5. april 2020

Kjell Aukrust: Flåklypa Tidende 1-3 (2009)

Kjell Aukrust var ein mangfaldig kunstnar. I Flåklypa Tidende er det humoren som dominerer, også når det kjem korte tekstar av meir samfunnskritisk karakter. Stort sett er dette finfin lesnad.

Avisa er sjølvsagt oppdikta. Aukrust har laga eit fabelaktig persongalleri i og rundt avisa, og dei fleste av desse dukkar opp heile vegen. Dei har alle svært solide namn, og har sine klare særdrag. Til sist i boka vert dei tolv mest sentrale portrettert, og dei fire sidene er Aukrust i eit nataskal: Gode teikningar, gode namn, og ei finstemt språkkjensle. Om Myrullbråten, ein av dei som bur på Krokryggen Gamlehjem, står det at han er "ivrig TV-titter og skjøt under "Naturmagasinet" i NRK en jerv med hagle på kanal 3. Så senere månens bakside ved hjelp av et speil i nakken. Fylte 85 år i år, og uttalte i den anledning at hvis han fikk leve livet om igjen, ville han hatt midtskill".

Slik eg forstår det er denne boka sett saman av høgdepunkt frå Flåklypa Tidende. Den avisa var ei fast spalte i Mannskapsavisa, seinare i Forsvarets Forum, og til sist i Dagbladet. Nokre spalter og moment går att gjennom heile boka. Forfattaren Hallstein Bromskimlet skriv framhaldssoga "Eg baska meg trøytt", der Hjalte og Guringuten ikkje gjer så mykje anna enn å gå på Kooperativen for å handla sukker og gjær. Reodor Felgen lagar stadig nye oppfinningar. Olram Slåpen frå Knøsesmauet i Bergen sender stadig inn dårlege vitsar, som vert analysert (og slakta) av redaksjonen. Det kjem rapportar frå Krokryggen. Osb. Dei fleste av desse gjengangarane fungerer godt, medan nokre få går tom for piff ein stad rundt midten av boka.

Guffen tilrår.

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar