29. mai 2023

Erik Valebrokk: The Colors Turned Red (2022)

Skal ein vera pirkete, og det er det jo lov til å vera, burde orda "The Colors Turned Red" stått to gonger i overskrifta her. Boka kom ut i serien Norske albumklassikere, og titlane på bøkene i den serien har same form: Artist pluss platenamn. Her er bandnamn og platenamn identiske, så då forenklar eg like godt. Dessutan passar ei slik forenkling godt her - boka handlar langt meir om bandet enn om plata. 

The Colors Turned Red er frå Haugesund. Medlemmene hadde mellom anna bakgrunn i punkbandet Blister og frå postpunkbandet Im Nebel. Dei endra stil rundt midten av 1980-åra, og skifta då namn til TCTR. Denne plata kom ut i 1988, og trass i strålande kritikkar vart bandet oppløyst det same året.

For meg var Im Nebel langt meir interessant enn TCTR. Eg såg dei på landsmøtet til Norsk Rockeforbund i Bergen i 1984, og intervjua dei etterpå. Eller "dei" - det var vel stort sett gitarist og låtskrivar Haakon Larsen som snakka. Han var viktig i Im Nebel, og var like viktig i TCTR. Han skreiv det meste av musikk og tekst, og var òg den største drivkrafta i det dei dreiv med. 

Men boka: Det er altså mest av alt ein band-biografi. Det er ei fin bok, og noko av det finaste med boka er biletet ho gjev av korleis det var å spela i band i 80-åra. Det var ikkje mange stader å få spelejobbar, fanziner og nettverk var viktige for å verta kjende, kassettar var minst like viktige som plater, og det var vanskeleg å få platekontrakt. Boka gjev òg eit godt bilete av korleis det var å spela i band langt utanfor dei største byane. TCTR kom seg over alle desse hindera, spelte inn LP i København, før dei altså parkerte bandbussen nokre månader seinare. Etter mange år kom dei saman att, og sjølv om aktiviteten ikkje er svært høg kom dei nyleg med sitt tredje album.

Guffen tilrår. 

28. mai 2023

André Bjerke: De dødes tjern (1942)

Boka vart opphavleg publisert under pseudonymet Bernhard Borge, som òg er namnet på forteljaren i boka. Han er ein kriminalforfattar på leit etter noko å skriva om. Han er ikkje spesielt modig, har eit forferdeleg kvinnesyn, og han er ikkje klart-tenkjande nok til å vera den som løyser mysteriet.

Nokre unge vaksne er samla til fest i Oslo. Ein av dei fortel eit sagn frå Østerdalen, der ein mann for hundre år sidan skal ha drepe systera og kjærasten hennar, før han sjølv tok livet sitt ved å drukna seg i ei tjørn. Dei på festen vert fascinerte, av ulike grunnar. Det viser seg at bror til ei av dei som var på festen disponerer hytta. Ingen har høyrt frå han på fleire dagar, så dei reiser til hytta. Der finn dei spor som tyder på at han har teke livet sitt, etter å ha slite stort mentalt.

Så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Det skjer mykje halv-mystisk, dei finn spor som tyder på både eitt og hitt, dei oppdagar at det er nokre andre rundt og i hytta. (Kan det vera mordaren frå hundre ås sidan som går igjen? Spoiler: Det er det ikkje.) Ein av dei kokar saman ein plan som gjer at alt vert avslørt.

Krim er ikkje den sjangeren eg går til oftast. Det som måtte vera av spaning i boka forsvinn litt i at eg har sett filmatiseringa frå 1958. Bjerke skriv ikkje altfor godt, og freistnadene hans på å vera morosam fell heile tida på steingrunn.

Guffen er lunken.

Meir Bjerke på kulturguffebloggen
De dødes tjern (film, 1958)
Arnulf Øverland - vårt sprogs konservator og fornyer (1965)

27. mai 2023

Simon Louvish: Monkey Business (2003)

Boka har den presise undertittelen "The Lives and Legends of The Marx Brothers". Målet er altså å fortelja om både karriera og liva til dei fem Marx-brørne, og skal ein gjera det i éi bok, kan det knapt gjerast betre enn dette. Ein kunne sjølvsagt fylt på med detaljar i alle retningar, men då ville ein truleg hatt bruk for fleire band. Eventuelt kunne ein fått ei bok som var altfor stor og uhandterleg.

Han bruker òg ordet Legends i undertittelen. Lenge var det Marx-brørne sjølve som fortalde livshistoria si. Dei hadde god kontroll over det som vart skrive om dei i bokform, og dei var ikkje redde for å vri litt på ei historie for å gjera ho betre. Desse historiene vart gjerne fortalt vidare av neste forfattarar, osb. Louvish går til kjeldene og får korrigert mykje. Det er sjølvsagt prisverdig og vel så det. 

Groucho får mest plass; av dei tre store var det han som levde lengst, både i rampelyset og elles. Om Chico kjem det fram litt nytt, både om han og to av dei andre fortel Louvish rimeleg fritt om vanskar i både eitt og fleire ekteskap. Han går likevel ikkje for langt, slik eg ser det. Gummo er den mest usynlege, også i denne boka. 

Louvish bruker ikkje altfor lang tid på å referera filmane deira. Han fortel heller om prosessen før filminga, altså om tingingar med filmselskap og regissørar og slikt. Og han har sjølvsagt med mange av dei beste replikkvekslingane, både frå filmar og frå andre stader. Han er raus med rosen for radioserien Groucho og Chico laga midt i 1930-åra, og eg ser fram til å lesa gjennom dei manuskripta igjen.

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

22. mai 2023

Jon Fosse: Naustet (1989)

Det var visst denne boka som var gjennombrotet til Fosse, og det er fullt forståeleg. Det er ei glitrande bok.

Det er vel ei slags trekanthistorie. Forteljaren, Bård, har budd heime heile livet, og det har ikkje vorte noko av han. Ein sommar han går langs vegen møter han barndomskameraten Knut'n. Dei har ikkje snakka med kvarandre på lenge, men i ungdomen var dei saman om alt. Knut'n er på ferie hjå mora, saman med kona Ingrid og to døtrer. Bård og Knut'n snakkar saman, og alt no merkar me at alt ikkje er heilt tipptopp mellom Knut'n og Ingrid, og utover i romanen kjem ho nærare og nærare Bård. Han er ikkje heilt uinteressert, men veit ikkje heilt kva han skal gjera.

Boka har tre delar. I dei to fyrste vert den same forteljinga fortalt to gonger, fyrst slik Bård ser det og deretter slik Knut'n ser det. Begge delane er, fascinerande nok, fortalt av Bård. I den siste delen fortel Bård om kva som hende etterpå.

Det er stor litteratur, dette. Me er i eit typisk Fosse-landskap, både geografisk og mentalt, og han er i ferd med å perfeksjonera den repeterande og fengande skrivestilen sin. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

17. mai 2023

Don DeLillo: End Zone (1972)

Den andre romanen til DeLillo, og boka er langt betre enn debuten. Det handlar eigentleg om éin sesong i amerikansk fotball på college-nivå, fortalt av den relativt talentfulle Gary Harkness. Han spelar på eit lag i Texas, og dei vinn alle kampane bortsett frå éin. Mange av kapitla handlar om samtalar med dei andre spelarane eller samtalar med nokre kvinnelege studentar med rimeleg interessante meiningar. Midt i boka kjem det òg eit uventa langt og detaljert referat frå den eine kampen laget tapte.

Boka kom ut i 1972, midt under den kalde krigen, og dette pregar òg studentane. Harkness er oppteken av atomvåpen, og minst ein av dei andre spelarane er òg altfor glad i å lesa om krigen. Fleire gonger vert det snakka eller skrive om parallellar mellom fotballkampar og krig.

Det handlar altså (delvis) om alvorlege tema, men det er likevel ei uventa lystig bok. Dialogane er gode, Harkness er ein lystig fyr, og DeLillo skriv godt. 

Guffen tilrår. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
Great Jones Street (1973)
The Silence (2020)

15. mai 2023

Geert Mak: Store forventninger (2020)

For femten år sidan gav Mak ut ei fin bok om Europa gjennom det tjuande hundreåret. Denne boka er ein slags oppfølgjar, der han skriv om dei fyrste tjue åra etter tusenårsskiftet. Det er ikkje den lystigaste boka eg har lese, og når han i eit etterord skriv om korleis mange av landa i Europa reagerte då pandemien dukka opp, vert ein ikkje akkurat optimist.

Mak stoppar opp ved ulike hendingar. Han held seg stort sett til Europa, men etter at Trump går inn i den amerikanske politikken skriv han òg mykje om USA. I det kapittelet kjem det ei setning som eigentleg oppsummerer heile den tida me lever i: "Vi begynte uunngåelig å synes at det uvanlige var vanlig". Trump er jo ikkje åleine; det dukkar opp tullete politikarar overalt, politikarar som er ute av stand til å sjå heile biletet. Nokre få unntak finst det, og Mak er stort sett positivt til Angela Merkel.

Terror, flyktningar, økonomikrise, klimaendringar, pandemi - lista over ubehagelege emne er lang. Mak reiser rundt i Europa og snakkar med folk, han reiser på bibliotek og internett for å samla informasjon, og presenterer eit rikt og klokt bilete av verdsdelen. 

Guffen tilrår. 

Meir Mak på kulturguffebloggen
In Europe (2004)
USA. En reise (2012)

11. mai 2023

Aage G. Sivertsen: Rinnanbanden (2022)

Me såg nett ein fin NRK-serie om nokre av dei som var dømde til døden etter andre verdskrigen. Ein episode handla om Henry Rinnan og banden hans, og då eg fann denne boka på sal i bokhandelen plukka eg ho like godt med meg. 

Henry Rinnan var ein av dei verste nordmennene i andre verdskrigen. Han gjekk i tysk teneste alt frå juni 1940, og dei hadde god nytte av han: Han lurte mange i heimefronten til å tru at han var på deira side, og fekk dermed tak i namnet på mange heimefrontmedlemmer. Han torturerte fangar, og han kommanderte andre til torturera dei. Han var aldeles utan hemningar, og kunne ta livet av folk frå eigen bande. Då freden kom prøvde han å flykta til Sverige, men vart fanga og sett i fengsel. I rettssaka mot Rinnanbanden vart han dømd til døden.

Historia om Rinnan er så dramatisk at det kan skrivast gode bøker om han. Denne boka er diverre ikkje altfor imponerande. Det opnar bra, der Sivertsen fortel at han som ung fotballspelar hadde ein trenar som hadde vore med i Rinnanbanden, og at det gjorde han interessert i Rinnan. Eg trur nok òg Sivertsen har kunnskapen på plass og vel så det, men boka hadde hatt godt av strammare redigering og anna oppbygging. Det er litt rotete, me møter altfor mange folk, og det heile vert kjedeleg og lite engasjerande.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

9. mai 2023

Ahmet Mithat: Felâtun Bey og Râkim Efendi (1875)

Tyrkisk litteratur - det har du eit stort hol i kunnskapen min. Denne boka er meir enn solid, så det kan henda at eg bør halda fram med å lesa bøker frå Tyrkia.

Noko av det mest uventa var det rause humøret og den utbreidde humoren i romanen. Eg veit rett nok ikkje kvifor eg vart overraska over det, men likevel. Mithat kjem ofte med små kommentarar og forklaringar til lesaren, og desse livar opp. Det same gjer den gjennomgåande episoden med majonesen.

Dei to hovudpersonane er om lag jamgamle. Dei har heilt ulike haldningar. Felâtun Bey er djupt påverka av impuslar frå utlandet, fyrst og fremst Frankrike, og gjev ikkje noko godt inntrykk. Râkim Efendi er meir lojal mot det tyrkiske, og er langt lettare å lika. Dei går gjennom livet, dei jobbar litt og dei møter nokre kvinner, og heile vegen kosar eg meg. Kanskje det var overraskinga som gjorde det, men det er lenge sidan eg har vorte så sjarmert av ei bok.

Guffen tilrår. 

4. mai 2023

Lev Tolstoj: Då Ivan Iljitsj døydde (1886)

Ein fin kortroman. Romanen handlar mest om livet til Iljitsj, korleis han levde og tedde seg og vart sjuk; døyr gjer han ikkje før i den aller siste setninga. Det er kanskje det som er litt av poenget med tittelen - han levde eit liv slik det var venta av han, der det som var av harmoni fanst på utsida.

Iljitsj er jurist, har gode jobbar, og giftar seg til meir velstand. Han og kona har ikkje noko spesielt nært forhold, og dei han kjenner frå jobben er heller ikkje nære vener. Etter at han vert sjuk, og spesielt etter at det vert tydeleg at sjukdomen er alvorleg, bryr ikkje venene seg like mykje om han. I opningskapitlet, der dei får høyra at han er død, er det mest seg sjølv og eigne sjansar dei tenkjer på. Dei er heller ikkje så opptekne av å trøysta enkja - dei møter opp, slik dei skal, men lengtar mest etter å reisa att, slik at dei kan spela kort.

Det er ei fin og fengande bok. Kanskje eg burde lesa meir Tolstoj - eg trur dette er det fyrste eg har lese av han. Og, slik eg alltid skriv om desse bøkene frå Skald - denne serien av omsette klassikarar er eit finfint tiltak. 

Guffen tilrår. 

3. mai 2023

Leander Djønne: Oskespiralen (2022)

Denne romanen opnar litt for traust. Det tek seg opp om lag halvveges, men Djønne bruker litt for lang tid på å få på plass premissane for det som skal skje.

Det handlar om ein familie der det meste har gått galt. Faren var eineherskar då tvillingane budde heime. Seinare drap han mor deira. Den eine guten har vore i fengsel og på sjukehus, og den andre har vorte ekstremt kristen. Faren tørna galen etter at han vart åleine, og fyller både hus og tun med steinhaugar. 

Han eine guten vert sett fri, og han andre bestemmer seg for å køyra frå Vestlandet til Oslo for å henta han. Tanken er å omvenda han på vegen, men det går ikkje bra. Vel framme ved heimfjorden møter dei fyrst naboen og deretter faren, og det vert ein rimeleg valdeleg slutt på boka.

Djønne har eit litt arkaisk språk, med mange korte setningar. Av og til vert det poetisk og fint, andre gonger fengar det ikkje like mykje. 

Guffen er lunken. 

1. mai 2023

Patti Smith: Year of the Monkey (2020)

2016 var eit hardt år for Patti Smith. Ho får melding om at venen og musikkprodusenten Sandy Pearlman har fått hjerneslag. Ho vitjar han på sjukehuset i California, der han ligg i koma. Eks-kjærasten og forfattaren Sam Shepard er òg dårleg, og Smith vitjar han i Kentucky, der ho hjelper han med å fullføra romanen The One Inside. Det er presidentval i USA, og det går som kjent heller ikkje så bra. Og heilt mot slutten av året fyller ho 70 år, noko ho ikkje ser fram til. 

Ho vitjar Pearlman i samband med at ho held tre konsertar i San Francisco. Etter desse konsertane reiser ho sørover langs kysten, og tek inn på motellet Dream Inn. Utover i boka refererer ho mange draumar, og ho snakkar av og til med dette skiltet. Nokre gonger er det uklart om det ho fortel om er røyndom eller draum. At ho drøymer seg vekk er ikkje så rart, etter eit slikt år kan det vera greitt å søkja tilflukt ein annan stad.

I California dreg ho til ein kafe som heiter WOW, og der kjem ho i snakk med tre-fire ungdomar som diskuterer romanen 2666 av Roberto Bolano. Ein av ungdomane, Ernesto, møter ho gong etter gong gjennom boka.

Det er ein finfin bok. Smith skriv som vanleg svært godt - ho sløser ikkje med orda, og dei ho bruker bruker ho godt. 

Guffen tilrår. 

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Devotion (2017)

Il Posto (1961)

Dette var uventa, på minst to måtar. Me skrolla nedover Netflix for å sjå etter noko interessant, og innimellom alt skvipet dukka det opp ein seksti år gamal italiensk film. Det var gledeleg nok i seg sjølv, men like uventa var det at filmen var finfin.

Historia er kort og grei. Domenico bur heime hjå foreldra sine, og er på leit etter ein jobb. Han er kalla inn til intervju og testing, og gjer det så godt at han får ein fot innom. Han vert kjent med Antonietta, og dei bakkar kvarandre opp gjennom heile prosessen. Dei får jobb i ulike avdelingar, og misser kontakten. Til slutt i filmen vert han forfremma, og veit at han har ein arbeidsplass resten av livet. Sjølv om det ikkje er heilt klart for oss kva jobben er for noko, går det klart fram at det er eit kjedeleg arbeidsliv som ventar.

Filmen er finfin. Kvart einaste bilete kunne vore eit fotografi. Skodespelet er glimrande, og Sandro Panseri, som spelar Domenico, har eit fabelaktig ansikt. 

Guffen tilrår.