25. juni 2019

Back to the Future (1985)

Me prøver ei avansert form for vaksenopplæring i sommar: Me inviterer ungane til å sjå filmar frå åttiåra. Interessa har vore sånn middels så langt, men dei to eldste heldt ut gjennom heile denne.

Michael J. Fox spelar ein ung gut som har eit nært forhold til ein gal professor i nabolaget. Professoren har funne opp ei tidsmaskin, viser det seg, og sidan nokre libyiske terroristar prøver å få tak i den maskina, vert Fox ved eit uhell sendt tretti år tilbake i tid. Det er tilfeldigvis akkurat dei dagane foreldra hans vert kjærastar. I utgangspunktet likar ikkje ho som skal verta mor hans han som skal verta far hans - ho er langt meir interessert i Fox. Fox får kontakt med professoren, som sjølvsagt er langt yngre, men som heldigvis bur i det same nabolaget, og dei to greier å få sendt Fox tilbake til si eiga samtid.

Sjølv om ein ser vekk frå alt som er av logiske bristar, og sjølv om ein tek høgde for at målgruppa var langt yngre enn eg er no, og sjølv om ein tek med at det filmtekniske har utvikla seg mykje på desse trettifem åra, så er dette veike greier. Det er klisjefylt, det er tynn humor, det er overdrive skodespel, og så bortetter. Huff.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. juni 2019

Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)

Dette er oppfølgaren til Giants in the Earth, som må reknast som det skjønnlitterære hovudverket til Rølvaag. I Giants handlar det om utvandringa og etableringa av eit lite norsk-amerikansk settlement på Dakota-prærien, her handlar det om korleis dette settlementet vert ein integrert del av det amerikanske samfunnet.

Peder Victorious er den yngste sonen til dei to hovudpersonane i Giants. Far hans døydde mot slutten av den boka. Det var han som ville utvandra, det var han som drøymde store draumar om livet på prærien, og enkja, Berit, gjer ein heroisk innsats for å oppfylla desse draumane. Ho er ikkje heilt stabil, ho fantaserer litt, ho snakkar ein del med den døde ektemannen sin, men mest av alt slit ho med utviklinga rundt seg. Ho ser at alt det norske forsvinn, og er uroleg over at ungane snakkar meir og meir engelsk.

Det siste poenget vert utbrodert så mykje at lesaren går lei. Det verkar òg som om Rølvaag vil få fram for mykje frå den tidlege norsk-amerikanske soga - han skriv mykje om korleis det vart etablert fleire trussamfunn, der skilnaden var minimal.

Og han skriv sjølvsagt mykje om Peder. Han bryt alle reglane til mora - han snakkar og les engelsk, han finn seg irsk-amerikansk kjærast, og han er ikkje så oppteken av kyrkja og religion som andre er. Han ser at han er i eit nytt land, og ser ingen grunn til å leva slik foreldra gjorde i gamlelandet. Han er fødd amerikansk, og er amerikansk. Der faren heile tida såg vestover, ser Peder framover - han lengtar etter eit anna og meir moderne Amerika.

Boka er ujamn. Rølvaag bruker altså mykje tid på dei ulike kyrkjene, og der er boka heller stilleståande. Det tek seg opp når Peder får ei meir sentral rolle, både når han drøymer om framtida, og når han snakkar og kranglar med mora.

Guffen er lunken.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)
Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

22. juni 2019

Manhattan Murder Mystery (1993)

Woody Allen har laga mange gode filmar. Denne er kanskje ikkje heilt på topp, men filmen er heilt grei.

Her er mange kjende vriar. Hovudpersonane er kreative sjeler, dei bur på Manhatten, dei har det greitt økonomisk, og dei snakkar og snakkar. I denne filmen spelar Allen og Diane Keaton eit ektepar som tilfeldigvis vert kjend med eit par i ein naboleilegheit. Dagen etter døyr nabokona. Dei møter mannen hennar nokre dagar etterpå, og han oppfører seg så normalt at Keaton vert overtydd om at det er han som har drepe henne. Ho snik seg inn i husveret hans, ho spionerer på han, og hevdar at det er fleire og fleire ugler i mosen.

Det er jamt over ein triveleg film. Humoren er som vanleg mest verbal, og her kjem nokre fine godbitar. Når Allen prøver seg på meir slapstick-humor er det mindre vellukka - to gonger er han med Keaton inn på rom der noko kan ha skjedd, og begge gongene veltar han så mange ting at det berre er pinleg.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

20. juni 2019

Alf Prøysen: Trost i taklampa (1950)

Bygd og by, hand i hand. Eller kanskje ikkje. I denne romanen møter me Gunvor Smikkstugun. Ho bur i Oslo, men er ei veke på sommarferie i heimbygda, ein stad på Hedmark. Ho vil gjerne visa at ho har det bra i Oslo, men vil gjerne òg visa at ho er på heimlege trakter. Tilhøvet mellom by og bygd er det sentrale i boka, og uttrykket "flukta frå landsbygda" vert brukt ofte.

Gunvor er hovudpersonen, men me møter mange andre. Litt for mange andre. Boka er på berre 120 sider, så det er ikkje tid nok til at me vert godt kjende med alle. Men dei er her, alle saman: Dei som er skeptiske til alt frå bygda. Dei som er skeptiske til alt frå byen. Dei som berre drikk og slæst. Dei som baksnakkar andre. Dei som legg store planar som fell i grus.

Gunvor er heime på sjølve blåklokkevikua. Den vert avslutta med ein dans på lokalet, der nokre får den dei vil ha, der nokre ikkje får nokon, og der andre igjen får ein blåveis.

Boka er skriven på hedmarksdialekt. Det går greitt å lesa ho, det enklaste er å førestella seg at Prøysen les det høgt. Dette er den einaste romanen hans, og han kjem heilt greitt frå den oppgåva.

Guffen tilrår.

16. juni 2019

Mick Wall: Lemmy (2016)

Sex and drugs and rock'n'roll - det var stort sett det det gjekk i for Lemmy. Han ville rett nok hatt ei anna rekkjefølgje, han rangerte musikken øvst. Etter nokre år i halvgode band i 60-åra (mellom anna The Rockin Vickers, som skal ha vore det fyrste britiske bandet som spelte i Jugoslavia), og etter å ha vore roadie for Jimi Hendrix, vart han i 1971 med i Hawkwind. Der fekk han sparken i 1975, og han laga sitt eige band, Motörhead. Dei heldt på til han døydde i 2015, og han var den einaste som var med i desse førti åra. Han var Motörhead, Motörhead var han.

Denne boka er ikkje den grundigaste biografien eg har lese, og det er slettes ikkje den mest kritiske, men det er likevel underhaldande lesnad. Wall er ein respektert musikkjournalist, som dei siste åra har skrive bøker, mange bøker - dei fire-fem siste åra har han gjeve ut to bøker kvart år. Han støttar seg mykje på eldre intervju med Lemmy her, og har intervjua ei rekkje andre personar, men eg har ei kjensle av at han burde brukt meir tid. Dei gode anekdotane står i kø, dei gode analysane er det ikkje like mange av. Boka er likevel underhaldande, Lemmy er ein god historieforteljar.

Wall legg ikkje skjul på at Motörhead var på sitt beste rundt 1980, då Lemmy hadde med seg Philty "Animal" Taylor og "Fast" Eddie Robertson. I dei mange åra etterpå levde bandet helst på gamle dagar. Dei gav ut nye plater, men dei var visst ikkje mykje å skryta av. Her burde Wall køyrt Lemmy hardare - det held ikkje å seia at Lemmy meinte at den (til ei kvar tid) nyaste plata deira var den beste, det er jo slikt alle musikarar seier. Og han burde i alle fall ha køyrt Lemmy hardare på kvifor han er så oppteken av nazi-effektar. Han må gjerne meina at uniformane til nazistane var finfine, men det er ikkje grunn god nok for å byggja opp ei så stor samling. Korkje Wall eller eg trur at Lemmy sympatiserte med nazismen, men det er likevel eit tema som bør grunngjevast godt.

Guffen tilrår.

13. juni 2019

Nick Hornby: Fever Pitch (1992)

Dette var stas. Eg las boka om lag eit år eller to etter at ho kom ut, men har ei kjensle av at eg då las ho med sterke Arsenal-auge. Det er ei bok om å vera Arsenal-fan, men denne gongen var det langt tydelegare at dette er ei bok som kan nå alle: Boka handlar eigentleg om å vera fotball-fan.

Hornby går gjennom fotball-livet sitt, frå far hans tek han med på kamp som ung gut, til han er ein etablert mann med sesongkort på sitjetribuna. I mellomtida har han stort sett stått på North Bank, bak det eine målet på Highbury, og sett både godt og gale. Han har sett laget sitt vinna og tapa, han har sett publikum le og grina, han har sett hooligans slå og verta slått.

Boka er godt oppbygd. Kvart kapittel handlar om éin kamp, men det er helst sjeldan at resultatet er det viktige. Han skriv om nye tema heile tida - tribunevald, kameratskap, forholdet supporterane har til laget og heimebana, media, mål, osb. Det er innsiktsfullt, det er underhaldande, og det er stort sett stas heile tida. Forteljinga hans sluttar i 1992, altså rett før det heile tok av med Premier League og utanlandske spelarar og altfor, altfor mykje pengar, og det er kanskje like godt.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

12. juni 2019

Chernobyl (2019)

Denne serien fortel om ei av dei mest dramatiske hendingane i 80-åra - eksplosjonen ved atomkraftverket i Chernobyl. Eg hugsar det, om enn noko vagt, men serien får fram at situasjonen var langt meir alvorleg enn me fekk med oss då. Ein viktig grunn var sjølvsagt at dei russiske styresmaktene la lok på all informasjon.

Det er òg eitt av dei viktige temaa i denne serien. Her er fleire sentrale personar, men den viktigaste er truleg professor Legasov. Han var med i kommisjonen som etterforska ulukka, og la ikkje skjul på det styresmaktene ikkje ville ha fram. Han var uredd, han visste at han ville verta straffa, men la likevel fram sanninga. Andre sentrale personar er han som var vaktleiar for dei som var på jobb den fatale natta, det er ho som var gift med ein brannmann som miste livet, og det er to som samarbeider med Legasov. Men ei heil rekkje andre personar er òg med, og det passar godt - det var ei hending som påverka livet til svært mange.

Det er ein glimrande serie. Eit lite ankepunkt kan vera at han spelar på alt som fanst (og kanskje finst) av fordommar mot Russland - serien har ein kanskje fargelaus fargepalett, her er korrupsjon overalt, alle drikk og røykjer altfor mykje, og styresmaktene gjer nett som dei vil. Men det ankepunktet er altså lite, og mykje av det er nok truverdig. Historia vert glimrande fortalt, her er mange flotte bilete, og serien får fram kor lite som skulle til før det gjekk endå verre. Og han får fram at mange av dei som arbeidde ved kraftverket, kor mange av dei som rydda opp, og kor mange av dei som sat på toppen, visste altfor lite om kva krefter dei leika med.

Guffen tilrår.

11. juni 2019

Helge Ingstad: Nunamiut (1951)

Denne boka kan minna litt om Pelsjegerliv. Også denne boka fortel eit lengre opphald Ingstad hadde i det nordlegaste Nord-Amerika, men utgangspunktet er litt annleis. I Pelsjegerliv reiste han ut for å leva fleire år som jeger; her var målet å verta kjent med eskimoar som levde langt nord i Alaska. Han er meir sosialantropolog enn jeger.

Det er naturskildringane som er dei beste. Ingstad skriv godt, og han får godt fram korleis han vert dregen mot naturen. Han er med eskimoane overalt - dei flyttar jamleg, dei dreg dit dei vonar at reinsdyra er. Dei er likevel ikkje lengre unna sivilisasjonen enn at dei av og til får besøk av fly - det kan vera av di nokon av dei treng dokter, det kan vera av di nokon kjem for å kjøpa skinn hjå dei. Ingstad vert ein del av samfunnet deira, han snakkar språket deira, han lærer songane deira, og dokumenterer det heile på film.

Det svingar ikkje like som av Pelsjegerliv. Det er kanskje urettvist å samanlikna dei to bøkene, men likevel. Mot slutten kjem det eit langt kapittel om songar, komplett med noteliner og tekstar, og det bryt for mykje med resten av boka. Slik er det gjerne ved andre høve òg, i kortare eller lengre avsnitt.

Guffen er lunken.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

10. juni 2019

Jan H. Landro: Frå Nora til Karl Ove (2017)

Dette er jo ein svært god idé: Ein av dei dyktigaste kulturjournalistane i landet går gjennom den norske litteraturhistoria, og skriv om oppdikta personar som har gjort inntrykk på han. Han presenterer 84 slike. Mange av dei opplagte er med, andre stader gjer han uventa val. Kvar forfattar kan berre vera med éin gong, og då ryk Elling til fordel for Erling.

Her er ting å trekkja for. Når Landro presenterer desse personane, vert det ofte ved å referera boka eller bøkene dei er med i. Eg skulle gjerne sett at han gjekk djupare inn i personane, og fekk klarare fram kvifor dei var fengande. Dessutan er òg tittelen misvisande - Nora er Nora i Et dukkehjem, og eg rekna med at Karl Ove var hovudpersonen i Min kamp. Slik er det ikkje - Knausgård-karakteren Landro skriv om er Henrik Vankel frå Ute av verden. Tittelen på boka vert altså eit billeg salstriks, der ein vender seg mot dei mange Min kamp-lesarane.

Men her er òg mykje godt. Nokre personomtalar er svært solide. Mange av omtalane gav meg lyst til å lesa bøkene Landro skriv om, eg noterte i alle fall ti titlar eg bør få tak i. Og av og til fekk eg lyst til å lesa bøker opp att. Omtalane opnar med namnet på personen, medan boka ikkje vert nemnt før til slutt. Så då Landro refererte frå Gjennom natten tenkte eg at dette høyrdest ut som ei interessant bok, tok det to-tre sider før eg merka at dette var noko eg faktisk hadde lese. Det verkar som om Landro har gjort eit godt utval av forfattarar, og i farten kom eg ikkje på nokre eg sakna.

Guffen tilrår.

9. juni 2019

My Next Guest Needs No Introduction, sesong 2 (2019)

David Letterman kan snakka med folk. Han stiller gode spørsmål, og han let dei andre få snakka mykje. Han bryt inn med små kommentarar, han kjem med gode replikkar, han kjem av og til med små historier frå eige liv, men det er gjesten som er hovudpersonen.

Det er fem episodar denne sesongen. Alle episodane er ikkje like gode, det varierer etter kor spanande gjesten er. Best er episoden der Ellen DeGeneres er gjest. Hovudtemaet i samtalen er for så vidt alvorleg nok, ho snakkar mykje om korleis det var å stå fram som lesbisk, men det er ein episode der både Letterman og gjesten får vist fram dei komiske talenta sine.

I andre episodar fungerer det mindre bra. Samtalen med Kanye West surnar litt midtveges, der dei to er djupt usamde om Donald Trump. Tiffany Haddish, som var heilt ukjent for meg, var heller slitsam, medan Lewis Hamilton hadde litt for lite å snakka om. Det tok seg opp i den siste perioden, der Melinda Gates snakka om korleis dei rikaste i verda har eit stort ansvar for å hjelpa dei som treng det. Det er ikkje berre laust snakk, saman med ektemannen har ho gjeve store summar til og brukt mykje tid på slike prosjekt.

Så det er litt ujamt, men det vert aldri verkeleg keisamt. Det kan det nesten ikkje vera når Letterman er med i samtalen. Han er så rutinert at han veit korleis han skal oppføra seg, kva som fungerer og korleis han skal respondera på det han høyrer.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

7. juni 2019

Helge Skodvin og Frode Grytten: Deilig er jorden (2018)

Frode Grytten har ved fleire høve samarbeidd med fotografar. Av og til er Grytten den viktigaste, av og til er begge to like viktige, av og til er det fotografen som er viktigast.

Denne boka høyrer til i den siste kategorien. Tekstane til Grytten er gode, det er ikkje det, men bileta til Skodvin er fabelaktige. I nokre år har han reist rundt i landet i førjolstida, og fotografert jolemotiv ingen andre ville sett. Nokre er tragiske, nokre er morosame, mange er begge delar. Her er det tomme rom med ørliten jolepynt, her er det store plastnissar som har velta, her er det nærbilete av nissar som ser skremmande ut, her er det jolebilete der regnet dominerer.

Tekstane til Grytten ligg ofte i ei liknande stemning. Han skriv om situasjonar der alt ikkje går som det skal, om jolefeiringar som av ulike grunnar er vanskelege. Det er korte tekstar, der han med få ord legg premissane for det som skal koma.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)