29. juni 2015

Thom Hatch: The Last Outlaws (2013)

Butch Cassidy og The Sundance Kid var leiarar i The Wild Bunch, ein gjeng bandittar som rana nokre tog og nokre bankar (i tillegg til nokre mindre spektakulære ran). Frå 1889 til 1900 var dei aktive i heimlandet USA, i det fyrste tiåret etter hundreårsskiftet var dei to leiarane aktive i Argentina og Bolivia. Eg kjenner dei frå Morgan Kane-bøker eg las for lenge sidan, og for ein film eg har sett eit par gonger. Både Kane-bøkene og filmen har oppdikta element; denne boka prøver å fortelja den verkelege historia.

Det er ikkje så lett. Det kan vera krevjande nok å få på plass fakta om vanlege folk som levde i USA for meir enn hundre år sidan; det vert endå meir krevjande når det er snakk om bandittar som prøvde å halda seg skjult. Dei to var i tillegg levande legender, som der vart dikta mange historier om. Dei fekk skulda for fleire ran enn dei dei faktisk hadde gjennomført. Dei tok (truleg) liva sine etter at eit ran gjekk gale, og huset dei var i vart omringa av soldatar, men ingen såg lika, og ingen amerikanarar greidde å finna nokon truverdige vitne til det som faktisk hadde skjedd. Både slekt og andre hevda seinare at dei hadde fått besøk av minst éin av dei to fleire tiår seinare. Det var heller ikkje uvanleg at nokre, fleire tiår etter at dei to tok liva sine i 1908, hevda at dei faktisk var Butch Cassidy. Eller The Sundance Kid.

Boka er fengande. Hatch fortel godt om oppvekst, om det frie livet som cowboy, om korleis dei samlar ein laus gjeng likesinna rundt seg, og om korleis dei har fleire gøymestader i fjella vest for prærien. Etter at større og større område vert busette, og styresmaktene aukar innsatsen for å få fanga dei, emigrerer dei to til Argentina, der dei ei tid lever som bønder. Begge to var prega av oppveksten i sterkt religiøse miljø, og sjølv om dei ikkje kvidde seg for å rana store verksemder som bankar eller gruveselskap, rana dei aldri frå privatpersonar. Dei hadde òg eit ideal om at det ikkje skulle gå liv tapt i rana deira, og sjølve drap dei ingen før dei emigrerte. Dei var òg folk ein kunne inngå avtale med, også sheriffar visste at begge to stod ved lovnader dei hadde gjeve.

Her er mange gode historier i boka. Den beste må vera ein eg trudde var oppdikta då eg såg han i filmen. Under eit togran er vogna med verdisaker låst, og vakta på innsida vil ikkje sleppa dei inn. Dei sprengjer vogna opp, men bruker altfor mykje dynamitt. Vakta vert merkeleg nok ikkje skadd. Nokre år seinare, under eit anna togran, gjentek soga seg, bortsett frå at vakta slepper dei inn då dei truar med å bruka dynamitt. Det viser seg at det er same vaktmannen.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Butch Cassidy and the Sundance Kid (1969

27. juni 2015

House of Cards, sesong 3 (2015)

Hm. Her forsvann ein del luft ut av ballonga. Det vert spanande å sjå om dei greier å blåsa inn meir luft før neste sesong, eller om det held fram på dette låge nivået. Eller lågare nivået.

Sesong 2 slutta med at Frank Underwood vart president. Det er han som har endra seg mest inn i denne sesongen. Tidlegare var han ein ekstremt dyktig politikar, som forstod korleis han skulle spela korta sine rett, korleis han skulle spela andre politikarar opp mot kvarandre, og korleis han skulle bruka media. No kan han ikkje dette lenger. Det kjem litt av at han er såpass upopulær at ingen trur han vert attvald to år seinare, slik at andre politikarar ikkje vil knyta seg for tett til han. Det kjem litt av han ikkje lenger har den ekstremt dyktige Doug Stamper som medarbeidar. Det kjem sikkert òg litt av at han har ei heilt anna rolle. Men det må òg koma av at me ikkje kjenner han heilt igjen. Han verkar meir mett, han verkar ikkje som den makthungrige politikaren me har møtt dei to fyrste sesongane.

Det er sjølvsagt mykje politikk, der dei to viktigaste linene handlar om programmet AmWorks, som skal bekjempa arbeidsløysa, og om kampen for å verta nominert til det neste presidentvalet. I tillegg er der to andre gjennomgåande liner. Den eine handlar om Doug Stamper, som tidlegare var den nærmaste medarbeidaren hans; den andre handlar om kona Claire Underwood. Forholdet mellom ho og mannen vert dårlegare og dårlegare, og sesongen sluttar omtrent som Et dukkehjem - ho fortel Frank at ho ikkje kan bu saman med han meir, og går frå Det kvite huset. Stamper flyttar seg den andre vegen - i den siste episoden vert han hyra inn som ny stabssjef. Det er altså gode utgangspunkt for neste sesong.

Guffen er lunken.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 2 (2014)
Sesong 4 (2016)
Sesong 5 (2017)
Sesong 6 (2018)

25. juni 2015

Stein Torleif Bjella (Hedleberget, Voss, 24.6.15)

Songane til Stein Torleif Bjella passar svært godt til myrke konsertlokale, men dei passar sanneleg òg godt til lyse utekonsertar. Og kanskje spesielt i eit slikt konsertlokale og ei slik scene som den på Hedleberget - scena er ikkje stort meir enn eit enkelt overbygg, som er sikra med eit par solide stroppar. Garderoben hans, huset til høgre på biletet, ser òg ut til å kunna ha bruk for nokre stroppar.

Denne gongen hadde Bjella berre med seg to musikantar - multigitaristen Geir Sundstøl og bassisten Eirik Øien. Slik vert det det neste halve året, i alle fall, og det er eit godt grep. Det skapar eit lydbilete med mykje rom, slik at tekstane kjem svært godt fram. Dei tre på scena har det moro saman, og det smittar òg over på publikum. Her er jo mykje å smila av, både i tekstane, og av det Bjella snakkar om mellom songane. Han har ein scenesjarm få andre kan metsja,

Dei fleste songane dei spelte var henta frå dei to fyrste soloplatene Bjella gav ut. Her var berre éin ny song, og i tillegg kom det vanlege ekstranummeret om han som gjekk seg i ein annan manns vedaskog. Fleire av songane kom i nye og utvida versjonar, der det kunne vera uventa lange instrumentalparti. Ein god kveld.

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)

21. juni 2015

The Last Sunset (1961)

Tilbake til normalen og vel så det. Som vanleg viser NRK2 westernfilmar om sommaren. Eg ser gjerne desse, sjølv om det som oftast er triste greier. Den fyrste westernfilmen eg såg i år var overraskande bra; denne var derimot overraskande dårleg.

Filmar opnar i det nordlege Mexico, der ein sheriff frå Texas, Dana Stribling, har spora opp mordaren Brendan O'Malley. Stribling har ikkje løyve til å arrestera han der. Dei møtest hjå Belle Breckenridge, den tidlegare kjærasten til O'Malley, som no er gift med ein annan. Begge vert hyra inn for å frakta kveget hennar til Crazy Horse i Texas, og undervegs handlar mykje om forholdet mellom dei to mennene. Begge veit at når dei kryssar grensa til Texas kjem det eit endeleg oppgjer mellom dei to. Mannen til Belle døyr på veg til Texas, og dei to mennene slår seg i lag med enkja (Stribling) og dottera (O'Malley). Så viser det seg at O'Malley faktisk er far til dottera, og det gjer at han møter Stribling til duell utan skot i pistolen.

Det er triste greier. Det går tregt, det er sjarmlaust, det er lite originalt (kanskje bortsett frå den uventa farskapsmeldinga mot slutten). Det tristaste av alt er at John Breckenridge døyr så tidleg - han vert spela av Joseph Cotten, som så langt hadde stått fram som den einaste skodespelaren verdt å følgja med på.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. juni 2015

Joanna Rakoff: My Salinger Year (2014)

Denne boka fortel om eitt år i livet til Rakoff, men det må ha vore eitt av dei viktigaste åra hennar. Ho er eitparogtjue år gamal, og har nett kome til New York etter eit mislukka studieopphald i London. Ho får seg jobb som sekretær hjå ein litterær agent, og veks mykje på det året. Ho vert trygg på seg sjølv i ein arbeidssituasjon, ho får publisert dei fyrste dikta sine, ho frigjer seg frå foreldra (med god hjelp frå dei), og ho gjer det òg slutt med ein ikkje altfor sjarmerande sambuar. Ho vert vaksnare, rett og slett.

Så boka er til dels eit sjølvportrett, men det er òg eit godt portrett av agentbyrået. Sjefen hennar, ei eldre kvinne, er ei av desse som røyker sigarettar med munnstykke, og som veit korleis alt skal gjerast. Byrået jobbar etter gamlemåten, boka går føre seg i 1996. Der andre arbeidsplassar i New York lenge har brukt datamaskiner, og relativt nyleg har vore på Internett, er byrået hennar nøgde med at dei nyleg fekk noko så moderne som ei kopimaskin. All skriving vert gjort med skrivemaskiner.

Den mest vidgjetne forfattaren sjefen hennar arbeider med er J.D. Salinger. Rakoff vert starstruck, men berre av di ho kjenner namnet hans, og veit at han avskyr publisitet - ho har ikkje lese noko han har skrive. Ho får etter kvart ansvar for å svara på fanposten hans, som det kjem enorme mengder av kvar dag. Alle desse breva skal få det same høflege, avvisandre svaret, men ho tøyer grensene litt, og skriv somme tider litt meir utfyllande svar. Ho snakkar med Salinger på telefonen. Og då Salinger seier at han vil gje ut ei novelle som eiga bok, får ho til og med helsa på han.

Guffen tilrår.

15. juni 2015

Forrest Gump (1994)

Var dette alt? Det er tjue år sidan eg såg denne filmen sist, og eg hugsa ikkje mykje av han. Eg hugsar at hovudpersonen, Forrest Gump, sprang ein del, og hugsar denne idiotiske lina om at livet er som ei konfektøskje - du veit aldri kva du får. Eg er ikkje dei ivrigaste konfektetarane, men har ikkje alle konfektøskjer ei rettleiing på innsida av loket?

Forrest Gump er ein ikkje altfor oppvakt kar, fødd i slutten av 1940-åra. Han utmerkar seg på ulike område, og greier på merkeleg vis å vera på rett plass til rett tid. Han møter fleire presidentar, og fleire poptjerner. Han fortel sjølv livssoga si, til tilfeldige personar som òg ventar på bussen. Han får stipend til å gå på college. Han vervar seg, og krigar i Vietnam. Han kjøper ein reketrålar, og gjer det glitrande der. Han dumpar borti demonstrasjonar mot Vietnam, han er der når to negrar for fyrste gong får studera ved eit universitet i heimstaten Alabama.

Han fortel altså historia til etterkrigs-USA. Oppi det heile er det ei kjærleikshistorie, det meste av det han gjer gjer han for å imponera ei barndomsveninne.

Det er ein seig film. Tom Hanks er ein heilt grei skodespelar, men det er ikkje nok. I store delar av filmen har han eit uttrykkslaust fjes. Det som måtte vera av tenkt humor her er ikkje noko å le av, og sjølv om filmen ikkje er umenneskeleg lang, verkar det nesten slik.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

The Hired Hand (1971)

Det er sommar, og det ser pikerten ut til at NRK2 igjen køyrer ein serie med westernfilmar. Denne var aldeles ukjend for meg, men han var langt meir interessant enn eg hadde venta.

Filmen er regissert av Peter Fonda, som nokre år før hadde gjort det godt med Easy Rider. Han fekk laga denne filmen utan noko større innblanding frå filmselskapet, og filmen er prega av tida han er laga i. Gjennom heile den korte filmen kjem det nokre drøymeliknande sekvensar, der to eller tre bilete ligg oppå kvarandre, og der all rørsle går i sakte film. Filmmusikken er òg uvanleg stemnings- og smakfull.

Historia er ikkje av dei mest originale. To cowboyar har ridd frå jobb til jobb i sju år, før ein av dei seier at han vil attende til familien. Dei har med seg ein tredje kar, og i ein liten by vert han drepen av nokre lokale bandittar. Dei to hemner seg på bandittane, dei skyt leiaren deira gjennom begge fotsålane, før dei reiser heim. Der skil dei lag etter ei tid. Han som vert att får melding om at banditten med dei sundskotne fotsålane har fanga kameraten, og han forlet familien igjen, for å prøva å berga han som er fanga.

Ikkje altfor originalt, altså, men samla sett er dette ein heilt grei film.

Guffen tilrår.

12. juni 2015

John Steinbeck: Cannery Row (1945)

Denne boka hadde eg venta meg meir av. Boka er sett på som ei av dei betre Steinbeck-bøkene, men for meg var det ikkje slik. Ho minner mykje om Tortilla Flat, som kom ti år tidlegare. Også der møter me ei samling arbeidslause karar i Monterey - alle drikk litt for mykje, og kjem opp i den eine rare situasjonen etter den andre.

Mykje av handlinga her krinsar rundt dette kollektivet, og forholdet deira til Doc, ein marinbiolog som lever av å samla inn havdyr han sender til universitet over heile landet. Luringane hjelper han med å samla inn froskar, utan at det går heilt etter planen. Så vil dei halda ein fest for han, og det går heller ikkje heilt etter planen.

For meg vart dette for sprikande. Nye personar vert introduserte ofte, nokre er berre med i eitt kort kapittel, andre vert med litt lengre. Det vert for mange personar å halda styr på, i alle fall i ei såpass kort bok, og det heile engasjerer tidvis lite.

Samstundes er jo boka sjølvsagt prega av at det er Steinbeck som har skrive ho. Her er fleire finfine kapittel. Boka sluttar med eit slikt kapittel, der Doc ryddar etter festen.

Guffen er lunken.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

Sverre M. Nyrønning: Northug (2014)

Petter Northug er ein glitrande skiløpar. Han kan vera eit framifrå intervjuobjekt, der dei gode replikkane trillar ut av han, men han kan òg vera det stikk motsette. Plasseringa hans i skiløp styrer humøret hans - har løpet gått dårleg, er det som regel lite å få ut av han. Kanskje det òg er eit resultat av at han er sin eigen herre - han vil styra alt i livet sitt, og går sine eigne vegar. Han har fått mykje kritikk for at han står utanfor det norske skilandslaget, for at han teikna sponsoravtale med COOP, medan det norske skilandslaget har sponsoravtale med ein annan matgigant. Han har fått kritikk for at han spelar altfor mykje poker, og han har sjølvsagt fått kritikk for at han køyrde i fylla på vårparten i fjor.

Det er altså nok av grunnar til at ei bok om Northug burde vera underhaldande og interessant. Og ei slik bok vert nok skriven ein gong, men denne boka kjem ikkje til å verta ståande som sjølve boka om Northug. Til det er forfattaren altfor, altfor lojal mot Northug. I eit etterord som er skrive til denne utgåva skildrar Nyrønning mediekøyret i dagane etter lanseringa av boka, og det er noko av det mest patetiske eg har lese. Eg les boka som noko i eit retning av eit forsvarsskrift, ei bok som skulle vera med på å retta opp det litt frynsete ryktet Northug hadde fått, og i etterordet står det at fleire avisartiklar hinta om det same. Nyrønning forsvarar seg med at han har vore heilt fri i arbeidet, men viss han har vore det - kvifor er han ikkje meir kritisk?

Nyrønning skal ha honnør for måten boka er bygd opp på. Det er ikkje noko oppramsing av gull og grøne skogar, han prøver i staden å forstå korleis Northug vart så god skiløpar. Det er tydeleg at foreldra hans var viktige, men det er sjølvsagt Northug sjølv som veit best kvifor han har kome dit han er. Nyrønning har snakka med han fleire gonger, men har ikkje kome langt nok innpå han. Det er truleg ikkje Nyrønning si feil; Northug verkar som om han har klare grenser for kva han vil snakka om. Og når han seier stopp, er det stopp.

Guffen er lunken.

6. juni 2015

The Untouchables (1987)

Kort tur til Bergen, lang kveld på hotellrommet, ein tur innom Netflix. Denne filmen har eg ikkje tenkt på sidan eg såg han mot slutten av 80-åra, og eg meinte å hugsa at det var ein heilt grei gangsterfilm. Slik var det ikkje.

Chicago, ca 1930. Al Capone har full kontroll over byen. Det er midt i forbodstida, og han tener usømelege summar på å selja alkohol. Han har kjøpt politiet, men møter uventa motstand då den relativt unge Elliot Ness kjem til byen for å knekka Capone. Så lenge dei aller, aller fleste i politiet er på lag med Capone vert det ikkje lett, men han knyter til seg tre andre, og greier å stoppa Capone. Ein av dei fire masar og masar om at den beste måten å knekka Capone på er å tiltaka han for skattesvindel. Etter kvart greier dei å få tak i kassadagbøkene hans, og får òg rekneskapsføraren hans til å vitna mot han.

Det er ein nesten ufatteleg uengasjerande film. Det går seint, det er føreseieleg, det er livlause replikkar, og sjølv om her er mange kjende skodespelarar (Robert DeNiro, Sean Connery, Kevin Costner), er skodespelet rutineprega.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

5. juni 2015

Rolf Sagen: MS Liv (2014)

Ei lita og lite pretensiøs bok som eg likte meir enn eg var klar over under lesinga. Det meste av boka er ei loggbok Sagen førte då han i 1970 kjøpte ein liten båt på Sunnmøre og førte han til Oslo, saman med ein kamerat. Boka fortel om tilhøvet til båten, tilhøvet til stadene dei fer forbi, og sjølvsagt tilhøvet mellom dei to. Det midtre temaet er det som fengar meg mest, der Sagen ofte fortel om hendingar han har opplevd på stader han ser, om personar han hugsar derfrå. Det han skriv om båten vert gradvis meir fengande, der han vert meir og meir kjend med båten, og med dei sterke og mindre sterke sidene til båten. Reisekameraten hans får han mindre og mindre godt å seia om. Han irriterer seg over mykje han andre gjer, men reknar òg med at det er det same andre vegen.

Det er to havstrekker dei kvir seg til - utanfor Stad, og utanfor Jæren. Desse vert det berre fortalt om etter at dei har kome forbi, og det kjem truleg av at dei har hatt nok med å koma seg forbi.

Boka er skriven i eit enkelt og greitt språk. Også språkleg er boka best når Sagen tenkjer tilbake på eigen oppvekst, på stader han fer forbi. Og der er mange fine formuleringar når han skildrar naturen, spesielt i dei lyse kveldane og nettene.

Guffen tilrår.

Meir Sagen på kulturguffebloggen
Springfart ved fjorden (1986)
Alltid likt å lese om krigen (2003)

Ernest Hemingway: The Old Man and the Sea (1952)

Eg hugsar ikkje heilt kva eller kven som laga den lista, men det må ha vore mot slutten av 1900-talet. Det var ei liste over dei hundre beste bøkene frå det hundreåret. Eg og Torstein snakka om kor mange bøker me hadde lese på lista, og kva me tykte om dei. Denne hadde me begge lese, viss eg hugsar rett, og begge var ekstremt lunkne til boka. Boka kjeda oss, og det var med ein viss skepsis eg henta ho fram att no.

Lite har endra seg. Boka handlar om den rutinerte fiskaren Santiago, som ikkje har fått fisk på meir enn åtti dagar. Han legg optimistisk ut på ein ny tur, og - under over alle under - han får eit monster av ein fisk på kroken. Etter tre dagar greier han å ta livet av fisken, og set kursen heimover att. Fisken er så stor at han må binda han fast til utsida av båten. Det er langt heim, og sjølv om han prøver hardt, greier han ikkje å halda haiar unna fisken. Alt han kjem heim med er skjelettet til fisken.

Det er ei historie som ikkje engasjerer i det heile. Dei tre dagane han kjempar med fisken er kanskje den minst engasjerande delen av boka - han snakkar med seg sjølv, han vert sår i rygg og hender, han let seg tidvis styra av fisken, og så bortetter.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Hemingway på kulturguffebloggen
Klokkene ringer for deg (film, 1943)

4. juni 2015

Kim Gordon: Girl in a Band (2015)

Å ha eit kjærastepar i eit band er som ein dårleg idé. Tenk på Go-Betweens, tenk på Fleetwood Mac. (Dei siste ville eg rett nok ikkje kjent att musikken til, men eg las nett ein artikkel om dei i Mojo.) Tenk på Wings. Det store, lysande unntaket var Sonic Youth, der ekteparet Kim Gordon og Thurston Moore lagde kvalitetsmusikk (saman med to andre) i bortimot tretti år. Heilt til dei gjekk frå kvarandre i 2011.

Tilhøvet mellom dei to pregar heile boka. Gordon opnar med slutten, dei siste konsertane Sonic Youth gjorde saman, der dei to knapt nok snakka saman. Ho er bitter, kanskje til og med sint på Moore, og sjølv om òg seier mykje fint om han, ligg det heile tida noko og skurrar. Slik sett er tittelen på boka ørlite misvisande - javisst handlar det om å vera kvinne i eit band, men det handlar òg om å vera eit par i eit band.

Her er mykje bra å lesa, men det er òg mange daudpunkt. Ho vaks opp i California, og tida fram til ho flyttar til New York som tjueåring vert altfor omfattande skildra. Har eg sagt noko liknande før? Sikkert. Altfor mange biografar legg for mykje vekt på oppvekståra.

Guffen er lunken.