15. juli 2019

Merethe Lindstrøm: Ingenting om mørket (2003)

Tilhøvet mellom foreldre og born er eit tema Merethe Lindstrøm har vore innom fleire gonger. Slik er det også i denne romanen, i dobbelt forstand. Stein, forteljaren i boka, har kome for seint til ein avtale med sonen Mathias. Utover kvelden og natta leitar han etter sonen, og samstundes får me vita mykje om korleis Stein hadde det med sin eigen far.

Det er ikkje så lystig lesing. Mathias har tidlegare prøvd å ta livet sitt, og det er sjølvsagt det som pregar Stein denne natta. Gradvis kjem det fram meir om faren, som sleit meir og meir, og som (truleg) var schizofren. Han var lokomotivførar, men fekk seg ein jobb i billettluka i staden, han vart for redd for at han skulle køyra på nokon med toget. Stein prøver å ta seg av Mathias åleine, mora er ambisiøs og jobbar eller har jobba i London, men han greier det ikkje. Me skjønar etter kvart at han langt ifrå er så god far som han trur han er, eller som han burde vera.

Det er ei historie som gjev inntrykk, og det er fascinerande korleis Lindstrøm fortel så sterke saker i eit så forsiktig språk. Samstundes er det litt å trekkja for, etter ein glitrande opning på boka vert det litt stilleståande i midtpartiet. Når han endeleg finn Mathias vert det òg eit lite antiklimaks.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar