28. september 2014

Vidar Kvalshaug: Trampolineland (2012)

Eg har lese fleire av bøkene til Kvalshaug, og har jamt over likt dei. Kanskje det er difor eg vart litt skuffa over denne. Boka har tolv noveller, og fleire av dei er finfine. Andre er òg gode, men nokre, kanskje så mange som ein tredel, fekk eg lite ut av.

To tema ser ut til å gå att gjennom boka. Tilhøvet mellom fedre og born, eller mellom foreldre og born er eitt av dei; det andre er tap og død. I meir enn halvparten av novellene har det vore eit dødsfall, der familiemedlemmar prøver å få kvardagen til å gå vidare. Nokre gonger vert dei to temaa fletta saman, som i opningsnovella, der ein far og ei dotter har heilt ulik forståing av kva det vil seia at mor til dottera er død.

Kvalshaug skriv godt, men det er altså ikkje nok til å redda heile denne boka.

Guffen er lunken.


Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Ingen landevei tilbake (1996)
Nesten som på film (1998)
Juling og andre kjærtegn (2000)
Komme hjem og reparere hus (2005)
Den første av dine aller siste sjanser (2009)
Alt på stell (2016)
Blodbøksommer (2017)

Room 237 (2012)

Kor godt komponert kan ein film vera? Kor mange hint kan ein leggja inn i ein film, kor mange meir eller mindre skjulte historier kan der vera? Mange, viss ein skal tru på denne filmen. Det er uråd å tru på alt som vert hevda her, men filmen er likevel fascinerande.

Utgangspunktet er at Stanley Kubrick har lagt inn ei mengd skjulte referansar i filmen, og at filmen handlar om noko langt meir enn ein wannabe-forfattar som tørnar galen i eit klaustrofobisk hotell. Fleire personar, som ikkje vert introduserte, og som det heller ikkje vert teke til motmæle mot, kjem med sine meir eller mindre godt grunngjevne hypotesar om kva filmen handlar om. Ein meiner at det er ein film om korleis det kvite Amerika massakrerte indianar-kulturen. Ein annan meiner det er ein film om holocaust. Ein tredje meiner at filmen er ei stadfesting på at det var Kubrick som laga filmen som overtydde folk om at USA faktisk hadde sendt folk til månen. Ein fjerde hengjer seg opp i at møblementet endrar seg i same scene, og at i scena der Danny leikar med bilar på golvteppet (på plakaten til venstre), har han brått snudd seg 180 grader, slik at den brune streken som fyrst peikar inn mot magen hans peikar mot ryggen. Ein femte har prøvd å teikna hotellet, for å visa at det ikkje kan vera eit stort vindauga bak skrivebordet til hotelldirektøren, og at det sterke lyset bak det vindauga må tyda eit eller anna.

For meg verkar det meste av dette som reint vås. Det einaste som gav litt meining for meg, var dei mange referansane til indianarkulturen, og at filmen har sterk sympati med dei. Men det andre? Stort sett meiningslaust. Men det er fascinerande, ikkje minst av di det viser kor sterkt knytte ein kan verta til ein film. Her er folk som har sett filmen igjen og igjen, og som altså finn stadig nye lag med meining. Og dei ser filmen grundig - ein meiner at viss ein går gjennom opningsscena bilete for bilete, kan ein på eitt bilete sjå ein svak karikatur av Kubrick i skyene.

Guffen tilrår.

Meir Kubrick på kulturguffebloggen
Fear and Desire (1953)
Dr. Strangelove (1964)
The Shining (1980)

25. september 2014

Boyhood (2014)

Richard Linklater har laga mange filmar der ungdom har hovudrolla, og der eit undertema gjerne er korleis ungdom slit med å finna ut kven dei er. I solnedgang/soloppgang-trilogien sin brukte han same skodespelarar i filmar med om lag ti års mellomrom, her har han gjort noko liknande, men noko eg ikkje kjenner til at andre har gjort før: Laga ein oppvekstfilm som strekkjer seg over tolv år, og som er spela inn over ein like lang periode.

Dei som som endrar seg mest i denne tolvårsperioden er to sysken, som er seks og om lag åtte år då filmen tek til. Linklater har anten hatt flaks eller uvanleg god teft då han gav hovudrolla til den då åtte år gamle Ellan Coltrane (og litt mindre teft då han gav den andre hovudrolla til dotter si, Lorelei Linklater). Coltrane er eit funn, både av di han spelar godt, men òg av di kroppen hans endrar seg så godt. Både fjes og kropp vert annleis, frå å vera ein komfortabel unge, via å vera litt keitete tidleg i tenåra, til han igjen er komfortabel og elegant då han flyttar heimefrå for å gå på college.

Denne vrien er sjølvsagt ikkje nok i seg sjølv, og det fyrste kvarteret sat eg og undra på om dette var alt. Det skjedde lite, det var berre korte glimt inn i kvardagen til ein ikkje altfor ressurssterk amerikansk familie, der ei åleinemor gjer det ho kan for å halda skuta flytande, og der faren berre kikar innom når han finn det for godt. Men så tek det seg så til dei grader opp. Det vert ein (eller fleire) historier som fengar. Tilhøvet mellom guten og mora. Tilhøvet mellom guten og faren. Hobbyane hans. Jenter han møter. Litt drikking, litt dop. Saman lagar desse historiene eit flott portrett av ein ung mann, og ei uvanleg god framstilling av korleis det er å gå frå å vera eit barn til å vera ein ung mann.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Bernie (2011)
Before Midnight (2013)

Gunnhild Øyehaug: Undis Brekke (2014)

Undis Brekke er ein ikkje heilt vellukka akademikar. Ho har nyleg flytta attende til Sunnmøre for å undervisa på ein høgskule ho tidlegare var student ved. Dei tilsette ved norsk-avdelinga er samla til julebord, der dei et smalahove. Samtalen går fritt, ho kjenner nokre av dei andre og kjenner til nokre fleire. Innimellom dette etegildet kjem ho med stadige tilbakeblikk, der ho fortel om tilhøvet til mora, til vener og kjende, til kjærastar, og etter kvart får me eit godt inntrykk av kven ho er.

Ho er ikkje den ho gjerne vil framstå som. Ho har ikkje fått til så mykje i livet. Ho fekk ikkje fullført doktergradsarbeidet sitt. Ho har ikkje fått seg familie. Ho framstår som flink i faget og har altså fått seg høgskulejobb, men anar ingenting om barokken, som ho skal undervisa i. Omtrent det einaste vellukka ho har gjort var å skriva ein sjølvbiografisk og litt for utleverande roman.

Det er ei fornøyeleg bok. Her er nok å smila av, og grepet med den gjennomgåande smalahovefesten fungerer svært godt. Øyehaug skriv godt, komponerer like godt, og siglar opp som ein favoritt.

Guffen tilrår.

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

21. september 2014

The Shining (1980)

For nokre av oss verkar det som ein drøymesituasjon: Du og familien din skal passa på eit hotell i fem vintermånader, utan andre oppgåver enn å passa på varmeanlegget og gjera det som måtte dukka opp av vedlikehald. Slik er det òg for Jack Torrance, som drøymer om å verta forfattar, og som tek med seg kone og son til Overlook Hotel i Rocky Mountains. Det går ikkje heilt etter planen; Jack taklar det ikkje i det heile. Han vert gradvis galnare, og prøver å kopiera ein familietragedie han fekk høyra om på jobbintervjuet.

Det er ein skremmande film. Det heile er svært klaustrofobisk, dei er altså tre personar på eit svært hotell, langt vekke frå sivilisasjonen. Jack Nicholson, som har hovudrolla, passar godt til spela galen. Kona hans, Wendy, er mest oppteken av å ikkje gå i vegen for han. Ho veit at han tidlegare har vore valdeleg mot sonen deira; kanskje han òg har slege ho.

Filmen forklarar ikkje alt som skjer, og det kanskje mest uklare momentet er kven Jack eigentleg er. Filmen sluttar med at kamera zoomar inn på eit foto frå 1921, og der sit han sentralt. Var han berre ein innbilt person? Han har snakka med mange andre slike i filmen. Han vert innelåst i eit matlager, men kjem seg ut derfrå - er det fordi han er innbilt, eller var det andre innbilte personar som hjelpte han ut? Og viss det var det, korleis kunne han frysa i hel? Ting tyder på at Kubrick meinte at han var eit spøkelse; i originalversjonen (som vart endra ei veke etter premiera) sluttar filmen med at hotelldirektøren vitjar Wendy på sjukehuset, og fortel at ingen kan finna liket til Jack. Men viss han, til liks med alle dei andre innbilte personane han og dei andre ser i filmen, var knytt til hotellet på den måten - kvifor var Wendy og son deira der?

Guffen tilrår.

Meir Kubrick på kulturguffebloggen
Fear and Desire (1953)
Dr. Strangelove (1964)
Room 237 (2012)

20. september 2014

Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)

For mange år sidan var eg med på å laga utstillinga "Askerkretsen". Det var eit nettverk av kunstnarar og forfattarar og målfolk, som i større eller mindre grad krinsa rundt Labråten, heimen til Hulda og Arne Garborg i Asker. No har denne krinsen omsider fått historia si i bokform, og det er bra.

For det er ei finfin bok. Rasmus Steinsvik kjøpte Labråten i 1897, for at han og kona Marta, dei to Garborgane, og Karen og Ivar Mortensson skulle slå seg saman i eit slags kollektiv. Dei neste 27 åra, fram til Arne Garborg døydde, var dette eit nynorsk kultursentrum. Det var her dei budde, dei viktigaste målideologane. Det var her grunnleggjaren av Det Norske Teatret budde, det var her grunnleggjaren og den viktigaste redaktøren i avisa Den 17de Mai budde, og det var den viktigaste forfattaren skreiv, i alle fall deler av tida. Han drog til seg andre forfattarar og omsetjarar.

Så det er ei bok om nynorske heltar, dette, men det er heltar med svært mange veike sider. Nokre ravar rundt i fylla, andre ravar inn og ut av galehus (medan andre igjen godt kunne gjort det), nokre er asosiale, nokre er dårlege ektemenn, så godt som alle har dårleg helse. Fidjestøl har respekt for det dei har gjort, men kvir seg ikkje for å dra fram desse veike sidene. Forfattaren Rasmus Løland sleit til dømes med tvangstankar, han trudde at det voks ein tråd ut av bakhovudet sitt, slik at han måtte gå same ruta att og fram når han skulle ut av huset sitt - elles ville tråden hekta seg fast ein eller annan stad. Arne Garborg var heller ikkje heilt stabil; då han og Hulda i 1901 la seg inn på eit fredeleg pensjonat for at han skulle fullføra I Helheim, fekk han problem med utsjånaden til ei av dei tilsette der. Ho hadde eit misforma andlet, og Garborg meinte at han vart sjuk av å sjå på henne. Viss ho hadde reidd opp senga hans, nekta han å sova der.

Så her er litt av kvart å smila av, men fyrst og fremst er det ein flott fellesbiografi over eit miljø som prega målrørsla, og som sette spor etter seg som framleis er tydelege. Det er mange og mykje å halda styr på, men Fidjestøl har full kontroll, og viser på ein overtydande måte kor viktig dette miljøet var. Så får me heller godta at han ikkje har sett seg nok inn i dei meir perifere kjeldene sine til å vita at Norsk Barneblad ikkje er det eldste barnebladet i verda.

Guffen tilrår.

Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

Alex Fynn & Kevin Whitcher: Arsène & Arsenal (2014)

Ei av dei fyrste bøkene eg skreiv om på denne bloggen var skriven av Fynn og Whitcher. Dette er ein oppfølgar, der undertittelen seier det meste - Arsenal-manageren prøver å finna attende til gullformelen frå tida rundt tusenårsskiftet.

For det har han ikkje greidd, trass i triumfen i FA-cupen i år. Kvart år har laget hans eit høgt toppnivå, men dei greier ikkje å halda koken oppe gjennom ein heil sesong. Dei held likevel plassen bak dei aller beste i England, og har vore blant dei fire beste på tabellen dei siste femten-seksten åra. Økonomien har spelt inn, Arsenal bygde eit nytt stadion for bortimot ti år sidan, og har prioritert å betala ned på gjelda, og brukt det som forklaring på kvifor dei ikkje har kjøpt fleire dyre spelarar.

I alle fall fram til no. Boka er dels ein gjennomgang av fjorårssesongen, der annakvart kapittel handlar om kampane som var spelt, og annakvart kapittel er analysar av ulike sider ved klubbdrifta. Fynn og Whitcher viser det som alle veit, at Arsenal har enormt med pengar på bok, og at grunnen til den manglande handlinga truleg er at Wenger er for sta, at han har for stor tru på at laget kan greia seg med færre spelarar, og mange unge spelarar. Dei peikar òg på andre svake sider ved laget i dag, fyrst og fremst at grunnen til dei mange skadene er at medisin-avdelinga ikkje er gode nok.

FA-triumfen i fjor kan tyda på at laget omsider er på rett veg att. Fynn og Whitcher er likevel ikkje altfor store optimistar. Dei meiner, som svært mange andre, at Wenger har gjort sitt, og at han har så mykje makt i klubben at ingen vågar å kommandera han til å gjera noko anna.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

16. september 2014

Arnfinn Kolerud: Zoomarferien (2007)

Eg var i Odda i dag, der bokhandelen hadde opphøyrssal og selde ut alt av bøker for 25 kroner. Eg plukka med meg ti-tolv bøker, mellom anna denne. Eg las ho for fem-seks år sidan, men hugsar ho som ei bok som godt kunne lesast om att. Det stemde.

To tenåringar finn ut at dei skal tena pengar ved å fotografera bygdefolk i situasjonar dei helst ikkje vil verta fotograferte i. Det går sjølvsagt ikkje heilt etter planen, men det er ikkje så nøye. Det som er nøye er at her er mykje å le av, langt meir enn hugsa frå sist. Det er mange vellukka (og nokre få mindre vellukka) ordspel, og det er ei lang, lang rekkje fabelaktige dialogar.

Guffen tilrår.

Meir Kolerud på kulturguffebloggen
Langt frå bambus (1999)
Den som ikkje har gøymt seg no (2004)
Når ein først skal skyte nokon (2010)
Kom ikkje inn i mitt hus (2012)
Snillionen (2017)
Gamle menn i syningom (2021)

Chris Offutt: Out of the Woods (1999)

Eg burde kanskje stoppa med dette snart. Eg handlar mykje på Amazon, og dei kjem med mange tilrådingar. Av og til hoppar eg på, men bakdelen er at tilrådingane liknar på bøker eg har lese. Og mange av desse bøkene har felles ingrediensar - det er novellesamlingar, med forteljingar om folk utan jobb, folk utan pengar, småkriminelle, folk som ikkje er i faste forhold, og folk som veks opp på den amerikanske landsbygda.

Denne gongen er det staten Kentucky som er den geografiske fellesnemnaren. Her er åtte noveller, og eit par av dei er finfine. Ingen av dei andre er direkte dårlege, men det vert for lite originalt. Det er gode replikkar, det er godt språk, men det fengar meg ikkje nok.

Guffen er lunken.

Per Petterson: Det er greit for meg (1992)

Endå ei tidleg Petterson-bok, endå ei bok eg vert imponert over. Eg-personen heiter denne gongen Audun (men han har ein kamerat som heiter Arvid), og me følgjer han gjennom tenåra. Han bur saman med mora og to sysken, og har eit høgst anstrengt forhold til faren, som så godt som aldri viser seg.

Arvid sluttar på gymnas midt i tredje klasse. Han trivst ikkje der, sjølv om han er skuleflink, og sjølv om han eigentleg drøymer om å verta forfattar. Han får seg arbeid på eit trykkeri, men passar berre sånn delvis inn der.

Samstundes som denne notidsforteljinga får me hyppige flashback, der me får høyra om tida som avisbod, om då han flytta heimefrå ein sommar og budde ei god veke i nokre store pappøskjer, om korleis han vert teken vare på av nokre gardbrukarar aust for Oslo (der han veks opp), og korleis faren drakk for mykje og slo for mykje.

Det fine med denne boka er den truverdige forteljarstemma. Det er ein ungdom som snakkar, det heile vert sett gjennom han på ein måte me verkeleg trur på. Og sjølv om det er ei tidleg Petterson-bok, er det ikkje ei bok der forfattaren famlar seg fram, eller prøver å finna si eiga røyst. Det er stilsikkert og vel så det.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)

Carl Frode Tiller: Portrett av ein varulv (2011)

Noko av det som gjer Innsirkling til slik ein glimrande trilogi er dei gode dialogane. Tiller har eit godt øyre for truverdige replikkar, og slik sett er det ikkje rart at han òg greier seg godt som dramatikar. Dette er rett nok ikkje det beste stykket han har skrive, men det er mykje bra her.

Som i Folkehelsa er her stoff som er henta frå Innsirkling (eller omvendt). I farten er eg ikkje sikker på om det er Innsirkling 2 eller Innsirkling 3 han har henta moment frå til eit par av scenene. Her er ei overvektig jente som heller ikkje er altfor skarp, til dømes, som på spørsmålet frå ein gut om kor mange kromosom ho eigentleg har, svarar "fleire enn deg, i alle fall".

Hovudpersonen i stykket, Kent, vil helst spela black metal og ikkje noko anna. Han har slutta på skulen, og sjølv om han har sagt til systera at han skal ta til i ny jobb, reiser han ut for å drikka kvelden før den fyrste jobbdagen. Han reiser på ein fest, der han (i kjent Tiller-ånd) drikk for mykje, kranglar og drit seg ut, og slengjer altfor mykje med lippa. Seinare same natt tenner han og bandkompisen Espen på kyrkja, før dei ikkje greier å gjennomføra planane om å brenna ned eit asylmottak.

Det er altså mykje bra her, men det tek likevel ikkje heilt av. Det dramatiske senteret i stykket, som vel må vera brannforsøka, vert ikkje dramatiske nok. Det heile sluttar med at Kent lagar seg niste for å gå på jobb, og denne harmoniske slutten står òg i litt for stor kontrast til resten av stykket. Kanskje det er slik at Kent skjønar at han må leggja livsstilen om etter dei mislukka brannpåsetjingane, men det er litt utruleg at det skulle ha skjedd på nokre få timar der han sov ut ein heller kraftig rus.

Guffen er lunken.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ken Sharp, Paul Stanley & Gene Simmons: Nothin' to lose. The Making of Kiss 1972-75 (2013)

Kiss - der har du eit band eg aldri hadde noko forhold til. Alle visste om dei, sjølvsagt, og eg hugsar at me var fascinerte av at ingen visste korleis dei såg ut utan masker.Eg hugsar òg at eg var imponert då Marla, som Dina delte rom med på universitetet, omtalte det fyrste live-albumet deira, Alive!, som eit favorittalbum. Der var nokre fengande songar der, men det dei sa mellom songane var nesten like bra. Nokre veker seinare såg me den, eh, utrulege filmen Kiss Meets the Phantom of the Park, ein film der bandet ikkje akkurat framstod som skodespelarar.

Dei intervjua eg har lese med bandet har jamt over vore underhaldande. Denne boka burde difor òg vera underhaldande, det er ei bok der bandet og mange, mange andre fortel om dei tre fyrste åra til bandet. Frå dei fyrste famlande stega i New York, via mange turnear og nokre middels vellukka lp-ar, til dei får ein fulltreffar med konsertalbumet Marla tilrådde.

Og boka fengar, i alle fall ei stund. Dei fire bandmedlemmane er opne om det meste, og det er (som vanleg) stas å høyra om korleis dei famlar seg fram. Dei kjem tilfeldigvis i kontakt med folk som kan hjelpa dei, men spesielt Stanley og Simmons er drivne av enorme ambisjonar. Dei har enorm tru på det dei driv med - dei veit at dei ikkje er dei dyktigaste musikarane, og at dei kanskje ikkje skriv dei mest originale eller sofistikerte songane, men dei skapar eit sceneshow utan like. Det er ikkje berre sminkinga - det er bomber og flammar og rakettar og det eine med det andre. Dei slår gjennom hjå grasrota fyrst - platene deira vert jamt over slakta i dei store musikkavisene, og det litt meir blaserte storbypublikummet er ikkje så imponerte. Dei fire framstår som sympatiske, dei er av desse som alltid har tid til å snakka med fans, og som tek seg godt av oppvarmingsbanda.

Men midtveges i boka er alt sagt. Det einaste som står att er gjennombrotet med Alive!, men før me kjem så langt er det uendeleg med variasjonar over dei same temaa. Dei vassar i damer. Dei tek seg av fansen. Dei har det travelt i studio. Dei turnerer heile tida. Osb. Med litt strammare redigering kunne dette vorte ei god bok, no falmar interessa utover i boka.

Guffen er lunken.

14. september 2014

Before Midnight (2013)

For eit par veker sidan skreiv eg om fleire roamn-trilogiar eg har lese i det siste - overraskande nok fullførte eg ein filmtrilogi rett etterpå. Til liks med film nummer to er han skriven av regissøren (Richard Linklater) og dei to hovudrolleinnehavarane (Julie Delpy og Ethan Hawke).

Filmen minner om dei to forgjengarane, men utgangspunktet er heilt annleis. Både film ein og film to hadde ein open slutt, og her får me vita kva som skjedde etter film to: Dei vart kjærastar, han skilde seg frå kona, dei budde ei stund i New York, før ho vart gravid og dei flytte til Paris, der ho ville føda. Filmen opnar med at han seier farvel til sonen, som har feriert med dei i Hellas før han flyg heim til mora i USA.

Så vert filmen som dei andre. Bortsett frå ein middag saman med seks andre midt i filmen, er det stort sett dialogar mellom dei to heile tida. Dei snakkar framleis godt, men dei snakkar ikkje så godt saman. I dei føregåande filmane har ein hatt kjensla av at det berre skal den rette replikken til før dei vert kjærastar; i denne filmen skal det berre ein feil replikk til før alt dei har bryt saman. Forholdet deira er veldig spinkelt, og det som ligg og durar under overflata er at han vil flytta heim til sonen i USA, medan ho absolutt ikkje vil flytta frå Paris, der ho har fått tilbod om ein jobb som utover i filmen gradvis vert ein drøymejobb.

Så dei kranglar mykje, og mest om forholdet sitt. Kven er den dominerande? Kven får alltid det siste ordet? Kven vert den fyrste som skiftar til eit lettare tema? Kven er typisk amerikanar/franskmann; kven er typisk mann/dame? Og mange andre spørsmål.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Bernie (2011)
Boyhood (2014)

13. september 2014

Before Sunset (2004)

Dei to frå Before Sunrise er ni år eldre. Det vart ingenting av det avtalte møtet eit halvt år seinare, og dei har ikkje hatt kontakt i det heile. Han bur i Amerika, er gift og har ein son, ho er meir frittgåande. Han er forfattar, og har skrive ei bok om ei natt to unge menneske har saman i Wien. Boka vert ein bestseljar, han er på promoreise i Europa, og den siste dagen, i Paris, møter ho opp.

Han må køyra til flyplassen ein time seinare, og filmen handlar om denne eine timen. Som i sist film går dei gjennom byen, men den store skilnaden er sjølvsagt at no kjenner dei kvarandre (litt). Gradvis kjem det fram at begge angrar på at dei ikkje utveksla telefonnummer i Wien, begge kunne tenkt seg å verta betre kjend. I alle fall då.

Filmen er ikkje like god som den fyrste, men er likevel verd å sjå. Det heile skjer altså i real time, og her er mange lange kutt, der dei to går nedover lange og tronge gater. Ingen av dei har vanskar med å finna samtaletema, i alle fall ikkje etter dei fyrste, rare, minutta, men begge to kvir seg for å ta opp det dei eigentleg vil snakka om - forholdet deira.

Guffen tilrår.

10. september 2014

Jan Stenmark: Skratta åt räkor (2014)

Jan Stenmark er løyen. Han er ikkje den einaste som herjar i sjangeren "finn artige tekstar til ulike bilete", men han er kanskje den beste. Han klipper gjerne inn personar i bileta, for å få det slik han vil, og resultatet vert alt mogleg. Her er unge, her er gamle, nokre er triste, nokre er glade, og resultatet er som regel noko å le av.

Innimellom alt det lystige og undrande kjem det òg meir triste og alvorlege bilete. Fleire av personane på bileta funderer på døden, og dei korte tekstane, som regel berre éi setning, er ofte glimrande. "Vilken tur, tänker en del, att döden kommer ocj befriar en från att inte ha levat".

Eg har fem-seks Stenmark-bøker, om lag helvta av dei han har gitt ut. Denne er ikkje spesielt nyskapande, men det gjer ikkje så mykje. Det er stas med Stenmark.

Guffen tilrår.

Meir Stenmark på kulturguffebloggen
Du och jag (2008)
Pennan i näsan (2010)

7. september 2014

Before Sunrise (1995)

To ungdomar møtest på eit tog. Han er amerikanar, og har vore på togferie i Suropa. Ho er fransk, og er på veg til Paris, der ho studerer. Dei finn tonen, og vert samde om å halda fram samtalen i gatene i Wien, fram til flyet hans går morgonen etter.

Det er ein fin film, der så godt som kvar einaste scene handlar om samtalane deira. Dei er gode til å snakka, heldigvis, og har reflekterte og ofte samanfallande meiningar. Spenninga mellom to som nett har møtt kvarandre kjem veldig godt fram, det er tydeleg at begge likar den andre svært godt, og det er tydeleg at begge både vil og ikkje vil verta betre kjend med den andre, og at begge både vil og ikkje vil at dei skal halda kontakten.

Guffen tilrår.


Meir Linklater på kulturguffebloggen
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Bernie (2011)
Before Midnight (2013)
Boyhood (2014)

David Peace: The Damned United (2006)

Då Leeds United miste den suksessrike manageren Don Revie i 1974, tilsette dei Brian Clough i staden. Clough hadde òg gjort det bra, han hadde vunne ligagull med Derby County i 1972, men han fekk aldri heilt taket på spelarane i Leeds. Han vart sparka etter berre 44 dagar, og denne romanen handlar om denne perioden.

Boka har 44 kapittel, eitt for kvar dag. Innimellom hendingane frå Leeds kjem flashbacks til forhistoria, frå Clough må leggja opp etter ein stygg kneskade, til han vert sparka i Derby og vert tilsett i Brighton, langt nede i ligasystemet. I notid og fortid møter me to ulike Clough-ar, i notida er han handlingslamma, med for mykje respekt for spelarane, og han tenkjer for mykje på kva Revie ville gjort. I fortida er han effektiv, rett på sak, og ein spelarane har respekt for (og nesten er redd for). Han omtalar Derby som "sitt" lag; Leeds er "hans" lag. Heile vegen er han frittalande, han røykjer og drikk heile tida (slik spelarane òg gjer), og han har eit veldig laust forhold til klokka si.

Konflikten mellom Clough og Leeds er fascinerande, men den greier ikkje å bera boka. Den fyrste tredelen av boka er god, men etter kvart vert det altfor mykje repetisjon. Det er omtrent det same som skjer kvar dag, og boka misser grepet om dei av oss som veit kva som vil skje, både i Leeds og i Derby.

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

6. september 2014

Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)

Charles R. Cross var redaktør for musikkavisa The Rocket, som kom ut i Seattle. Han var mellom anna redaktør tidleg i 90-åra, då Seattle i nokre år var den viktigaste musikkbyen i verda. For rundt ti år sidan skreiv han ein fin biografi om Kurt Cobain; no har han gjeve ut ei bok der han prøver å visa korleis Cobain framleis er viktig. Han kjem ikkje radt like godt frå dette - mykje av det han skriv er godt og originalt, andre gonger er det opplagte fraser han kjem med.

Utgangspunktet er greitt. I april 1994, same dag som det vart stadfesta at Cobain hadde teke livet sitt, fekk Cross ein telefon frå Larry King i CNN. Det fyrste King sa var at samtalen vart sendt live, altså utan at Cross fekk tid til å førebu seg. Mange av spørsmåla viste at King ikkje visste noko om Cobain, men han stilte likevel eitt spørsmål Cross har tenkt mykje på i dei tjue åra som har gått: "Why did Kurt Cobain matter?"

Cross går gjennom ulike område og leitar etter spor etter Cobain. Nokre av desse er så opplagte at det grensar mot det pinlege. Er det spor etter Cobain og Nirvana i musikk som er spelt inn etter 1994? Sjølvsagt. Det ville vore utenkjeleg at eit så stort band ikkje inspirerte andre, eller fekk reine kopiar. Det same gjeld for motar, sjølv om den typiske grungebuksa, ei avklipt dongeribukse, var eit plagg Cobain aldri gjekk i.

Meir interessant vert det når han snakkar om Cobain som intervjuobjekt. Cobain var lunken til å verta intervju, og han ville ikkje vera talsmann for ein heil generasjon, slik mange utpeikte han til, men han brukte likevel intervjua godt. Han snakka lite om musikken og seg sjølv, men meir om alt det urettvise han såg rundt seg. Han må ha påverka mange gjennom det han sa. Det er også interessant å lesa om kva følgjer dopmisbruket til Cobain, og sjølvmordet hans, fekk. Det har vore skrive om alle som tok livet sitt på same måte som Cobain; Cross snakkar med ekspertar på feltet, som seier at talet på sjølvmord faktisk gjekk ned dei neste månadene, både i heimstaten hans, Washington, men òg i dei yngre aldersgruppene over heile USA. Og mange musikarar greidde å slutta med dei sterkaste stoffa etter at Cobain drap seg; sjølvmordet hans verka altså som ein vekkar for mange.

Guffen tilrår.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

3. september 2014

Mongoland (2001)

Denne filmen skårar stort på sjarmen. Han handlar om ein førjulsfest i Stavanger, der fleire par finn ut av problema sine. Han eine har ikkje takla at ho eine reiste utanlands i eit halvt år, og slit så mykje med nerver at han ikkje vågar å reisa på festen. Han andre har hatt kjærast i to veker, men er så redd for sin eigen kropp at det ikkje vert noko på han (eller ho). Ho tredje, som er vert for festen, likar han tredje, men greier ikkje å få nok kontakt med han.

Det kan altså minna om ein typisk ungdomsfilm, men han skårar altså stort på sjarmen. Det gjeld både sjølve filmen, som heilt tydeleg er laga på eit relativt stramt budsjett, men det ligg òg mykje sjarm i detaljane. Terje Torkildsen er glimrande som ein drosjesjåfør som dukkar opp eit par-tre gonger i filmen. Han som går rundt på festen og slår han andre i hovudet med eit plast-balltre er òg ein gladkar, som viser seg såpass sjeldan at han ikkje når å verta irriterande.

Guffen tilrår.

Carl Frode Tiller: Innsirkling 3 (2014)

Det har kome mange fine trilogiar frå norske forfattarar dei siste åra. Den vare og rørande bergenstrilogien til Jon Fosse, den imponerande Afghanistan-trilogien til Helga Flatland, den hylande morosame Vassbygdi-trilogien til Arnfinn Kolerud (der rett nok berre to band har kome ut), og så denne, som er den beste av dei alle.

Eg varma opp med å lesa dei to fyrste banda om att; det er nokre år sidan dei kom ut. Eg storkoste meg med dei fyrste gongen, og sjølv om eg ikkje hadde ei like stor oppleving denne gongen, var det framleis stort. Det er gledeleg at nivået er minst like høgt i denne tredje boka.

Utgangspunktet for trilogien er ei annonse med bilete av David, der det står at han har mist minnet, og at dei som kjende kan hjelpa han ved å senda inn brev til ei e-adresse. I dei to fyrste bøkene har i alt seks personar kome til orde, og også denne boka er delt inn i tre, der ein ny forteljar kjem til orde i kvar ny bolk. Fyrst møter me Marius, som me så vidt vart introdusert for i band to - der vert det fortalt at David som nyfødd vart forveksla med ein annan nyfødd unge, og det var Marius. Han fortel i hovudsak om korleis livet hans har vore, og korleis han tilfeldigvis fekk vita at foreldra hans ikkje var dei biologiske foreldra hans. Så møter me eks-kjærasten til David, Susanne, som er svært bitter på måten han oppførte seg på, og som, skal det visa seg, har ei nøkkelrolle i heile trilogien.

Til sist møter me David sjølv. Der dei åtte andre bolkane vekslar mellom brevskriving og reelle hendingar i livet til forteljarane, vekslar denne bolken mellom reelle hendingar, og samtalar mellom David og psykiateren hans. Det er altså lagt opp til ei fin stigning, me har lese mykje om David i dei tre bøkene, men veit altså ikkje kven han er. Dei åtte forteljarane treng ikkje vera til å stola på, det kan vera tilfeldig kva dei har inkludert, dei kan godt motseia kvarandre, og dei snakkar oftast om ting som hende for mange år, gjerne tiår, sidan. David fyller ut noko av dette, men han er jo som dei andre ein forteljar som nemner det han vil. Me får ikkje alle svara, men det er heller ikkje det viktige.

Det er mykje som er stort med denne trilogien. Ein ting er det overskotet av historier som Tiller drysser over oss. Innimellom breva og psykiatersamtalane kjem det altså ni rammehistorier, og mange av dei kunne ha vore bygde ut til romanar i seg sjølve. Der er òg mange ulike historier i breva, sjølvsagt. Det er òg råd å lesa trilogien som ein tekst om korleis Noreg har endra seg dei siste tiåra, der både verdiar og interesser og samfunnet i det heile går i ei retning som mange av forteljarane er djupt skeptiske til.

Det største med trilogien er likevel at han grev så djupt. Tiller har full innsikt i karakterane sine; forteljarane manglar alle ei liknande sjølvinnsikt. Alle forteljarane opplever og/eller fortel om situasjonar der ting bryt saman, der folk ikkje lenger greier å halda ting inne, der folk skrik til kvarandre og av og til vert valdelege. Det ligg og ulmar heile tida, det verkar heile tida som om det er like før det smell. Forteljarane tolkar ofte ting feil, slik me alle gjer, men her trur dei konsekvent at folk seier ting i verste meining, og handlar deretter. Det vert ein liten veikskap, og det er litt skuffande når også David i si forteljing fortel om akkurat dette.

Det ligg altså og ulmar også i forteljinga til David. I alle fall lenge, den aller siste delen av den forteljinga har ei anna stemning. I alle fall lenge - Tiller legg opp til ei nesten rørande fullføring av sirkelen sin, ved at David reiser attende til barndomsheimen på Otterøya utanfor Namsos. Det går ikkje heilt som me hadde tenkt, men men eg var likevel rørt då eg la den ferdige boka frå meg. Kanskje eg berre var glad over å ha lese ei så fortreffeleg bok.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Kven er redd? (2015)
Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Johan Harstad: Manifest for folk flest (hvem vi er & hva vi gjør) (2013)

Dette er ein fornøyeleg tekst. Det er, som tittelen presist seier, eit manifest for folk flest, og i dette høvet må me nok forstå "folk flest" som dei "folk flest" Framstegspartiet snakkar til. Gjennom heile det korte heftet - det er ein Flamme-singel - opnar setningane med "Folk flest", og Harstad listar opp alt folk flest likar eller ikkje likar.

Det er presist, han spelar på det som finst av fordommar både mot og hjå FrP-veljarar. Hadde eg hatt vit til å boka med meg til Oslo (der eg er denne veka) kunne eg lagt ut nokre døme, men det burde heller ikkje vera så vanskeleg å tippa kva folk flest vil eller ikkje vil. Dei trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar, dei høyrer ikkje på ekspertar, dei reiser til Syden, dei likar å grilla, dei handlar i Sverige, dei forstår ikkje Edvard Munch, dei likar ikkje Arbeidarpartiet, osb.

Framstegpartisympatisørar vil kanskje ikkje lika dette; eg koste meg den halvtimen det tok å lesa dette. Her var til og med nokre setningar som fekk meg til å le høgt.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)