27. november 2021

Paul McCartney: The Lyrics (2021)

I føreordet til denne boka skriv McCartney at han ofte er spurd om å skriva ein sjølvbiografi. Det har han aldri teke seg tid til, og han meiner at dette er det nærmaste han kjem. Det veit han betre enn meg, men likevel: Dette er rimeleg fjernt frå ein sjølvbiografi.

I boka (eller bøkene - det er to bøker samla i ein boks) er det 154 songtekstar. Dei kjem i alfabetisk rekkjefylgje, og dekkjer heile livet hans, frå midt i 1950-åra til 2020. McCartney har skrive litt om kvar av tekstane. Til kvar tekst kjem det òg illustrasjonar - det kan vera foto, det kan vera handskrivne tekstar, det kan vera andre ting. Fyrst var eg litt overraska over at songtekstane ikkje kom kronologisk, men slik tekstane om songtekstane er lagt opp, fungerte løysinga heilt fint.

Boka er omtrent slik karriera til McCartney har vore. Av og til er dette finfint og vel så det. Andre gonger er det så pinleg og banalt at det er freistande å bla seg vidare. Han kjem med gode innsikter om mange av tekstane, men andre stader skriv han berre ord. Han skriv nesten meir om å laga musikk, og det verkar som om musikken og melodiane er viktigare for han. 

Eg las nok kapitla om Beatles-tekstar nøgnare enn dei andre, sikkert av di eg ikkje kjenner det han har gjort dei siste femti åra like godt. Eit par gonger kjem det noko eg stussar over. Han skriv til dømes om Tara Guinness, som ofte er omtalt som han som blew his mind out in a car i "A Day In the Life". Det meste av teksten til den songen var skrive av John Lennon, den allment aksepterte versjonen til no er at McCartney kom med mellomspelet, og at han saman med Lennon flikka på teksten Lennon hadde skrive. Her skriv McCartney at "I wrote about [Tara Guinness] i A Day in The Life", og siterer dei to linene om trafikkulukka. Bidraget til Lennon vert ikkje nemnt med eit ord. Om så godt som alle Beatles-tekstane står det òg "Writers: Paul McCartney og John Lennon" - endeleg får altså McCartney gjennomført den gamle tanken sin om at den som bidrog mest skal stå fyrst. Eit siste ankepunkt er at mange poeng vert repeterte i dei ulike nyskrivne tekstane.

Guffen er lunken.  

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

24. november 2021

Maren Uthaug: Ein lykkeleg slutt (2019)

Hm. Uthaug har fått strålande meldingar dei siste åra. Eg las Der det finst fuglar for litt sidan, og sleit med å sjå noko verdfullt der. Før eg hadde lese den hadde eg like godt kjøpt denne, og det er jo dumt å ha ei ulese bok ståande i hylla. I alle fall vanlegvis. Denne boka har fått like fine meldingar som Der det finst fuglar. Eg fekk like lite ut av denne boka som av den fyrste.

Det er ei slags slektskrønike, og boka handlar om ei slekt med mange rare avvik. Me møter vel sju generasjonar, og i kvar generasjon er det ein som har ansvar for å ta seg av dei døde. Me møter òg rare samfunn, historia opnar i ein øystat i Polynesia der det er bestemt at det skal bu akkurat 990 menneske, slik at så lenge ingen døyr får heller ingen lov til å verta gravide. 

På veg gjennom generasjonane, på veg til vår eiga samtid, møter me mellom anna ein som snakkar med dei døde (og som forelskar seg i ei som er død), me møter ein mordar, me møter ein nekrofil, og så bortetter. Omtrent alle familiane fungerer dårleg saman, så der aular av familiekonfliktar. 

Boka er rimeleg slitsam. Det er ikkje spesielt velskrive, Uthaug forklarar langt meir enn ho treng. Det verkar som om ho vil trykkja så mykje ufordrageleg som råd inn i boka. Her er smittsame sjukdomar og mange detaljar om korleis gravferdsagentar arbeider, men det skal litt meir til for å skapa stor litteratur.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Uthaug på kulturguffebloggen
Der det finst fuglar (2017)

23. november 2021

John. Den siste norske cowboy (2021)

 

Å laga ein film om ein eldre mann som bur ute på prærien, i staten Montana, er ikkje nokon dårleg idé. Filmen er likevel ikkje altfor vellukka, og det skuldast truleg at den eldre mannen, John, ikkje har altfor mykje å by på. Det vert litt det same om att og om att, og filmen er heilt fri for dramatiske vendingar.

John er rundt nitti år. Han bur åleine, og har aldri hatt familie. Foreldra og systera er gravlagde på ein haug på farmen hans. Han har kveg, og han steller dei og dyrkar jorda framleis. Kvar dag snakkar han med den noko yngre venen Jim, anten på telefon eller over ein kaffikopp. Av og til tek John med seg trekkspelet for å spela for folk, av og til reiser han til den nærmaste småbyen for å treffa folk.

Han er norskætta, utan at han gjer noko nummer av det. Han veit kvar han kjem frå, og han kan laga litt norsk mat, og han har nokre gamle foto og ein bibel etter foreldra, men det er alt. Han får aldri spørsmål om tilhøvet til Noreg. Har han vore her? Har han kontakt med slekta? Og så bortetter. 

Guffen er lunken.  

21. november 2021

The Doors (1991)

 

I 60-åra tok det heilt av med sex og drugs og rock'n'roll, og det er tydeleg i denne filmen. På papiret handlar filmen om The Doors, men det er i all hovudsak ein film om vokalisten Jim Morrison. Det er hans barndom det er scener frå, det er han me ser gå frå seng til seng, frå rusmiddel til rusmiddel, frå den eine dårlege, men sensasjonelle, konserten til den andre. Konsertane vart ikkje berre hugsa for musikken.

The Doors kom saman i Los Angeles i 1965. Året etter fekk dei eit gjennombrot med "Light My Fire", og fram til Morrison døydde i Paris i 1971 gav dei ut seks LP-ar. Musikken er vel helst ujamn, men der er nokre saftige songar, og dei fekk ekstra merksemd grunna tekstane til Morrison. 

Dei fekk òg ekstra merksemd gjennom livsstilen hans, og det er altså det filmen konsar mest på. Her takkar han ja til alt han får tilbod om, og trivst òg enormt som kjendis. Han vert mindre og mindre sympatisk utover i filmen, og sidan utgangspunktet ikkje var all verda vert det i meste laget. Her er mykje bra, men det kunne (som vanleg) vore stramma inn - minst ei av scenene frå ein av konsertane som vert ein happening burde vore korta merkbart ned.

Guffen er lunken. 

Meir The Doors på kulturguffebloggen
Ray Manzarek: Light My Fire (1998)
When You're Strange (film, 2009)
John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

19. november 2021

Greg Prato: Grunge Is Dead (2009)

 

Eit par år tidleg i 90-åra verka det som om Seattle var ein musikalsk hovudstad. Det kom ei rekkje band derfrå, og fleire av dei vart store og vidgjetne. Også folk rundt meg kasta seg på denne bølgja; sjølv var eg rimeleg lunken. Det einaste bandet eg likte sånn nokolunde var Nirvana, men også der var eg rimeleg lunken (sjølv om det endra seg litt etter kvart). Eg kunne knapt vitja folk utan at dei sette på band som Mudhoney, Pearl Jam, Alice In Chains og Soundgarden, men det var ikkje noko for meg. Det einaste av desse banda eg såg live var Soundgarden, i eit lite lokale i Amherst vinteren 1989.

I denne boka fortel mange av dei sentrale aktørane om rocken i Seattle. Forteljinga tek for alvor til tidleg i 1980-åra, og åra etter 1995 vert raskt oppsummerte. Det er ei fascinerande historie, både av di det vert ein massiv hype rundt byen, men òg av di der er fleire artige folk involvert. Mark Arm i Mudhoney har til dømes ei rekkje fargerike sitat. 

Eit gjennomgåande trekk ved denne soga er diverre rus. Fleire av dei mest talentfulle får livet øydelagd av rus, mange av dei døyr. Det er ikkje dei store musikalske ambisjonane som dominerer, det er like viktig å ha så mange festar som råd. Det er heilt greitt, men det er ikkje alltid like pirrande å lesa om artige festar. Boka er òg litt rart redigert - eit kapittel kan godt handla om tre eller fire ulike band, og der er ingen mellomtitlar som signaliserer at no går me over til neste band. Men likevel - boka fungerer godt, og Prato ser ut til å samla og redigert dei mange intervjua på ein grei måte.

Guffen tilrår.

18. november 2021

Den usannsynlige morderen (2021)

 

Den 28. februar 1986 var eg på veg til Hustad leir. Eg reiste sjølvsagt med toget, og la inn nokre dagar i Oslo på veg dit. Eg budde hjå Inge, og den kvelden hadde me truleg vore på ein eller annan konsert. Me kom i alle fall seint heim. Me skrudde på radioen, og der var det berre sørgjemusikk. Etter ei stund kom det ei røyst inn og sa at den svenske statsministeren Olof Palme var drepen.

Denne serien handlar om det drapet, og om tida etterpå. Det handlar kanskje mest om det svenske politiet, som i denne serien gjer alt dei kan for å ikkje finna mordaren. Han er heile tida rett framfor augene deira, men han som sit øvst i politi-pyramiden vil ikkje sjå det. Han er oppteken av sine eigne hypotesar, og går på smell etter smell. 

Løysinga som vert sett fram her er ikkje bombesikker. Serien er basert på ei bok frå 2018, og to år seinare stadfesta det svenske politiet at dei er samde. Han som vert peika ut her lever ikkje meir, slik at politiet la vekk saka. Alle er ikkje overtydde. Serien kan kanskje reknast som eit partsinnlegg, men ut frå det som kjem fram her var det absolutt mogleg at Stig Engström var mordaren. Han var der då det skjedde. Han hadde eit slags motiv. Han motsa seg sjølv så ofte i avis-intervju og politi-avhøyr at det burde kimt i klokkene berre der. Men det gjorde det altså ikkje.

Serien er finfin. Det heile vert heldigvis ikkje presentert kronologisk, slik at me må pusla litt saman sjølv. Og Robert Gustafsson er aldeles strålande i rolla som Engström.

Guffen tilrår. 

16. november 2021

Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)

Dette er den tredje boka om Klas Dyregodt, og planen var visst at det skulle verta den siste. Det er kanskje den veikaste i den serien, og det verkar nesten som om Vesaas veit det godt: Den siste halvdelen av denne boka er svært lite inspirert. 

Klas bur no på sagbruket der halvbroren styrer. I Sigrid Stallbrokk gjorde Klas ei kvinne gravid, og i denne boka får han vita at barnet var daudfødt. Det gjer han tung til sinns, og han fer oppover dalen, til Dyregodt, for å ta livet sitt. Såve, den gamle og kloke kvinna som bur der, anar kva som er i ferd med å skje, og gjev Klas eit godt råd: "Du rår deg sjølv". Denne setninga kjem att fleire gonger utetter i boka, og vert som ein læresetning for Klas. Han legg vekk planane om sjølvmord, og boka sluttar med at han igjen er damvaktar på Dyregodt.

Det er altså lite futt i denne boka. Historia sig sakte framover, språket er utan liv, og Klas er ein person me burde fått meir sympati for, ikkje ein me misser interessa for.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

14. november 2021

Ragnar Hovland: Eline og Julie tar ferja (1994)

Reint bortsett frå at dei to hovudpersonane er kvinner, er det mykje kjent i denne boka. Det er ofte snakk om større eller mindre mysterium som må løysast, ein eller annan stad på Vestlandet. Hovudpersonane er ofte svært mobile, og slik er det altså her òg.

Kjærasten til Eline, ein politimann, vert drepen. Saman med den gamle veninna Julie, og til dels saman med privatdetektiven Herman, prøver ho å finna ut kven som drap han. På veg gjennom boka reiser dei litt att og fram, dei drikk litt, dei møter ein del folk, dei ser heile tida ein mystisk bil, og heilt til slutt kjem ferjeturen me vert lova i tittelen. Me får òg ei lang rekkje med personnamn som er anagram for Ragnar Hovland. 

Det er ei heilt grei bok, sjølv om Hovland nok ikkje er heilt i kjempeform her. Det er stas å lesa det, men det er likevel ikkje denne boka eg fyrst ville tilrå dersom nokon spurde meg om gode Hovland-bøker. 

Guffen er lunken. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

13. november 2021

Ingvild H. Rishøi: Stargate (2021)

 

Rishøi er ein glimrande forfattar. Ho har tidlegare gjeve ut tre finfine novellesamlingar, men imponerer like mykje i denne romanen. Det er ei joleforteljing, og ei joleforteljing av den litt triste typen.

Det heile vert fortalt av Ronja, som kan vera rundt ti år. Ho bur saman med systera, 16 år gamle Melissa, og den litt ustabile far deira, truleg ein stad på austkanten i Oslo. Faren har ikkje fast jobb, men lovar døtrene at han skal tena litt pengar, slik at dei kan få ei fin jol saman. Han får seg jobb som joletreseljar, og det går bra nokre dagar. Pengane vert ikkje brukte på jol, pengane vert brukte på puben Stargate.

Den eldste systera var tidleg klar over at det var slik det kom til å gå. Men Ronja, som altså fortel historia, trur framleis på det faren seier, og drøymer om at alt skal verta bra. Det vert det ikkje, men det er slik boka sluttar: Ronja drøymer om at faren skal koma tilbake til dei to, og då vert framtida så lys at dei må bruka solbriller.

Det er altså ei finfin bok. Rishøi har så til dei grader kontroll, både på språket og på korleis ho skal fortelja historia si. 

Guffen tilrår. 

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
La stå (2007)
Historien om fru Berg (2011)
Vinternoveller (2014)

11. november 2021

Per Petterson: Mitt Abruzzo (2021)

 

Denne boka har fått ei, ja, sprikande mottaking. Mange meldarar har vore godt nøgde, medan ein meldar i BT slakta boka totalt. Eg forstår ikkje heilt kva humør han må ha vore i. Det er ei fin bok.

Utgangspunkta er at Petterson har køyrt seg fast med romanen han skreiv på. Sjølv om han lot Klassekampen trykkja eitt kapittel i 2019, har han lagt boka vekk. Her skriv han fleire gonger at han er ferdig som skjønnlitterær forfattar no, og han prøver seg i staden i ei meir sjølvbiografisk dagboksform. Det fungerer heilt fint.

Han vekslar mellom det heilt basale, altså dagleglivet me alle lever i, og den litterære verda. Vekslinga kan godt skje i ei og same innførsle - han kan skriva om vedhogst eller snømoking, før han går over til å skriva om store leseopplevingar han har hatt. Han ser seg ofte tilbake, fortel om oppvekst og tida på Tronsmo, han fortel om møte med forfattarar i inn- og utland. Han fortel om korleis han angrar på å ha takka ja til å vera med på Litteraturfestivalen på Lillehammer. 

Boka dekkjer om lag eit halvt år, og sluttar den dagen han fyller 69 år. Det er ingen alder for ein forfattar, og me får tru at han ikkje sluttar heilt.

Guffen tilrår.  

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)

9. november 2021

Stephen King: On Writing (2000)

 

Stephen King er visst ein av mestseljande forfattarane som har levd. Det har eg aldri heilt forstått. Eg skal ikkje lyga på meg mykje røynsle med bøkene hans, men ein gong eg skulle ut på ein langtur kjøpte eg boka It. Det var noko av det simplaste eg hadde lese, og eg la boka vekk rimeleg raskt. 

Denne boka er ikkje skriven i den vanlege sjangeren hans. Han skriv om skriving, og eg kika i ho for eit par år sidan, då eg vitja nokon i Oslo. Opninga var rimeleg bra, og det gjeld for så vidt heile boka.

Boka har fleire delar. Den fyrste delen er ein slags litterær sjølvbiografi, der han både skriv om tidleg lesing og tidleg skriving. Denne delen sluttar vel om lag der gjennombrotet kjem. (Og det skal han ha - det var eit skikkeleg gjennombrot.)

Så kjem det ein kort del der han skriv om kva verkty ein forfattar har, før han kjem med tips til forfattarar. Dette bør du gjera, dette bør du ikkje gjera. Eg bør vel lytta til røynde fjellfolk her, og det meste verkar fornuftig. Til slutt kjem det ein kort bolk der han skriv om då han vart så til dei grader påkøyrt, og der skrivinga (av denne boka) var noko av det som fekk han på rett kjøl att. 

Det er ei fin bok. Han skriv stort sett lett og ledig, det einaste som trekkjer ned er nokre av freistnadene på å vera morosam, og nokre av samanlikningane han bruker.

Guffen tilrår.

8. november 2021

Stein Torleif Bjella (USF, Bergen, 5.11.21)

Dette vert jo reine Bjella-bloggen: Den same veka eg las debutboka hans var eg brått på konsert med han. Det var eigentleg ikkje planen, men eg måtte til Bergen på eit møte på dagtid, og då tok eg like godt med meg denne konserten.

Det angrar eg slettes ikkje på. Musikken hans har endra seg sidan sist eg såg han - det var litt meir trøkk denne gongen. Det er heilt greitt, og han har jo med seg eit a-lag av musikantar, men samstundes var det stas dei tre-fire gongene han spelte noko frå dei fyrste platene. Dei songane opna gjerne med berre vokal og kassegitar, før dei andre kom inn, og for min del kunne det godt vore fleire slike akustiske og rolege songar.

Akkurat den preferansen kan òg skuldast at eg likar dei fyrste platene best. Der er både tekstane og det musikalske uttrykket betre. I gamle dagar var det òg meir prating frå Bjella, og den pratinga har jo òg ein eigen sjarm. Men musikken - med fare for å fornærma dei andre er det Geir Sundstøl som dreg det tyngste lasset. Han er på så god fot med gitaren at det nærmast vert som ein eigen kroppsdel.

Guffen tilrår.  

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)

7. november 2021

Mark Andersen og Mark Jenkins: Dance of Days (2001)

 

Det var i dei dagar då punken dukka opp. Fyrst i New York, deretter for alvor i London, og så spreiar det heile seg til fleire byar. Nokre stadar fislar det vekk, nokre stadar vert det rimeleg destruktivt, andre stadar bruker dei energien på noko positivt. 

Slik var det i Washington DC, i alle fall etter kvart. Alt i 1977 vart Bad Brains skipa, og dei vart eitt av dei viktigaste banda. Minor Threat kom i 1980, og dei neste åra vart punkemiljøet i DC rimeleg stort. Nokre band levde lenge, andre fekk eit kort liv. 

Dei fyrste åra var det mykje drikking og mykje slåsting. Fleire av dei sentrale personane var oppgitte over dette, og sommaren 1985 tok dei eit medvite val: Musikken skulle framleis vera rå, men dei skulle oppføra seg som folk. Ikkje meir slåsting, meir respekt for kvinner, og så bortetter. Det heile vart òg meir politisk, og det kan godt henda at dette var den mest interessante punk-scena frå 1985. 

Denne boka fortel denne historia. Det handlar om banda som kjem og går, og det handlar om andre i miljøet, som plateselskapet Dischord og aktivistane i Positive Force. Sentralt i boka står Ian MacKaye, frontfigur i Minor Threat og Fugazi. Dei sistnemnde er det store fyrtårnet her - dei vil vera alternative, og sel seg aldri. Billege konsertar (aldri meir enn fem dollar), plater på Dischord (og ikkje på større selskap, sjølv om tilboda kom jamnt og trutt), ikkje noko merchandise, osb. Det er ei fascinerande historie, som vert godt fortalt. 

Guffen tilrår. 

6. november 2021

Stein Torleif Bjella: Fiskehuset (2021)

Denne romanen fortel om den gongen Ivar Helgesson Aal og Jon Aslesson Aal reiste på fisketur. Jon er 47 år gamal, Ivar er onkelen hans. Ivar er eit godt stykke oppe i åra, og kjenner eit stort behov for å læra vekk alt han veit om vatnet Storsenn, der slekta har fiskerett. Dei to reiser til fjells, vert der ei veke, og Jon noterer ned alt onkelen seier. 

Onkelen har sine faste rutinar, alt som skal gjerast skal gjerast slik han vil, slik han har gjort det i årevis. Jon noterer flittig og stiller få spørsmål ved det han får høyra, men i etterordet, der me får høyra at onkelen døydde kort tid etter denne fiskeveka, kjem det fram at han endra mykje likevel.

Det er ei fin bok, som handlar om langt meir enn fisking. Ivar kan vera rimeleg innful, og kjem gjerne med ubehagelege spørsmål. Jon prøver ofte å snakka dei vekk, men når han er åleine tenkjer han gjerne på spørsmåla han har fått. Kvifor bur han åleine? Er det eigentleg noko poeng i å halda på med denne musikken?

Guffen tilrår. 

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)

4. november 2021

Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)

Denne serien handlar om den engelske fotballigaen Premier League i 1990-åra. På den tida såg eg svært mykje fotball, slik at det var ei viss mimring over dette. Det handla rett nok mykje om Manchester United, men likevel. 

Det heile tek til med at dei beste laga føler at dei tener for lite pengar. Dei vil ikkje dela alt med heile ligaen, og bryt ut og skipar sin eigen liga. Der er det meir pengar å henta, enormt med pengar. Klubbane vert rikare, dei har rike eigarar som pøser inn pengar, og spelarane vert brått rike. Dei vert kjendisar, og mange av dei oppfører seg som kjendisar. 

Her er gjort mange nye intervju, med både spelarar, andre tilsette i klubbane og journalistar. Nokre er innsiktsfulle, andre er meir på det jamne. I tillegg til dei opplagde temaa snakkar dei ein del om rasisme, og om korleis det langt i frå er gjort nok for å få dette ut av fotballen. 

Guffen tilrår. 

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

1. november 2021

Verdens verste menneske (2021)

Var det alt? Det er ikkje uvanleg at norske filmar vert hausa opp av norske aviser, men denne har til og med fått ros i andre land. Filmen er den tredje Joachim Trier har laga frå Oslo, og eg likte dei to fyrste. Denne skulle visst vera betre, men for meg var det ikkje så altfor mykje å ropa hurra for her.

Hovudpersonen, Julie, bur saman med den noko eldre Aksel. Dei har det stort sett greitt, men er usamde på eitt punkt: Aksel vil gjerne ha barn; Julie vil gjerne venta litt til. Ho veit ikkje kva ho ventar på, men ho er ikkje klar. Så møter ho Eivind. Også han har ein sambuar, men dei finn ut at dei vil ha kvarandre. Begge gjer det slutt, kvar på sin kant, og så flyttar dei saman. Men så viser det seg at ho ikkje vil vera her heller, og flyttar ut. Her spelar det inn at ho får vita at Aksel er dødssjuk, men like viktig er det nok at ho framleis ikkje greier å binda seg til noko, at ho framleis eigentleg har det best når ho kan gå ansvarslaust gjennom livet.

Det er altså ei forteljing om ei jente som flyttar i lag med ein mann, flyttar frå han, flyttar saman med ein ny mann, og flyttar frå han òg. Eg greier diverre ikkje å verta altfor entusiastisk. Filmen har vore omtalt som ein romantisk komedie, men her var lite å le av. Renate Reinsve (Julie) har fått svært mykje skryt for skodespelet sitt, for meg var det på det jamne. Den beste enkeltscena i filmen er det Anders Danielsen Lie (Aksel) som står for, då han og Julie sit i ein park utanfor sjukehuset der han snart skal døy.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Relatert på kulturguffebloggen
Reprise (2006)
Oslo, 31. august (2011)