27. oktober 2010

Den tredje mann (1949)

Orson Welles er stor. Han viser seg berre i den siste tredelen av filmen, men likevel er det han som vert hugsa best her. Han dreg fram Kane-smilet frå Citizen Kane to gonger; fyrste gong me ser han, og etter at han har fortalt ein fin anekdote om korleis nokre tiår med tilnærma einevelde i Italia gav oss Da Vinci og renessansen, medan fem hundreår med fred og demokrati i Sveits gav oss gaukuret.

Filmen er basert på ein roman av Graham Greene. Handlinga er lagt til Wien, i åra rett etter andre verdskrigen. Byen var delt i fire soner, og det florerer med spionar og agentar og kriminalitet. Holly Martins, ein ikkje altfor ambisiøs eller god forfattar, kjem til Wien for å vitja Harry Lime. Han får vita at Lime døydde rett før han kom, men Martins finn ut at ikkje alt stemmer med dødsfallet. Då han får sjå Lime i eit portrom, får han politiet med på å grava opp kista hans, og der ligg det, ikkje uventa, ein heilt annan person. Resten av filmen er ei jakt på Lime, for det meste nede i den fantastiske kloakken under Wien.

Welles spelar Lime, medan Joseph Cotten, som òg var med i Citizen Kane, spelar Martins. Begge er glimrande. Filmen er i svart-kvitt, og er full av fine bilete. Delar av Wien ligg i ruinar, men der er likevel nok av flott arkitektur, og sluttbiletet, der Martins står på ein kyrkjegard og ventar på eks-kjærasten til Lime, er midt i blinken.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Touch of Evil (1958)

Me and Orson Welles (2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar