30. mars 2015

Apollo 13 (1995)

Dette er eit godt døme på korleis ei historie der alle veit kva som skjer kan fungera som film. Det er òg eit godt døme på korleis nokre filmar skal ha nokre faste element.

Det siste fyrst, etter eit kort resyme. Tre astronautar skal til månen; alle er røynde, og har lengta etter dette i årevis. Ein av dei kan vera smitta av raude hundar, og vert erstatta av ein yngre astronaut. Halvveges til månen går noko gale, og planane for turen vert endra: No handlar det om å få romskipet trygt attende til jorda. I kontrollsenteret i Houston, og i romskipet, arbeider alle på spreng for å få alt til å fungera, og det går godt.

Ikkje uventa er dei to andre skeptiske til vikaren. Han slit litt i den korte treninga før avreise, og det er han som trykkjer på knappen som gjer at romskipet vert øydelagd. Det er ikkje hans feil, men halvveges attende til jorda, når mangelen på oksygen og mangelen på svevn gjer at dei tre misser kontrollen, skuldar ein av dei andre han for å ha gjort ein feil. Det er ikkje noko bombe at det er han som litt seinare utfører kommandoane frå Houston, og at han får eit beundrande "takk" frå han som tidlegare skulda han for å gjera ein feil. Skurk vert helt, altså. Scenene frå kontrollrommet etter at dei tre har landa i havet er òg så fulle av klisjear som råd. Og scenene frå heimen til kapteinen, der heile slekta har samla seg, vert litt i overkant.

Men filmen er likevel god. Det er jo vanskeleg å tenkja seg noko meir klaustrofobisk - dei tre står altså i fare for å verta isolerte i eit romskip som ikkje kjem seg attende til jorda. Alle scenene frå inne i romskipet strekar under dette, der dei tre omtrent ikkje kan flytta seg utan å vera borti ein av dei andre.

Guffen tilrår.

28. mars 2015

Kvinner i for store herreskjorter (2015)

Dette var rart. Eg las romanen Vente, blinke, skriven av Gunnhild Øyehaug, då han kom ut for nokre år sidan, og vart djupt imponert. No er han filmatisert, og det var opplagt at eg ville sjå han. Men medan eg sleit meg gjennom den obligatoriske kinoreklamen prøvde eg å hugsa kva filmen handla om. Det meste var gløymt, og det vart ikkje betre då filmen kom i gang. Dette var som å sjå ein filmatisert versjon av ei bok eg ikkje hadde lese.

Og det er sjølvsagt eit heilt greitt utgangspunkt for å sjå ein film, det er ikkje noko krav om at dei som ser filmen skal ha lese boka fyrst. Hovudpersonen er litteraturstudenten Sigrid Auge, som får eit kort forhold til den suksessrike forfattaren Kåre Tryvle. To andre kvinner har òg sentrale roller - den høggravide performance-kunstnaren Trine, og den meir jordnære og til dels livstrøytte trelastarbeidaren Agnes. Dei to siste har mykje med kvarandre å gjera; Sigrid snakkar aldri med nokon av dei. Sigrid er ein litt forsiktig student, men som finn ut at ho må ta meir sjansar, og som finn ut at ho vil ha den kjende forfattaren. Han vrakar henne, og det ser ut til å gje Sigrid ein piff - det luktar at ho vil ta litt meir kontroll over eige liv, som det heiter.

Det tek litt for lang tid før filmen engasjerer, den fyrste halvdelen er relativt stilleståande. Det tek seg opp mot slutten, men kanonbra vert det aldri. Og sjølv om det ikkje var nokon toppfilm, gav han meg i alle fall lyst til å lesa boka igjen.

Guffen er lunken.

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

Willa Cather: O Pioneers! (1913)

Ein flott, kompakt roman om pionerane på Nebraska-prærien. Hovudpersonen, svenskamerikanske Alexandra Bergson, får tidleg ansvaret for farsgarden då faren døyr. Ho driv garden godt, trass i motstand frå to brør som meiner at gardar skal drivast av menn. Forholda ho har til naturen, til arbeidet, og til naboane vert godt skildra. Cather får òg godt fram korleis innvandrarane mangla røter i det nye landet, og korleis dei heile tida tenkjer tilbake på tida i Sverige.

Alexandra er ugift, men har gjennom heile boka eit nært forhold til naboguten Carl Linstrum. Han flyttar langt vekk, men kvar gong han kjem tilbake er det for å vitja Alexandra. Han overnattar heime hjå ho, og det er òg ein kime til konflikt mellom Alexandra og to av brørne. Den tredje broren, Emil, har ho eit langt betre forhold til. Han får på si side eit varmare og varmare forhold til den gifte nabokona Marie, og mot slutten av boka er det desse to forholda det handlar om. Det eine går heilt gale; det andre endra (litt for) godt.

Guffen tilrår.

Meir Cather på kulturguffebloggen
My Ántonia (1918)
Death Comes for the Archbishop (1927)

26. mars 2015

Curb Your Enthusiasm, sesong 8 (2011)

Det var det - den åttande sesongen med Curb Your Enthusiasm. Det er framleis velstand, og sjølv om Larry David har signalisert relativt klart at det ikkje vert laga fleire sesongar, er det jo håp.

Mykje er som før, men noko er òg nytt. Midt i serien flyttar David til New York. Heldigvis flyttar manager/besteven Jeff og kona omtrent samstundes, og heldigvis kjem venen Leon etter. Mykje av den gode humoren kjem i samtalane med/mellom desse, spesielt dei med Leon er bra. Han er med såpass sjeldan at ein vert glad berre ein ser han.

I nokre av episodane dukkar andre kjende skodespelarar opp. Michael J. Fox har ei nøkkelrolle i den aller siste episoden, der det ikkje uventa vert gjort stort nummer av at han har Alzheimers. Meir stas er det då Ricky Gervais dukkar opp i ein tidlegare episode - Gervais framstår som like ufordrageleg og sjølvopptatt som David er, og dei har nokre fabelaktige dialogar.

Og elles? David kjem framleis opp i dei mest utenkjelege situasjonar, og han prøver å koma seg ut av dei på like utenkjeleg vis, så godt som utan hemningar. I ein episode skal han kjøpa nokre kjeks frå si speidarjente han kjenner. Ho får like godt sin aller fyrste mens medan ho så vidt er innom dørene, og David nyttar sjølvsagt høvet til å gje ho mange gode råd. Og så bortetter.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

23. mars 2015

Tom Doyle: Man on the Run (2014)

Dette var ei uventa god bok, som handlar om dei fyrste ti åra Paul McCartney var ein eks-Beatle. Tom Doyle har gjort ei rekkje intervju med McCartney om desse åra, og sjølv om han godt kunne kome med fleire kritiske spørsmål, har han fått mykje ut av McCartney. Og han har sjølvsagt òg snakka med ei rekkje andre, pluss at han har brukt skriftlege, samtidige kjelder.

Det opnar med at McCartney bryt ut av The Beatles, og at han kjem på kant med dei tre andre. Han gjev ut nokre soloplater, og får etter kvart stabla The Wings på beina, der han mest av alt framstår som ein eineveldig konge. Han gjev ut nokre plater som må ha vore aldeles forferdelege, men mangla nokon i bandet som tok til motmæle og sa at han burde skjerpa seg. Rundt midten av 70-åra får The Wings suksess, og vert eit av dei mest populære banda i verda. Så oppløyser han bandet, og går igjen solo.

Nokre tema går att gjennom heile boka, i tillegg til musikken. McCartney røykte ekstremt mykje marihuana, og vartteken med stoffet fleire gonger. Det mest oppsiktsvekkande var då han var dum nok til å prøva å smugla 200 gram inn i Japan - han vart fengsla i ti dagar. Forholdet til John Lennon er òg gjennomgåande - rett etter at The Beatles vart oppløyst snakka dei knapt nok med kvarandre, men dei fekk etter kvart eit godt forhold, der dei jamleg møtte kvarandre, eller snakka med kvarandre på telefonen. Dei mest rørande delane av boka handlar alle om forholdet deira.

Det var altså ei uventa god bok, kanskje mest av di det aller, aller meste av musikken McCartney laga i 1970-åra var langt under middels. Doyle skapar eit godt portrett av McCartney, og fylte vel eit hol i Beatles-kunnskapen min.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

House of Cards, sesong 1 (2013)

Eg er som vanleg sist ute med det siste. Me kom oss omsider på Netflix, og opna det nye livet med å sjå denne serien. Det var verdt bryet, dette fenga bra.

Frank Underwood er ein ambisiøs og kynisk politikar. Han sit i kongressen, men har klare ambisjonar om å klatra høgare. Han gjer kva som helst for å koma vidare, han spelar folk opp mot kvarandre, han snakkar sant og usant om kvarandre, han bruker dei han kan for å få det som han vil, han går bokstavleg tala over lik. Use and abuse, som dei seier i utlandet. Den einaste han er heilt open med er den næraste medarbeidaren hans, Doug Stamper. Til og med kona, Claire Underwood, som er like ambisiøs som mannen, kan han bruka for å få det som han vil. Dei to snakkar likevel ofte om planane dei har, og utover i sesongen vert det gradvis klart at Underwood posisjonerer seg for å verta visepresident. Eg reknar med at han i seinare sesongar siktar endå høgare.

Serien er godt laga. Det er snakking heile tida, omtrent, og ein skal tidvis konsentrera seg godt for å få med seg alt. Samtalane mellom Underwood og Stamper er dei beste - dei kjenner kvarandre så godt at dei ikkje treng å seia så mykje.

Guffen tilrår.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)
Sesong 4 (2016)
Sesong 5 (2017)
Sesong 6 (2018)

Dag Johan Haugerud: Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (2002)

Det tok litt tid før eg kom heilt inn i denne boka, men då eg fyrst kom inn i ho, kom eg inn i ho. Boka vert berre betre og betre.

Hovudpersonen i boka er ein mann som ikkje har fått det heilt til. Boka hoppar att og fram i tid, og dei eldste delane fortel om ein litt vanskeleg oppvekst. Han bur saman med mor og syster; faren trur eg ikkje vert nemnt i det heile. Han er asosial, redd for å prøva nye ting, og trivst eigentleg best i sofaen. Det er litt meir fart i systera, og dei to har eit godt forhold, heilt til han plutseleg merkar at ho ikkje er eit born lenger. Ho flyttar for å studera, han vert verande heime.

Eller - han kjem seg ut til slutt, og får seg jobb i radio. Han vert godt likt, både av kollegaer og lyttarar, men går på ein smell, sluttar i jobben, og isolerer seg også som vaksen.

Så det er ikkje den lystigaste boka, men det er likevel ei fin bok. Den tiltakslause eg-personen vert skildra på ein fin måte, og sjølv om han ikkje får så god kontakt med folk, ser han veldig godt kva som skjer med andre.

Guffen tilrår.

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)

17. mars 2015

John Steinbeck: The Red Pony (1933)

Dette er ein av dei tidlegaste Steinbeck-romanane. Boka minner eigentleg like mykje om ei novellesamling, der hovudpersonen heile tida er ti år gamle Jody. Han veks opp på ein gard i California, ikkje langt frå Salinas.

Boka har fire kapittel, og det fyrste handlar om hesten frå boktittelen. Jody skal få ansvar for ein raud hest. Han tek seg godt av hesten, men hesten vert likevel sjuk og døyr. Også det tredje kapitlet handlar om ein hest han skal få; dei to andre kapitla handlar om eldre menn som kjem på vitjing.

Eg likte denne boka. Jody er framifrå skildra, me lever oss godt inn i korleis han har det - gleda han kjenner dei to gongene han får vita at han skal få ein hest, sorga han kjenner når ting går gale. Her er òg finfine naturskildringar, sjølv om det er tidleg Steinbeck er det tydeleg at han kan skriva. Alt er likevel ikkje godt, det siste kapitlet er ikkje like bra som dei tre andre, men alt i alt var dette bra.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

14. mars 2015

Pål Bang-Hansen: 24 ganger i sekundet (1988)

I gamle dagar, då her berre var éin fjernsynskanal i landet, var Pål Bang-Hansen programleiar i Filmmagasinet. Han introduserte filmar, snakka med skodespelarar og regissørar, og sjølv om eg ikkje hugsar han som ein stor filmmeldar, var programleiarrolla likevel nok til at han vart kjendis. Kjendis-statusen må vera den einaste grunnen til at han fekk gjeve ut denne boka; hadde ein annan kome med dette manuset ville truleg forlaget lagt det vekk.

For det er tynne greier. Boka er firedelt. Ho opnar med nokre generelle betraktningar om film, og om kor viktig filmar er, og om korleis statusen for filmar vert mindre. Det er eitt av dei mest rotete essaya eg har lese, og det er vanskeleg å få med seg kva han eigentleg prøver å seia. Så kjem det ein del der Bang-Hansen fortel om intervju han har gjort. Nokre få av desse artiklane er gode; altfor mange handlar om korleis eit titals journalistar står i kø for å intervjua ein skodespelar som eigentleg gjev ein god ein. Så kjem det nokre meiningslause artiklar om byar som arrangerer festivalar, før det sluttar med omtalar av store filmstudio i Italia, USA og Noreg. Og då er all interesse for boka borte. Ikkje rart at biblioteket meir eller mindre gav denne boka vekk.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Twin Peaks (1990-91)

Mot slutten av den siste episoden i serien går Dale Cooper rundt i The Black Lodge, det mystiske rommet all ondskap kjem frå. Han møter mange personar, både folk han har møtt i draumar, og folk som nyleg er drepne. Ei av dei er Laura Palmer, som seier noko slikt som "I'll see you again in 25 years". Eg trur det var det som var grunnen til at eg plukka fram denne serien igjen - for nokre månader sidan vart det kjent at David Lynch og Mark Frost skal laga eit framhald av serien, 25 år etter, og det gav meg lyst til å sjå serien på ny. (På same måte som artiklane om tjueårs-jubileet fekk meg til å sjå pilotepisoden om att, og til å blogga om han, i 2010.)

Det var eit merkeleg gjensyn. Eg hugsa serien som ujamn, der den fyrste tredjedelen (omtrent) var fabelaktig, og at det deretter gjekk jamt nedover, men ikkje lengre ned enn at nivået framleis var svært høgt. Slik var det ikkje denne gongen. Den fyrste tredjedelen (omtrent) er framleis god, men så stuper kvaliteten. Dei siste ti-tolv episodane er direkte dårlege.

Sjølvsagt har eg endra meg på desse åra; det kan vera ein grunn til at eg opplever serien ulikt. Men eg trur ein viktigare grunn er at fjernsynsseriar har endra seg. Dei beste seriane minner langt meir om gode filmar; Twin Peaks minner om ein fjernsynsserie. Humoren er platt, dialogane middels, skodespelet middels. Mykje minner òg om ein dårleg såpeserie - her dukkar opp ukjende sysken, her er uklare farskapssaker, folk som er døde er ikkje døde likevel, osb. Musikken er rett nok langt betre enn i såpeseriar flest, men likevel.

Guffen er lunken.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

8. mars 2015

Brit Bildøen: Litterær salong (2009)

Eg liker bøker som denne. Her presenterer Bildøen ti forfattarar ho set høgt, i korte essay som er vinkla ulikt. Ho skriv mest om bøkene dei har gjeve ut, men av og til konsentrerer ho seg om berre éi bok i forfattarskapen. I éitt av essaya, det om Gertrude Stein, står det òg mykje om livet til Stein. Eg er generelt glad i biografiar, så det overraska meg at den biografiske vinklinga i det essayet interesserte meg så lite. Essaya der Bildøen (så godt som) utelukkande skriv om litteratur er betre.

Eg har lese lite av desse forfattarane frå før. Tre av namna var heilt ukjende for meg, nokre kjende eg til, medan eg har lese ørlite av Amalie Skram. Den ein forfattaren ho skriv om som eg kjenner godt er Halldis Moren Vesaas; kanskje det var grunnen til at det essayet ikkje fenga så mykje. Det ho skriv om Halldis er godt, men mykje av det som står der var kjent for meg frå før.

Essaya om forfattarar eg ikkje kjende så godt var betre. Nokre av dei gav meg meir, og eg har alt tinga bøker av eit par av dei eg las om. Det er alltid kjekt å møte nye forfattarskap.

Guffen tilrår.

Meir Bildøen på kulturguffebloggen
Sju dagar i august (2014)

7. mars 2015

Øystein Orten: Vegen til Neverland (2005)

Denne romanen ser ut til å vera bygd på livet til foreldra til Orten. Det er ingen biografi, og sidan det er ein roman er her sikkert mykje dikting, men det er dei to det handlar om.

Det meste av boka handlar om krigen, og om faren. Han var med i krigshandlingane i 1940, og resten av krigsåra budde han på ei øy på Nord-Vestlandet. Dei møter kvarandre i Molde (trur eg), og slår seg ned på ei anna øy på Nord-Vestlandet.

Det er ei ujamn bok. Krigsåra dekkjer altså det meste av boka, og her er det tidvis lite å skryta av. Det vert refererande, og driv ikkje akkurat boka framover. Boka er betre når ho handlar om møtet mellom dei to.

Guffen er lunken.

Meir Orten på kulturguffebloggen
Sjabervik (2011)

1. mars 2015

Ray Bradbury: Fahrenheit 451 (1953)

Ein gong i framtida er det forbode med bøker. Brannmenn, som tidlegare sløkte brannar, har no éi einaste oppgåve - å brenna det som finst av bøker, og gjerne òg hus der bøker vert oppbevarte. Guy Montag er ein av desse brannmennene, men han spør seg oftare og oftare kvifor bøker er så farlege. Han stel bøker med seg heim, og då det vert kjent, får han i oppgåve å brenna sitt eige hus. Han gjer det, men drep òg brannsjefen. Han greier å røma, heldigvis rett før det kjem ein krig som utslettar heile byen han budde i. Utanfor byen treffer han nokre menn som har lært bøker utanåt, og som på den måten tek vare på bøker som er oppbrende. Dei er del av eit stort nettverk, slik at dei på (lang) sikt kan skriva ned alle dei brende bøkene, og gje dei nytt liv.

I ein slik situasjon måtte det ha vore forferdeleg for den stakkaren som måtte læra denne boka utanåt. Boka er på rundt 200 sider, og hadde ho vore lengre hadde eg neppe fullført ho. Språket er hjelpelaust, fullt av metaforar og uttrykk som ikkje gjev meining i det heile. Det heile går tregt, forferdeleg tregt, og det er noko av det mest keisame eg har lese.

Bokbrenning var jo eit aktuelt tema då boka kom ut. Den andre verdskrigen var over åtte år tidlegare; USA var på veg inn i McCarthy-perioden.Og det er framleis eit aktuelt tema, i alle fall i delar av verda (og, for nokre år sidan, i Bergen Unge Høgre), men å skriva om eit aktuelt tema er ikkje nok til at ein roman vert god. Sjølvsagt ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.