25. mai 2014

The Magnificent Ambersons (1942)

Orson Welles regi-debuterte med meisterverket Citizen Kane i 1941, og året etter kom dette filmen. Nivåskilnaden på dei to filmane er så stor at det av og til er utruleg at dei er laga av same mann. Der historia i Kane vert fortalt på ein eksemplarisk måte, vert historia her fortalt meir i rykk og napp. Det verkar overflatisk, filmen går aldri i djupna.

Og det skal ikkje Welles ha skulda for. Han laga ein versjon på godt og vel to timar. Denne fekk lunken mottaking på prøvevisingar, og sidan kontrakten hans sa at filmselskapet hadde rett til å kutta i filmen han leverte frå seg, kutta dei litt. Og litt til. Og litt til. filmen som vart vist på kinoar var nesten ein time kortare enn filmen Welles hadde laga, og det er tydeleg. Kva som er fjerna veit eg ikkje, men det som står att er ei rimeleg tradisjonell historie.

Einebarnet George veks opp i ekstrem overflod. Han har ingen andre ambisjonar enn å gifta seg med den finaste jenta i byen, og leva på pengane bestefaren, major Amberson, har tent. Mor til George gifta seg aldri med ungdomskjærasten sin, men etter at ho vert enkje, tek dei opp att forholdet. Det likar ikkje George, men han prøver å vera respektfull, sidan gamlekjærasten til mora er far til jenta han drøymer om.

Filmen har godt skodespel, glimrande filming, flott dialog med mange solide aforismar, passeleg med samfunnskritikk, men det heile heng altså ikkje heilt saman. Kor god eller dårleg den opphavlege versjonen var får me aldri vita; delane som vart klipt vekk vart seinare kasta.

Guffen er lunken.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar