24. februar 2021

Groucho Marx og Hector Arce: The Groucho Phile (1976)

Groucho Marx står som forfattar på åtte bøker. Dei fire fyrste skreiv han sjølv, medrekna ein sjølvbiografi. Det kom ei bok med utvalde brev, og ei bok der han samarbeidde med Richard Anobile og to der han samarbeidde med Hector Arce. Dette er den siste av dei, og boka, som er ein illustrert sjølvbiografi, kom ut året før Groucho døydde. Dei av oss som har sett opptak av då han fekk heiders-Oscar to år før veit at han var sterkt redusert alt då, så eg reknar med at det var Arce som gjorde det grøvste arbeidet her.

Boka er finfin. Her er mange bilete som er mindre brukte, og her er nok av anekdotar og gode poeng i tekstane. For nokre av oss er det sjølvsagt mykje kjent stoff, men det gjer ingenting - her er mangt som får oss til å smila. 

Det vert brukt ein del plass på dei siste leveåra hans. Han hadde (eigentleg) lagt opp, men stod på scena nokre få gonger, og viste seg offentleg ved nokre høve. Han hadde jamleg festar heime, og det er her det kanskje vert for mange bilete. Han ser ikkje like levande ut som tidlegare i livet, og er ikkje like lystig, men samstundes strekar bileta under at han hadde ein status få andre hadde. 

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

23. februar 2021

Paul Talling: London's Lost Music Venues (2020)

 

Nja. Det er vel fare for at eg var lengre unna målgruppa for denne boka enn eg trudde. Eg går rundt og trur at eg har litt kjennskap til den britiske musikkhistoria, og kan på kort varsel ramsa opp nokre av dei viktigaste klubbane og konsertscenene i London. Eg datt likevel rimeleg fort av lasset i denne boka.

Utgangspunktet er greitt. Talling er av og til turleiar på vandringar i London, der han gjerne legg vekta på scener som ikkje finst meir. I denne boka skriv han kort om rundt hundre slike. For meg, som berre har vore på konsert på éin av desse, (Television Personalities, Camden Falcon, august 1989) vert det for oppramsande.

Alle omtalane går etter ein fast mal: Litt om historia til bygninga, så litt om dei åra det var konsertar der (til denne delen høyrer det med ei oppramsing av dei åtte-ti best kjende), og så litt om kvifor staden vart nedlagt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. februar 2021

Green Book (2018)

 

Det skal ikkje all verdas fantasi til for å tippa kva som skjer i denne filmen, men det var heilt greitt å sjå han likevel. 

Me er i USA, 1962. Tony Lip arbeider som dørvakt i ein klubb som skal stengjast i nokre månader, og ser etter ny jobb. Han får eit tips om at doktor Shirley treng sjåfør. Han møter på jobbintervju, og vert overraska over at 1) Shirley ikkje er dokter, og 2) han er svart. Dei to kjem frå heilt ulike bakgrunnar - Tony er enkel og fordomsfull, Shirley er ein sofistikert jazzmusikar. 

Shirley skal på turné, hovudsakleg i dei amerikanske sørstatane. Då turen startar er dei to jamleg i tottane på kvarandre, men gradvis vert dei nære vener. Shirley kjem fleire gonger opp i alvorlege situasjonar, og Tony reddar han. Shirley prøver på si side å gjera Tony hakket meir sivilisert, og sjølv om det ikkje går heilt som planlagt, får dei altså sansen for kvarandre. Filmen, som hentar handlinga frå det verkelege livet, sluttar med at Shirley vitjar familien til Tony på jolekvelden, og rulletekstane fortel at dei vart vener for livet.

Det er ein heilt fin film. Flotte bilar og flotte miljø, og glimrande skodespel av Viggo Mortensen og Mahershala Ali i dei to hovudrollene.

Guffen tilrår. 

21. februar 2021

Ida Hegazi Høyer: Fortellingen om øde (2015)

Det er ikkje heilt uvanleg at forfattarar sender karakterane sine til ei aude øy. I 1719 vart Robinson Crusoe (truleg) den fyrste, og alt i 1731 vart ordet robinsonadar brukt om slike verk. På den engelske Wikipedia-sida for robinsonadar vert det lista opp meir enn femti slike litterære verk. Eg har ikkje lese spesielt mange av dei, men reknar med at Fortellingen om øde er ulik mange av dei.

Hovudpersonen i romanen, tannlegen Carlo Ritter, er lei av folk. Han seier farvel til livet i heimlandet, og flyttar til Galapagos (eller ei liknande øy), der målet er å leva resten av livet i einsemd, i pakt med naturen. Det går berre sånn måteleg. Han får ikkje til alt han vil, og vert gradvis noko ustabil. Han skriv dagboksnotat som han samlar i ei øskje som fungerer som ei postkasse. Ein dag merkar han at desse notata er vekke, og det viser seg at eit skip har vore innom. Dei har teke med seg notata, og det fører til at fleire vil vitja øya hans. Fyrst kjem eit ektepar der kona er gravid; seinare kjem ei baronesse saman med fire-fem unge menn. Harmonien på øya vert mindre for kvar ny person som kjem dit.

Det er ein fin roman. Høyer skriv godt, og forteljinga tek mange uventa vendingar. Det er noko eventyr-aktig over det heile, der det skjer ting som ikkje kan ha skjedd i røynda. Karakterane i boka er vanskelege å lika, nokre er det uråd å lika, men det gjer ingenting.

Guffen tilrår. 

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Ut (2013)
Kirurgen (2022)

17. februar 2021

Thomas Reinertsen Berg: Verdensteater. Kartenes historie (2017)

 

Kart er artige greier. Den einaste tingen eg har kjøpt på ein loppemarknad-auksjon er eit kart over Møre og Romsdal ca. 1885, og då me budde i Volda hadde det fast plass på veggen. No heng det eit anna kart ved kjøkenbordet, men det er stas med det òg. Gje meg ein atlas, og eg får tida til å gå.

Denne boka er finfin for alle som likar kart. Reinertsen Berg går gjennom karthistoria, og skriv om korleis kart vart laga, korleis dei vart meir og presise. Han ser på kva som skjer verda over, men legg mykje vekt på kva som har skjedd her til lands. Når han er komen nesten til enden med korleis landjorda er kartlagt, går han over til å skriva om havbotnen.

Boka er (sjølvsagt) rikt illustrert, og mange av karta er eksemplariske som illustrasjonar. Like fascinerande er det når han skriv om dei som teikna kart. Nokre får heider automatisk, andre må kjempa for det, slik tilfellet var med den amerikanske kvinna som var med på kartlegginga av havbotnen i Atlanterhavet. Ho skjøna at sprikken langs Atlanterhavsryggen var eit prov på at kontinenta flyttar på seg. Ho vart nedstemt og nedstemt, heilt til prova var så overtydande at alle dei andre måtte gje seg.

Guffen tilrår. 

16. februar 2021

News of the World (2020)

 

Dette var ikkje den mest originale filmen eg har sett, men det var då langt frå den dårlegaste. Tom Hanks er jo vanlegvis solid, westernfilmar frå dei amerikanske sørvest-statane er oftast visuelt finfine, og i den andre hovudrolla møter me ei tretten år gamal tysk jente, Helena Zengel. Ho gjer òg ein imponerande prestasjon.

Historia er om lag slik: Me er i Texas, nokre år etter den amerikanske borgarkrigen. Hanks spelar ein krigsveteran som reiser rundt i småbyar og les opp nyhende frå aviser. På veg mellom to småbyar kjem han over ein lynsja mann i eit tre, og i buskane like ved ser han ei ung jente. Han finn eit dokument som seier at ho vart kidnappa av indianarar for nokre år sidan, og at den lynsja mannen skal frakta ho tilbake til onkelen og tanta hennar.

Og det er den reisa denne filmen handlar om. Jenta vil ikkje vera med. Ho vil eigentleg tilbake til indianarane, ho er meir indianar enn kvit, men ho vert med, og er til god hjelp dei gongene dei kjem i trøbbel. Og det skjer heile tida. Dei kjem fram til tanta og onkelen, men problema stoppar ikkje der.

Guffen tilrår. 

14. februar 2021

Erlend Loe: Forhandle med virkeligheten (2020)

 

Det er sikkert mykje eg skulle gjort meir av, og sykling er ein av dei tinga. Eg har sykla ein del, både lokalt og fjernt, men det dabba av med det òg då eg vart far. Det tek lengre tid enn å køyra bil, og då er det dårleg gjort å seia at eg skal sykla att og fram, så kan Marit ta seg av all køyringa i alle retningar. Eg lever likevel i den trua at det til sommaren vert tid til endå ein fleirdagars tur på sykkel.

Erlend Loe har det litt på same viset. Han skriv at han alltid har sykla mykje, og at han storkosar seg med det. Denne boka handlar om eit meir spesielt prosjekt. Han får spørsmål om han vil vera med på å sykla Noreg på langs, og det vil han jo. Oppfølgingsspørsmålet er om han vil sykla Noreg på langs på einhjuling, og då vert han meir i tvil. Han kjøper seg einhjuling, og boka fortel om korleis han gradvis lærer seg denne nye teknikken.

Det er ein fin tur å vera med på. Han likar det betre og betre, han kjøper seg betre sykkel, han møter nokre meir røynde likesinna for å plukka opp nokre triks, og han greier vel å skapa eit inntrykk av at dette er noko han burde ha teke til med for lenge sidan. Det vert rett nok ikkje noko av den lange sykkelturen gjennom heile landet, men det kjem kanskje seinare?

Guffen tilrår.

Meir Loe på kulturguffebloggen
Fvonk (2011)
Dyrene i Afrika (2018)

12. februar 2021

Garrison Keillor: That Time of Year (2020)

Dei beste romanane til Keillor osar av nostalgi. Han skriv gjerne om små samfunn i den amerikanske midt-vesten, der handlinga er lagt til den oppdikta byen Lake Wobegon. Det er òg plenty nostalgi i den fyrste delen av denne boka, som er sjølvbiografien hans. 

Han vaks opp i Anoka, like nord for Minneapolis/St. Paul. Han skildrar ein trygg og fri barndom, der ungar fekk gjera som dei ville. Dei var ute heile dagen. Dei var omgitt av eldre slektningar, som serverte kake og fortalde gode historier. Tantene hans var viktigare enn foreldra - då han flyttar for å ta til på college, seier faren at frå no av får Garrison klara seg heilt sjølv, han kan ikkje rekna med hjelp heimefrå.

Det var den beste beskjeden han kunne fått. Han må tena pengar, får seg jobb i radio og aviser, og etter kvart vert dette levevegen hans. Han skriv bøker, og han er vert for det svørt populære (og nostalgiske) radioprogrammet Prairie Home Companion. 

Det er ei fin bok, sjølv om det er litt å trekkja for. Omtalen av dei to fyrste konene hans er ikkje spesielt sympatisk. Han prøver å framstå som ein heilt vanleg mann, som berre har vore heldig, men samstundes er det ikkje fritt for at han likar å fortelja kor rik han er og kor fine vanar han har. I 2017 vart han løyst frå radio-kontrakten sin, etter at ein kvinneleg kollega skulda han for uhøvisk oppførsel. Han skriv om dette, og prøver sjølvsagt å gjera ti høner til ei fjør. Her er han ikkje overtydande, og han burde nok lagt seg noko flatare. 

Han skriv svært godt, og det gode kapitla er verkeleg bra. Han kjem jamleg med døme på dikt og limerickar han har skrive, nokre er halvgode, andre er finfine.

Guffen tilrår.  

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
Lake Wobegon Virus (2020)

10. februar 2021

Dai Griffiths: OK Computer (2004)

Eg har vel lese fem-seks av bøkene i denne serien etter kvart, og det er fascinerande kor ulikt forfattarane legg det heile opp. Diverre er ikkje alle variantane like vellukka. 

OK Computer er ei finfin plate, som eg kan seia veldig mykje bra om. Det er ikkje den beste Radiohead-plata, men det er likevel stas å høyra på. Griffiths er samd i det, men det tek lang tid før han kjem til poenget. Han bruker den fyrste fjerdedelen av boka på eit langt kapittel om skilnaden på LP-ar og CD-ar, og på nokre sider der han skriv om ulike typer LP-ar og CD-ar. Noko av det han skriv er aldeles opplagt (som at ein LP har ein inngang og utgang på kvar side med ein pause i midten, medan ein CD berre har éin inn- og utgang, og at songane kjem utan pause), noko er aldeles ubegripeleg uinteressant.

Det vert betre når han omsider kjem til plata han skal skriva om, men retteleg bra vert det aldri. Han går altfor akademisk til verks, så akademisk at han misser plata av syne. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Radiohead på kulturguffebloggen
Meeting People Is Easy (1998)
John Aizlewood: Radiohead. Life In A Glasshouse (2022)

7. februar 2021

Tiger (2021)

 

Golf. Der har du ein idrett eg er rimeleg likesæl til. Eg har  prøvd det ein gong, på ein blåtur med jobben, og ein gong eg besøkte ein gamal vossing i California såg eg med eit halvt auge på golf-sendinga han fulgde med på, men det er omtrent alt. Likevel veit eg sjølvsagt kven Tiger Woods er. 

Denne serien, i to lange episodar, fortel om livet hans, som ikkje har vore udelt godt. Faren introduserte han til golf då han var ein liten unge, og var nok ein slik trenings-far som pressa sonen meir enn han burde. Akkurat her gjekk det greitt; Woods vart ein av tidenes største golfspelarar, og eg har ikkje problem med å sjå at nokre av slaga hans var eksepsjonelle. Den delen av serien er heilt grei, men det tapar seg utover i del to.

I den fyrste episoden var det stort sett golfarar som vart intervjua. I den andre episoden er det journalistar frå National Enquirer og nokre av elskarinnene til Woods. Det er greitt at han hadde eit problem, også med medisinar han tok etter nokre rygg-operasjonar, mend det vert lagt altfor mykje vekt på damehistoriene. Det heile tapar seg altså litt i andre halvdel.

Guffen er lunken. 

4. februar 2021

David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)

Runesteinen det er snakk om er sjølvsagt Kensingtonsteinen. Den vart funnen i 1898, ved Kensington i Minnesota, og eit overveldande fleirtal av fagfolk som har undersøkt innskrifta er overtydde om at dette er ei forfalsking. Då eg pusla med hovudfagsoppgåva mi var eg nokre dagar i området, og merkeleg nok var alle norsk-amerikanarane positive til steinen, medan dei med annan etnisk bakgrunn berre såg det heile som komisk. Eg vart òg spurt kva eg trudde, og svara at eg var djupt skeptisk, men at steinen var langt meir interessant for meg dersom det heile var ein bløff. 

Krueger har om lag same utgangspunktet. Han er ikkje så oppteken av om innskrifta er falsk eller ekte (sjølv om det skin gjennom om at han trur det er juks). Han skriv i staden om korleis steinen har vorte brukt, og mykje av det var nytt for meg. 

I innskrifta står det AVM, som truleg skal vera ei katolsk bøn. Katolikkane i området har brukt dette for alt det er verdt, og meiner at dei som rita desse runene bør heidrast som tidlege katolske misjonærar. I den katolske skulen i Alexandria (like ved Kensington) er det eit lite altar der dei heidrar Our Lady of the Runestone, der det er ein figur av ei nonne ved sida av runesteinen. 

Krueger skriv eit par gonger om turistkontor-etnisitet, eit uttrykk han har lånt av Odd Lovoll, og som viser til korleis lokalsamfunn dreg fram eit eller anna etnisk for å tena pengar. Kensingtonsteinen er absolutt brukt på denne måten i Alexandria - der står ein stor viking midt i byen, der teksten på skjoldet er Birthplace of America, og det står ein forstørra kensingtonsteinen ved inngangen til byen. Vikingen var opphavleg laga til ei verdsutstilling i New York, men då stod det eit spørjeteikn til slutt i teksten. Og den forstørra steinen er nokre meter høg, men han ville ha bleikna mot planane om å laga ein seksti meter høg kopi.  

Det er ei finfin bok, full av fakta og gode innsikter. 

Guffen tilrår. 

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)