30. juli 2022

Johan Harstad: Bsider (2008)

Denne boka inneheld fire skodespel, skrivne mellom 2002 og 2008. I eit etterord omtalar Harstad "eksperiment. Eller forsøk". Det kan så vera, men det er i tilfelle svært vellukka eksperiment. Eg anar ikkje om stykka har vore framførte ofte, men eg skulle gjerne sett dei. 

Ingen av stykka er spesielt lystige. Det er vel eit fellestrekk at ting går eller har gått gale, og det siste av dei fire skodespela er vel det einaste der ingen døyr. 

I Krasnoyarsk har verda (nesten) gått under. Hovudpersonen, Antropologen, er sendt ut for å sjå om han kan finna spor etter andre levande vesen. I Washingtin møter me sonen til ein av pilotane som styrte eit fly som styrta i Washington DC i 1982. Sjølve flystyrten hende verkeleg det året, så det er vel rett å seia at skodespelet er basert på verkelege hendingar. I alle fall fyrste del - det kjem eit uvanleg uventa vendepunkt då sonen får besøk av to menn. I Graden av hvitt er eit par på veg over Grønland, då ho finn ut at ho ikkje greier meir, tek med seg alt han treng for å overleva, og går frå han. I Brødmannens memoarer er ein mann på ferie eller på flukt i Akapulco i Mexico. Kvifor han er der kjem ikkje heilt fram, men dagane hans der vert dominerte av den svært fyldige kvinna han leiger rom hjå, og store mengder mjøl.

Det er altså fire fine stykke - velskrivne, spanande, passeleg løgne, og verdt å lesa.

Guffen tilrår. 

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

27. juli 2022

Lars Petter Sveen: Fem stjerner (2017)

Dei fem stjernene i tittelen er fem ungdomar på flukt frå Somalia til Europa. Tre unge kvinner, to unge menn. To av dei er syskenborn, dei har vore soldatar i ein hær i Somalia. Dei flyktar derfrå, møter dei tre andre, og dei vert samde om å slå seg saman. Det er mange interne usemjer, fleire av dei har lyst til å bestemma over dei andre, alle er ikkje like trygge på ho som har ein heis som ikkje går heilt opp, men gradvis går det opp for dei at dei er sterkare saman.

Det er ikkje noko lystig ferd dei er ute på. Boka sluttar med at båten deira over Middelhavet går ned - historia held fram i neste roman. På veg frå Somalia til havet har dei gjort mykje dei eigentleg ikkje ville. Dei lyg, dei stel, dei vert valdelege mot andre, dei sel kroppane sine. Det er draumen om Europa, draumen om eit betre liv der, som ber dei vidare.

Det er ei fin bok. Sveen skriv godt, og historia er godt bygd opp. Kvart kapittel får ein ny forteljar, slik at alle dei fem kjem til orde. 

Guffen tilrår.

Meir Sveen på kulturguffebloggen

25. juli 2022

Nomadland (2020)

Ein fin, fin film om eit Amerika me ikkje høyrer så mykje om. Det handlar om dei som ikkje har fått det heilt til, dei som ikkje heilt likar det dei ser rundt seg, dei som ikkje passar heilt inn, og som difor reiser rundt i USA. Dei jobbar litt histen og pisten, og bur gjerne i bilane sine. Det heile er basert på ei sann soge, og nokre av desse nomadane spelar seg sjølv.

Hovudpersonen i filmen, Fern, har budd lenge i byen Empire i Nevada. Mannen hennar døyr, og ho kvittar seg med alt ho ikkje treng. Ho kjøper ein liten varebil, byggjer han litt om, og slår seg saman med andre nomadar. Ho er ofte innom ein samlingsstad for likesinna i Arizona, ho arbeider på boklager, ho arbeider på restaurantar og i nasjonalparkar. Ho tener berre småpengar, men greier seg. Stort sett. Bilen hennar bryt saman, og for å få pengar til reparasjonen vitjar ho syster si, som bur i eit stort og flott hus i California. Og så vidare - heile tida på farten.

Det er ein varm film, men òg ein trist film. Det går galne vegen i USA. Filmen er flott filma, flott fortalt, og det er som alltid ei sann glede å sjå Frances McDormand. Ho er med i så godt som kvar einaste scene, og briljerer heile vegen.

Guffen tilrår. 

24. juli 2022

Sigri Sandberg: Ro (2022)

Sigri Sandberg vaks opp i Eivindvik, langt ute i Sognefjorden og bur no (delvis) i Luster, langt inne i Sognefjorden. I fjor (trur eg) lånte ho ein gamal trebåt hjå mora og rodde frå Eivindvik til Luster. Ho gjorde det i fleire etappar og med ulikt selskap i båten. 

I boka fortel ho om denne roturen, men ho tek òg mange omvegar (eller, ho ror innom mange fjordarmar, om du vil). Ho fortel historier frå fjorden, ho fortel om korleis fjorden har vorte til, og ho fortel om sitt eige liv. Ho har flytta mykje, og skriv mykje om kva som er heime for ho. Det er ikkje alltid den staden ho bur. Saman med han ho berre omtalar som mannen har ho kjøpt ein veglaus fruktgard i Luster, og dei to driv òg ein kafe i Solvorn. Undervegs på turen skriv ho fleire gonger kor godt ho trivst der, og at ho gjerne kan sjå på dette som heime resten av livet.

Desse delane av boka er finfine, og skildringa frå sjølve roturen er òg fine. Når ho fortel om historia til fjorden og fjordfolket er det ikkje like fint, her vert det ho skriv nokre gonger så opplagt at det er vanskeleg å sjå kvifor det er med i boka.

Guffen tilrår.  

Meir Sandberg på kulturguffebloggen
Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)

23. juli 2022

Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)

Nasjonalbiblioteket inviterte nokre forfattarar til å halda foredrag om ein forfattar som ikkje er så mykje lesen i dag. Kjersti A. Skomsvold gjekk inn i forfattarskapen til Aksel Sandemose, og er ho er vel sånn mellomnøgd med det ho finn. 

Ho konsentrerer seg om nokre av bøkene hans (Det svundne er en drøm, En flyktning krysser sitt spor, En sjømann går i land og Murene rundt Jeriko). I tillegg les ho Sandemose-biografien Espen Haavardsholm gav ut i 1988 - ho vil gjerne verta litt betre kjend med forfattaren. 

Ho er ikkje like nøgd med alt ho les. Av og til kan ho finna setningar og avsnitt ho er imponert over, ting ho kjenner att og er samd i, men andre gonger finn ho ting ho mislikar sterkt. Ho tek rett nok nokre atterhald, og tek òg sjølvkritikk på at lesinga av En flyktning ... er prega av at ho var høggravid og måtte ein tur på fødeavdelinga. 

Til liks med dei andre bøkene/foredraga i denne serien er det stort sett fascinerande. Nasjonalbiblioteket skal som vanleg ha ros for dette føretaket, det er altfor mange forfattarar som vert gløymde.

Guffen tilrår. 

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)

19. juli 2022

Better Call Saul, sesong 1 (2015)

Denne serien handlar om livet til den litt ruskete advokaten Saul Goodman, slik det gjekk føre seg før Breaking Bad. Eg var lenge skeptisk til om eg skulle sjå han, eg er vel generelt skeptisk til slike spinoff-seriar, men mange har snakka varmt om han. Heilt på nivå med Breaking Bad er det (sjølvsagt) ikkje, men opningssesongen var aboslutt lovande.

Me hoppar litt i tid og rom. Samtidshistoria handlar om at Saul Goodman (som så langt går under det eigentlege namnet sitt, Jimmy McGill) prøver å etablera seg som advokat i Albuquerque. Broren er ein av dei mest respekterte advokatane i byen, men har diverre fått for seg at han er allergisk mot straum og slikt. Draumen om eit godt liv som advokat går slettes ikkje etter planen, sjølv om han har ein god nase for å finna potensielle saker.

Ved tinghuset møter han ofte parkeringsvakta Mike Ehrmantraut, som me hugsar godt frå Breaking Bad. Eit par av episodane handlar om livet hans før serien tek til - han var politi, men tøydde reglane litt langt og måtte reisa/flykta frå Philapelphia. 

Både Goodman og Ehrmantraut er glimrande og fargerike karakterar, og viss det er slik at serien vert bygd opp rundt dei lovar dette bra. Her er mange uventa vendingar, det dukkar av og til opp gamle kjenningar, replikkar og filming er bra, og i opningssesongen var det to Marx Brothers-referansar. Eg held nok fram med neste sesong om ikkje lenge. 

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

18. juli 2022

Stein Torleif Bjella (Kvemmadokkje, Ulvik, 16.7.2022)

Ein solokonsert med Stein Torleif Bjella, i alle fall nesten. At han var åleine på scenen det meste av tida påverka nok utvalet av songar. Dei fleste songane var henta frå dei to fyrste platene hans. Det var heilt greitt for meg, eg set dei platene veldig høgt, men samstundes er det jo òg kjekt å høyra nye ting. 

Det er mykje melankoli i tekstane hans, og det verka ikkje som om alle i publikum var budde på det. Det tok seg opp då han skrudde på sjarmen mellom songane, og etter kvart verka det som om fleire med seg at det ligg mykje å le av innimellom melankolien. Det var likevel ikkje snakk om noko publikumsfrieri, då hadde han nok lagt litt meir vekt på Olav H.

Mot slutten av konserten fekk han selskap på scenen - Annlaug Børsheim på gitar/hardingfele og Bergljot Bjella på ståbass/ukulele. Det var heilt greitt, det gav oss noko meir variasjon. Men det gav oss òg lengre pausar mellom songane - utekonsert i litt kjøleg vêr gjer jo at instrumenta vert veldig fort ustemte. 

Kvemmadokkje er eit oppussa husmannsplass i Ulvik, der eigarane kvar sommar har eit arrangement. I tillegg til Bjella var det framsyning av "Husmann", med manus av Ruth Lillegraven. Det var tidvis finfint, spesielt musikkdelen, der Børsheim og Rannveig Djønne briljerte.   

Guffen tilrår. 

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)

17. juli 2022

Jan Roar Leikvoll: Heimatt (2019)

Å reisa heimatt er gjerne noko positivt, men slik er det ikkje for Ingmar, hovudpersonen i denne romanen. Han har flytta frå eit land/område til eit anna. Opphaldsløyvet hans forsvinn, han trur det vert stole medan han er i symjehallen, og han greier ikkje å få eit nytt. Han får eit mellombels løyve, men der stoppar det opp. Han får kraftige hint om at viss han ikkje reiser vekk før det har gått tre dagar, vert han sett i fengsel eller det som verre er. Han konkluderer med at han må ut, og boka sluttar med at han møter fleire i same situasjon, som står og ventar på å koma vekk.

Det er vanskeleg å skriva om romanen utan å nemna Kafka. Ingmar går frå kontor til kontor, han veit ikkje kva som ventar han eller kva reglar han skal følgja. I gatene ser han ofte lastebilar som hentar folk, og ingen veit heilt sikkert kvar dei vert av. Dei som veit noko, eller har yrke som tilseier at dei burde vita noko, fortel ikkje alt dei veit. Det er eit samfunn der nokon få veit kva som skjer, medan alle andre berre må finna seg i det. 

Dette er den andre posthume Leikvoll-romanen som har kome ut. Av og til er det noko uferdig over han, men stort sett heng det godt saman. Språket er ikkje alltid like vakkert som før, men det er absolutt stas å lesa dette.

Guffen tilrår.  

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Fiolinane (2010)
Bovara (2012)
Songfuglen (2013)
Forkynnaren (2015)

14. juli 2022

Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)

Dette var den fyrste boka som kom ut om Marx-brørne, og det var den einaste (om alle fire/fem) som kom ut medan alle var i live. Det er noko i nærleiken av ein autorisert biografi, Crichton hadde kontakt med alle fem, og alt låg såleis til rette for at dette kunne verta ei finfin bok. Det er for så vidt ei fin bok, men ho er ikkje spesielt etterretteleg. Crichton har fått servert mange gode historier, og han tek seg ikkje bryet med å sjekka om det han får fortalt verkeleg har skjedd.

Boka fortel om oppveksten deira og om tida i vaudeville. Gjennombrotet på Broadway i mai 1924 er det dramaturgiske høgdepunktet i boka. Filmkarriera i Hollywood får eitt kapittel til slutt i boka. Dette er eit godt grep, i alle fall når boka presenterer så mange halvsanne soger - desse kunne vanskeleg verifiserast. Av ein eller annan grunn, kanskje av di Crichton ville unngå søksmål, er namna på mange av dei perifere personane anonymisert.

Den store helten i historia er mor til dei fem, Minnie Marx. Det er ho som piskar dei fram når det kjem litt motgang, det er ho som bruker all tid og ofrar det ho måtte ha av pengar for at dei skal prøva ein turné til. Det aller siste kapitlet i boka handlar om dødsfallet hennar i 1929. Det årstalet vert forresten ikkje nemnt i boka - det er ikkje ei bok som fyller på med datoar eller årstal. Eller noko så tullete som eit namneregister.

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

12. juli 2022

A. J. Jacobs: The Puzzler (2022)

Jacobs har skrive nokre liknande bøker før: Han går langt inn i eit fagfelt/område, dels for å sjå om han er den same når han kjem ut att på andre sida. Denne gongen handlar det om ulike former for pusle-oppgåver - kryssord, puslespel, rubikskube, sudoku, osb.

Kvar type oppgåver får sitt eige kapittel. Jacobs skildrar oppgåvene, fortel litt historie, fortel om eiga røynsle (der det er aktuelt), og kontaktar nokon som driv med dette eller som lagar dette. Av og til snakkar han med dei på video; andre gonger vitjar han dei. Så kjem det nokre smaksprøvar på ulike oppgåver - nokre er forbausande lette, andre er ekstremt vanskelege. 

Eg kjenner meg av og til igjen. Eg har aldri vore svært oppteken av slike oppgåver, men eg har prøvd litt av og til. Det er klart det er stas å greia å løysa dei, men eg har aldri vorte avhengig (slik mange av dei han snakkar med ser ut til å vera). Boka er ein heilt grei gjennomgang av dei ulike variantane og oppgåvetypane som finst, men ho er ikkje så mykje meir enn det. Heilt grei underhaldning ein varm sommardag.

Guffen tilrår. 

Meir Jacobs på kulturguffebloggen
The Know-It-All (2004)
The Year of Living Biblically (2007)

9. juli 2022

Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

Ein kort og grei serie på tre episodar. Kjell Aukrust var jo ein artig kar, og serien gjev vel eit greitt bilete av kven han var, og kva som var det store ved arbeidet hans. Samstundes er det nok eit ankepunkt at serien er svært positivt innstilt til han. Kvar episode opnar med ei utsegn om at serieskaparane er på lag med Aukrust, og det er vel om lag slik ein autorisert Aukrust-biografi ville vore. Sjølv om serien, midt i den tredje og siste episoden, fortel om det som var det store mørke feltet i livshistoria hans, altså det politiske engasjementet til faren (og andre slektningar).

Serien er fint sett saman. Her er nye og gamle intervju, her er (enkle) dramatiseringar av nokre av tekstane hans, og her er nye animerte intervju med Ludvig og Solan. Det er ikkje tvil om at Aukrust hadde ekstremt god sans for humor, og her er mykje å le av. Det er heller ikkje tvil om at han sleit med å sleppa folk tett innpå seg, og det kjem klart fram i arkiv-opptaka der han vert intervjua. Ein sjeldan gong slepper han ut vonde kjensler, og fortel om då han vart mobba ut av ein handverksskule han gjekk på i Oslo. 

Guffen tilrår. 

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)

7. juli 2022

Stephen Crane: The Red Badge of Courage (1895)

Dette er ei glimrande bok. Det er mykje som er imponerande her, men noko av det som imponerer mest er at Crane berre var 24 år då boka kom ut. Han hadde ikkje opplevd noko krig, men greier likevel å skildra kamphandlingane på ein måte som verkar høgst reell.

Det heile vert fortalt gjennom den unge soldaten Henry Fleming. Saman med dei andre soldatane i regimentet marsjerer han mot fienden, og alle veit at det snart vert eit slag. Når det slaget tek til feigar Fleming ut og spring vekk frå kampane. Han angrar, han veit at dette var gale, og når skytinga er slutt går han tilbake til regimentet sitt. Han spelar skadd, han får etter kvart eit tilfeldig slag i hovudet av ein han møter, og greier å lura dei andre til å tru at dette er ein skade han fekk i slaget med fienden. Neste dag sviktar han ikkje, i slaget som ventar då vert Fleming ein av flaggberarane, og han får ros frå ein general som såg korleis han oppførte seg.

Det er ei kort bok, men ho er rimeleg intens. Det er lett å merka kor lite viljuge både Fleming og mange av dei andre er på å driva med krig. Det meiningslause i det heile kjem godt fram, mellom anna når Fleming høyrer korleis to offiserer omtalar soldatane sine som nokon som kan ofrast. Språket er godt, romanen er godt bygd opp, og det er fare for at eg må prøva ut fleire av romanane til Crane. Det er ikkje altfor mange av dei - Crane døydde 28 år gamal.

Guffen tilrår.

6. juli 2022

Elvis (2022)

Denne filmen fortel om livet til Elvis Presley. Han vart superstjerne på kort varsel midt i 1950-åra - han vart dyrka av ungdomen, og mislikt av mange i dei eldre generasjonane. Han stod for noko ungt og friskt, og spesielt på scena, der han bevega seg langt meir opphissande enn det som då var akseptert. Han var ein opprørar, og han kunne ha vore det langt lengre enn til han reiste i militæret i 1958.

For denne filmen fortel òg om livet til Tom Parker. Han var ulovleg immigrant i USA, kalla seg oberst, og vart manageren til Elvis i 1956. For Parker var det ikkje viktig med noko opprør, alt han tenkte på var å tena mest mogeleg pengar. Han tok minst halvparten av inntektene til Elvis, og søkte dei oppdraga og kontraktane som betalte seg best. I 1960-åra handla det stort sett om pinleg dårlege Hollywood-filmar, fram til det musikalske comebacket til Elvis i 1968. Frå då av er forholdet mellom Elvis og Parker dårleg, men Parker vinn heile vegen. Elvis var framleis ein stor entertainar, men no var det i all hovudsak i Las Vegas. Elvis ville utanlands, men det ville ikkje Parker - då ville det jo kome ut at han var ulovleg i USA.

Det er ein god film, i alle fall ei stund. Dei tidlege konsertane til Elvis er flott filma, og scenene der den unge Elvis søkjer seg til klubbar og barar der ulike svarte musikarar opptrer er store. Dei ti siste åra Elvis levde får for stor plass, og der dabbar filmen litt av. Det er greitt at det ligg noko dramatikk i konfliktane mellom Elvis og Parker, men det vert for mykje av det. 

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Priscilla (2023)

5. juli 2022

Erlend Loe: Fvonk (2011)

Fvonk går arbeidslaus, etter nokre leie hendingar i Gang- og Mosjonsforbundet. Han sit mykje heime; dei gongene han går ut får han som regel for seg at dei gravide er ute etter han. Ein dag får han besøk av ei velkledd dame som gjerne vil leiga to hyblar i kjellaren hans. Det heile er litt hysj-hysj, hyblane kjem ikkje til å verta brukte heile tida, men dei som skal bu der må få vera i fred. Ho/dei skal betala godt, og Fvonk seier ja.

Det viser seg at han som bur på den eine hybelen er statsministeren Jens, medan dei to på den andre hybelen er livvaktene hans. Gradvis får Fvonk og Jens meir kontakt, og Jens opnar seg meir og meir. Han fortel om vanskar på jobben, vanskar med andre politikarar, og vanskar med å vera seg sjølv. Han burde ha sjukmeld seg, men då vil alle berre seia at han kopierer han kristne som var statsminister for litt sidan.

Det tek ikkje heilt av. Det vert litt sånn halvartig og halvspanande og halvferdig. Ideen var nok betre enn utføringa.

Guffen er lunken. 

Meir Loe på kulturguffebloggen

3. juli 2022

Johannes Arneson: 100 år og minnest mangt (1964)

Johannes Arneson var fødd i 1865. Han skreiv mykje i blad og aviser, ofte under dekknamnet "Ola Ryfylking", og det var òg namnet han brukte då han gav ut boka Segner og smaastubbar i 1898. I 1961 gav han ut nokre livsminne (under eige namn), og dette er ein oppfølgjar til den boka. 

Boka har sju delar. Ein skal vera svært velviljug innstilt for å seia at alle delane er like interessante. I dei to delane "Med hardingfela mellom utlendingar" og "To kvinner" er det ikkje så mykje å henta. I dei andre sju dukkar det jamt opp noko interessant. Han skriv til dømes godt om korleis det var å veksa opp som frilynt norskdomsmann i Ryfylke, der kristendommen stod svært sterkt. Han fortel òg godt om skuleår i Elverum, der Helge Væringsåsen og Lars Eskeland (og Anders Ullestad, så vidt) vert omtalte. 

Boka kunne godt vore bygd opp noko annleis. Kronologien hoppar att og fram, og nokon burde gjeve Arneson hint om at akkurat her burde det vore kutta.

Guffen er lunken.

Meir Arneson på kulturguffebloggen

2. juli 2022

Gustave Flaubert: Madame Bovary (1857)

Livet til Madame Bovary er ikkje slik ho drøymde om. Ho gifta seg (litt motviljug) med ein dokter på den franske landsbygda, og trudde nok at det skulle verta eit liv i sus og dus. Det vert ingen av delane. Ho vil gjerne ha meir fart i livet sitt, og har to utanomekteskaplege forhold i romanen. Hushaldet har ein stram økonomi, men det tek ikkje ho omsyn til, og får etter kvart ei stor gjeld. Ho greier å triksa og miksa med gjelda, før ho vert så stor at resultatet vert utpanting. Då forsvinn livsløgna hennar, og då ser ho ingen grunn til å halda fram: Ho tek livet sitt, ved hjelp av noko arsenikk ho har greidd å få tak i. Det er omtrent då dokteren skjønar at kona ikkje har det bra, og det tek ikkje lang tid før han òg døyr.

Romanen er gjerne omtala som ein klassikar, og slik sett er det heilt flott at han er ein del av serien til Skald. Samstundes er det vanskeleg å lesa romanen med 1857-auge, og det er heller ikkje slik at viktige romanar alltid er gode. Flaubert skriv uventa humoristisk (av og til), men det er ikkje nok. Romanen er lang og seig, og eg brukte uventa lang tid på denne boka.

Guffen kan ikkje tilrå dette.