Viser innlegg med etiketten polar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten polar. Vis alle innlegg

2. august 2023

Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)

Dette heftet er ein del av ein skriftserie med portrett av personar frå Skien. Det er eit glimrande tiltak, som fleire andre stader har gjort (og som resten av stadane burde gjera). Det er ikkje det mest djuptgåande heftet, men det er interessant nok.

Ein veikskap med heftet er at Østvedt går ut frå at dei som les heftet kjenner historia til Johansen frå før. Nokre stader skriv han at denne hendinga treng han ikkje skriva mykje om, sidan mange andre har skrive om det. Det er ein litt defensiv strategi; han må vera optimistisk nok til å tru at heftet kan introdusera Johansen til nokre lesarar. Ein annan veikskap er at han nok er litt for positiv til Johansen. Han skriv ikkje nok om grunnane til at Johansen sleit økonomisk; andre stader har eg lese at han drakk litt for mykje. 

Når han kjem til brotet mellom Johansen og Amundsen på Framheim, er det greitt at Amundsen får skulda. Han viste dårlege leiar-eigenskapar der, og viste at han ikkje takla kritikk. Så langt er alt vel, men omtrent her går heftet over til å verta ein kampskrift mot Amundsen. Østvedt samanliknar Amundsen og Scott, og legg seg svært tett opp til haldninga som var dominerande i Storbritannia etter at Scott døydde: Amundsen hadde laga leir tett opp til Scott, og han ville aldri ha greidd seg utan hundar. Avstanden mellom Framheim og McMurdo Sound var nesten 650 kilometer, som jo slett ikkje er tett opp til Scott. Amundsen fann ei heilt ny rute sørover. Og Amundsen brukte hundar av di han visste at dei ville gjera nytte for seg; Scott på si side prøvde med hestar, som jo ikkje er tilpassa polare strøk. Så her bommar Østvedt, men det er interessant å sjå at ein norsk forfattar stiller seg på britisk side mot Amundsen.

Her er altså litt rart i heftet, men det er òg mykje bra. Østvedt får godt fram kvifor Johansen var nyttig for både Nansen og Amundsen, og at han var både ein god idrettsmann og ein god arbeidar. 

Guffen tilrår. 

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

22. januar 2022

Roland Huntford: Shackleton (1985)

Roland Huntford har skrive tre biografiar om polfararar. Alle er strålande, og denne kan godt vera den beste av dei tre. Den viktigaste grunnen er sjølvsagt at han har full kontroll over emnet sitt, men like viktig kan det vera at ekspedisjonane til Ernest Shackleton berre vart meir og meir dramatiske. I tillegg er her mykje underliggjande drama. Tilhøvet mellom Shackleton og Robert Falcon Scott var dårleg. Shackleton hadde eit litt uryddig familieliv. Og han hadde truleg ein hjartesjukdom heile livet, noko som gjer prestasjonane hans endå meir utrulege.

Han var på tre polar-ekspedisjonar. På den fyrste, 1901-04, sette han saman med Scott og Edward Wilson ny sørleg rekord. Spesielt langt kom dei ikkje, sidan dei ikkje gjekk på ski, og sidan dei hadde med seg hestar i staden for hundar. Shackleton vart dårleg på heimturen, og måtte hjelpast av dei to andre. Då Scott seinare skulda forklara kvifor dei ikkje nådde polpunktet la han all skulda på Shackleton. Shackleton utrusta ein eigen ekspedisjon, 1907-09, og sette no ny sørleg rekord. Han snudde berre 180 kilometer frå polpunktet, noko som var klokt i seg sjølv - det var opplagt at dei ikkje ville ha overlevd ein tur heilt sør. Scott gjekk igjen ut mot Shackleton, og meinte at det var eit løftebrot at Shackleton hadde gått i land i den gamle leiren hans. Det hadde Shackleton lova, men han kom ikkje i land andre stader. Også her brukte han hestar, og også her droppa han ski - hadde han lært seg å bruka ski og hundar ville han nådd Sydpolen. 

Neste gong, 1914-17, ville han gå i land på den andre sida av kontinentet, og dermed verta den fyrste som kryssa Antarktis. Det gjekk heilt gale, han kom seg ikkje ein gong i land. Skuta hans fraus fast i isen, og dei 28 om bord måtte gå til fots på isen så langt nord dei kom, før dei brukte livbåtane til å nå den isolerte Elefantøya. Herfrå tok Shackleton med seg fem menn i den største livbåten, og dei segla 1300 kilometer mot nordaust, til Sør-Georgia. Utruleg nok fann dei vegen, men våga ikkje sigla rundt øya, til den folkesette nordsida av øya. I staden gjekk Shackleton og to andre til fots over øya. Rundt 40 kilometer, i bratt og glatt terreng, der det høgaste punktet låg rundt 1000 meter over havet, fann dei vegen. Dei sende ein båt til sørsida for å henta dei tre andre, og fekk seinare redda alle som venta på Elefantøya.

Det er altså ei rimeleg utruleg historie, som altså vert fortalt eksemplarisk. 

Guffen tilrår.  

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

7. mars 2021

Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)

Kappløpet mot Sydpolen er ei fascinerande og velkjent historie. To ekspedisjonar kjem til Antarktis om lag samstundes, og begge vil verta dei fyrste på polpunktet. Den eine er leia av britiske Robert Falcon Scott, den andre er leia av norske Roald Amundsen. Den norske ekspedisjonen kjem fyrst fram, og returnerer til basen ved kysten i god form - heile turen gjekk etter planen. Den britiske ekspedisjonen kjem fram ein månad etter den norske, og gruppa som gjekk til polpunktet omkom på tilbakevegen.

"Etter planen" er nøkkeluttrykket i avsnittet over. Amundsen hadde lagt grundige og gjennomtenkte planar, og alle dei fire andre på laget hans visste tidleg kva roller dei hadde. Det var systematikk i alt, og vinteren i Antarktis vart brukt til å forbetra det som forbetrast kunne. Scott hadde lausare planar - han la planar etter kvart, men heldt dei for seg sjølv. Ting var tilfeldige, utstyret var dårleg, han brukte ikkje vinteren godt, han var altfor lite oppdatert å kosthald, dei andre på laget visste ikkje kva han ville, og så bortetter. Det mest opplagde dømet på alt dette er at Amundsen hadde med seg hundar, som var van til polare tilhøve. Scott hadde med seg hestar og beltebilar.

Huntford er britisk, men likevel høvlar han over Scott. Det vert nesten litt i meste laget, men det kan ha sin grunn: Etter at det vart kjent at Scott og mennene hans døydde på heimturen, vart dei likevel hylla som nasjonale heltar. Det viktigaste poenget til Huntford er at det var klasseforskjell på dei to ekspedisjonane, og at det var leiarane som var forklaringa på det. Amundsen visste kva han gjorde; Scott var ikkje godt nok budd. 

Guffen tilrår. 

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

27. januar 2021

Roland Huntford: Nansen (1997)

Historien om Nansen er vel sånn nokolunde kjent. Han vart dregen mellom forsking og friluftsliv, og var stor på begge område. Han tok doktorgraden på nervesystemet til slimålen, og det han fann der var nyskapande. Han budde då i Bergen, men han la ut på fleire skiturar til og frå Kristiania. I 1888 leia han ein ekspedisjon som vart dei fyrste som kryssa Grønland, og i 1894-96 leia han ein ekspedisjon der han og Hjalmar Johansen sette ny nordleg rekord på kloden. 

Dette gjorde han til ein kjendis, og bøkene han selde gjorde han òg rimeleg velståande. Det vart ikkje fleire ekspedisjonar på han, men han spelte ei rolle då unionen med Sverige vart oppløyst i 1905, og seinare arbeidde han mykje for å betre tilhøva for folk etter fyrste verdskrigen. Han fekk Nobels fredspris for dette arbeidet.

Han var altså stor, han var alltid på farten, og han vart ein som folk høyrde på. Alle polfararar oppsøkte han, dei visste at han hadde endra alt med pol-ekspedisjonar, og bad om råd frå han. Samstundes hadde han nokre ekstreme humørsvingingar. Han hadde eit anstrengt forhold til ungane sine, han hadde heile tida forhold til andre kvinner enn dei han var gift med, og han hadde fleire kvinnelege enn mannlege venar.

Roland Huntford har total kontroll på alt dette. Han skriv glimrande, og byggjer boka godt opp. Huntford har skrive biografiar om andre polfararar, han kan polhistorien godt, og slik sett er det ikkje rart at han legg vekta på dei to ekspedisjonane til Nansen, fyrst og fremst den siste. Ei finfin bok.

Guffen tilrår. 

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

9. januar 2021

Michael Smith: An Unsung Hero (2000)

Både utanpå og inne i denne boka er det teke med nokre sitat frå andre bokmeldingar. På framsida står det eit sitat frå avisa Sunday Tribune - "This is a remarkable book about a remarkable man". Det er lett å vera samd i den siste delen av setninga; litt verre å vera samd i den fyrste.

Den britiske Antarktis-ekspedisjonen alle kjenner til er den som vart leia av Scott, den som enda med at dei kom til Sydpolen fem veker etter Amundsen, og der dei fem som hadde vore på Sydpolen miste livet på veg nordover att. Den britiske Antarktis-ekspedisjonen alle òg burde kjenna til er den som vart leia av Shackleton, den som enda med at dei ikkje eingong kom seg i land i Antarktis, og der seks av dei som var med tok seg i ein liten båt frå Elefant-øya til Sør-Georgia. Tom Crean var med på begge desse ekspedisjonane, og han utmerka seg begge stadene.

Scott: Her berga han livet til to andre alt før sydpolturen tok til. Han var med i laget som gjekk sørover, men var ein av dei tre som snudde 270 kilometer frå polpunktet. Tilbaketuren var eit slit, ein av dei to andre var slått ut av skjørbuk, og Crean gjekk for å henta hjelp. Åleine, så godt som utan mat, gjekk han 56 kilometer på 18 timar, og fekk henta hjelp til dei to andre.

Shackleton: Skuta Endurance fraus fast, og gjekk etter kvart under. Dei 28 i ekspedisjonen gjekk nordover, og laga seg ein enkel leir på Elefant-øya. Her var det inga von om at nokon skulle finna dei, så Shackleton tok med seg Crean og fire til på ein 1500 kilometer lang båttur. Båten var liten, sjølvsagt utan motor, men dei greidde å ta treffa øya. Dei kom til sørsida, og sidan båten vart noko øydelagt då dei kom inn til øya, tok Shackleton med seg Crean og ein til på ein fottur tvers over øya. Ingen hadde gått der før, dei hadde ikkje kart, dei måtte kryssa fjellovergangar og brear, dei hadde knapt ete på fleire dagar, og dei hadde ikkje med seg soveposar eller vern mot ver og vind. Dei gjekk (omtrent) utan stopp i 36 timar, hadde flaks eit par stader, kom seg fram til Stromness, der dei fekk hjelp til å redda dei tre andre på øya. Seinare fekk dei òg redda alle som venta på Elefant-øya.

Spesielt den siste turen er fantastisk, men boka er altså ikkje like bra. Her er mykje godt, men forfattaren må støtta seg på det andre har skrive om Crean. Crean skreiv aldri dagbok sjølv. Då vert det mykje skryt, og det vert òg mange repetisjonar. Desse handlar ikkje berre om Crean - dei tre fyrste gongene Smith skriv om Roald Amundsen legg han til at Amundsen var "the finest polar explorer of all time" (side 12), "the finest of all polar explorers" (side 38), og "who would become the greatest of all polar explorers" (side 40). Sidan Crean berre har ei birolle i ekspedisjonane, og sidan Smith til dømes fortel om det som skjer med både Amundsen og Scott, er det nok betre å lesa om ekspedisjonane i heilt andre og betre bøker. Sjølv om Crean var ein eventyrar av dei sjeldne. 

Guffen er lunken.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

11. mars 2019

Amundsen (2019)

Roald Amundsen fekk gjort mykje. Den største prestasjonen var då han og fire andre vart dei fyrste til å nå Sydpolen, etter ein tur med ski og hundar som var så godt planlagt at det heile gjekk som ei draum. Men han var òg den fyrste til å sigla gjennom Nordvestpassasjen. Han var, saman med Oscar Wisting, den fyrste som nådde både Sydpolen og Nordpolen (der dei òg kan ha vore dei fyrste - både Cook og Peary kan ha bløffa om sine polferder). Han var med på andre polar-ekspedisjonar. Han eksperimenterte med bruken av fly i polare regionar. Han kom på kant med fleire, som Nansen, Scott, og Leon, broren hans. Han hadde ikkje styring på økonomien sin.

Det skulle difor ikkje vera vanskeleg å finna episodar som eignar seg godt for film. Diverre har filmskaparane gapt altfor høgt. Dei vil ha med alt, dei vil fortelja om heile livet til Amundsen, og det går berre ikkje. Hadde det vore ein fjernsynsserie på åtte-ti episodar kunne det gått bra; i ein to timar lang film vert det berre rart. Her er altfor mange korte episodar, det heile vert altfor fragmentarisk, og det er fare for at dei som ikkje kjenner for godt til historia frå før ikkje får med seg alt. Her er fleire fine scener, men det er langt frå nok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)

23. juli 2018

Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)

Olav Bjaaland var ein av dei fem som kom fyrst til Sydpolen i 1911. Han var ein av dei mest dugande skiløparane i Noreg, og var mellom anna med i ein internasjonal konkurranse i Chamonix i 1909. På veg heim møtte han tilfeldigvis Roald Amundsen, som planla ein ekspedisjon til Nordpolen. Han inviterte Bjaaland til å vera med, Bjaaland takka ja, og eit par år seinare nådde dei altså det andre polpunktet. Når Bjaaland fyrst var invitert med på ekspedisjonen, sa det seg sjølv at han burde vera med heilt fram til polen - i tillegg til å vera ein suveren skiløpar var han òg skimakar, og ser ut til å ha vore ein svært habil snikkar. Den vinteren dei budde på Framheim og førebudde seg på å reisa sørover, reduserte han til dømes vekta på sledane deira frå 88 til 22 kilo, utan at sledane miste noko av kvaliteten sin.

Denne boka fortel kort om livet til Bjaaland. Det er ei merkeleg bok, der alt Bjaaland tek i vert til gull. I andre bøker om sydpolsekspedisjonen er det to episodar som ofte får stor plass: Den altfor tidlege avreisa frå Framheim, som førte til at ein av ekspedisjonsmedlemmane nesten fraus i hel, og til at Hjalmar Johansen ikkje fekk vera med sørover. Dessutan er det vanleg å nemna kva som skjedde med dei fem britane som miste livet i kappløpet mot Sydpolen. Austbø nemner ikkje episoden med Johansen, og lesarane får heller ikkje vita kva som skjedde med Scott og dei andre britane, bortsett frå at nordmennene var glade då dei kom til polpunktet utan å finna spor av andre.

Austbø fortel greitt om livet til Bjaaland før ekspedisjonen. Han var ein ivrig skiløpar, som gjorde det godt i nasjonale renn. Om livet etter ekspedisjonen handlar det stort sett om at han gifte seg, og at han flytta litt att og fram mellom to bygder i Telemark.

Guffen tilrår.

Meir Austbø på kulturguffebloggen
Olav Sletto. Ein studie (1923)

Meir polar på kulturguffebloggen
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

20. mars 2018

David Roberts: Alone on the Ice (2013)

Ei bok som har undertittelen "The greatest survival story in the history of exploration" legg lista rimeleg høgt. Det er eit Edmund Hillary-sitat, men likevel.

Boka fortel om ein ekspedisjon til Antarktis i 1911-14. Ekspedisjonen vart leia av Douglas Mawson frå Australia, og målet var å kartleggja store delar av den antarktiske kysten. Dei kom altså til Antarktis med ei litt anna målsetjing enn Amundsen og Scott, som hadde det vidgjetne kappløpet mot Sydpolen samstundes som Mawson og dei andre var der.

Alt gjekk ikkje etter planen. Frå basehytta gjekk fleire ekspedisjonar ut. Mawson gjekk saman med to andre, og begge dei miste livet. Den fyrste forsvann i ein bresprekk, saman med teltet, det meste av maten, og dei beste hundane. Den andre vart sjuk og døydde. Mawson gjekk åleine i tretti dagar, gjekk gjennom fleire snøbruer, men kom seg heilt fram til basehytta. Fem timar for seint til å nå båten som skulle henta dei. Seks menn var att for å venta på han (og dei to andre, sjølvsagt), og desse sju måtte vera der vinteren gjennom.

Det er omtrent her boka går på ein smell. Så langt har det vore fart i forteljinga, og Roberts både skriv godt og byggjer det heile opp godt. Men det siste året skjer det ingenting, bortsett frå at ein av dei tørnar galen. Det verkar som om Roberts kvir seg for å gjera dei openberre kutta som burde gjerast, og tværar dette ut altfor langt.

Og så var det denne undertittelen. Held me oss til Antarktis er jo prestasjonen til Shackleton langt større, då han saman med seks andre reiste i open båt frå Elephant Island til Sør-Georgia, for så å kryssa ei lita fjellkjede for å koma fram til folk. Det var òg ein tur der alle overlevde, også dei som venta på Elephant Island. Turen til Nansen og Johansen er jo òg større enn dette.

Guffen er lunken.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Amundsen (2019)

31. august 2014

Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)

Eg har lese mykje polar-litteratur i sommar, merkeleg nok. Dette vert den siste på ei stund, men det er ikkje fordi boka er dårleg. Eg las dagbøkene til sydpolfararen Olav Bjaaland for nokre veker sidan, og Johansen skriv både betre og meir detaljert enn Bjaaland. Sjølv om han vart vraka frå sydpolpartiet, etter å ha fortalt ekspedisjonsleiar Roald Amundsen kva han meinte om leiarstilen hans.

Den episoden står sentralt i boka. Amundsen var desperat etter å verta fyrstemann på polpunktet, og la ut frå Framheim minst ein månad for tidleg. Dei snudde, og på heimvegen var det meir kappløp enn lagarbeid. Amundsen var ein av dei fyrste som kom attende til Framheim; Johansen tok seg av ein som var frostskadd, og dei to kom til Framheim mange timar etter dei andre, etter ein altfor lang dag med altfor lite mat. Fram til den episoden er Johansen den som får dei viktigaste oppgåvene; etter episoden snakkar knapt Amundsen med han.

Det påverkar skrivinga til Johansen, men ikkje lenge. Samstundes som dei fem polfararane når Sydpolen, er han og to andre på ein kortare ekspedisjon til eit anna område, og i skrivinga derfrå vert det tydelegare enn nokon gong: Johansen treivst godt i polare strok.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

12. august 2014

Owen Beattie & John Geiger: Frozen in Time (2004)

Eitt av måla for oppdagingsreisande utover på 1800-talet var å kartleggja Nordvestpassasjen - ei sjørute nord for det amerikanske kontinentet. Dette ville gjera trafikken mellom Europa til Asia (og det vestlege Amerika) lettare - ein såg glatt vekk frå at den viktigaste grunnen til at ein ikkje fann denne ruta var at havet der nord ofte var frose året rundt. I 1845 sende Storbritannia ut ein svært mannsterk ekspedisjon, under leiing av Sir John Franklin. Han var kjend i området, og sidan dei hadde med seg alt av tipp topp moderne utstyr, rekna ein med at no skulle dei endeleg greia det.

Dei greidde det for så vidt, men dei betalte ein altfor høg pris. Samtlege 129 om bord på dei to skipa døydde. I tiåra etter leita rundt 25 ekspedisjonar etter dei, og sjølv om dei fann mange spor, fekk dei aldri svar på kvifor alle mista livet. Eskimoane i området fekk spørsmål om dei visste noko, og svara deira var ikkje av dei lystigaste - fleire meinte å ha sett prov på at ekspedisjonsmedlemmane hadde så stor matmangel at dei til slutt åt delar av dei daude kameratane sine for å overleva.

Det vart funne menneskerestar fleire stader, og det vart funne mange gjenstandar frå skipa. To funn var verkeleg interessante: Ein handskriven lapp i ein varde, med korte tekstar frå to ulike tidspunkt: I mai 1847 var alt vel; i april 1848 var 24 menn døde, og stemninga var heilt annleis. Og tre gravsteinar på den vesle øya Beechey Island. I Canada, der øya ligg langt mot nord, er minnet om ekspedisjonen framleis sterkt, og Owen Beattie var ein av dei som ville koma til botnar i kva som hadde skjedd. Han var (og er, for alt eg veit) professor i forensic anthropology, som minner lite om norsk antropologi - han var ekspert på å undersøkja lik.

I boka fortel Beattie om ekspedisjonen, om leiteaksjonane, og om korleis han sjølv gjorde fleire turar til området. Han finn ut at han må grava opp dei tre lika, og den siste halvdelen av boka handlar om dette. Det er ei fascinerande forteljing, sjølv om han av og til vert litt for oppteken av å skildra rutinar og detaljar i funna. Konklusjonen hans? Det var det moderne utstyret som knekte dei. Dei var klar over at dei kunne unngå skjørbuk viss dei hadde med seg fersk mat, så eitt av matlagera var fulle av hermetikk. Det var ein ny framgangsmåte, og han som leverte boksane hadde brukt bly då han lodda boksane saman. Blyet seiv inn i maten - alle døydde av blyforgifting.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

11. august 2014

Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann, Historien om Oscar Wisting (2011)

Roald Amundsen var ikkje den enklaste å samarbeida med. Han kom ofte på kant med folk, både dei han samarbeidde med, og dei han fekk stønad frå. Oscar Wisting var den som heldt ut lengst - han var med til Sydpolen i 1911, gjennom Nordaustpassasjen i 1918, på forskingstokt med Maud 1921-25 (der Amundsen rett nok berre delvis var med), og med luftskip til Nordpolen i 1926. Saman med Amundsen var han altså den fyrste som var på begge polpunkta.

Der var tre viktige grunnar til dette. Wisting var i god form. Han var ein dyktig handyman, som fann løysingar der det måtte til. Og han var ekstremt lojal. Ein av grunnane til det kan ha vore at han hadde bakgrunn frå marinen, og at han difor var godt van med å følgja ordrane til ein overordna.

Wisting hadde altså eit spanande liv, og det er difor dumt at han har fått ein så dårleg biografi som denne. Boka gjev eit greitt innblikk i livet til Wisting, men ikkje meir enn det. Og mykje manglar. Wisting var 39 år då Fram la ut mot Sydpolen; dei 39 åra gjer Hansen seg ferdig med på tre sider. Ofte manglar det datoar; det kjem til dømes ikkje klart fram kva dato Wisting døydde. Språket i boka er hjelpelaust, og det er fullt av klisjear. Det vert altfor opplagt at Hansen kjem frå Horten, heimbyen til Wisting, og at han sjølv har vore knytt til marinen. Kan han nemna bynamnet, eller nemna at ein omtalt person har vore med i marinen, gjer han det. Dette kjem best fram i det malplasserte og altfor lange kapitlet "Marinens rolle i norsk polarhistorie" (som like godt heiter "Horten i polarhistorien" i innhaldslista). Der bruker Hansen nesten 27 sider på å gå gjennom alle frå marinen som har vore med på norske polarekspedisjonar. Og det er jo opplagt at ei bok som dette burde hatt kart over områda handlinga er henta frå.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

9. august 2014

Olav Bjaaland: Sydpolsekspedisjonen 1910-1912 (2011)

Olav Bjaaland var ein av dei fire som nådde Sydpolpunktet saman med Roald Amundsen i desember 1911. Samtlege skreiv dagbok frå turen, og til hundreårsjubileet gav Frammuseet ut alle desse dagbøkene.

I litteraturen om denne ekspedisjonen vert Bjaaland oftast omtala som ein uvanleg god og uthaldande skiløpar, som såg på turen frå Framheim til polpunktet som ein relativt vanleg skitur. Det best kjende sitatet frå denne dagboka er det han skriv etter at dei har nådd målet for turen: "Her er slet som paa Morgedalskjønni og godt skiføre". Dette vert gjerne sett opp mot det Robert Scott skreiv ein månad seinare ("Good God! This is an awful place"). Utsegna til Bjaaland må oppfattast litt annleis etter å ha lese dagboka. Ein ting er at han rett før ramsar opp ei rekkje kjende frå heimbygda Morgedal, og at han tenkjer på korleis dei ville reagert om dei viste kvar han var, altså at han har Morgedal endå meir i tankane enn elles; ein annan ting er at han ikkje har det så godt på turen. Det er ein del klaging, over kulde, over hundar, over svolt, og han er glad då han endeleg kan reisa frå Antarktis. "Farvæl daa Framheim og is og sjo og sæl og kraake og alt. Du var lonefull og lei og kall iblant, men bære end eg venta".

Bjaaland skriv som oftast på dialekt. Eg tippar at han ville ha brukt nynorsk viss han hadde lært det i skulen; ein stad står det om ein "maaldesput", der han skriv noko om at han "stind aleine med alle imot meg". Som regel er det greitt å skjøna kva han skriv, men akkurat det avsnittet er eitt av dei verste å forstå.

Det er ei relativt knapp dagbok, eg kan ikkje ha brukt stort meir enn ein time på å lesa henne. Bjaaland hadde med seg fotoapparat på turen, det var han som tok det vidgjetne biletet der dei fire andre står på Sydpolen og ser på flagget som vaier over teltet, og i boka er det ei lang rekkje bilete. Desse er av ulik kvalitet, men er likevel minst like interessante som teksten. Turen Bjaaland skriv om er godt kjend, men eg har ikkje sett så mange bilete frå sjølve turen innover mot polen.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

25. juli 2014

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)

I kappløpa om å verta fyrstemann på Nordpolen og Sydpolen var det ein ting som galdt. Det var ein klassisk sylv er nederlag-situasjon - vart du nummer to vart du, om ikkje gløymt, så i alle fall nesten som ein parentes samanlikna med vinnaren. Og det var ekspedisjonsleiaren som fekk mest heider og ære (og pengar).

I norsk polarhistorie er Fridtjof Nansen og Roald Amundsen dei to best kjende. Nansen var fyrstemann til å kryssa Grønland, og han hadde ei tid rekorden for å vera lengst nord. Amundsen var fyrstemann til å nå Sydpolen. Den einaste som var med på begge desse ekspedisjonane var Hjalmar Johansen, som denne biografien handlar om.

Johansen var ein solid idrettsmann, men det var omtrent det einaste han lukkast med. Spesielt godt treivst han i polarområda, etter å ha vore på tur med Fram, og seinare til fots saman med Nansen, i tre år, var han trist då han kom attende til busette strok. Utan Johansen hadde ikkje Nansen overlevd fotturen sin. Forholdet mellom dei to er fascinerande, der dei er på tur åleine i over eit år før dei vert dus. Dei vert etter kvart gode vener, men når turen er over søkjer Nansen heller kontakt med meir intellektuelle folk, folk med større namn.

Johansen bed ofte Nansen om lån. Desse pengegåvene var meir som stipend, og tiggarbreva kom både før og etter Sydpolekspedisjonen med Amundsen. Det skar seg heilt mellom dei to, etter at Amundsen tok ut altfor tidleg, måtte avbryta polframstøyten, og reiste frå turkameratane ute i isen. Johansen redda livet til den mest frostskadde av dei, og greidde ikkje å halda tett med kva han meinte om slik leiarframferd. Han vart utstøytt av gruppa, fekk ikkje vera med til Sydpolen, og etter at dei alle kom tilbake til sivilisasjonen reiste han heim for sjølv. Han kjende seg med rette dårleg handsama, men snakka likevel aldri om kva som var grunnen til at han vart utstøytt. Det var dels av di han var lojal, men mest av di han skjøna at han ikkje ville verta trudd. Det var ikkje før femti år seinare, etter at dagbøkene hans frå turen vart kjende, at heile historia kom fram. Då hadde han vore død lenge, han tok livet sitt kort tid etter heimkomsten.

Det er ei god bok, dette, der alle dei utrulege hendingane i livet til Johansen vert godt fortalt. Boka er med på å riva ned glorien over Nansen og Amundsen; dei framstår langt ifrå som store heltar som heile tida veit kva dei vil. Dei er heile vegen avhengige av gode hjelparar, og Johansen var ein av dei beste hjelparane dei kunne hatt.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

21. februar 2012

Bruce Henderson: True North (2005)

September 1909. Frederick Cook gjer det kjent at han var på Nordpolen i april året før, og at han måtte overvintra på ei øy før han våren 1909 tok seg fram til inuit-landsbyen han hadde brukt som base. Nokre få dagar seinare: Robert Peary gjer det kjent at han var på Nordpolen i april. Peary la til at Cook aldri hadde vore på Nordpolen, og at det altså var han sjølv som var fyrstemann på polpunktet.

Dei to var gamle kjende, og gamle vener. Dei hadde overvintra på Grønland saman mange år tidlegare, og hadde halde kontakten i åra etterpå. Den venskapen tok raskt slutt. Begge heldt fast ved at dei hadde vore der, og etter kvart vart både politikarar og andre spurde om å vurdera dei to versjonane. Peary hadde eit langt større nettverk, og forteljinga hans vart godteken. Cook vart stempla som ein juksemakar.

Denne boka viser at det var smått utruleg. Peary hadde prøvd å nå polpunktet mange gonger tidlegare. Han såg polpunktet som sitt, og var djupt fornærma over at Cook, ein gamal ven og landsmann, hadde prøvd å slå han. Då han kom attende til inuit-landsbyen, avhøyrde han med dei to inuittane som hadde vore med Cook til Nordpolen, og konklusjonen var at dei ikkje hadde vore i nærleiken av Nordpolen, dei hadde knapt forlate Grønland. At korkje Peary eller dei andre som avhøyrde dei to snakka inuittisk, var mindre viktig; heller ikkje vart det laga noko nummer av at dei to inuittane skreiv under på dette - teksten var skriven på engelsk, eit språk dei ikkje forstod. Cook hadde lagt att alle måleinstrument og notatar hjå ein amerikansk fangstmann som lova å ta det med frå landsbyen til Amerika. Båten hans kom ikkje, og han fekk skyss med Peary, på vilkår av at han la att alt som Cook åtte. Båten fangstmannen venta på kom tre dagar seinare. Peary brukte dette for alt det var verdt, og henta òg fram dei gamle rykta om at Cook aldri hadde nådd toppen av Mount McKinley, det høgaste fjellet i Nord-Amerika, slik han hadde hevda.

Peary fekk altså allmugen til å tru at Cook ikkje hadde vore på Nordpolen, medan det meste tyder på at han faktisk var der. For Peary var det viktig å vera fyrstemann, men han var der truleg aldri sjølv. Han hadde med seg mange mann nordover, og sende nokre av dei heimover undervegs. Dei siste dagane nordover var det berre han som kunne bruka sekstanten. Ingen andre kunne altså stadfesta at han faktisk var der. Skulle han ha nådd fram, måtte han ha hatt nokre ekstreme dagsmarsjar dei siste dagane - så lenge andre kunne kontrollera framdrifta, gjekk dei i snitt tolv miles kvar dag. Dei ti neste dagane var dagsmarsjane i snitt tretti miles.

Det er altså eit kappløp som minner om Scott mot Amundsen. Henderson er ikkje i tvil om kven som er den eigentlege helten, og legg all sympati hjå Cook. Nokre gonger vert det litt for tydeleg. I intervju sa begge at dei sjølvsagt ikkje kunne garantera at dei hadde vore nøyaktig på polpunktet. At Cook seier det er heilt greitt for Henderson, men når Peary seier det er han unnvikande og vag. Henderson burde òg ha hatt ei oppsummering til slutt, der han sa rett ut kva han meinte, i staden for å ikkje ta eit endeleg standpunkt. Han skriv heller ikkje spesielt godt, men denne historia er såpass spanande og intrikat at det nesten er uråd å ikkje få ei god bok ut av det.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

8. desember 2011

The Last Place On Earth (1985)

Denne fjernsynsserien, som eg trur eg såg litt av midt i 80-åra, handlar om kappløpet mot Sydpolen. Dei to hovudaktørane, britiske Robert Falcon Scott og norske Roald Amundsen, kom inn i kappløpet på heile ulikt vis. Scott var heile tida open om kva han ville, medan Amundsen ikkje gjorde det kjent at Sydpolen var målet hans før etter at han hadde reist frå Noreg. Scott hadde vore langt inne i Antarktis før, for Amundsen var dette nytt land. Scott trudde på dei engelske metodane, som stort sett var å gå til fots; Amundsen samla kunnskap hjå eskimoar på Grønland. Scott la planar undervegs; ekspedisjonen til Amundsen var planlagt i detalj.

Serien handlar mykje om dette, altså om motsetnadene mellom dei to. Av og til vert det for tydeleg. Scenene frå overvintringa i Antarktis, altså perioden før sjølve turen mot Sydpolen tok til, viser dette godt. I den britiske leiren spelar dei fotball og leikar seg; i den norske leiren arbeider dei heile tida for å gjera utstyret betre. Under turen til Sydpolen går det gradvis opp for Scott at det hadde vore lurare å lært seg betre skiteknikk, å bruka hundar i staden for hestar, og å leggja inn langt større marginar. Amundsen hadde skjønt dette - han brukte hundar, hadde med seg fire kompetente skiløparar, og hadde store marginar i matrasjonane. Legg til at han hadde langt lettare sledar, langt betre utstyr, og det vert heller tydeleg kvifor det gjekk som det gjekk. Amundsen kom fram ein månad før Scott, og overlevde turen. Scott kom fram, men alle fem i polpartuet hans døydde på heimvegen.

I etterkant presenterte Amundsen turen som ein grei ekspedisjon. Den siste veka Scott levde låg han verfast i teltet, og han brukte denne tida på å skriva brev til familie og hjelparar. Han skreiv òg eit brev til ålmenta, der han streka under at grunnen til at alt gjekk gale var det dårlege veret. Han la til at alle på ekspedisjonen hadde oppført seg eksemplarisk, og hadde, som gode patriotar, gitt alt for at det britiske flagget skulle plantast på Sydpolen. Denne teksten var med å gjera Scott til ein britisk nasjonalhelt, medan Amundsen til dels vart sett på som ein inntrengar og ein juksemakar - han hadde omtrent stole Sydpolen frå Scott, ved hjelp av hundar.

Serien byggjer på ein dobbeltbiografi Roland Huntford skreiv om Scott og Amundsen. Han er langt meir kritisk til Scott enn det andre hadde vore, og slik er det òg i serien. Scott framstår som blind - han er i Noreg og ser kor fort folk kan gå på ski, men ser ikkje at han bør læra seg dette. Han får beskjed om at hestane som er kjøpte i Sibir er gamle, dårleg og ubrukelege, men høyrer ikkje på det. Han ser at det går langt raskare med hundespann, men vil ikkje bruka det sjølv. Han har planlagt det siste stykket mot Sydpolen med matrasjonar og telt for fire personar, men finn i siste augneblink ut at han vil ha med ein femtemann. På veg attende slit dei seg ut - dei et for lite mat kvar dag, men likevel insisterer han på å stoppa for å samla inn steinprøver, og på at dei skal ha med seg desse steinane heile vegen. Saman med dei to andre overlevande døyr han altså i teltet sitt, atten kilometer frå det neste depotet.

Det er ein god serie. Alle nordmenn vert spelt av norske skodespelarar, og dei fleste av desse snakkar Thor Heyerdahl-engelsk, slik at det aldri er vanskeleg å sjå kva leir det vert filma frå. Sverre Anker Ousdal er god som den litt innestengde Amundsen, Martin Shaw er betre som den falske, usikre og til dels feige Scott, og Toralv Maurstad er endå betre som Hjalmar Johansen - den røynde polfararen som fortalde Amundsen at han var ein dårleg leiar, og som difor vart vraka frå firemannslaget som skulle følgja Amundsen til Sydpolen.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

17. februar 2010

Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)

Eg skulle på dagstur til Oslo, og hadde bruk for litt lesestoff. Denne boka stod lagleg til, og vart lesen på ut- og heimvegen. Eg kjenner livssoga til Scott godt frå før, mest frå den glimrande dobbeltbiografien Ronald Huntford skreiv om Scott og Amundsen. Huntford, som er britisk, kvir seg ikkje for å skriva at Scott kunne overlevd turen, viss han hadde hatt vit til å førebu seg skikkeleg. Boka til Huntford låg til grunn for ein flott fjernsynsserie frå 1980-talet - viss det er noko tak i NRK viser dei serien om att neste år, i samband med hundreårsjubileet.

Huntford pirka såleis litt i ein nasjonal helt. Pound gjer sitt for å leggja grunnlaget for meir heltedyrking. Han vert litt for mild - han fortel sjølvsagt kva som går gale, men er ikkje like streng som Huntford. På vegen mot Sydpolen hadde Scott med seg mange menn, for å leggja att depot til heimturen. Rett før dei siste snudde nordover att, fann Scott ut at han skulle ha med seg fire menn vidare, ikkje tre, slik planane hadde vore. Huntford skriv at det Scott burde ha skjønt at det skipla alle planar, og ikkje berre av di alle matrasjonar no vart mindre. Dei hadde berre fire par ski, slik at ein av dei måtte vabba til fots i snøen. Pound skriv berre at Scott tok med seg ein ekstra mann, og let lesaren sjølv dra sine konklusjonar.

Pound skriv veldig formelt og stivt, og skrivestilen passar bra til ein biografi om Scott, som var marineoffiser. Han bruker mykje tid på å skriva om forholdet til kona og mora, kanskje av di han som fyrstemann fekk tilgang til dagbøkene kona skreiv medan Scott var i Antarktis. Boka er lettlesen (viss du kan engelsk), og gjev eit greitt innsyn i livet til Scott. Det vert likevel for ukritisk. Det finst betre Scott-biografiar.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)