27. november 2019

Sigurd Hoel: Møte ved milepelen (1947)

Ein roman om krigen, og om tida etterpå. Eg-personen i boka prøver å finna svar på eit stort spørsmål: Kvifor vart nokre nordmenn landssvikarar? Han tenkjer på dei han vaks opp saman med, dei han studerte saman med, dei som under krigen var gode nordmenn og dei som gjekk over til den andre sida. Han finn ikkje nokre gode svar på spørsmålet sitt, og konkluderer med at det ikkje finst noko mønster.

Romanen fortel om nokre år tidleg i 1920-åra, om hendingar under krigen, og vert avslutta med nokre tankar frå fredstida etter krigen. Eg-personen studerer i Oslo, og vert naturleg nok kjend med mange, både kvinner og menn. Han er ikkje av dei ivrigaste når det gjeld kvinner - han vert kalla "den plettfrie", og i alle fall i denne teksten prøver han å leva opp til det ryktet. Men han har forhold til fleire kvinner, og eitt av desse forholda spelar ei rolle under krigen.

Han vert teken av tyskarane i ein by utanfor Oslo, og lærer a) at ho kvinna er gift med ein han kjende tjue år tidlegare, og som no er ein leiande nazist i småbyen, og b) ho hadde slettes ikkje teke abort for tjue år sidan. Han ser at son hennar er prikklik seg sjølv, og skjønar at han er faren. Diverre er sonen like ivrig nazist som faren.

Etter ein innleiande del der me får høyra om korleis heimen til eg-personen er ein skjulestad for nordmenn på flukt, kjem det ein lang del om 1920-åra. Denne er den lengste, og det er òg den der det skjer minst. Så kjem hendingane frå 1943, med det som er av dramatikk i boka. Det er ei ujamn bok, men tidvis er det godkjent, det Hoel skriv.

Guffen er lunken.

25. november 2019

Tim Reiterman: Raven (1982)

Ei glimrande bok. Ho fortel historia om Jim Jones og trussamfunnet hans, Peoples Temple. Den historia endar tragisk, der Jones og hjelparane hans i 1978 tek livet av 909 personar i Jonestown i Guyana, der dei hadde budd ei tid.

Boka vert berre myrkare og myrkare. Reiterman, som har fått assistanse frå John Jacobs, går svært detaljert til verks. Han fortel om korleis Jones alt under oppveksten i Indiana viser teikn på at han ikkje er heilt stabil. Han formar trussamfunnet, og greier å byggja det opp til noko stort. Dei eig fleire eigedomar i California, og er jamleg på misjonsturar over heile USA. Dei vil skapa eit sosialistisk drøymesamfunn, og kjøper eit område i Guyana.

Jones var sjølvsagt ein bløffmakar, og som alltid er det rart at folk beit på. Han skapte inntrykk av at han kunne helbreda alt og alle, inkludert daude folk. Han straffa dei som gjekk mot han, og manipulerte alt og alle.

Frå Jonestown var det så godt som uråd å rømma. Her var han konge på haugen, og førebudde alle på at det kunne verta naudsynt med det han kalla eit kollektivt sjølvmord. Slektningar til dei som var der varsla Leo Ryan, ein kongress-representant frå California, og han vitja Jonestown. Det gjekk heilt gale, og då flyet hans skulle ta av vart Ryan og fire andre drepne av folk Jim Jones hadde sendt ut. Jones skjøna at det var slutt, og den kvelden/natta tvinga han alle i Jonestown til å ta gift. Nokre få greidde å rømma, men resten miste livet. Det mest skremmande med det er at det finst eit lydopptak frå den seansen, der Jones fortel kva som skal skje. Ei einaste kvinne tek til motmæle, men ho var hysja ned av dei andre. Mange av dei som var der gjekk altså friviljug i døden, men mange måtte tvingast - gifta vart sprøytt inn i dei.

Reiterman fortel altså dette glimrande. Han var journalist i San Francisco Examiner, hadde skrive om Peoples Temple tidlegare, og var med Ryan på turen til Jonestown. Han vart òg skoten ved flyet, men overlevde. Dei siste kapitla, der han går over til å skriva i fyrste person, er ekstremt klaustrofobiske og ekle, og han får godt fram kor absurd heile situasjonen er. Og kor sjuk Jones var.

Guffen tilrår.

24. november 2019

Farmageddon (2019)

Ein gong rundt midten av 1990-åra tipsa Geir meg om The Wrong Trousers, ein fabelaktig animasjonsfilm som gjekk på kino. Bergen kino hadde sett han opp saman med ein norsk kortfilm, ein ulideleg keisam og pedagogisk korrekt film. Men det var vel verdt å lida seg gjennom dei greiene der - The Wrong Trousers var (og er) suveren, med ei sluttscene eg lo så mykje av at eg hadde lyst til å sjå filmen ein gong til med ein gong.

Denne filmen er laga av det same selskapet, Aardwark. Sauen Shaun er ein helt frå mange kortfilmar. Det kom ein langfilm for fire år sidan, og den var meir enn godkjend. Gledeleg nok er denne endå betre.

Kort fortalt er historia slik: Eit romskip landar like ved garden der Shaun og dei andre bur. Det er ført av eit lite rombarn, som ved eit uhell hamna på jorda, og alle dyra på garden, medrekna hunden Bitser, gjer det dei kan for å få sendt rombarnet heimatt. Det går, på sett og vis, men det er ikkje det viktige her. I filmen står dei gode vitsane og gode detaljane i kø, og her er meir enn nok å le av. Sjølv lo eg mest av då Shauen og Bitzer prøver å trykkja på rett knapp i romskipet, og brått har dei transportert den galne oksen opp til seg.

Filmen er utan replikkar, men imponerande nok forstår alle, også dei minste, automatisk kva som skjer. Og det er sjøvlsagt midt i blinken at alt i filmen er laga av leire - på rombarnet ser ein godt fingeravtrykka til animatørane.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Farmageddon (2019)

22. november 2019

Hallgeir Opedal: Heim (2019)

I fjor sa eg omsider opp Dag og Tid, etter å ha vore tingar i langt over tjue år. Det vart for mykje av det same, det vart for mange faste spalter, og eg brukte mindre og mindre tid på kvar utgåve. Nokre av seriane deira var framleis interessante, og då eg sa opp avisa var Opedal komen halvvegs på fotturen han skildrar i denne boka.

Han vaks opp i Odda, og etter tretti år i Oslo finn han ut at han vil gå frå Oslo til Odda. Ein av grunnane han gjev opp er at han vil fundera litt på kva heim er for noko, og kva det er for han. Men ein like viktig grunn er nok draumen om å gjennomføra ein slik tur, gjerne kombinert med at han har runda femti.

Det er ei heilt grei bok. Opedal skriv lett og lesverdig om turen. Han slit med for tung sekk, han slit med for lange dagsetappar, men han held stort sett humøret oppe likevel. Han vekslar mellom notid og fortid, og fortel om tidlegare ting som har skjedd langs vegen, ting som har skjedd i livet hans, og ting som har skjedd med forfedrane hans. Han kikar innom hjå folk han kjenner litt frå før, mellom anna den ivrige språkrettaren Konrad Ofte, og på Midtbø snakkar han litt med Olav Vesaas. Opedal siterer ofte diktarar og forfattarar, og eg trur langt dei fleste av desse er nynorskforfattarar.

Guffen tilrår.

21. november 2019

Mads Rage: Miklastaur (2019)

Mange fell utanfor samfunnet, av små og store grunnar. Grunnen til at Emmanuel Miklastaur fell utanfor er rimeleg stor. Han har, som faren, ein enorm termos, og dette hemmar han på alle måtar. Han fekk ein lei start på livet, då kroppsdelen som gjennom heile boka vert omtalt som "skavanken" alt under fødselen er så stor at mora misser livet.

Emmanuel trivst best saman med hesten til besteforeldra, der han bur. Når hesten døyr dreg han ut i skog og mark, der han med vekslande hell prøver å greia seg som einebuar. Det fører med seg både tragedie og komikk, slik for så vidt heile boka gjer.

Det er jo eigentleg eit trist tema. Lagnaden til Emmanuel kan sjølvsagt overførast til dei mange som ikkje finn seg til rette, anten det skuldast synlege skavankar eller indre problem. Boka er likevel langt frå trist, her er mengda av artige situasjonar. Det var svært mykje smiling, ein del humring, og under scena der Emmanuel og tre andre mindreårige skal kjøpa øl lo eg halvhøgt eit par gonger. Rage har òg eit aldeles eksemplarisk ordforråd, og det er gledeleg når (relativt) unge forfattarar bruker det nynorske språket på ein så flott måte.

Guffen tilrår.

18. november 2019

Fjols til fjells (1957)

Me har eit slags opplæringsprosjekt gåande. Omtrent kvar helg prøver me å finna ein film som passar for heile familien. For nokre år sidan kjøpte eg denne filmen for ein billig penge, og me fann ut at me ville prøva han. Det var ein fiasko - det tok ikkje mange minutt før dei fleste såg på mobilane sine i staden.

Det er ein film som av og til vert omtalt som ein norsk filmklassikar, som eit høgdepunkt i norsk humorfilm, osb. Det er så langt frå sanninga ein kan koma. Det er ufatteleg tynne saker, det er kjemisk fritt for humor, og det er nesten så ein vert flau over at ein så dårleg film er laga. (Og det er nesten utruleg at det visst vert spelt inn ein ny versjon av filmen, som skal ha premiere neste år.)

Handlinga er lagt til eit høgfjellshotell. Leif Juster jobbar i resepsjonen, er på nikk med alle gjestane. Han har full kontroll, heilt til to vidt ulike menn, begge spelt av Frank Robert, skriv seg inn som gjestar. Han blandar dei saman heile tida, snakkar til den eine som om han var den andre, og går meir og meir i hundane. Det er altså ein god, gamaldags forviklingskomedie - i alle fall viss me stryk ordet "god".

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. november 2019

Flannery O'Connor: Mystery and Manners (1972)

Planen er å lesa ein del Flannery O'Connor denne vinteren. Det er lenge sidan eg har lese novellesamlingane hennar, og eg ser fram til å henta dei fram att. Eg kjem òg til å lesa andre bøker om/av ho, mellom anna to samlingar brev. Eg opna med denne, som er ei samling med sakprosatekstar.

Det meste av det som står her er svært bra. Det heile opnar med eit essay om påfuglane hennar, boka sluttar med ei innleiing O'Connor skreiv til boka A Memoir of Mary Ann. Dei andre tekstane handlar alle om litteratur. Ho skriv om litteratur frå sørstatane, ho skriv om skjønnlitteratur generelt, ho skriv om å skriva noveller, ho skriv om sine eigne bøker, ho skriv om det å skriva om litteratur, og alt dette er engasjerande og fine artiklar. Den einaste mindre vellukka bolken handlar om religion - her skriv ho mellom anna om korleis det er å vera katolsk forfattar, og om å skriva for katolske lesarar. Her er ho ikkje like sprudlande, det er ein bolk som har ein langt meir alvorleg tone.

For O'Connor er jo best når ho sprudlar. Mange av artiklane var opphavleg foredrag eller forelesingar, og det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at tilhøyrarane både smilte og lo. Eitt døme: I artikkelen "Some Aspects of the Grotesque in the Southern Fiction" skriv ho om korleis andre amerikanarar ser på sørstatane: "I have found that anything that comes out of the South is going to be called grotesque by the Northern reader, unless it is grotesque, in which case it is going to be called realistic".

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
The Violent Bear It Away (1960)
Wise Blood (film, 1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)

16. november 2019

Stevie Chick: Spray Paint the Walls (2011)

Black Flag var eitt av dei viktigaste amerikanske hardcorebanda. Dei heldt til i Los Angeles, og var aktive frå 1978 til 1984. Gitaristen Greg Ginn var den einaste som var medlem heile tida, men fleire av dei andre var innom andre meir eller mindre kjende band. Den fyrste vokalisten, Keith Morris, vart seinare med i Circle Jerks, Dez Cadena spelte (mykje seinare) i Misfits, medan Henry Rollins vart leiar i sitt eige band. Han var den best kjende av vokalistane, og det forklarar vel kvifor han er på framsida av boka.

Bandet var pionerar på fleire felt. Dei var svært tidleg ute med å turnera i småby-USA, ingen andre punk eller hardcoreband hadde gjort det før dei. I boka fortel mange om kor inspirerande det var at sjølvaste Black Flag kom til byen deira. Bandet var òg tidleg ute med å gje ut eigne plater, og plateselskapet til Ginn, SST, vart etter kvart eitt av dei mest respekterte undergrunn-selskapa.

Noko av det mest slåande med boka er kor mykje vald der var. Gjekk ein på ein Black Flag-konsert kunne ein risikera kva som helst, omtrent. Mange var slegne ned av andre som var på konserten, og utanfor konsertlokalet stod gjerne politiet klare for å slå ned nokon, dei òg. Akkurat her burde Chick vore meir kritisk, bandet kunne gjort langt meir for å stoppa eller redusera denne valden. I staden verkar det som om Chick synest det er stas med all slossinga.

Den store helten i historia er Greg Ginn, men han er òg den store skurken. Han var sjefen i bandet, og gjorde ei rekkje gode val. Samstundes var han som ein diktator, og sparkar den eine etter den andre ut av bandet. Ved nokre høve verkar sparkingane fornuftige, andre gonger er dei heilt irrasjonelle.

Chick skriv svært godt. Han tek seg god tid, og bruker plass på fleire sidespor. Han fortel mykje om andre band frå LA, om stadene der det var konsertar, om andre band frå andre delar av landet, og teiknar både eit detaljert bilete av Black Flag, og av den amerikanske hardcorescena.

Guffen tilrår.

10. november 2019

Team Ingebrigtsen, sesong 3 (2019)

Det vert litt mykje av det same som før, men ikkje berre. Det svingar framleis, og den viktigaste grunnen er at dei fire hovudpersonane i serien er rimeleg fargerike og fritalande. Eg såg nett eit lite innslag om langrennslandslaget for menn på fjernsynet, og ein serie om dei ville ikkje fenga i det heile.

Dei tre brørne Henrik, Filip og Jakob er i verdstoppen på mellomdistansespringing, og dei vert trena av faren Gjert. Jakob er framleis tenåring, er det største talentet av dei tre, og byrjar å verta litt for klar over akkurat det. Filip er om lag like god, og er mest nøktern av dei tre. Henrik er skada nesten heile tida, men er den som snakkar best og høgast av dei tre. Faren Gjert har hovudrolla i denne serien - han snakkar òg godt, men er svært sjeldan nøgd. Han kan ikkje slappa av, og scenene frå dei to timane han tok ferie på stranda i Nice er suverene.

Rundt alle desse sviv andre familiemedlemmar. Alle har koner eller sambuarar - desse får biroller, slik dei òg har biroller i det eigentlege livet. Alt handlar om å leggja til rette for at dei skal få ut springetalentet sitt (og litt handlar om å irritera faren).

Guffen tilrår.

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2016)
Sesong 2 (2018)

7. november 2019

Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996)

Det var på mange måtar ein drøymesituasjon. Steve Stoliar studerte i Los Angeles tidleg i 1970-åra, og var ein stor beundrar av Marx Brothers. Den einaste filmen deira han ikkje hadde sett var Animal Crackers, som ikkje kunne visast grunna noko krangling om pengar. I 1974 drog han i gang ein kampanje for at filmen igjen kunne visast, kom i kontakt med Groucho, og brått fekk han tilbod om å arbeida som arkivar/sekretær for Groucho, med kontor i heimen hans.

Han stortreivst. Han kom i kontakt med mange frå filmverda, både eldre folk som Groucho hadde kjent i mange tiår, og nyare stjerner som besøkte ei gamal legende. Han vart fotografert saman med desse, han fekk dei til å signera bøker og bilete, og han vart godt kjend med nokre få av dei.

Men det var òg eit stort hår i suppa. Erin Fleming, ei kvinne som hadde eit litt udefinert forhold til Groucho, vart meir og meir dominerande. Groucho vart eldre og veikare, ho fekk meir og meir makt. Marx-fanatikarar er i dag litt delte om ho gjorde godt eller gale, men dei fleste er samde med Stoliar: Ho var ein pest og plage, som brukte den etter kvart demente Groucho som eit middel for å gjera seg sjølv rik og kjend. Boka sluttar med at Groucho døyr, og kampen om å vera sjef dei siste månadene han levde og dei fyrste månadene etter at han døydde er trist lesnad.

Stoliar skriv godt, han fortel godt, og det er ei velskriven og god bok. Han var vitne til det meste som skjedde dei siste åra Groucho levde, og det er ingen grunn til å tru at han pyntar på forholdet mellom Erin og Groucho.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar

Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker

Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Joe Adamsom: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)

5. november 2019

Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)

Hulda vert altfor omtala som "kona til". Ho var viktig på mange område - teater, kosthald, bunad, folkedans, aviser og bøker, og som støtte for han ho var gift med. Denne biografien er meir omfangsrik enn dei mange biografiane som er skrivne om mannen hennar, og det er prisverdig. Det kan verta litt vel detaljert av og til, medan det mot slutten av boka kan verta for lite detaljert. Det siste kapitlet handlar om dei ti åra ho levde som enkje, og her går åra fort forbi.

Skre får på ein elegant måte fram korleis Hulda gradvis vart ei eiga kvinne. I ungdommen er ho dotter til mora (og faren, sjølv om han relativt fort forsvann ut av livet hennar), og seinare er ho kona til mannen sin. Det heile vert fortalt gjennom skrivinga hans, og ho følgjer han dit han vil - til Kolbotn, til Tyskland, til hit og dit. Men gradvis skapar ho sitt eige rom, og vert etter kvart viktig i seg sjølv. Dei to har slettes ikkje noko vanleg samliv, men ho er den eine han har tolmod med, og ho er ein av dei få som er viktig i livet hans over mange tiår. Sjølv om han av og til fekk nok - ein gong sende han ho eit brev der han klaga over at son deira ikkje var norsk nok, der han vaks opp utanfor Oslo.

Skre skriv godt. Boka er lett å lesa, og sjølv om det altså er ei tjukk bok går det greitt å koma gjennom. Skre bruker enormt med kjelder - brev, aviser, både dei publiserte og upubliserte delane av dagboka hennar, osb.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

4. november 2019

Sugarfoot (Landmark, Bergen, 1.11.19)

Sugarfoot vart forma for sju-åtte år sidan. Eg har høyrt litt på fleire av platene deira, men dette var fyrste gong eg såg dei live. Dei turnerer ikkje så ofte på desse kantane av landet. Noko av det fyrste Øyvind Holm sa frå scena var at det var tre år sidan sist dei var i Bergen - då var det selt 30 billettar, men berre 18 personar kom på konserten. No var talet rundt 30, så det går rette vegen.

Fleire av dei seks i bandet har vore innom andre band eg likar. Ein var sentral i Dipsomaniacs, to var med i The International Tussler Society, ein er med i Motorpsycho. Den siste plata deira, In the Clearing, er den beste så langt, og musikken ligg ikkje altfor langt unna den siste Tussler-plata.

Konserten var finfin. Holm og Hogne Galåen står sentralt på scena, begge spelar gitar, og begge syng det meste av tida. Holm har ei fabelaktig stemme. Frå der eg stod, midt framfor scena, såg eg heile tida trommeslagaren mellom dei to, og han var eit fascinerande skue: Han såg med korte mellomrom opp på bassisten - kanskje for å sjekka at alt var greitt, kanskje for å sjekka korleis dei låg an med songane.

Det var altså finfint. Flotte songar kom og gjekk - nokre var korte og knappe, andre hadde lengre parti der det truleg låg inne litt inprovisasjon. Og dei spelte lenge. Eg måtte gå før ekstranummera for å nå eit tog, og då hadde dei spelt bortimot ein time og tre kvarter. Eg kjem tilbake neste gong dei er i Bergen, og vonar det er mindre enn tre år til.

Guffen tilrår.

3. november 2019

T.M. McNally: Until Your Heart Stops (1994)

Ei bok eg las for lenge sidan, og som eg henta fram att no. Eg er som vanleg usikker på kvifor - kanskje grunnen var at eg ikkje hugsa noko av boka. Under lesinga slo det meg at eg kanskje hadde prøvd å viska ut minnet av boka, og hadde det ikkje vore at eg prøver å fullføra alle bøkene eg les, hadde eg lagt boka vekk for lenge sidan.

17 år gamle Walker Miller tek livet sitt. Det kjem uventa på alle rundt han, men burde nok ikkje ha gjort det. Han har fleire opphald på institusjonar bak seg, og han har signalisert at han ikkje taklar livet spesielt godt. Boka handlar om korleis dei andre lever vidare, og korleis dei prøver å fortrenga den skuldkjensla dei kjenner på. Me møter bestevenen til Miller, kjærasten til bestevenen, symjetrenaren hans, læraren som av og til er kjærasten til symjetrenaren, og nokre få andre. Livet stoppar opp for fleire av dei, men det vert òg slik at nokre av dei tek avgjerder som vert viktige vidare i livet.

McNally tek opp eit godt tema, men boka er likevel svært keisam. Det vert for omstendeleg, Miller vert ikkje tydeleg nok, dei mange personane vert heller ikkje tydelege nok for oss, og han verkar altfor oppteken av å pressa inn nokre setningar om puling overalt. Det verkar òg, utan at eg heilt kan forklara kvifor, som om han trur at både boka og språket hans er langt betre enn det er.

Guffen kan ikkje tilrå dette.


2. november 2019

Monty Python and the Holy Grail (1975)

Dette kan godt vera den beste av filmane til Monty Python. Filmen er høgst ujamn, men humoren treff langt oftare enn han bommar.

Handlinga er lagt til gamle dagar. Kong Arthur reiser rundt i England for å samla riddarar til det runde bordet ved slottet Camelot. Når han har fått med seg passeleg mange, får dei ei openbaring: Gud kikar ned frå skyene og bed dei finna den heilage gralen. Dei leitar og leitar, samla og kvar for seg. Ikkje alle overlever, men mot slutten er det von om at dei er like ved. Om gralen verkeleg var der dei trudde han var vert ikkje fortalt.

Det er den verbale humoren som fungerer best. I opningsscena vert det ein debatt om kor tungt lass ei svale kan frakta med seg, og det vert det referert til to gonger seinare, spesielt i den fine bru-scena. Høgdepunktet er scena med ho som kanskje er ei heks. Men det er òg scener eller episodar som er heilt utan humor, som den der ein av riddarane kjem til ei borg der det berre er kvinner.

Guffen tilrår.

Meir Monty Python på kulturguffebloggen
Life of Brian (1979)
The Meaning of Life (1983)
Monty Python Live (mostly) (2014)