30. mai 2013

Sopranos, sesong 1 (1999)

Eg har ei kjensle av at Sopranos gjekk på NRK for lenge sidan. Det vil altså seia at eg kunne ha sett serien før, men eg er generelt dårleg på å fylgja med på seriar når dei går på fjernsyn. Det er lettare på DVD, sjølvsagt. Og når heile Sopranos-serien dukka opp som eit joletilbod frå Platekompaniet, var det eit lett val å ta.

Er serien verdt ventinga? Eg trur det. Det som ber serien er Tony Soprano, som er ein karakter med langt fleire dimensjonar enn folk rundt han. Han er høgt på strå i mafiaen i New Jersey, og kan difor sjølvsagt vera hard og valdeleg når det trengst. Samstundes er han djupt usikker, og går jamleg til psykiater. Dei samtalane er dei einaste der han verkeleg opnar seg, og der han tidvis nesten seier alt som det er, og det bryt stort med korleis han er til vanleg. Han vert òg sett på kraftigare og kraftigare medisinar, og det gjer han både meir oppfarande og flinkare til å hallusinera.

Serien vekslar (sjølvsagt) mellom korte og lange liner. Dei lange linene handlar om kven som skal ta mafiamakta etter at Jackie Aprile døyr av kreft. Det står mellom Tony og onkelen hans, Junior. Tony let Junior ta over, men ingen av dei to stolar på den andre. Mot slutten av sesongen er det tilnærma open krig mellom dei to. Bortsett frå dei gongene dei er i same rom.

Dei korte linene er mindre interessante. Det er vald, det er kriminalitet, det er damer, og det er mange personar som ikkje er like spanande som Tony. Men i det heile var det likevel ein grei sesong dette, med nok av potensielle konfliktar i neste sesong.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)

29. mai 2013

Per Petterson: Jeg nekter (2012)

Det er noko med Per Petterson. Bøkene hans er (som regel) skrivne i eit litt melankolsk språk. Det er langt frå punktum til punktum, men det er ein suveren flyt i språket. Det glir av garde, og når me som lesarar vert fanga av det, er det ein fryd å lesa vidare.

Også denne gongen handlar det om menneskelege relasjonar som ikkje er heilt midt i blinken. Dei to hovudpersonane, Jim og Tommy, var svært nære vener i oppveksten, men glei frå kvarandre. Eit tilfeldig møte får begge til å tenkja over kva dei har fått ut av livet, og korleis dei hadde det som unge. Ingen av dei kom frå harmoniske familiar, og no, som godt vaksne, bur begge åleine.

Petterson vekslar mellom ulike forteljarar, og boka flyttar seg òg mykje i tid. Det er ikkje berre Tommy eller Jim som fortel, også andre kjem til i korte glimt. Begge desse grepa gjer at Petterson kan hinta om kva som har skjedd, men det er ikkje før mot slutten av boka at alt i forhistoria deira fell på plass.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
I kjølvannet (2000)
Jeg forbanner tidens elv (2008)

25. mai 2013

Paul Auster og J.M. Coetzee: Here and Now (2013)

Utgangspunktet er greitt: Dei to forfattarane Auster og Coetzee møter kvarandre for fyrste gong i Portugal i februar 2008, og vert brevvener etterpå. Her er breva dei sende kvarandre dei tre fyrste åra samla. Boka kunne godt hatt ei kort innleiing, der litt meir rundt utgjevinga vart forklart. Stoppa korresponderinga i august 2011? Var det heile tida planen å gje dette ut? Er nokre brev utelatne? Osb.

Det me får er brev der dei er innom ei rekkje tema. Dei kjem gjerne med spørsmål dei vil at den andre skal svara på. Nokre tema går att - dei skriv mykje om litteratur, sjølvsagt, både skriving og lesing av bøker. Litt meir uventa er det at sport er eit tema begge kjem tilbake til, og som dei prøver å analysera. Politikk, reising og filmar er andre emne som jamleg dukkar opp.

Det er skilnad på dei to brevskrivarane. Auster verkar meir impulsiv, og skriv mykje meir om seg sjølv. Han kjem gjerne med anekdotar, og breva hans er òg lengre enn dei han får frå Coetzee. Coetzee på si side er meir reflektert, og verkar som den dominerande i brevvekslinga. Han seier seg langt oftare usamd med Auster; Auster på si side er som regel samd i det Coetzee skriv.

Det går fort å lesa denne boka. Ein av grunnane er at breva er ekstremt velskrivne. Slik er det gjerne når forfattarar skriv, sjølvsagt. Ein annan grunn er at dei er fornuftige, at dei har gode meiningar og har tenkt seg (litt) om før dei skriv. Her er passeleg med humor, og Auster kvir seg ikkje for å igjen visa kor tilfeldig livet kan vera. Han skriv ein anekdote han òg fortalde då eg høyrde han tidlegare i år, anten i Bergen eller Oslo, om korleis han i løpet av ei veke møter Charles Heston tre gonger, i tre ulike byar på to ulike kontinent.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The New York Trilogy (1987)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

I 1960 la John Steinbeck ut på ei reise gjennom USA, saman med hunden sin Charley. Nøyaktig femti år seinare la den nederlandske journalisten Geert Mak ut på den same reisa. Han vil heidra Steinbeck og reisa hans, men han vil òg gjera seg kjend med USA, eit land han har vitja mange gonger før. Saman med kona si reiser Mak i fotspora til Steinbeck, frå Long Island i nordaust og motsols rundt USA, fyrst langs grensa til Canada, så sørover langs stillehavskysten, og deretter austover mot New Orleans, der turen til Mak sluttar.

Det er ei grei bok, sjølv om ho kanskje sprikar litt for mykje. Der er mange referansar til Steinbeck, sjølvsagt. Mak har studert samlingar med brev Steinbeck sende, han har lese biografiar om mannen, og går aldri lei av å nemna at Steinbeck i Travels with Charley ikkje skreiv sanninga. Han opererte med altfor lange dagsetappar, han nemnde ikkje at kona var med store delar av turen, han skreiv lite om at han ofte la seg inn på store og komfortable hotell (i staden for å sova i bilen sin), og han dikta opp samtalar med fastbuande og andre reisande.

Det grundige arbeidet med å verta kjend med Steinbeck er typisk for denne boka. Mak skriv sjølvsagt om ting han opplever, folk han møter og stader han køyrer gjennom, men ofte skriv han langt om hendingar i amerikansk historie. Spesielt mot slutten av boka kjem det nokre lange sekvensar om korleis USA har oppført seg rundt om i verda dei siste 60-70 åra. Boka vekslar altså mellom å vera ei reiseskildring og ei historiebok. Det hadde fungert langt betre om desse avsnitta var henta frå folk han møtte, no vert det berre middels vellukka.

Middels er òg eit passande ord for å skildra omsetjinga. Her er ei rekkje merkelege ord og uttrykk. " 'Folk arbeider ikke for deg', hørte Gunther si." "Han kjørte i motvind og kjende de bankende, iblant rykkende kastene i stormen som han hjalp til å vekke". "Jeg har aldri sett noen del av skaperverket så uttømmende eksploatert som disse vannfallene". Det står om "en halvveis åpen jernbanebro", der det er opplagt at det burde stått øydelagd i staden for open.

Guffen er lunken.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
East of Eden (1955, film)
Travels With Charley (1962)
Of  Mice and Men (1992, film)

18. mai 2013

Lorax (2012)

Nja, ikkje all verda å skryta av dette, men eg hadde vel heller ikkje noko von om det. Kinoen på Voss inviterte som vanleg til gratis barnekino 17. mai, og det var denne som stod på programmet.

Filmen byggjer på ei bok av Dr. Seuss. Handlinga er lagt til ein by der alt er av plastikk, og der ein mektig forretningsmann styrer heile byen. Han lever av å selja frisk luft på flasker, og har difor utrydda all vegetasjon i byen - utan plantar er jo han den einaste som kan tilby frisk luft. Ted, ein gut i byen, vil imponera nabojenta, som lengtar etter å sjå eit verkeleg tre. Han lurer seg ut av byen, møter ein eremitt som fortel om korleis området vart rydda for tre, men som òg gjev Ted det einaste frøet som finst. Ted smuglar dette inn i byen, og får planta det i ein park, til stor jubel frå alle andre. Bortsett frå forretningsmannen.

Filmen har ikkje den sjarmen bøker av Dr. Seuss har. Animasjonen er midt på treet, replikkar er midt på treet, av og til dukkar det opp nokre anonyme songar, og det er lett å sjå kva som kjem til å skje. Filmen får plusspoeng for den naturvenlege vinklinga, men det er omtrent alt. Dessutan var heile filmen uskarp - men det er vel noko dei tilsette ved kinoen må ta ansvaret for.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

12. mai 2013

L. A. Stenholt: Knute Nelson (1896)

For nokre dagar sidan såg eg eit halvgodt program på NRK om fotballtrenaren Knute Rockne, truleg den best kjende vossa-amerikanaren. Det fekk meg til å tenkja på litt av kvart, mellom anna denne boka. Eg fann ho på ein uannonsert loppemarknad i slutten av april. I dag tok eg boka fram att, og las ho på relativt kort tid.

Det er ein slags biografi om Knute Nelson. Nelson utvandra frå Evanger som sju-åring, saman med mora, og dei slo seg ned i Midt-vesten. Han var soldat i borgarkrigen, han utdanna seg som advokat, han vart valt inn som kongressrepresentant, han vart guvernør i Minnesota, og han vart senator i 1895. Omtrent her stoppar boka, men han vart verande senator til han døydde i 1923, åtti år gamal. I norskamerikanske bøker, og i alle fall i dei vossa-amerikanske, er det ikkje måte på kor rosande omtale han får - det er så til dei grader opplagt at han ville vorte president, om det ikkje hadde vore for at han var fødd utanfor USA.

Så langt går ikkje Lars Andreas Stenholt, men det er ikkje mykje om å gjera. Han kallar boka ein biografi, men han kunne like gjerne brukt ordet hagiografi. Det er i det heile ei rar bok. I føreordet skriv han at hovudkjeldene hans er noko han har fått frå Nelson sjølv - eit foto, "a brief sketch of my life", og ei side frå the Congressional Directory, der det òg er "a short sketch" om Nelson. Så godt som ingenting, altså, og ingenting han ikkje har fått direkte frå Nelson. Det er kanskje ein av grunnane til boka er så tynn, og grunnen til at han kjem opp i 110 sider er at han bruker 25 sider på å ordrett attgje den fyrste talen Nelson heldt i Senatet.

Kva skriv han elles? Han skriv litt om Nelson, sjølvsagt, om utdanning og soldatliv og sånn, men spesielt grundig er det ikkje. Han flettar inn mykje frå pionertida, og skryt uhemma av dei tidlegaste utvandrarane frå Noreg. Dette var ikkje folk som levde; dette var folk som kjempa, livet gjennom. Han ser ut til å skriva slik han trur lesarane vil ha det - han kritiserer embetsmenn, han kritiserer akademikarar og teoretikarar, slike som oftare stikk fingeren i bokhylla enn i jorda. Han bruker òg mykje tid og plass på å skriva om amerikansk politikk generelt, og han er ein namedroppar av rang. Det er ikkje måte på kor mange gonger han refererer til Abraham Lincoln; meir gledeleg er det at han omtalar Sivert Aarflot, Olaus Fjørtoft og A.O. Vinje i varme ordelag. 

Stenholt utvandra frå Sunnmøre, og skal ha vore den einaste norskamerikanaren som levde utelukkande av å vera forfattar. Han gav ut ei rekkje bøker, gjerne fleire kvart år. Viss denne boka er representativ for kor mykje arbeid han la ned i bøkene sine, verkar det ikkje urimeleg at han hadde ein stor produksjon.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

Rick Smolan og David Cohen (red.): A Day in the Life of America (1986)

Ideen er god - rundt 200 profesjonelle fotografar vert inviterte til å dokumentera ein vanleg dag i USA. Dei kjem saman i Denver, drøftar prosjektet, og vert deretter sendt til ulike kantar av landet. Nokre fotograferer berømte folk, som Liza Minelli eller visepresident George Bush; dei fleste fotograferer heilt vanlege folk. Dei tek mål av seg til å visa både glede og sorg, velstand og fattigdom, folk og natur, gamle og unge, osb.

Men likevel tek det ikkje heilt av. Her er sjølvsagt mange gode bilete, men òg altfor mange middels bilete. Den store mangelen er bilete med humor, og det vert mest tydeleg på den dobbeltsida der dei trykkjer bilete frå amatørar. Desse vart inviterte til å levera sine bidrag, og dei er jamt over gode. Kanskje det kjem av at redaktørane her kunne velja ut nokre bilete av mange; kanskje det kjem av at fotografane skjøna at dei måtte gjera noko eksepsjonelt for å få biletet sitt på trykk.


Guffen er lunken.

11. mai 2013

Steffen Kverneland: Munch (2013)

I Kanon-hefta, som Steffen Kverneland og Lars Fiske står bak, har der vore fleire biografiske seriar om Edvard Munch. Her har Kverneland samla desse, og utvida prosjektet til ein glitrande teikneseriebiografi om Munch.

Boka opnar med at Kverneland forklarar Fiske korleis han vil arbeida. Han tek utgangspunkt i kva Munch og andre har skrive om livet hans, altså ikkje heilt ulikt måten han arbeidde med Illustrerte klassikere. Det aller meste av teksten i boka er henta frå desse kjeldene, men ein sjeldan gong kjem Kverneland med eigne tekstar. Av og til dukkar han òg opp i illustrasjonane, gjerne saman med Fiske, og gjerne i fotografisk form.

Dei som vil ha alle detaljane om livet til Munch må leita andre stader; dette er ikkje ein slik biografi. Kverneland konsentrerer seg om nokre periodar i livet til Munch. Munch budde nokre år i Berlin og Paris, der han hadde mykje kontakt med andre skandinaviske kunstnarar. Spesielt forholdet til Strindberg får mykje plass. Forholdet og lengten etter to kvinner, Millie Thaulow og Dagny Juel prega likevel Munch meir, og Munch var òg prega av at han miste fleire familiemedlemmar på relativt kort tid. Kverneland fortel om ein Munch som utelukkande arbeider sjølvbiografisk, og med utgangspunkt i tekstutvalet prøver han å visa korleis desse hendingane prega Munch, og inspirerte han til å måla.

Og dette gjer altså Kverneland på ein finfin måte. Han vekslar mellom ulike teiknemåtar; der han ofte flettar inn referansar til bilete av Munch, eller attgjev dei, så godt han greier. Kverneland har laga mange gode teikneseriar før, og han kjem sikkert til å laga mange fleire gode seriar, men det er ikkje utenkjeleg at dette vert ståande att som hovudverket hans.

Guffen tilrår.

10. mai 2013

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (2012)

Det er visst Lebowski-tid igjen. The Big Lebowski er ein fantastisk film, som eg gjerne ser igjen og igjen. Eg lo godt fyrste gong eg såg han, og eg ler framleis godt av han. Denne boka fortel mellom anna at det ikkje var så mange som lo av han i 1998, men at han har fått stadig fleire vener. Filmen fekk ei heller lunken mottaking i USA, og vart teken av plakaten relativt raskt.

Ei bok som denne er ikkje det einaste provet på at folk framleis likar Lebowski. I USA har det dei siste ti åra vorte arrangert ein årleg Lebowski Fest, der folk dei fyrste åra kledde seg ut som ein av karakterane i filmen, men der dei etter kvart let seg inspirera av detaljar i filmen. Folk kan koma utkledde som kvite russarar, eller med t-skjorter frå Speed of Sound-turneen til Metallica (ein turné som er oppdikta).

Denne boka fortel både om filmen, og om korleis filmen etter kvart vart dyrka av fleire og fleire. Jones skriv ikkje alt sjølv, men både ho og medforfattarane hennar kjem stort sett godt frå det. Det vert av og til litt springande, og formgjevinga vert av og til altfor oppstykka, men i det heile er det ei bok som viser kor viktig denne filmen er vorte for nokre. Det vert ikkje minst tydeleg når me les om trussamfunnet The Church of the Latter-Day Dude, som har 140 000 medlemmar.

Jones bruker mykje plass på språket i filmen, og når ein ser filmen er det nesten vanskeleg å tru på det ho skriv. Replikkane i filmen verkar fleire gonger improviserte, men ho hevdar hardnakka at all mumling og stamming og alt det der finst i manus. Det er mykje å le av også i boka. Fleire av desse sitata er anten av ein av Coen-brørne ("Minnesota in Winter is like Siberia with family restaurants"), eller om dei.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

5. mai 2013

Knut Nærum: Nordmenn som rimer (2013)

Knut Nærum kan vera hylande morosam, og det på mange ulike område. Vitseteikningane hans frå 80-åra toler godt å hentast fram att; bøkene hans kan vera gode, litteraturhistoria hans har til dømes mange gode poeng, og på fjernsyn er han òg underhaldande. Han var det i alle fall før - etter at Linn Skåber kom inn i Nytt på nytt fall nivået så mykje at eg sjeldan ser det. Kanskje eg bør ta til att til hausten.

På grunn av alt dette er det overraskande at denne boksingelen er så oppsiktsvekkande dårleg. Her er i overkant av åtti dikt på to liner, der ei av dei to linene heile tida er namnet på ein kjent nordmann. Det vert såleis ein variant av regla om han som ikkje kjende Aslak frå Brimi, av di han berre kjende folk med rim i.

Eg hadde venta meg litt å le av, eller i alle fall noko å smila av. Det kom ikkje. Eit par smaksprøvar: "Mens han var stamgjest på Grand, Henrik Ibsen / ble ingen servitør stenrik av tipsen." "Spaghetti Bolognese kommer fra Bologna / Dermed pasta, sier dronning Sonja." Dei andre dikta er omtrent like tynne.

Guffen kan ikkje tilrå dette.