tillegg har Harrison skrive korte tekstar om nokre av tekstane. Dette er òg den svakaste delen av boka - svært mange av tekstane hans har lite ved seg.

Delen i midten er den kortaste - her er det samla fotografi frå heile livet til Harrison.

Den fyrste delen er det som kan kallast ein sjølvbiografi. Teksten er på berre 60-70 sider, så det er sjølvsagt mykje som manglar. Harrison skriv til dømes uventa lite om musikken til The Beatles, og skriv òg lite om dei andre medlemmane i gruppa. I staden vert det mykje om religion, og både denne teksten og mange av songtekstane stadfestar at Harrison var sterkt religiøs.

Han fortel altså relativt lite om seg sjølv. Det er relativt greitt, han har aldri framstått som den i The Beatles som har vore mest interessert i år framheva seg sjølv. Men han burde kanskje bydd litt meir på seg sjølv, når han fyrst skal skriva noko om seg sjølv.

Guffen er lunken.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

10. januar 2018

Stein Torleif Bjella: Jordsjukantologien nr. 1 (2017)

Noko av det som gjer platene til Stein Torleif Bjella så bra er tekstane. Men det er ikkje berre tekstane, det er òg måten dei vert framført på. Det merka eg då eg såg Kan nokon gripe inn på Det Norske Teatret i fjor, det merka eg då eg las denne diktsamlinga. Det tek ikkje lang tid før me merkar at me er inne i Bjella-universet, men det tek heller ikkje lang tid før me merkar at det ikkje er det same å lesa tekstane hans.

Dikta i denne boka er rett nok ikkje skrivne for å syngjast. Der songtekstane hans har rim og rytme, er dikta i denne samlinga frie. Forma er altså ulik, men innhaldet er mykje likt. Me møter folk me har møtt før, det er folk på bygda som styrer på med sitt. Av og til dukkar det òg opp uttrykk frå songtekstane.

Guffen er lunken.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)

9. januar 2018

Ole O. Moen: USA. Annerledeslandet i vest (2005)

Når det skjer viktige ting i USA er ofte Ole O. Moen ein av dei som kommenterer det i norske media. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om USA, han har undervist i amerikansk kultur på Blindern (der han var professor), og han har budd lenge nok i landet og levd lenge nok til å uttala seg med tyngde om USA.

Denne boka gjev eit overblikk over det amerikanske samfunnet. Moen skriv om det politiske systemet, om lovverket, om utdanningssystemet, om regionale skilnader i landet, osb. Det heile er godt og grundig, og han argumenterer godt for synspunkta sine. Boka kom ut medan George W. Bush var president, og det verkar av og til som om han meiner at botnen må vera nådd. I sluttorda sine skriv han om korleis synet på USA endra seg stort på nokre tiår. Han skulle berre visst kva som kom eit tiår seinare.

Sjølv om Moen er kunnskapsrik, og sjølv om han gjer det han seier han skal gjera, er det noko livlaust over boka. Moen er ein god formidlar, og i opningskapitlet skriv han levande og lett, men mange av dei andre kapitla er det litt for lite futt i. Han burde ha henta fram glimtet i auga fleire gonger; det er jo noko som lett let seg kombinera med faktabaserte framstillingar om USA.

Guffen er lunken.

8. januar 2018

Brent jord (1969)

Det som er bra med mange norske dramafilmar er at dei vert langt betre dersom du ser dei som ein komedie. Det er så mykje som haltar, så mykje som ser så enkelt og billeg ut, at det er vanskeleg å ta det på alvor. Noko er berre dårleg, noko er altfor klisjefylt.

Slik er det i denne filmen. Det er rett nok ikkje den dårlegaste norske filmen eg har sett, langt i frå, men her er mykje som burde vore gjort langt annleis. Det handlar om då dei tyske okkupantane trekte seg tilbake frå Finnmark og/eller Troms i 1944. Alle fastbuande skulle evakuerast, alle hus skulle brennast, alle bruer skulle øydeleggast. Mange av dei fastbuande rømde til fjells, medan dei venta på at dei sovjetiske styrkane skulle koma.

Framstillinga av tyskarane er det som er minst originalt her. Dei er umenneskelege og brutale, og spesielt offiserane ropar heile tida. Unntaket er når hunden til den øvstkommanderande trør på ei landmine. Då fell tyskaren heilt frå kvarandre, han tek altså tapet av hunden langt tyngre enn alle menneskeliva han øydelegg.

Også nordmennene vert framstilte heilt som venta. Nokre er hissige, nokre er dumme, dei gamle er kloke (eller stokk dumme). Historia overraskar ikkje, og scenene når alle fjellflyktningane kjem dei sovjetiske soldatane i møte er i meste laget.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

7. januar 2018

Øyvind Vågnes: Vesaas (2017)

Jon, forteljaren i boka, skulle ein gong skriva ein Tarjei Vesaas-biografi. Det gjekk ikkje, alt som viste att etter det prosjektet var ein artikkel i Vagant. Den artikkelen er nok til at han vert invitert med på nokre planleggingsdagar for eit Vesaas-senter i Vinje. Han er usikker på om han har noko å bidra med, men stiller opp.

I boka er det tre forteljingar, og Vesaas er det som bind dei saman. Planleggingsdagane er truleg meint som ei harsellering over alle slike seminar, der ho som styrer det meste snakkar slik ein del seminaristar gjer - ho bruker store ord som seier lite. Dei andre i gruppa er lunkne til det ho seier, men ho får viljen sin heile vegen. Den andre forteljinga handlar om då Jon prøvde å skriva biografien, der han bruker mest tid på å tenkja på forholdet til far sin, og på forholdet faren hadde til farfaren. Farfaren var ein ivrig Vesaas-lesar, og då Jon les bøkene han har arva ser han at dei er fulle av notat. Han prøver å snakka med faren om dette, men får ikkje noko ut av han. Den tredje delen handlar om dottera til ho i planleggingsgruppa Jon får eit best forhold til - dottera avtalar eit møte med ei anna jente, og denne delen må lesast som ei helsing til Is-slottet (som Vågnes heile tida kallar Isslottet).

Det var ei fin bok, dette. For Jon er det eit poeng at bøker skal lesast, og sjølv om han ikkje greier å få det fram godt nok, ser han det meiningslause i at forfattarar vert reduserte til noko som skal finnast på opplevingssenter med rare namn og rare påfunn. Det trur eg eg er samd med han i (sjølv om eg har arbeidd ved eit slikt senter, og vore med i planlegginga av eit anna), i alle fall til ei viss grad: Sjølvsagt kan det gjerast på både gode og dårlege måtar. Vert det inflasjon i slike senter, og vert dei laga av personar som snakkar seminarspråk, er det fare for at alt går til pises.

Guffen tilrår.

6. januar 2018

Asbjørn Bakke: Erik Bye (2017)

Erik Bye er ein mann eg har respekt for, og den vart ikkje mindre under lesinga av denne biografien. Det som gjer mest inntrykk er måten han brukte statusen sin på. Han vart fast tilsett i NRK i slutten av 1950-åra, og spesielt etter at fjernsynet kom i 1960 vart han ein kjendis. I dag er landet fullt av halvstore kjendisar som stort sett bruker kjendisstatusen sin til å promotera seg sjølv; Bye gjorde noko heilt anna. Han såg at han kunne dra fram saker som er viktige. Nye båtar til Redningsselskapet. Betre ordningar for dei som leid vondt under krigen. Auka respekt for folk frå andre land. For NRK var han ein sjåarmagnet, men han var òg ei laus kanon som av og til gjekk for langt (for dei).

Bye hadde eit fargerikt liv. Han var fødd i Brooklyn, USA. Faren var operasongar, og då jobbane vart færre flytta familien til Oslo, der dei dreiv eit stort pensjonat. Der flytta tyske okkupantar inn tidleg i krigen. Det førte etter kvart til at Bye kom inn i heimefronten. Etter krigen reiste han til USA, eigentleg for å studera, men han brukte tid på mykje anna rart. Han fekk smaken på journalistyrket, men var òg skodespelar, landstrykar og sjømann. Tilbake i Noreg vart han altså tilsett i NRK. Resten er historie, som det heiter. Han skreiv bøker, han skreiv viser, han gav ut plater, og han gjorde altså eit stort inntrykk på alle som møtte han. Han hadde eit stort nettverk, han var alltid aktiv, og han var glad i menneske.

Asbjørn Bakke har gjeve Bye ein biografi han fortener. Han fortel med varme om livet til Bye, og har snakka med ei rekkje personar som stod han nær. Dei aller fleste har gode ting å seia, men nokre er òg kritiske. Bakke legg ikkje skjul på at Bye drakk mykje, men skriv òg at han var profesjonell nok til å likevel vera klar når scene- eller kameralysa vart slått på. Bye kravde mykje av alle rundt seg, ikkje minst dei som fylte ein sekretærfunksjon for han, men han gav òg mykje tilbake.

Så det er ei god bok, dette. Så får me heller leva med at den gamle musikkjournalisten Bakke påstår at Andrej Nebb manglar to fingrar på høgrehanda.

Guffen tilrår.

Meir Bye på kulturguffebloggen
Munnspill under åpen himmel (1966)
Spinn, mitt hjul (1971)
Å skyte en teddybjørn (1987)
Arvid Bryne: Hildringstimer (2001)

3. januar 2018

Mark Steward m.fl.: Great Expeditions (2016)

Undertittelen på denne boka er "50 journeys that changed our world", og kan vera den mest misvisande undertittelen som finst. Det kan godt henda at det verkeleg fint 50 ekspedisjonar som endra verda vår, men det er ikkje dei 50 som er med her. Nokre av dei gjorde sjølvsagt det, som sjøreisa til Columbus i 1492, eller ekspedisjonen til Clark og Lewis i 1804-06, men andre av dei i boka gjorde det absolutt ikkje. Ein eventyrar som misser livet når han leiter enn fantasiby i den brasilianske regnskogen? Tre jenter som flykter frå ein barneheim og går 1600 kilometer gjennom øydemarka for å koma heim? Ein jeger som greier å ta livet av ein mannevond leopard i India? Greenpeace-aksjonane for å stoppa kvalfangst?

Så er det òg mykje rart å seia om nokre av ekspedisjonane som verkeleg var milepålar. Kappløpet til Sydpolen høyrer med her, men i alle fall for ein norsk lesar er det merkeleg at dei britiske forfattarane stort sett skriv om Scott og følgjet hans - dei fire som var med Amundsen vert ikkje nemnde med namn, medan dei fire som miste livet saman med Scott vert det.

Og boka manglar eit føreord. Der burde det stått noko om rekkjefølgja på ekspedisjonane. Det kan verka som om dei kjem i prioritert rekkjefølgje: Fyrst kjem månelandinga, så kjem Sydpolen, Darwin, Gagarin og Leif Eiriksson, før Thor Heyerdahl og Kon-Tiki-ekspedisjonen kjem som nummer seks. Himmel og hav - skal den vera viktigare enn alt som kjem etter? Og skal Leif Eiriksson vera viktigare enn Columbus, som er nummer 11?

Så det er mykje rart her. Her er òg manglar - sjølv om det er høgst tvilsamt om Cook og/eller Peary nådde Nordpolen, burde kappløpet deira vore nemnt. Men likevel: Det er mykje bra her. Artiklane er presise, og har oftast kart og gode illustrasjonar. Som eit oppslagsverk kan boka difor fungera greitt - her kan ein fort friska opp kva Magellan eller Vasco da Gama gjorde, til dømes. Eller kva Magellan gjorde - alt Vasco da Gama gjorde var å finna sjøvegen frå Europa rundt Afrika til India, og det er visst ikkje ein av dei viktigaste reisene som endra verda.

Guffen er lunken.

1. januar 2018

Arnfinn Kolerud: Snillionen (2017)

Me er mange som ventar på den tredje boka i Vassbygdi-trilogien til Kolerud. Den trilogien rettar seg mest mot vaksne, og Snillionen passar nok like godt for yngre lesarar, så det treng ikkje tyda at ventinga har vore forgjeves. Men likevel - denne boka kjem ut på eit anna forlag, og kontaktane mine i Samlaget seier at dei ikkje veit om trilogien vert fullført. Me får vona at det kjem ei tredje bok ein gong.

Men mest av alt må me vona at det kjem mange bøker frå Kolerud. Han skriv glitrande, og her er som vanleg mykje å le av. Både språket og sjølve historia boblar over av gode påfunn.

Frank er ti år gamal. Mor hans vinn 24 millionar i Lotto, og dei drøftar kva dei skal gjera med pengane. Han vil bruka dei på litt av kvart; den som oppfører seg snillast i bygda skal få ein million, ein snillion. Det går sjølvsagt ikkje heilt etter planen; parallelt med at alle gjer gode gjerningar driv nokon og saboterer dei gode gjerningane, truleg for å hindra at andre får eit forsprang i jakta på snillionen.

Det svingar mest av boka når Frank og mora er i heimbygda. Dei tek ei ferieveke i Syden for å koma vekk frå alt maset og alle tiggarbreva, og den delen ligg ikkje på det same høge nivået.

Guffen tilrår.