27. juli 2018

Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)

Kjell er Kjell Aukrust; Ingjald Hoel var ein som vaks opp om lag same tid og same stad. Han har samla nokre minne frå oppvekståra i denne boka, og det er diverre ei oppgåve han ikkje kjem spesielt godt frå.

Her er ti-tolv historier, som handlar om Aukrust som ung musikar, som idrettsmann, som unge, som nabo. Ein skal leggja veldig mykje godvilje til for å finna noko å gle seg over i desse historiene. Dei flest opnar med altfor mykje bakgrunnsstoff, som Hoel tek med for å gje lesaren eit bakteppe til historiene. Når han bruker så lang tid på dette, bør historiene vera gode, og dei bør òg ha eit godt sluttpoeng. Det er dei ikkje, og det har dei ikkje. På grunn av dei lange opningane tek det òg tid før Aukrust vert omtala, slik at sjølv om boka er tynn, er det berre litt av ho som handlar om Aukrust.

Det verkar òg som om Hoel prøver å leggja seg opp til skrivestilen til Aukrust. Han, altså Aukrust, har skrive godt og særeige om eigen oppvekst, og viss Hoel hadde vore ein betre skribent kunne eit slikt skrift-slektskap vore fruktbart. No vert det berre pinleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar