8. juli 2018

Where to Invade Next (2015)

Michael Moore er ei artig skrue. Gjennom ei rekkje dokumentarfilmar har han vist kor mykje som er gale med USA. Han tek for seg tema for tema, blandar fakta med humor, og lagar filmar som absolutt er verd å sjå.

Slik er det òg med denne. Utgangspunktet er at USA bruker så enorme summar på forsvaret sitt at dei heile tida må finna nye land å invadera, nærmast for å rettferdiggjera den enorme pengebruken. Så Moore legg ut til land i Europa og Nord-Afrika, for å finna ut kvifor akkurat dei landa bør invaderast. Kort fortalt finn han ut dette:

Italia må invaderast, slik at USA kan innføra dei rettane arbeidarar har der. Frankrike må invaderast, slik at USA kan kopiera skulelunsjane og seksualundervisinga deira. Finland må invaderast, slik at USA kan kopiera skulesystemet deira. Slovenia må invaderast, slik at USA òg kan gjera høgare utdanning gratis og dermed tilgjengeleg for alle. Tyskland må invaderast, slik at USA kan gjera som dei og gje arbeidarar eit klarare skilje mellom arbeid og fritid. Portugal må invaderast, slik at USA òg kan gjera narkotika lovleg. Noreg må invaderast, slik at USA får eit humant fengselssystem. Tunisia må invaderast, slik at USA gjev kvinner betre rettar. Island må invaderast, slik at USA kan læra seg å straffa bankmenn som gjer at det økonomiske systemet fell.

Moore er ikkje like lystig som han plar vera, men det er framleis bra å sjå korleis han festar seg ved rare ting. Som når han intervjuar ein mordar i eit norsk fengsel, og kommenterer at på kjøkenveggen bak han heng det ei rekkje store og skarpe knivar. Og Moore sender framleis ut stikk heile vegen, som heilt sikkert irriterer mange amerikanarar. Fleire stader, som i Noreg eller Finland, kommenterer dei han intervjuar at dei berre har sett amerikanske tankar og modellar ut i praksis. Og det er klart det stikk litt når han seier at å innføra alt dette sjølvsagt vil kosta litt, men det er jo berre å kutta i dei store forsvarskostnadene. Og det må stikka litt når han inviterer tre islandske forretningskvinner til å seia kva dei meiner om USA. Det vert ein liten pause, før ho eine seier rett ut at det ville vera heilt uaktuelt å flytta til eit slikt land, og går inn i ein halvlang tirade om kvifor USA må skjerpa seg.

Guffen tilrår.

Meir Moore på kulturguffebloggen
Bowling for Columbine (2002)
Fahrenheit 9/11 (2004)
Capitalism. A Love Story (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar