30. oktober 2022

Maria Horvei: Gratulerer med dagen (2022)

Birger vaknar i barndomsheimen på 17. mai. Til vanleg arbeider han ved Universitetet i Oslo, men no skal han halda tale for dagen i heimbygda. Han er slettes ikkje sikker på kva han skal snakka om, og han er heller ikkje sikker på korleis det heile kjem til å gå. Det går heller ikkje så bra, han vert avbroten av Arnold Eikeli, den noko eldre forfattaren i bygda, som meiner at poenga til Birger er altfor, altfor enkle. Hadde han verkeleg ikkje lært meir, han som heldt til ved Universitetet i Oslo?

Tilhøvet mellom bygd og by er sentralt i boka. Me vekslar mellom fire forteljarar - i tillegg til Birger og Arnold møter me Bjørg (leiar i 17. mai-nemnda og mor til Birger) og Laila (som òg er heimom ein tur i høve dagen). Dei to yngste forteljarane har altså nytta høvet til å forlata bygda; dei to eldste vart verande. 

Ein grunn til at Laila kjem heimom er at ho skal fortelja foreldra om planane hennar for sommaren: Ho skal til Hellas for å hjelpa flyktningar. Endå meir reising, altså, og det er vel det som er det sentrale temaet i romanen: Kvar høyrer me til, og kva vil det seia å høyra til ein stad?

Slik sett er det eit godt påfunn å komprimera haldninga til éin dag. 17. mai er fellesskapen vår meir tydeleg enn nokon gong, med faste tradisjonar og bunader som signaliserer kvar me kjem frå. Det heile fungerer godt, her er passeleg med humor og slikt, og boka var vel verdt å lesa.

Guffen tilrår. 

29. oktober 2022

Jane Austen: Northanger Abbey (1817)

Jane Austen skreiv seks romanar. Fire kom ut anonymt medan ho levde, dei to siste kom ut etter at ho var død. Denne romanen var den fyrste ho skreiv, men var ein av dei to som kom ut posthumt. Dei fem andre har vore omsett til norsk tidlegare, men dette er den fyrste norske omsetjinga av Northanger Abbey. Endå eit plusspoeng til Skald, altså - boka kjem ut i serien deira med omsette klassikarar.

Eg las ei Austen-bok då eg tok engelsk grunnfag, og var ikkje sånn altfor imponert. Denne fenga langt betre, så det kan henda at eg bør henta fram att den andre. Boka fortel om 17 år gamle Cathrine Morland, som får eit lengre opphald i Bath. Ho møter folk ho vert imponert over, både kvinner og menn, ho vert sjølvsagt forelska, ho forstår ikkje alle kodane, ho prøver å oppføra seg høfleg og høvisk, og sjølv om det sukkar opp nokre hindringar langs vegen får ho den ho vil ha.

Boka er langt meir enn ein kostymedrama der to finn kvarandre. Ein ting er at Austen er uventa kvass i omtalen av sosieteten. Ein annan ting er at ho ofte kommenterer det ho skriv om, ho har altså ein leiken skrivestil. Ho kommenterer òg litteratur, både romanar generelt og romanen Mysteries of Udolpho spesielt. Cathrine har lese ein del, og er så fascinert av gotiske romanar som Udolpho at ho ser mystikk og potensielle mord overalt.

Guffen tilrår.

27. oktober 2022

UXA, sesong 2 (2022)

Det er ikkje den lystigaste serien, dette. Her er absolutt ting å smila og le av, men grunntonen er at det meste i USA går til pises.  

Som i den fyrste sesongen reiser Thomas Seltzer rundt i USA. Han har budd i Noreg det meste av livet, men er amerikansk statsborgar. Han vitjar folk han kjenner, han vitjar folk som har gode historier å fortelja. Han er flink til å snakka, og han er flink til å lytta.

Men det handlar altså om eit land i forfall. Landet vert meir og meir splitta, og fleire er inne på at det verkar som om landet går mot ein borgarkrig. Og då er det jo herleg å tenkja på kor mange handvåpen det finst i amerikanske heimar. Han snakkar med folk som var i Washington DC 6. januar, han snakkar med folk som har tapt hus og heim, han snakkar med folk både til høgre og venstre, og det er altså mange tunge skjebner. Nokre poeng var kjende for meg, men mykje var òg ting eg hadde gløymt, som linene frå finanskrisa rundt 2008 via Tea Party til Trump-rørsla.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
Amerikansk karmageddon (2022)

23. oktober 2022

Kyrre Andreassen: Svendsens Catering (2006)

Johannes Svendsen driv med litt catering. Det går stort sett bra, men firmaet hans fekk seg ein smell ein gong han serverte dårleg kjøt i eit bryllaup med to hundre gjestar. Han prøver å koma seg på beina att, men slit med mykje anna. Forholdet til kona skrantar, og sjølv om dei jamleg går til ein samlivsrådgjevar vert ikkje ting betre. Han er altfor streng med tenåringsdottera, han er ikkje heilt trufast mot kona, og han er heller ikkje heilt ryddig med dei som arbeider for han.

Denne boka er hans versjon, og det fungerer heilt fint. Han legg heile tida skulda på andre, og dei gongene han skal beklaga eitelleranna er det stort sett berre han som meiner at det var beklaging god nok. Han meiner det er heilt opplagt at kona ikkje treng å få beskjed om at han har tømt naud-kontoen han og kona har. Han meiner at alle andre har dårleg smak. Han ler av dei som held seg i form. Han er ein mann frå eit anna århundre.

Og det fungerer altså heilt fint. Språket er glimrande og svært truverdig. Eg har eigentleg berre éi innvending mot denne boka: Ho er altfor lik oppfølgaren (som eg las før denne) - der møtte me òg ein forteljar som sleit med mykje av det same, og som nærmast er ein åndeleg tvilling til Svendsen.

Guffen tilrår. 

Meir Andreassen på kulturguffebloggen
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges (2016)

22. oktober 2022

Woody Allen: Apropos of Nothing (2020)

Eg har sett ein del av filmane til Woody Allen, og som regel har eg likt dei. Nokre er djupe og innsiktsfulle, andre pilkar mest på overflata. Ein fellesnemnar er likevel som regel at det er noko å smila eller le av i filmane. Det er difor litt overraskande at denne boka ikkje er så morosam. Han prøver, rett nok, men spesielt løye er det ikkje. Kanskje det hadde vore betre om han (eller andre) hadde framført teksten munnleg?

Den fyrste delen av boka er den beste. Han fortel om oppveksten, der han på nyfikent vis gjer seg kjent med byen New York. Det som fengar mest er filmsalar, men det er ikkje alt. Han les mykje, og finn ut at han skal senda inn korte vitsar til aviser. Det slår an, han får fleire slike oppdrag, og resten er soge, som det heiter.

Etter at han vert filmskapar endrar mykje seg. Boka vert tidvis oppramsande, der han for kvar ny film fortel kvar filmen vart spelt inn og kven som var med. Han skildrar korleis det var å samarbeida med dei ulike skodespelarane og filmfolka, og det vert for keisamt. Her framstiller han det oftast slik at alle andre er gode og profesjonelle, medan han sjølv er usikker og avhengig av hjelp frå andre. Det er greitt og fint; litt mindre greitt er det at så godt som alle kvinnene vert omtalte som beautiful, fleire får òg adjektivet sexy hengt på seg. Han nemner òg at dei er flinke og kloke og slikt, men det er rart at han er så opphengt i korleis alle ser ut.

Den store elefanten i denne boka er sjølvsagt skuldingane om at han skal ha forgripe seg på adoptivdottera. Han nektar sjølvsagt for alt dette, noko anna er ikkje å venta. Kortversjonen er at han var kjærast med Mia Farrow, som hadde adoptert fleire born. Farrow og Allen budde aldri saman, og han skriv at forholdet deira skranta då han vart saman med ei anna av adoptivdøtrene til Farrow, 21 år gamle Soon-Yi Previn. Farrow oppdaga dette då ho fann nokre nakenbilete av Soon-Yi heime hjå Allen. Åtte månader seinare skal Allen altså ha forgripe seg på den sju år gamle Dylan. I boka framstiller han dette som ein rein hemnaksjon frå Farrow. Ho får passet sitt påskrive her, han meiner at ho har manipulert fleire av ungane sine til å spreia drit om Allen, han meiner ho er valdeleg, at ho lyg, osb. Heile denne episoden får stor plass, litt for stor plass. Allen vart frikjent i 1993, men saka har kome opp att fleire gonger, både frå Farrow og frå Ronan Farrow, sonen Farrow og Allen fekk saman. 

Guffen er lunken.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)

19. oktober 2022

Tore Renberg: Tollak til Ingeborg (2020)

Tollak er ein stribukk. Han likar ikkje alt det moderne. Han er forbanna på den nye storbutikken nede i bygda som har ført til at han ikkje har kundar på saga. Kona hans har forsvunne. Han har lite kontakt med dei to ungane han fekk med ho, og bur saman med ein ung mann han fekk med ei anna kvinne. Han er sur, han er lei, han er bitter, han er valdeleg, og er i det heile ein person det hadde vore keisamt å kjenna i det verkelege liv.

Som hovudperson i ein roman er han hakket meir spanande å verta kjent med. Han har invitert dei to fråverande ungane heim for å fortelja dei noko viktig. Renberg fortel om den kvelden, der Tollak går rundt i heimen og ventar nervøst, der han går rundt og drikk samstundes som han seier til seg sjølv at han ikkje skal drikka. Innimellom desse kapitla kjem det mange tilbakeblikk, der me får vita meir om livet hans, meir om korleis kona kom inn i livet hans, meir om korleis ho forsvann ut av livet, meir om tilhøvet mellom Tollak og sonen Oddo, osb. 

Guffen tilrår. 

18. oktober 2022

Cormac McCarthy: No Country for Old Men (2005)

Dette må vera fyrste gong eg les ei bok eg kjenner så godt for fyrste gong. Eg har sett Coen-filmatiseringa fleire gonger, og er like imponert kvar gong. Denne boka er òg djupt imponerande. Glitrande historieforteljing, glitrande språk og dialogar, og fleire fascinerande karakterar. Og midt i alt dette hadde eg det moro med å finna avvik frå filmatiseringa. Dei er det nokre av, sjølvsagt - rekkjefølgja er litt endra, nokre hendingar og personar er skrivne ut av filmen, nokre replikkar dukkar opp på heilt andre stader.

Utgangspunktet er at luringen Llewelyn Moss snublar over restane av eit narko-oppgjer, langt ute i ørkenen. Alle personane han finn er døde (eller nesten døde). Han seier seg til sjølv at det er alltid ein som overlever, og etter litt leiting finn han han òg. Også han er død, men han prøvde å koma seg unna med nokre millionar dollar. Moss tek sjølvsagt med seg kofferten, og resten av livet er han på flukt. Han veit ikkje heilt kven han flyktar frå, og prøver å overtyda seg sjølv om at han har kontroll, men det har han ikkje.

Ein av dei som jaktar på han er Anton Chigurh, som er så rå at det er vanskeleg å skildra det. Han er nådelaus, ikkje heilt i balanse, og eit liv er ikkje mykje verdt. Det er ikkje han som tek livet av Moss, men han kunne godt ha gjort det. Og han tek like godt livet av enkja i staden.

Han som jaktar på alle desse er sheriffen, Ed Tom Bell. I nokre av kapitla i boka er han forteljar, og spesielt i desse korte kapitla handlar det om nostalgi. Alt var betre før.

Det er altså ei fabelaktig bok. Ho er noko meir lettlesen enn mange av romanane til McCarthy, med lange reine dialogparti. Den opphavlege tanken til McCarthy var visst å gje dette ut som eit skodespel, og det er nok forklaringa på desse lange (og finfine) dialogane.

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

15. oktober 2022

Motorpsycho (Union Scene, Drammen, 14.10.2022)

Haustferie i Oslo, med innlagt tur til Drammen fredag kveld. Eg trur aldri eg har stoppa i Drammen før, og besøket var kortvarig denne gongen òg: Eg kom med tog ein god time før konsertstart, og det siste toget tilbake til Oslo gjekk ein romsleg kvarter etter at siste song var over. Eg nådde toget med fem minutts margin, og eg er framleis usikker på kva eg hadde gjort dersom dei hadde spelt endå eit ekstranummer. Det hadde truleg vorte ei natt på hotell; Motorpsycho var i kjempeform, og då er jo ein Motorpsycho-konsert ein av dei aller beste stadane å vera.

No var det ganske opplagt at det siste ekstranummeret, "Black to Comm", var den siste songen for kvelden. Det såg nesten ut som om planen var å gje seg to songar tidlegare, men Bent Sæther ville det annleis: Han drog i gang "You Lied", og Tomas Järmyr bak trommene såg noko overraska ut. Han takla det rett nok fint, og briljerte med ein rimeleg lang trommesolo midt i songen. Så kom altså "Black to Comm" til slutt, og det var ei eksplosiv, massiv avslutning på ein solid kveld.

Dei fire fyrste songane var alle frå Järmyr-perioden til bandet, men det kom mykje frå gamle dagar etter kvart. To favorittar frå Demon Box, "Mountain" og Plan #1", kom etter kvarandre mot slutten av hovudsettet, og slikt er jo alltid stas. Dei spelte òg to høgdepunkt frå Kapstad-perioden, "Gullible's Travails" og "The Alchemyst" - glitrande versjonar av begge to. 

Så det var ein finfin kveld. Lyden var god, langt betre enn på dei siste konsertane deira eg har vore på. Alle tre var i kjempeform, og dei koste seg stort på scena. Dei er jo alle solide musikarar, men det er vanskeleg å ikkje dra fram Järmyr bak trommene. For eit funn han er, med armar og bein som er overalt.

Guffen tilrår. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Agnes Ravatn: Gjestene (2022)

Det er mykje, svært mykje, å gle seg over i denne boka. Språket glitrar. Dei mange beiske kommentarane om andre personar råkar som regel midt i blinken. Måten hovudpersonen trakkar ned andre (verbalt) for å gjera seg sjølv større. Dei uventa vendingane. Men der er òg litt å trekkja for.

Juristen Karin har på litt merkeleg vis fått låna ei hytte ved Oslofjorden ein stad. Ektemannen hennar, Kai, er snikkar, og han skal setja opp ei brygge for huseigarane. Kvinna i paret som eig hytta gjekk på skule med Karin for svært lenge sidan. Dei trefte kvarandre tilfeldig ein kveld, Karin gav veninna nokre velmeinte juridiske råd, og brått skulle ho og mannen bu på hytta ei veke. Dei, eller spesielt Karin, rakkar heile tida ned på hytta, på eigarane og på naboane. 

Heilt til ho møter han som bur i nabohytta. Han er gift med favorittforfattaren til Karin. Alt under det fyrste møtet deira prøver Karin seg med nokre løgner, og det ballar så til dei grader på seg. Og det er jo underhaldande og godt, men sjølve slutten vert eit antiklimaks. Ein ting er at noko slikt hadde lege i korta lenge, ein annan ting er at eit viktig premiss for all mistanken i andre del av boka kunne vore borte dersom Kai ein einaste gong i løpet av fem-seks dagar hadde slumpa til å seia at han hadde nokre månader tidlegare hadde bygt kjøkkenet på hytta.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Alle mot alle (2023)

14. oktober 2022

Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 13.10.2022)

Ein i publikum seier: Det er ikkje ofte eg går i teatret, diverre, og som regel er det av di eg ser eit stykke basert på litteratur eg kjenner, eller eit stykke skrive av forfattarar eg set høgt. Ein i publikum seier: Dette var heilt annleis - eg kjende ikkje forfattaren, Arne Lygre, frå før, og eg ante heller ikkje kva stykket handla om. Og ein i publikum seier: Alt dette er jo eit strålande utgangspunkt.

Framsyninga var veldig, veldig bra. Det heile opnar med at ei mor og ei dotter som går ned til ei elv, ein stad mora likar godt. Dei ventar på tvillingbroren til dottera, men før han kjem dukkar det opp to andre grupper. Når broren kjem fortel han at han kjem til å reisa vekk frå alt. Den andre akta går føre seg heime hjå kjærasten hans. Han får besøk av mor til tvillingbroren, før det kjem mange fleire folk her òg. Dei snakkar heile tida med kvarandre, dei utfordrar kvarandre, dei kranglar, dei ropar, dei syng, men det eine poenget dei heile tida kjem tilbake til er at dei er glade, at dei har noko å vera glade for. Og denne positiviteten er det verdt å ta med seg.

Det heile er laga på ein leiken måte. Dei leikar med språket, dei leikar med kvarandre, dei går med kostymar som ikkje er tidsrette (fram til dei kastar av seg det meste midt i andre akt. Det verkar òg som ein leik med teatersjangeren, der dei tek det meste heilt ut. Kostymane (i fyrste akt) er overdådige; scenografien er minimal, men effektfull.

Guffen tilrår.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)

13. oktober 2022

Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)

Denne romanen fortel om ein familie som bryt saman. Det heile opnar uventa harmonisk, alt er berre velstand. Foreldra har det gått saman, og dei to ungane, ein son og ei dotter, har det òg godt. Det einaste som ulmar litt hjå dei to er at mora er gravid, og dei er usikre på korleis ting vil endra seg etter at nummer tre vert fødd.

Den endringa vert dramatisk. Alt går godt ei tid, men då far og son tek med seg den nyfødde ut til arbeidsstaden sin går det gale. Han ligg i ei korg, dei plasserer korga i skuggen, og guten stikk seg ørlite på ein rusta tagg. Han vert forgifta, og døyr kort tid etter. Den neste delen av boka er den beste, og vel den einaste som fungerer godt. Far og son veit at dei har skuld i dødsfallet, men vedgår det ikkje. Mora har ei kjensle av at dei to veit meir, men får det ikkje ut av dei, og trekkjer seg langt tilbake. Ho vert fjernare og fjernare for dei, og misser vel forstanden. Ho døye på ein liknande måte som sonen - ho vert stukken av ei mengd jordveps. Etter det dødsfallet greier heller ikkje faren meir.

Romanen er i beste fall delvis vellukka. Fram til guten døyr er alt så harmonisk og fint at det nesten ikkje går an å lesa det. Vegen til mora inn i galskapen er òg for omstendeleg skildra, og når det òg tippar over for faren vert det i meste laget. Men i midtpartiet er det mykje bra, og det er jo typisk for Vesaas at han skriv om store spørsmål. 

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

5. oktober 2022

Norman Maclean: A River Runs through It and other stories (1976)

Norman Maclean var fødd i 1902. Ungane hans hadde alltid likt å høyra han fortelja, men han vart 74 år før han omsider gav ut den fyrste skjønnlitterære boka si. Det vart ei bok som var verdt å venta på.

Her er tre forteljingar. Den fyrste og lengste, "A River Runs through It" er den best kjende, grunna ein Robert Redford-film frå 1993. Det er ein flott film, men den skriftlege versjonen er like flott. Eg er slettes ikkje nokon fiskar, men tempoet i forteljinga er slik eg ser føre meg at fisking er - roleg og avslappa. Her er dramatiske vendingar, men tempoet er like roleg heile tida.

I alle tre novellene er naturskildringane finfine. Maclean vaks opp i Montana, og hentar mykje inspirasjon frå eige liv. I alle novellene er handlinga lagt til Montana, og det er tydeleg at han kjenner heimstaten godt. Det ligg òg noko nostalgisk over heile boka - han presenterer ei harmonisk tid, sjølv om det er både svindling og slåsting. 

Guffen tilrår. 

4. oktober 2022

Nige Tassell: Whatever Happened to the C86 Kids? (2022)

Av dei engelske musikkavisene var NME den eg las oftast. Det var dei som skreiv mest om musikken eg likte, og då var sjansen størst for at eg plukka opp nye namn. I 1981 gav dei ut kassetten C81, og fem år seinare kom C86. Den kom til rett tid, og i åra etter var det vanleg å referera til eit band som eit C86-band. Det trong ikkje vera eit band som var med på kassetten, det kunne like gjerne vera eit band som la seg tett opp til desse, musikalsk sett. Ranglande gitarar, gjerne litt melankolske tekstar, og veldig gjerne rimeleg introverte musikantar.

I denne boka sporar Tassell opp medlemer av alle dei 22 banda på kassetten. Nokre vart store, nokre driv på framleis, nokre la opp omtrent då kassetten kom ut. Nokre har eg høyrt om, nokre kjenner eg godt, eit par av dei har eg vore på konsert med.

Det er glitrande lesing. Det er sjølvsagt fellestrekk - alle snakkar om John Peel og alle spelte inn minst éin Peel Session. Svært mange snakkar om kor stort det var å verta spurd av NME, utan at dei tenkte at dette var ein kassett med lang levetid. Fleire seier at dei angrar på at dei ikkje gjorde som Primal Scream og tok med den aller beste songen dei hadde. Nokre driv framleis med musikk, ofte i kombinasjon med noko heilt anna. Her er professorar, her er ein som driv eit stort sykkel-lag, ein driv platebutikk, osb. Det er mykje å le av, og sjølvsagt spesielt i intervjuet med Half Man Half Biscuit. Musikken deira har aldri treft meg, titlane på songane er som regel langt betre enn musikken, men intervjua deira er alltid glimrande. Her snakkar Nigel Blackwell om korleis han vert inspirert av daglege ting - han er til dømes oppgitt over at dei som hengjer opp plakatar med bilete av eit sakna kjæledyr ikkje tek plakatane ned att når dyret dukkar opp att. Det kan jo føra til at folk leitar etter kattane i vekesvis og dreg på seg lungebetennelse.

Guffen tilrår.

3. oktober 2022

Better Call Saul, sesong 3 (2017)

Det er vel framleis ein serie over snittet, dette, men eg held fast ved det eg har sagt før: Det er ikkje like bra som Breaking Bad - langt ifrå. Kort fortalt handlar det om korleis Saul Goodman, advokatluringen frå Breaking Bad, vart Saul Goodman. Her heiter han framleis Jimmy McGill.

Som vanleg er der fleire gjennomgåande historietrådar. Den mest sentrale er vel krangelen mellom dei to brørne McGill. Begge er advokatar - Chuck er vellukka; Jimmy er ikkje heilt der. I den førre sesongen triksa Jimmy med nokre dokument Chuck arbeidde med, og det førte til at firmaet til Chuck gjekk glipp av ein stor kunde. Chuck vil ha hemn, og er like utspekulert som broren: Han lurer Jimmy til å tilstå kva han har gjort, og han tek like godt eit skjult opptak av dette. Det går til retten, der Jimmy på ein glimrande måte viser for dommarane at Chuck ikkje er heilt stabil. Chuck tek tapet tungt, og sesongen endar med at han (truleg) tek livet sitt.

Det er likevel ikkje denne historia som fengar mest. Som sist er det meir dramatikk og spaning og gode vendingar knytt til Mike Ehrmantraut. I denne serien imponerer han sjølvaste Gus Fring så mykje at Fring tilbyr han jobb. I utkanten av denne historia handlar det om knivinga om å kontrollera dop-handlinga i Albuquerque, der Fring og Salamanco seglar opp som hovudmotstandarar.

Så ja, her er mykje bra, og det er alltid kjekt å sjå ein BB-karakter dukkar opp, men her er fleire livlause episodar her enn i BB.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

2. oktober 2022

Utvandrarna (1971)

Det kom visst nett ein ny norsk film som er basert på to filmar - denne og oppfølgaren. Det er for så vidt gledeleg kvar gong det kjem ein norsk film som ikkje hentar handlinga frå andre verdskrigen, men likevel: Står det verkeleg så dårleg til i norsk film at ein ikkje kan laga nye manus?

No er vel ikkje dette den verste filmen ein kan laga ny versjon av. Både frå Sverige og Noreg var utvandringa stor, og det kan vera greitt å friska opp at kva det var desse gjekk gjennom. Historia i denne filmen er ikkje spesielt original - det handlar om ein familie som har det så vanskeleg i heimlandet at den einaste utvegen vert å flytta til USA. 

I denne filmen heiter familien Nilsson. Me er rundt 1850. Det er harde tider i Sverige, og saman med andre frå heimbygda utvandrar dei. Entusiasmen for dette er ikkje jamt fordelt. Mannen i hushaldet, Karl-Oskar, vert gradvis meir tent på ideen. Kona, Kristina, likar det ikkje i det heile. Bror til Karl-Oskar, Robert, er kanskje den som ser mest fram til det. Dei pakkar det dei skal ha med seg, sel resten, og reiser til Göteborg og vidare til USA. 

Det er godt fortalt, sjølv om det går uforskamma seint. Filmen sluttar med at dei finn seg land i Minnesota ein stad, og då har det gått tre timar. På vegen dit er det mykje trist - det er dødsfall, det er bråk med høge embetsmenn, det er språkproblem i det nye landet, osb. Det nye landet ser mykje meir lovande ut enn det gamle, i Sverige var naturen brun og grå, i USA er alt grønt.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

1. oktober 2022

Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)

I 1954 gav Arthur Marx ut den fyrste biografien om far hans, Groucho Marx. Då var faren i live, og biografien var litt prega av det - ikkje minst i skrivestilen, der Arthur prøvde å vera lett og lystig. Det kledde han ikkje så godt. I 1988 kom boka ut på ny, med ein lang del 2. Der fortalde han om tida etter 1954, og det kjem han langt betre frå.

Ein viktig grunn til det er at her er langt meir konflikt og drama i denne boka. Groucho døydde i 1977, så ein annan grunn kan vera at Arthur ikkje lenger frykta kommentarane frå faren. Han seier det ikkje rett ut, men det er heller tydeleg at han tidvis var redd faren.

Alt i opninga av del to kjem dette fram. Han fortel om tida i 1954, då boka skulle ut. Arthur hadde skrive inn nokre (halv-)løgne fotnotar i teksten, som alle var signerte Groucho. Faren likte ikkje dette, og likte heller ikkje alt det andre som var skrive. Arthur løyste problemet på ein lite lur måte - han opererte med to korrekturar, slik at faren trudde at alle ynska hans vart innfridde. Han var, naturleg nok, ikkje spesielt glad då han såg den ferdige boka. 

Det som likevel er den store konflikten i denne boka kjem då Erin Fleming flytta inn til Groucho. Ho var sekretæren hans, men etter kvart som Groucho vart veikare og eldre, fekk ho meir og meir makt over han. Ho pressa han til å opptre, pressa han til å gjera ting ein så gamal mann ikkje burde gjort. Arthur og kona prøvar å stoppa henne, men greier det ikkje. Det heile går til retten, der dei to kjempar om å verta utnemnd til verge for Groucho. Han ligg for døden, men det verkar som om det er mindre viktig for dei to. Det handlar litt om respekt for ein gamal mann, men det handlar òg om kven som skal arva han. I ein korte epilog fortel Arthur at familien endeleg vart godkjende som arvingar i 1988, men Arthur legg til at det meste då var gått til å betala advokatar og slikt.

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)