30. oktober 2014

Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)

Med fare for å dra konklusjonar på altfor tynt grunnlag: Dei siste åra har det vore ei fin endring i vinklinga av norske bøker om krigen. Det er ikkje lenger like viktig å skryta av kor flinke gutta på skauen var; det handlar minst like mykje om å fylla ut biletet, og skriva om dei mindre heltemodige nordmennene. Ei av dei fyrste bøkene eg skreiv om på denne bloggen var Tyskerjentene av Helle Aarnes, ei fin bok som viste kor skammeleg handsaming desse jentene fekk. Denne boka dreg fram noko anna skammeleg, og tittelen på boka er heilt presis. Kva slags brotsverk skulle vera verre enn Holocaust?

Hovudpersonane i boka er Benzel og Sara Braude, som flytta frå Litauen til Kristiania tidleg på 1900-talet. Dei vert ein del av det veksande miljøet av jødar i byen. Dei får fire born. Foreldra og to av ungane dør i Auschwitz. Innimellom denne historia følgjer me ein norsk nazist, som kjempar på austfronten før han vert ein av dei verste torturistane, og ein tysk nazist, som får ei høg stilling i Oslo under krigen. Det er krevjande å følgja alle desse gjennom boka, men Michelet består denne prøven med glans. Det er òg nokre fascinerande liv ho skriv om. Ein av Braude-sønene er boksar i nasjonal toppklasse. Den norske nazisten vert støytt ut frå sin eigen familie, etter eit mislukka utpressingsforsøk mot sin eigen far.

Men det ho skriv mest om er altså måten jødane vart handsama i Noreg. Aviser skreiv mykje om dette før krigen, og under krigen fekk dei fleire signal om kva som skulle skje. Ikkje minst frå utlandet, der jødar vart massakrerte fleire stader, mellom anna i områda der Braude utvandra frå. Michelet viser òg at nordmenn var aktive i jødeutdrivinga, og, uventa nok, at leiarar i det jødiske miljøet var naive nok til å levera frå seg lister over alle jødene som fanst i Oslo. Boka får fram mykje som var nytt, i alle fall for meg, og det er ei bok det er vanskeleg å leggja frå seg.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten? (2018)
Den største forbrytelsen (2020)
Berggren, Bruland og Tangestuen: Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020)
Espen Søbye: Hva vet historikerne? (2021)
Marte Michelet: Tilsvar (2021)

26. oktober 2014

Bernie (2011)

Litt usikker på korleis eg skal opna dette: Eg har lyst til å seia at filmen var overraskande bra, men samstundes har eg jo sett (og likt) mange filmar av Linklater, så det burde ikkje vera så overraskande likevel. Det var i alle fall ein film eg ikkje hadde store voner til, uvisst av kva grunn.

Bernie Tiede arbeider i eit gravferdsbyrå i ein småby i Texas, og er ein person mange vil ha vondt for å lika. Enkjene etter mange han har gravlagt, og stort sett alle andre i småbyen, likar han derimot godt - han er høfleg, hjelpsam og omtenksam, sjølv om han ikkje ser ut som om han meiner det når han snakkar om kor kristen han var då han studerte. Han kjem på godfot med ei av enkjene, ho skriv han inn som einearving, han drep ho, og sjølv om han i mange månader greier å dekkja over at ho er død, vert han til slutt teken. Og han vedgår kva han har gjort.

Delar av filmen har eit liksom-dokumentaristisk preg, der ein intervjuar som aldri viser seg snakkar med folk i byen om Tiede. Det er i denne delen mykje av sjarmen til filmen ligg - det er så til dei grader heilt vanlege folk som uttalar seg, dei ser normale og tilgjort sminka ut, dei har aldeles forferdelege klede, dei snakkar av og til i store ord og med store fakter. Det er slik dei er, mange av dei eg har møtt då eg har reist i det rurale Amerika. Men mykje av sjarmen ligg òg i måten Jack Black framstiller Tiede på. Utan å dra samanlikninga for langt, er det omtrent som når Jason Alexander framstiller George Constanza i Seinfeld - dei framstiller begge ein person som er stas å sjå på, men som ikkje er ein eg ville hatt nærkontakt med.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Before Midnight (2013)
Boyhood (2014)

Curb your Enthusiasm, sesong 4 (2004)

Dette har eg sagt før: Det er kanskje litt bortkasta å blogga om nye sesongar av fjernsynsseriar. Men dette har eg òg sagt før: Curb your Enthusiasm er ein fantastisk serie. Eg får meir og meir sans for han, om lag midt i denne sesongen tenkte eg at dette må jo vera den beste sesongen så langt. Men det kan skuldast at det er (minst) eit halvt år sidan eg såg dei tre førre - dei var jo solide, dei òg.

Mykje er som før: Mange av replikkane er improviserte, det er ikkje noko laughtrack, og alt det der, men det viktigaste er Larry David. Han er med i så godt som kvar scene, og er lett å lika for oss som ser på, men er langt verre å lika for dei andre i serien. Han seier det han meiner, han kverulerer, han kjem støtt inn i situasjonar som er pinlege både for han og dei.

Episodane er så godt som heilt frittståande, men to delhistorier går gjennom heile sesongen. Den eine er at David får ei av hovudrollene i ei Broadwayoppsetjing av The Producers. Han gjer ikkje noko godt inntrykk, og får det ikkje heilt til, men sesongen sluttar med at premieren vert svært vellukka. Den andre er at han har vore gift i ti år, og han minner kona Cheryl på eit gamalt løfte ho har gitt han: etter ti års ekteskap skal han få lov til å ha eitt sidesprang. Han prøver, men han gjer ikkje noko godt inntrykk, og får det ikkje heilt til - sesongen sluttar med at han ikkje får napp hjå ei av medskodespelarane i The Producers.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

25. oktober 2014

Tomas Espedal: Mitt privatliv (2014)

Du veit litt kva du får når du opnar ei ny bok av Tomas Espedal, men denne gongen er boka annleis: Dette er nærmast ei fotobok, der alle sidene har same formgjeving som framsida til venstre: Øvst er det eit foto i liggjande format; nedst er det ein kort tekst. Tekstane er tidvis glimrande, og gledeleg nok er også fotografia svært bra.

Espedal komponerer bileta sine godt. Han likar best å fotografera innandørs, skriv han ein stad i boka, og sjølv om her er nokre utandørsbilete, er det flest interiørbilete. Av og til fotograferer han familien sin eller venane sine, andre gonger er bileta utan folk. Her er mange bilete av senger, og her er mange bilete av arbeidsbord. Desse er godt ordna, han framstår som ein person som vil ha orden rundt seg. Bøkene ligg i fine stablar; dei mange bileta på veggen bak eitt av arbeidsborda er heilt i lodd og vater.

Tekstane krinsar rundt tema Espedal ofte skriv om - det handlar om skriving, det handlar om kjærleik, det handlar om sakn. Det er korte tekstar, sjeldan meir enn fem-seks korte liner, men han seier mykje med desse få orda. "Å bo alene. Det er å bo sammen med de som er borte".

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Året (2016)
Elsken (2018)
Lyst (2022)

19. oktober 2014

Frank Rossavik: En god story. En biografi om Kåre Valebrokk (2013)

Kåre Valebrokk var ein mann det var vanskeleg å mislika heilt. Det han stod for politisk var ikkje heilt etter min smak, og han kunne ofte framstå som altfor sjølvoppteken. Samstundes var han ein mann som kunne vera underhaldande, og som verka rimeleg avslappa. Denne biografien forsterkar dei fleste av desse inntrykka, men legg òg til ei rekkje nye. Det biletet eg måtte endra mest var inntrykket av at han var sjølvoppteken - han kunne nok framstå slik i media, men dette var nok ein av dei mange mytane han bygde om seg sjølv. Fleire omtalar han som snill og omtenksam, og som ein svært lojal sjef i dei mediebedriftene han var leiar for - Dagens Næringsliv og TV2.

Det er nærliggjande, slik Rossavik òg gjer mot slutten av boka, å jamføra han med Einar Førde, som Rossavik òg har biografert, og som òg var leiar for ein av dei store norske mediehusa. Valebrokk kunne òg koma med fantastiske replikkar, av og til får ein kjensla av at han gjorde ting av di det ville koma ei god historie ut av det. Det beste dømet på dette er då ein journalist i DN vart kalla inn til han, med beskjed om at han fekk eit lønstillegg på.

Eit hovudprinsipp for journalisten Valebrokk var at det som er sant, kan trykkjast. Avisa skal ikkje tenkja på konsekvensane, og han kunne difor trykkja kritiske artiklar i DN om både eigarar og styremedlemmar i DN. Slik sett ville han nok ha likt denne boka, der Rossavik har fått fritt spelerom i det som finst av personlege arkiv, der han har snakka med både vener og fiendar, og der han har skapt eit bilete av ein fargerik redaktør som ikkje stemmer heilt med biletet Valebrokk sjølv ville ha skapt. Og det er ei bok som fengar, det er ei fascinerande historie som vert fortalt. Få biografiar har ein like presis som denne.

Guffen tilrår.

Meir Rossavik på kulturguffebloggen
Blant republikanerne (2016)

Vaffelhjarte (Den Nationale Scene, Bergen, 18.10.2014)

Det er bra at me har Maria Parr. Ho har berre skrive to bøker så langt, men begge er fabelaktige. Dei kan minna litt om kvarandre, begge har ei sterk og modig jente i hovudrolla (eller ei av hovudrollene), i begge bøkene har ungane nære forhold til langt eldre personar, begge bøkene hentar handlinga frå ein stad så langt ute på bygda at der nesten ikkje er ungar, og begge bøkene handlar om venskap, og usikkerheit knytt til denne venskapen.

Dette poenget er eitt av to som vert forsterka i denne dramatiseringa av Vaffelhjarte. Lena og Trille er bestevener, men Trille er ikkje sikker på om Lena veit det. Han prøver fleire gonger å spørja ho om han er bestevenen hennar, men greier det ikkje. Det andre poenget er ei forsterking av rolla kristendomen spelar i liva deira. Det er ikkje dominerande, det er ikkje slik at stykket prøver å frelsa nokon, men eg kan ikkje hugsa at det var like tydeleg då eg las boka for mange år sidan.

Stykket er finfint. Scenografien er den same gjennom heile stykket; på golvet ligg ein stor plattform, forma som ei vaffel, bak står to gardintrepper, og i bakgrunnen er det nokre sunnmørske alpar. Det fungerer heilt glimrande, også når dei skal til fjells, anten for å sanka sauer, eller - i den kanskje artigaste enkeltscena - når Lena og Trille skrir på akebrett heile vegen ned frå stølen.

Det gode med bøkene til Parr er ikkje berre dei varme forteljingane, det er òg det sprudlande språket, som er fullt av gode ord og uttrykk. Slik er det òg her, her er nok å le av. Det er altså ei flott framsyning, som fenga både vaksne og ungar då me var der.

Guffen tilrår.

Meir Parr på kulturguffebloggen
Tonje Glimmerdal (2009)
Tonje Glimmerdal (DNS, Bergen, 9.4.16)
Keeperen og havet (2017)

Robert Endeacott: Peaches. A Chronicle of The Stranglers 1974-1990 (2014)

The Stranglers var eit bra band. Dei slo gjennom samstundes med punken, men sjølv om det var mykje aggresjon i musikken deira, var det langt større variasjon i platene deira enn i mange av dei tidlege punk-platene. Den viktigaste grunnen var kanskje keyboardspelinga til Dave Greenfield, ein annan grunn kan ha vore at dei var langt betre musikantar enn punk-gruppene, og kanskje òg at dei var langt eldre. Trommisen Jet Black var gamal nok til å vera far til mange av dei tidlegaste punkemusikarane.

Denne boka er ei strengt kronologisk oversikt over det meste bandet gjorde fram til gitarist/vokalist Hugh Cornwell slutta i bandet i 1990. Robert Endeacott fortel om oppturar og nedturar og alt det der. Dei er favorittbandet hans, og han skriv ein stad at han er aktiv i ein "Stranglers Community", antagelegvis på nettet. At han set bandet høgt er eit godt utgangspunkt for å skriva ei bok, men at han set bandet så høgt at han omtrent ikkje greier å vera kritisk, er langt verre.

For The Stranglers var eit band ein kunne seia mykje negativt om. Dei var valdelege, dei skreiv fleire sterkt kvinnefiendtlege tekstar, dei brukte (altfor) mykje narkotika, og framstår rett som det er som svære drittsekkar. Endeacott ser ikkje desse negative sidene, eller rettare - han ser ikkje desse sidene som negative. Når Cornwell i januar 1980 møter i retten, etter at han vart teken med ulike typar narkotika i lomma, er det absolutt ikkje Cornwell si feil at han får ein førebels streng dom, der han mellom anna ikkje får lov til å forlata landet for å gjennomføra ein planlagd turné i Asia. Dette fekk svære følgjer ikkje berre for The Stranglers, i følgje Endeacott - ikkje berre gjekk dei glipp av inntekter og heider og ære, men at The Police turnerte dei same landa nokre månader seinare la grunnen for at det bandet vart så populære. Endeacott insinuerer at det var The Stranglers som burde hatt denne populariteten, som om det var opplagt at det neste new wave-bandet som turnerte Asia vart verdsstjerner. Og han kjem ikkje med noko forklaring på at Cornwell nokre veker seinare, men før den endelege dommen var fastsett, kunne reisa utanlands for å spela i Tyskland.

Boka har sin verdi, i alle fall for slike som meg, som ikkje har lese nokon Stranglers-biografi. Plater og konsertar vert presenterte, endringar i musikken vert i alle fall skrive litt om, medan Endeacott bruker altfor mykje tid på å referera ulike konsertar, der han kjem med detaljar om kva som vert sagt mellom songane, og korleis Cornwell endrar nokre tekstliner etter kva by og humør han er i. Og utan at det er så viktig, er det òg ei bok som ser ekstremt amatørmessig ut, det vert brukt ei rekkje ulike fontar, som ikkje står godt til kvarandre.

Guffen er lunken.

Meir Stranglers på kulturguffebloggen
Hugh Cornwell: A Multitude of Sins (2004)

13. oktober 2014

Jens K. Styve: Eg, Ove Kvamme (2008)

Dette er ei artig bok. Eg-personen i boka, Ove Kvamme, har ikkje heilt fått det til. Han er full av gode bortforklaringar, men desse held berre når han er åleine. Saman med andre vert det tydeleg at han ikkje fungerer heilt. Der dei andre vaksne har vaksne referansar, tyr han til dataspelreferansar når han skal forklara noko. Der andre vaksne tek ansvar, flyktar han. Der andre vaksne kan føra nokolunde meiningsfulle samtalar, seier han dei viktige (og rette) tinga inne i seg, medan det han seier høgt ikkje gjev så mykje meining. Der andre vaksne gjer det dei har lyst til, let han det vera.

Det er noko vestlandsk over boka, det er noko med nokre av uttrykka som vert brukte. Når Kvamme gøymer seg på kontoret på ein bensinstasjon, vert oppdaga av ho som jobbar der, og forstår at han må koma seg vekk, kjem setninga "På tide å koma seg vidare i livet". Det er noko hovlandsk over det, det er noko radiorøyndisk over det, men samstundes er det meir enn originalt nok.

Guffen tilrår.

Meir Styve på kulturguffebloggen
Friedland (2013)
Dunce. Lut og kaldt vatn (2019)
Dunce. Apokalypse snart (2020)

12. oktober 2014

Bernard Sumner: Chapter and Verse (2014)


Joy Division er eitt av dei banda eg les kva som helst om. Eg har lese fleire bøker om historia deira, slik at det i dei grove linene vert ein del repetisjon, men det fengar framleis. Sumner var gitarist der, og den delen av denne sjølvbiografien som handlar om Joy Division er den beste delen av boka.

Resten av boka er ujamn. Ho opnar med dei obligatoriske oppvekstskildringane, som ikkje er så svært gjevande, held altså fram med Joy Division, før det held fram med New Order og andre prosjekt. Det heile vert fortalt på ein nøktern måte, utan den heilt store variasjonen. Fleire gonger er han inne på at biletet som er skapt av Joy Division ikkje er korrekt; dei var langt lystigare enn ein skulle tru. Det er ikkje sjå openberrt etter å ha lese dette - ja, dei var gutungar på tur, og fann på sprell eit vanleg russekull ville sett på som daglegdagse, og ja, det var veldig mykje festing i tida i New Order, men det vert ikkje fortalt på noko lystig måte.

For nokre år sidan skar det seg heilt mellom Sumner og bassisten i JD/NO - Peter Hook. Det bruker Sumner mykje plass på, der han framstår som den gode og snille, medan Hook ikkje er til å stola på. I intervju har Hook kome med ei opplagt innvending mot boka - var det verkeleg berre han Sumner krangla med?

Sumner skriv så godt som ingenting om familien, og det er bra. Det er ikkje difor me les denne boka. Men eg hadde nok venta at han skulle skrive meir om seg sjølv, at han hadde opna seg litt meir. Eg trur boka hadde vorte betre om han ikkje hadde halde korta så tett til brystet.

Guffen er lunken.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

One Flew Over the Cuckoo's Nest (1975)

Randle McMurphy er ikkje den enklaste personen å ha med å gjera. Han vert sendt frå eit fengsel til eit mentalsjukehus, der dei skal finna ut om han er gal eller ikkje. Han veit kva han vil, han likar å ha kontroll over situasjonen, og han er talefør nok til å diskutera og manipulera kven det skal vera. Nesten.

Dei andre på avdelinga er ei godt samansett forsamling. Dei vert knallhardt styrte av avdelingssjukesystera. McMurphy prøver å få dei andre med på opprør mot ho, med vekslande hell. Ei natt får han overtalt nattevakta til å sleppa inn to kvinner, som godt utrusta med alkohol kjem inn for å gje dei innsette ein fest, før dei har tenkt å rømma til Canada saman med McMurphy og ein indianar. Det går ikkje heilt etter planen.

Det er ein finfin film, som er heilt avhengig av Jack Nicholson i hovudrolla. Han briljerer, og er med i så godt som kvar scene i filmen.

Guffen tilrår.

10. oktober 2014

Rob Smyth, Lars Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)

Det danske fotballandslaget i 1980-åra var eit fabelaktig lag. Merkeleg nok greidde eit såpass lite land å få fram ei rekkje spelarar i verdsklasse, som òg hadde ein spelestil det var uråd å ikkje lika. Det var ein variant av den hollandske totalfotballen, der dei aller, aller fleste tenkte angrepsfotball heile tida. Eller, som det står i to av mange finfine setningar i denne boka - "the 3-5-2 system was only a basis for negotation. At times it might have been easier simply to label their formation as 10".

Noko av det spesielle med laget var at dei fleste spelte i andre land enn heimlandet. I dag er det vanleg for omtrent alle andre land enn England; i åttiåra var det høgst uvanleg. Dei spelte òg på gode lag - ti av dei mest sentrale spelarane på laget (Elkjær, Laudrup, Simonsen, Mølby, Jesper Olsen, Arnesen, Lerby, Nielsen, Busk og Morten Olsen) i alt vann 79 trofé, inkludert 40 ligagull. Det var eit gladlag, som burde vunne EM i 1984, og som kunne kome langt lengre i VM 1986, der dei rauk ut i åttandedelsfinala, etter ein feilpasning Jesper Olsen aldri kjem til å gløyma.

Og dei såg ut slik danskar (og mange nordmenn) gjorde i åttiåra. "The long hair and love beads that Dutch players sported regularly come back in and out of fashion, but it's safe to assume there will be another Ice Age before the thick moustaches and cock-rock mullets paraded by [Denmark] are deemed even close to acceptable again". Dei hadde både stil og sjarm, og var eitt av dei store fotballaga verda har sett. Biletet med biletteksten "Reservoir Danes" fortel alt.

Eit slikt lag fortener ei god bok, og det har dei fått her. Det er ein fryd å lesa denne boka, som opnar med eit kort oversyn over dansk fotballhistorie, fram til Sepp Piontek vert landslagssjef og skjønar at han har ein fantastisk spelarstall å jobba med, berre han får stramma inn disiplinen litt. Så går det slag i slag gjennom åttiåra, der dei tre forfattarane presenterer spelarar, refererer kampar på ein uvanleg god måte, og tek oss med på opptur etter opptur fram mot feilpasninga til Jesper Olsen. Dei bruker mange intervju frå gamle dagar, men har òg intervjua mange av spelarane i dag. Og dei intervjua viser at laget framleis har same sjarmen som før. Ei flott, flott bok.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

6. oktober 2014

Tusen ganger god natt (2013)

OK, det er kanskje eit litt for opplagt poeng, men likevel: Sjeldan ser eg ein film med ein meir passande tittel. Det er lenge mellom kvar gong eg ser noko så svevndyssande som dette. Når det i tillegg er ein film som badar i klisjear, er det ikkje mykje å gje honnør for.

Juliette Binoche spelar ein krigsfotograf. Ho skal laga ein artikkel om ein sjølvmordsbombar, men står litt for nær då bomba går av, og kjem skadd heim til familien. Dei vil at ho skal halda seg heime i framtida, og det går ho med på, Men så går ho ikkje på med det likevel. Og så går ho med på det. Og så går ho ikkje med på det likevel.

Krigsfotografar slit sikkert med slike spørsmål. Dei gjer ein viktig jobb, dei dokumenterer og formidlar inntrykk frå tragediar, men er samstundes avhengige av god hjelp på heimefronten for at det skal fungera. Og det kan godt henda at det ligg ein god historie ein stad inne i denne filmen, men det er vanskeleg å sjå han. I staden går det i solnedgangar, kvinner som jobbar i hagen i altfor store ullgenserar, papirlykter som svevar mot himmelen, og så bortetter. Det einaste positive med filmen er Binoche, som held mål og vel så det i hovudrolla.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. oktober 2014

Vidar Sundstøl: Kommandolinjer (2005)

Språket i denne romanen er finfint. Boka handlar om ein mann som tenkjer tilbake på ho som nett har flytta frå han, han tenkjer på kva dei hadde og gjorde, og han tenkjer på mykje anna. Det verkar som om dei hadde eit valdeleg forhold, døgeret rundt, der han var den dominerande. Han tenkjer på andre ting, kanskje for å unngå å tenkja på ho, men han kjem heile tida tilbake til henne.

Men det er altså språket som er det fascinerande. Boka er relativt tynn, og er sett saman av korte tekstar, eller korte kapittel, og nokre av dei er rein poesi. Eller poetisk prosa.

Guffen tilrår.