27. mai 2019

Manson: The Lost Tapes (2018)

Historia er både ubehageleg og velkjent. I slutten av 1960-åra samlar Charles Manson ein gjeng unge kvinner og menn rundt seg. Han formar dei som han vil - det er mykje sex, det er mykje dop, og det er altfor mange rare påstandar. Han får dei til å tru at ein rasekrig er rett rundt hjørna, og det er difor viktig at dei tek livet av nokre folk. To netter på rad, i august 1969, bryt dei seg inn hjå (relativt) tilfeldige, og drep i alt sju personar på ein bestialsk måte. I tillegg hadde dei teke livet av ein person før det. Manson var ikkje med sjølv, men han kommanderte andre til å drepa. Politiet stod utan viktige spor, og viss ikkje ei av dei som var med hadde snakka om det i fengselet, og viss ikkje ho med-fangen som fekk høyra det hadde sladra, ville ikkje morda vorte oppklarte. I alle fall ikkje då. Manson vart dømd til fengsel på livstid, saman med dei tre som hadde utført drapa.

Denne filmen fortel historia på ein (delvis) ny måte. Filmskaparen Robert Hendrickson intervjua mange av sektmedlemmane i 1969. Desse intervjua har ikkje vore viste før, og filmen viser både bilete frå ranchen dei budde på, og mange av desse intervjua. I tillegg er her med ferske intervju med nokre av dei sentrale personane.

Intervjua er ubehagelege. Mange av dei som snakkar er svært unge, og dei verkar ikkje altfor gjennomtenkte. Dei presenterer seg sjølve som farlege, som disiplar av Manson som kan gjera kva som helst. Dei sit med våpen, ei av dei har ein liten slange krypande rundt halsen, og det verkar som om dei trur på det dei seier: At revolusjonen er rett rundt hjørna, og at Manson skal leia verda inn på ein rett veg.

Filmen fortel om eit miljø der alle er klin galne. Han gjer det på ein heilt grei måte, og filmen held absolutt på merksemda.

Guffen tilrår.

26. mai 2019

Øyvind Holen: Hiphop-hoder (2004)

For eit år sidan vart eg kontakta av eit forlag, som lurte på om eg var interessert i å få tilbod om bøker til melding. Det takka eg sjølvsagt ja til, men det vart langt mellom e-postane eg takka ja til - eg trur eg har tek mot to bøker så langt, og eg har ikkje meldt nokre av dei. Grunnen til at eg venta med den eine var at det var oppfølgaren til denne boka. Eg tenkte at det kunne vera greitt å lesa denne fyrst, og for nokre veker sidan fann eg ho på sal i ein butikk i Bergen.

Boka fortel historia om norsk rap, fram til 2004. Eg har eit høgst avslappa forhold til denne sjangeren, og kjenner svært få av artistane det står om. Det påverkar heilt sikkert lesinga mi. Holen bruker ikkje mykje tid på å skildra det som måtte vera av musikalske skilnader mellom banda, det verkar som om han tek det for gitt at lesarane kjenner banda han skriv om. Boka er full av korte intervju med band og artistar, og det er bra: Mange av dei får altså koma til orde. Mindre bra er det at mange av dei ikkje har så mykje å seia, og det har dei heller ikkje i tekstane: Her er svært mykje dårlege greier, både på engelsk og norsk.

Holen er betre når han skriv om det som kjenneteiknar hiphop-kulturen, og korleis den vaks fram. Dansing, graffiti, osb. - her er det tydeleg at det etter kvart vart eit anstrengt forhold mellom denne kulturen og politi og Oslo Sporveier. Den usemja er lett å skjøna, det er verre å få tak i den evindelege omtalen av dei interne stridane i kulturen. Det interne hiphop-politiet tok ikkje mot alle banda som kom.

Guffen er lunken.

25. mai 2019

Matt Lewis: Last Man Off (2014)

Hm. Litt usikker på kvifor og korleis denne boka kom i hus. Eg reknar nesten med at det må ha vore eit tips frå nokon, kanskje ei svært entusiastisk bokmelding. Eg deler ikkje heilt den entusiasmen etter å ha lese boka.

Matt Lewis var relativt nyutdanna då han fekk tilbod om å vera med som inspektør på ein fiskebåt sør i Atlanterhavet. Det er ein relativt liten båt, dei er berre 38 om bord. Heilt frå han entrar båten er teksten full av skeptiske meldingar - ingen tenkjer på tryggleik, kapteinen bryr seg ikkje om dei andre, og det einaste som er viktig er å få fanga så mykje fisk som råd.

Så går det altså gale. Båten er altfor tung - dieseltankane er fulle, fiskelageret er fullt. I ein kraftig storm tek båten inn vatn, og då dei går i redningsflåtane viser det seg at dette ikkje er noko dei har øvd på. Dei får flåtane på vatnet, men den Lewis sit i vert fylt av vatn, slik at mange frys i hel før redninga kjem eit lite døgn seinare. Av mannskapet på 38 døydde 11 (trur eg).

Det er opplagt at dette var ei dramatisk hending for dei som var involvert, men boka er ikkje vidare dramatisk. Før båten går ned veit me alt at mange misser livet, og bortsett frå Lewis veit me knapt kven nokon er. Det er berre ei lang rekkje med namn, og me bryr oss ikkje så mykje om dei. Boka engasjerer lite, og eg er svært usikker på om det er noko med dette forliset som skil seg frå andre forlis.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. mai 2019

Reservoir Dogs (1992)

Dette er debutfilmen til Quentin Tarantino. Eg budde i Bergen då han kom, og kunne knapt treffa folk utan at nokon skrytte av filmen. Eg såg han, eg òg, men var ikkje altfor imponert. Dei neste filmane til Tarantino likte eg langt betre, eg har sett dei fleste fleire gonger, og ser dei gjerne igjen.

Denne filmen hadde eg ikkje sett sidan han gjekk på kino, og det er som vanleg spanande å sjå om gamle inntrykk har endra seg. Filmen handlar om eit diamantran som ikkje går etter planen. Dei seks ranarane vert overraska av vakter under ranet, det kjem ei skotveksling, og to av dei vert drepne. Dei fire som overlever kjem til den avtalte møtestaden. Dei er samde om nokon må ha sladra, og dei kranglar om kven det kan vera. Det vert ein krangel der ikkje spesielt mange overlever, medrekna dei to oppdragsgjevarane og ein politimann ein av dei kidnappa.

Det er ikkje vanleg Tarantino-nivå, dette. Det er ikkje dei suverene replikkane han vanlegvis skriv, og det er heller ikkje dei altfor uventa vendingane i historia. Dei fleste filmane hans har valdelege scener, men i denne filmen verkar det som om dei er med for valden sin del - andre stader kan dei vera visuelt vakre, eller dei er betre integrerte i historia.

Så inntrykket endra seg ikkje altfor mykje. Her er nokre fine scener, og det er mange stødige skodespelarar, men likevel.

Guffen er lunken.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (2019)

19. mai 2019

Per Petterson: Ut og stjæle hester (2003)

Dette er ikkje ein spesielt original observasjon, men likevel: Dette er ei fabelaktig bok. Alt verkar heilt rett - historia, språket, komposisjonen. Boka er så rik.

Eg-personen, Trond, har flytta til eit småbruk ikkje altfor langt frå Oslo. Han har nyleg mist kona si, og vil eigentleg vera åleine resten av livet. Han har likevel litt kontakt med naboane, og ein kveld møter han ein mann, Lars, han kjenner att frå femti år tidlegare. Då, rett etter krigen, leigde Trond og faren ein støl nær svenskegrensa. Då leika Lars og tvillingbroren heime, Lars fann eit gevær han ikkje visste var ladd, og tok livet av broren.

Boka vekslar mellom desse to åra, og fortel òg om kva far til Trond gjorde under krigen. Og sjølv om boka fortel om forholdet mellom Trond og kameraten Jon (bror til tvillingane), forholdet mellom Trond og Lars, forholdet mellom Trond og den eine dottera, er det forholdet mellom Trond og faren som er det viktige og gjennomgåande. Trond teiknar eit flott portrett av faren. Faren lærte han alt, korleis ting skulle gjerast, korleis ein skulle handsama andre, og, i ei setning som kjem att fleire gonger, og som avsluttar boka, faren lærte han at me bestemmer sjølv kva som skal gjera vondt.

Boka er skriven i eit fantastisk språk. Det er noko nostalgisk over det, det er noko trist over det (på ein god måte), og det er ei bok eg kjenner at eg kjem til å lesa om igjen ein gong. Slik tenkte eg det òg fyrste gong eg las ho, og boka var altså like strålande no.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)

17. mai 2019

Hunter S. Thompson: Hell's Angels (1967)

Dette er den fyrste boka Hunter S. Thompson gav ut. Stilen og språkføringa er ikkje så god som i seinare bøker, men av og til glimtar det til.

Boka fortel om Hells Angels, ein motorsykkelklubb skipa i California i 1948. Der fanst mange andre klubbar, men denne vart ein av dei mest berykta/vidgjetne. Mykje av grunnen var måten dei vart framstilt på i media, og Thompson skriv mykje om dette. Boka har tre hovuddelar, og i to av dei presenterer han historia til klubben og nokre av medlemmane. Dei er kvite, dei er menn, dei likar motorsyklar, dei likar å drikka, dei slåst viss dei må. Kapitlet i midten handlar om ei utflukt rundt 4. juli, der media følgjer etter dei heile tida, og der det lokale politiet ikkje er altfor ivrige etter å ha besøk. Thompson er med heile tida, sjølv om mange er skeptiske til han, og i det siste (og kortaste) kapitlet handlar det om då dei fekk nok av han, og banka han opp.

Det er ei fin bok. Thompson skriv mykje om korleis media hausar Hells Angels opp til noko anna enn dei er. Av og til går han i same fella sjølv, men stort sett greier han seg godt.

Guffen tilrår.

15. mai 2019

Paul Auster: A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)

Dette var ei fin bok. Siegumfeldt er professor ved København Universitet, der ho er drivkrafta bak eit Paul Auster-senter. I denne boka snakkar ho med Auster om alle bøkene han har gjeve ut - fyrst dei sjølvbiografiske bøkene hans, deretter alle romanane.

Det er stort sett innsiktsfulle samtalar. Det er ikkje alle forfattarar som opnar seg så mykje om eigne verk som Auster gjer her. Han held sikkert litt igjen, men han svarar ivrig på dei fleste spørsmåla hennar. Han fortel om kvar han var i livet då bøkene vart skrivne, han fortel om kva som er henta frå eige liv, kva som er inspirert av andre sine liv, og kva som er fri dikting. Han snakkar om kva som var drivkrafta bak kvar av romanane, og om korleis nokre av romanane høyrer saman.

Det er altså stort sett stas. Nokre av poenga har eg sjølv merka meg då eg las bøkene; andre vinklingar er heilt nye, slik det bør vera. Det som trekkjer ned er at Siegumfeldt ikkje er kritisk nok. Det verkar som om ho meiner at alle bøkene til Auster er svært gode, og der er me nok usamde. Han har ein fin forfattarskap bak seg, men der er nokre downperiodar. Om den siste boka dei snakkar om, Sunset Park, bruker ho uttrykket "an absolute masterpiece" - eg var heller lunken til den. Men alt i alt var dette fine greier, og eg les gjerne liknande bøker om andre forfattarskapar.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984(
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)

11. mai 2019

Cecilie Asker og Trygve Indrelid: Hellbillies 25 (2015)

Det er mangt ein kjøper på Mammut. Hellbillies er eit band eg har eit minimalt forhold til - eg har aldri vore (friviljug) på konsert med dei, eg har ingen plater med dei, og eg har ikkje altfor mykje sans for musikken deira. Samstundes får dei mykje skryt - for tekstar, for dialektbruk, for kvalitetsmusikk, for å halda på lenge, osb.

Denne boka gjorde meg ikkje så mykje klokare. Her er mykje ros, her er faktisk så mykje ros at det nesten kunne vore ein sjølvbiografi. Asker og Indrelid fekk fri tilgang til bandet i nokre år, ser det ut til, og dei takkar for tilliten med å gje ut ei altfor rosande bok. Her er nokre flotte foto, mange foto er òg heilt greie, men dei aller, aller fleste er frå nyare tid. Boka sluttar med nokre sider med faksimiler frå gamle dagar, og for meg er det opplagt at boka hadde tent på å ha bilete frå heile karriera deira.

Teksten er bygd opp rundt det andre har sagt eller skrive. Asker skriv sjølvsagt ein del sjølv, men av og til verkar ho meir som ein redaktør enn ein forfattar. Det er lange sitat frå bandet og frå dei rundt dei, og det er lange sitat frå avisartiklar og platemeldingar. Innimellom kjem det korte utsegner frå publikummarar - dei aller fleste av desse seier ingenting.

Så eg vart ikkje så mykje klokare. Boka spinn rundt det eg trudde eg visste før. Dei er frå Ål, dei er trivelege og jordnære karar, tekstane deira får skryt (men utdraga imponerer ikkje noko større), Lars Håvard Haugen er ein strålande gitarist, og dei har halde på så lenge at ein av grunnleggjarane har pensjonert seg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

10. mai 2019

Alanna Nash: The Colonel (2003)

Elvis hadde kanskje ikkje vore den han var utan manageren sin, men han hadde heller ikkje gått sånn i hundane, kunstnarleg sett, utover i 60-åra utan manageren sin. Han tenkte berre på pengar, og gav ein komplett god ein i korleis han tente dei. Han meinte det var lettente pengar å spela inn dårlege filmar, og då var det det Elvis brukte tida si på. Det var på same viset med åra Elvis heldt konsertar i Las Vegas - for Elvis var det lite å strekkja seg etter, men pengane trilla inn. (Og ut, men det er ikkje poenget her.)

Denne boka handlar i hovudsak om manageren hans. Han tok namnet Tom Parker, fekk ein colonel-tittel ein annan stad enn i militæret, og var etter alt å døma ein knallhard mann, som gjorde kva som helst viss det var noko å tena på det. Alt medan han levde kom det fram at han var ulovleg immigrant i USA - det var den viktigaste grunnen til at Elvis aldri turnerte i Europa. Parker heitte eigentleg Andres Dries, og var frå Holland. Han hadde eit kort opphald i USA som ung mann, returnerte til familien i Holland, men forsvann så igjen. Nash går langt i å insinuera at han flykta frå landet etter at han hadde drepe ei kvinne. I USA dreiv med han alt mogeleg, før han fekk kontroll over Elvis.

Boka får godt fram at Parker var nådelaus, men ho er diverre prega av at Nash ikkje er nokon stor skribent. Språket er ikkje spesielt spenstig, ho tek med altfor mykje, og er litt for glad i det meir sensasjonelle. Det vert litt for seigt, rett og slett.

Guffen er lunken.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)

7. mai 2019

After Life (2019)

Problemet med Ricky Gervais er at alt han gjer vert samanlikna med serien The Office. På ein måte er det forståeleg, The Office er ein av dei aller løgnaste seriane som er laga. Den kvasi-dokumentariske stilen var òg nyskapande.

Denne serien er finfin. Gervais spelar Tony Johnson, ein journalist som nyleg har vorte enkjemann. Kona døydde av kreft, og han er rimeleg tung til sinns. Han seier sjølv at det einaste som hindra han frå å ta livet sitt var at han måtte ta seg av hunden deira. Han gjer stort sett det same heile tida - går på jobb, går heim, drikk og dopar seg, og ser på filmar av kona.

Og han er ekstremt bitter. Han klagar på alt og alle. Han skriv litt for avisa, men berre meiningslause saker om foreldre som har ein unge som liknar på Hitler (etter at dei har teikna bart på han), eller ein mann som har ein flekk på veggen som likar på Kenneth Branagh (og som ikkje nemner at kona ligg på sjukehus etter å ha vorte rana av to personar på moped). Han kjeftar på postmannen, han kjeftar på sjefen, osb. Dei einaste han har eit nokolunde normalt forhold til er ei prostituert kvinne han møter, og ei eldre kvinne han møter på kyrkjegarden. Det er den siste som overtalar han til å gje livet ein ny sjanse.

Den siste episoden bryt litt for mykje med dei fem fyrste, der vert det litt for mykje optimisme. Men dei fem fyrste er stort sett glimrande, med fleire scener eg lo høgt og lenge av. Det tek kanskje litt tid før det tek heilt av, men er her altså veldig mykje bra.

Guffen tilrår.

4. mai 2019

Samuel Beckett: Fyrste kjærleik (2018)

Eg kan vel like godt skryta litt av dette tiltaket igjen. Skald forlag gjev ut litterære klassikarar i nye omsetjingar, og desse kjem i tillegg i svært flott innpakning. Til og med fontane som er brukte er spesiallaga for denne serien.

Denne boka er omsett av Jon Fosse, og inneheld seks noveller. Tittelnovella er den suverent beste. Der er fellestrekk mellom dei seks, dei ser alle ut til å vera skrivne om eller fortalde av folk som er litt forvirra, eller av folk som slit med sitt.

Men det er det ikkje alltid lett å få tak på. I eit par av dei andre novellene verkar det som om Beckett er meir interessert i å leika med språket, og å sjå kor lite informasjon han kan dela ut og likevel fortelja ei historie. For meg var desse eksperimenta mindre vellukka, spesielt novella "Pling" gav meg lite.

Guffen er lunken.