13. juni 2020

Bill Bryson: The Body (2019)

Bill Bryson er best når han skriv om reisene sine, men han kan vera god elles òg. Han er ein hauk etter fakta og gode historier, slik at han kan skriva gode bøker om mange ulike emne. I denne boka treff han ikkje heilt.

Det handlar om kroppen. Grovt sett går han frå topp til tå, med kapittel om dei ulike kroppsdelane. Innimellom dette kjem det kapittel om mat, om medisin, og om nokre av eigenskapane ved kroppen. Det er ei grei inndeling, sjølv om vegen hans gjennom kroppen stoppar ved det han kallar "the nether regions".

Det er to store innvendingar mot boka. Den eine er at mange av skildringane av kva dei ulike kroppsdelane gjer er for lange og detaljerte. Det er ikkje difor me les Bryson - då kunne me like gjerne lese ei lærebok. Den andre er at mange av historiene ikkje er gode nok. Av personane i boka må det vera ti-femten som vert presenterte som ein av dei viktigaste i medisinhistoria, eller liknande. Nokre av desse fortener ein slik omtale, for andre er det vanskeleg å skjøna kvifor han bruker så store ord.

Her er sjølvsagt òg mykje som fengar, men det druknar litt i alt det andre.

Guffen er lunken.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
Notes from a Small Island (1995)
A Walk in the Woods (1998)
Notes from a Big Country (1998)
Down Under (2000)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar