30. januar 2016

Jaga Jazzist (USF, Bergen, 29.1.16)

Fy fasan - Jaga Jazzist er eit glimrande band. Dei er nede i ni medlemmar etter at Matias Eick takka for seg for eitt eller to år sidan, men det er framleis mykje moro att. Dei spelte i om lag 100 minutt, og det var svært få lågpunkt.

Ein typisk Jaga-song startar relativt roleg, gjerne med eitt eller i alle fall få instrument, men det ballar på seg etter kvart. Det ballar kraftig på seg etter kraft. Fleire av dei åtte vekslar mellom ulike instrument, gjerne i ein og same song, og det er av og til ein lydvegg omtrent utan like. Det er ekstremt fengande, det er ekstremt rytmisk, og det er ekstremt stas.

Den ferskaste plata deira er meir elektronika-dominert enn dei føregåande. Så vidt eg hugsar spelte dei alle fem songane frå den plata, men dei henta sjølvsagt òg songar frå tidlegare plater. Mest stas var det med "One-Armed Bandit" og "Toccata", begge frå plata One-Armed Bandit, men det var stas heile vegen. I ei bok eg nyleg las av sjølvaste Robert Forster lista han opp det han kallar "The Ten Rules of Rock and Roll". Ein av desse reglane var at ingen band gjer noko nytt på scena etter tjue minutt av konserten. Forster kan ikkje ha sett Jaga Jazzist - her skjer det jo noko nytt heile tida. Dei kunne spelt ein time eller to til, og det hadde framleis vore like stas.

Guffen tilrår.

Meir Jaga Jazzist på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014

Mary Norris: Between You & Me (2015)

Dette var stas. Boka er både lærerik og underhaldande, og er ei av desse bøkene som gjerne kunne vore dobbelt så lang.

Mary Norris har arbeidd i korrekturavdelinga i The New Yorker sidan 1978. Det er ei avdeling som ikkje tilset kven som helst, dei som arbeider der har kunnskapar om språk som ligg langt over snittet. Det gjer avdelinga til ein drøymearbeidsplass for språknerdar, der dei kan drøfta konkrete spørsmål knytt til artiklar som skal trykkast, eller spørsmål som berre dukkar opp. I kapitlet om apostrofar fortel Norris om den dagen dei snakka om korleis dei skulle skriva genitiv fleirtal av McDonald's - skulle det vera McDonald'ses'?

Også artikkelforfattarane i The New Yorker var opptekne av at alle feil skulle vekk. Etter at Norris, tidleg i karriera si, oppdaga ein feil i eit sitat i ein artikkel av Philip Roth, sende Roth eit brev til bladet med takk: "Who is this woman? And will she come live with me?"

Norris skriv om gleda ved språket, om kor stas det er med språk. I kvart av kapitla i boka tek ho opp eit konkret rettskrivingsspørsmål, som apostrofar eller bindestrekar eller semikolon eller banneord eller komma (boka har undertittelen "Confessions of a Comma Queen"), men boka er ikkje meint som noko lærebok. Det er ei sprudlande bok, som òg fortel om gledene ved å ha rett skriveutstyr: Ho likar ein viss type blyantar, som er gått ut produksjon, Ho sporar opp ein leverandør, tingar ein boks, men slit med at blyet knekk heile tida. Ho sender eit klagebrev, og får eit svarbrev ho har stor glede av: Fabrikken verkar like fiksert på blyant-kvalitet som ho er, dei har testa blyantar frå det same produksjonspartiet utan å finna feil, og konkluderer med at ho truleg bruker ein for gamal blyantkvessar. Alt er som det skal vera når ho til slutt i boka vitjar eit blyantkvessar-museum i Ohio.

Guffen tilrår.

25. januar 2016

Max Manus (2008)

Den andre filmen eg hadde gjensyn med denne helga var Max Manus. I ettertid (altså dagen etter) er eg usikker på kvifor. Eg såg filmen då han kom, og var berre sånn passeleg imponert. Kanskje eg såg han igjen for å finna ut om eg framleis var relativt lunken.

Det er eg. Her er mykje dramatikk i filmen, og historia i filmen vert godt fortalt. Manus var ein norsk motstandsmann. Han var med på fleire aksjonar, der dei ved to høve sprengde tyske båtar i eller nær Oslo, og der dei sprengde arkivet på eit kontor som skulle kalla inn fleire årskull unge menn til tysk krigsteneste. Han er sjølvsikker ved inngangen til krigen, mot slutten er han eit nervevrak, med litt for stort alkoholinntak.

Det er lagt mykje arbeid i å skapa truverdige gatebilete, både i Oslo og Stockholm. Samstundes er historia relativt føreseieleg - det vert gjerne slik når ein lagar film på så kjende historiske hendingar som den andre verdskrigen. At mange av dei rundt Manus døyr er ikkje så godt kjent, men alle veit jo at han kjem til å overleva.

Så er òg mange av dei vanlege skodespelarane med. Svært få av dei er noko anna enn midt på treet, Aksel Hennie er ein av dei det er vanskeleg å verta altfor imponert av. Når Pål Sverre Valheim Hagen dukkar opp i ei lita rolle mot slutten av filmen, er det påfallande kor mykje meir han glitrar enn dei andre.

Guffen er lunken.

The Naked Gun (1988)

Aslak eller Ivar meinte at me burde sjå denne filmen ein kveld. Det var greitt for meg, også etter at eg oppdaga at filmen hadde femtenårsgrense. Det har filmen truleg på grunn av alle freistnadene på å laga god humor av lett pikante scener. Dei vitsane er heller platte. Heldigvis er her nok av andre gode vitsar.

Frank Drebin er politimann, og mistenkjer forretningsmannen Vincent Ludwig for å vera innblanda i noko narkotikagreier. Litt tilfeldig oppdagar Drebin at Ludwig har planar om å drepa dronning Elizabeth II, som vitjar Los Angeles. Drebin greier på merkeleg måte å hindra det, og greier samstundes å verta saman med Jane Spencer, ein av medarbeidarane til Ludwig.

Gjennom heile filmen er det verbale og visuelle vitsar. Det er mange fulltreffarar, og mykje av det skuldast Leslie Nielsen, som spelar Frank Drebin. Han er midt i blinken for rolla, der han går gjennom den eine situasjonen utan å merka at her skjer noko komisk. Både han og filmskaparane kan humor, dei kan dette med timing og alt det der.

Guffen tilrår.

24. januar 2016

Annie Hall (1977)

Eg var åleinefar denne helga. Både fredag og laurdag kveld var eg innom Netflix for å sjå om der var noko freistande, og begge kveldane enda eg opp med å sjå filmar eg hadde sett før.

Denne er det lenge sidan eg har sett, kanskje heilt tilbake til 80-åra. Det var gjennombrotsfilmen til Woody Allen, og det er vel fortent. Filmen handlar om komikaren Alvy Singer, som tenkjer tilbake på forholdet han hadde til Annie Hall, ei litt vimsete dame. Dei er litt av og på, og går helst godt overeins, men på flyet heim etter ein tur til California vert dei samde om å skilja lag. Heim er, sjølvsagt, New York.

Filmen handlar om Alvy og Annie, men handlar like mykje om menn og damer generelt. Mange av samtalane handlar om kva dei to ventar seg av den andre. Både i desse og andre samtalar er det sjølvsagt mykje god humor, og her er mykje å le av.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

21. januar 2016

Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)

Robert Forster var ein av dei to gitarist/vokalistane i det fantastiske bandet The Go-Betweens. Det bandet vart lagt ned for andre gong då den andre gitarist/vokalisten, Grant McLennan døydde i 2006. Året før tok Forster til som musikkskribent i tidsskriftet The Monthly. I denne boka er eit utval av artiklane hans samla, og det er ei bok som er verdt bryet.

Om lag halvparten av artiklane er platemeldingar. Resten av boka er bokmeldingar, konsertmeldingar, nokre få om band Forster set høgt, og eit par flotte minneord om McLennan. Forster er grundig, han har stor kunnskap om musikk og om artistane han skriv om, og han skriv knakande godt.

Nokre døme: Den kortaste platemeldinga er om Honeycomb, gitt ut av Frank Black, og meldinga sluttar slik: "It's not background music and yet it slides easily into the background, with a classic '70s feel, so that back at the barbecue someone is saying, "Isn't this a great record?" - and you think, Well, not really, as you reach for another beer." I omtalen av ein musikkfestival skriv han at "It should be noted that, as ever, the bands with the strangest names often make the least convincing music". Og opninga av boka, der han kort og utan noko forklaring ramsar opp dei ti reglane for rock'n'roll, er òg midt i blinken. Eg gidd ikkje ramsa opp alle her, men "never follow an artist who describes his or her work as dark", "the band with the most tattoos has the worst songs", eller "the second-last song on every album is the weakest", skulle gje eit godt inntrykk av kvar han har lagt lista.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: Grant and I (2016)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

17. januar 2016

Philadelphia (1993)

Philadelphia er USA sitt svar på Eidsvoll. Det var i den byen den amerikanske grunnlova vart underskriven 4. juli 1776, og denne filmen opnar med scener frå gatene i denne byen. Me ser Independence Hall (trur eg), der grunnlova vart underskriven, men me ser òg baksida av Amerika: Heimlause, kriminelle, og så bortetter.

Det er ikkje tilfeldig at filmen er lagt til denne byen. Det er ein av desse filmane som vil noko, og her handlar det om noko så grunnleggjande som respekt for andre menneske. Tom Hanks spelar den svært dugande advokaten Andrew Beckett, som er på veg opp i firmaet han arbeider for. Han får sparken, av di sjefane hans finn ut at han har aids. Beckett saksøkjer firmaet for usakleg oppseiing, og vinn saka kort tid før han dør.

Det er altså ein film som utfordrar haldningane folk flest har/hadde til homofili, og for så vidt til aids. Det er ikkje vanskeleg å tippa kva som kjem til å skje. Joe Miller, advokaten som fører saka for Beckett, er eigentleg skeptisk til å ta saka, på grunn av eigne fordomar mot homofile, men skiftar i løpet av filmen meining. Bodskapen i filmen vert i tydelegaste laget.

Og det er heilt greitt. Dette var ei av dei fyrste gongene Hollywood tok opp dette emnet, og med store skodespelarar i fleire av rollene var det ein film som nådde vidt. Både Hanks og Denzel Washington (som spelar Miller) er strålande.

Guffen tilrår.

Frode Grytten: Sånne som oss (2015)

Det har vore laga både skodespel og filmar av bøkene til Frode Grytten, men dette er det fyrste han har skrive direkte for scena. Stykket hadde premiere på DNS i Bergen i mai 2014.

Stykket kan av og til minna om Who's Afraid of Virginia Woolf?. Også i Sånne som oss møter me eit ektepar som har vore gift lenge, som har vurdert (og eventuelt prøvd) å gå frå kvarandre, som kranglar og drikk, som har eit barn som ikkje er der, og som har løyndomar for andre.

Hovudpersonane her er Bente og Frank Eriksen. Son deira, Tom, har nett kome ut frå fengsel, og kjem heim ei natt for å fortelja foreldra at han skal gifta seg dagen etter, med ei jente foreldra hans ikkje har møtt. Dei giftar seg på rådhuset, og på festen etter giftarmålet vert krangelen mellom far og son så intens at faren slår til sonen. Hardt.

Teksten til Grytten vert heile tida broten opp av songtekstar av John Olav Nilsen. I trykt form fungerer det berre sånn middels; kanskje det var annleis på scena. Boka sluttar med ein god samtale mellom Grytten, Nilsen og Øyvind Vågnes.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

16. januar 2016

Alice Munro: The View from Castle Rock (2007)

I denne novellesamlinga hentar Alice Munro historier frå sitt eige slektstre. Mykje av det som står her er (truleg) sant, men i eit føreord strekar ho under at det er historier. Det er oppdikta.

Det heile opnar heller traust og livlaust. Farsslekta hennar emigrerte frå Skottland til Canada, og i den fyrste novella skriv ho om korleis den siste generasjonen i Skottland levde. Livet var hardt, det var fattigdom og lite mat. Denne opningsnovella er òg heller keisam, og eg tenkte at viss det held fram slik, vert dette ei seig bok å koma gjennom. Det heldt ikkje fram slik. Novellene vart betre og betre, og etter den siste novella, der ho skriv mykje om døden, var det heller slik at 340 sider ikkje var nok.

Den siste delen av boka handlar om hennar eige liv. Det er ikkje meint som nokon biografi, ho går inn i seks spesifikke episodar, og skriv fantastiske noveller rundt dei. Språket er veldig roleg, men det er ein enorm dynamikk i tekstane, som gjer at det, i alle fall for meg, var uråd å verta gripen. Ei finfin bok.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

8. januar 2016

Inherent Vice (2014)

Bøkene til Thomas Pynchon er ikkje dei enklaste å filma. Ein ting er at han er ein språkmeister av dei sjeldne, ikkje berre i replikkane, ein annan ting er at bøkene hans ofte har svært godt samansette historier, der det sjeldan er like klart kva som skjer heile tida. Inherent Vice er ei av dei enklaste bøkene til Pynchon, men heller ikkje denne er enkel å filma. Sjølv om det er Paul Thomas Anderson som har regissert denne filmatiseringa, er det diverre ikkje så vellukka.

Hippien Doc Sportello, som livnærer seg som privatdetektiv, og som stort sett er rusa heile tida, vert beden om å finna ut av ei forsvinningssak. Ein eigedomshai, som har eit forhold til eks-dama til Sportello, er borte vekk. På veg mot løysinga vert Sportello mistenkt for eit mord, han vert banka opp og unngår hårfint å verta drepen, han har ofte kontakt med politimannen "Bigfoot" Bjornsen, han får snusen i at Golden Fang både kan vera ei seglskute og ein organisasjon som smuglar narkotika, osb. Det er mange og mykje å halda styr på. Skulle alt fungert måtte filmen vore skarpare redigert. Når det er såpass vanskeleg å hengja med for dei som har lese boka, må det vera endå verre for dei som ikkje har gjort det.

Guffen er lunken.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
The Crying of Lot 49 (1965)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)

6. januar 2016

Will Eisner: The Contract With God Trilogy (2006)

Eg las langt oftare teikneseriar i gamle dagar. Ein av favorittane var Will Eisner. Serien hans eg likte best var A Contract With God, men eg har òg mykje godt å seia om Life on Another Planet og Spirit.

A Contract With God kom i 1978, og inneheld fire seriar der eit hus på Dropsie Avenue er fellesnemnaren. Det er fire flotte seriar, om samhald, om draumar og lengt, om tilhøvet til Gud, og om mykje meir. Ti år seinare kom A Life Force, som inneheld fleire og korte historier, og som hentar historiene frå det same huset. Trilogien vart avslutta med Dropsie Avenue (1995), der Eisner fortel historien til busetnaden i denne oppdikta gata og området rundt. I denne boka er dei tre bøkene samla, og det er stas heile vegen. Stas, stas, stas.

Eisner briljerer, både som teiknar og forteljar. Han var eit stykke opp i åra då bøkene vart laga, og han viser at han er teikneserieteiknar i den aller, aller øvste klassen. Sjå til dømes på måten teikningane på ei og same side ofte vert fletta inn i kvarandre. Sjå korleis han gradvis gjer oss meir innsikt i menneska han skriv om. Og sjå korleis han, i den siste, lange historia om Dropsie Avenue, gjer det heile til ein historie om USA. Ikkje om USA som verdsmakt, men om folket som kom dit, busette seg, og kjempa for å finna seg til rette der. Ei glimrande bok.

Guffen tilrår.

Keith Richards. Under the Influence (2015)

Eg las sjølvbiografien til Keith Richards for nokre år sidan, og hadde glede av det. Det var truleg grunnen til at eg såg denne filmen då eg bladde meg gjennom Netflix-biblioteket - eg har minimal interesse av Rolling Stones. Både i boka og i intervju eg har lese verkar Richards som ein som har gode historier, og som veit korleis historiene skal forteljast.

Det er han kanskje, men viss det er slik, kjem ikkje forteljaren Richards til sin rett her. Filmen, som heldigvis er under ein og ein halv time lang, handlar mest om musikken som påverka og påverkar Richards. Det er stort sett bluesmusikarar, og det er stort sett kjedeleg musikk. Richards fortel om møte med dei, og me ser han høyra på platene deira, og me ser han i opptak der han spelar saman med dei. Så er det litt om Rolling Stones, det er litt om alle gitarane til Richards, det er litt av kvart, og det er litt lett å detta av.

Guffen er lunken.

Meir Rolling Stone på kulturguffebloggen
Keith Richards: Life (2010)
Keith Richards. Under the Influence (2015)