28. desember 2022

Ottar Grepstad: Bokhistorier (2022)

Alt før han vart direktør i Nynorsk kultursentrum arbeidde Ottar Grepstad med å dokumentera den nynorske skriftkulturen. Det heldt han fram med dei bortimot tjue åra han var direktør der, og det held han fram med etterpå. Denne omfangsrike boka fortel om bøker og forfattarar, men ho fortel mest om nokre utvalde forlag. 

I den delen skriv han om 46 små og store forlag. Mange av desse gav ut bøker på fleire språk, men det er nynorskdelen av utgjevingane deira som er mest interessante for Grepstad. Han fortel om personar som stod bak forlaga, og han fortel om forfattarar som var knytte til forlaga. Nokre forlag levde lenge, andre hadde eit kortare liv. Nokre gav ut mange bøker, andre hadde få utgjevingar. Nokre eksisterer framleis, andre har teke kveld for lenge sidan. Nokre omtalar er lange medan andre er korte, og det er som regel interessante poeng han dreg fram. I boka er det òg bibliografiar for fleire av forlaga.

Før han kjem til forlagsbolken får me ein del andre bokhistorier, og også denne delen av boka er lesverdig. Grepstad har enorme kunnskapar om dette feltet, og det er flott at han deler av kunnskapen. Boka er trykt i eit avgrensa opplag, men innhaldet må ha interesse for svært mange.

Guffen tilrår. 

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar