14. oktober 2012

Merethe Lindstrøm: Dager i stillhetens historie (2011)

Dette var ei god bok å vera i. Eit eldre ektepar bur framleis i lag, men dei snakkar ikkje med kvarandre lenger. To dagar i veka er han på eit aktivitetssenter for eldre, men resten av tida går dei rundt i kvarandre i ein bortimot total stillheit. Ho prøver å snakka til han, men han svarar ikkje. Kanskje han ikkje vil, kanskje han ikkje kan.

Det er ho som fortel historien. Ho ser seg mest tilbake, og tankane krinsar rundt nokre hendingar. Dei hadde ei hushjelp frå Latvia, som dei begge likte, men som dei sa opp etter at ho snakka negativt om jødar. Det var omtrent då han slutta å snakka, og ho lurer på om det hadde vore annleis om hushjelpa framleis var hjå dei.

Han er jøde, oppvaksen i Tyskland. Han miste fleire slektningar under andre verdskrigen. Han miste òg kontakt med dei som overlevde, men brukte mykje tid på å leita dei opp att, og hadde mykje kontakt med ei tremenning i Berlin. Ho likar dette dårleg, dels av di det pirkar i det andre store såret hennar. Ho fekk ein unge då ho var svært ung, før ho møtte han ho gifta seg med, og denne ungen gav ho vekk då han var eit halvt år gamal. Han meiner at ho bør leita opp denne sonen; ho vil ikkje. Dei har altså begge mist nære slektningar, men forheld seg ulikt til desse. Den yngste dottera deira vil at mora skal søkja om å få den tause ektemannen plassert på ein aldersheim. Det vegrar ho seg for, det minner for mykje om då ho søkte om å få den tause babyen sin gitt vekk mange år tidlegare.

Språket til Lindstrøm står godt til denne historia. Her er få dialogar, det meste går føre seg i stillheit, og språket er lågmælt, utan store ord og fakter. Det er stilsikkert, det er stramt og utan unødvendige ord og fraser, og det heile er ei bok som gjev meirsmak.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Regnbarnas rike (1992)
Svømme over vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar