29. november 2009

Helle Aarnes: Tyskerjentene (2009)

Spiren til denne boka var ein flott artikkelserie i Bergens Tidende våren 2008. Aarnes har jobba seg lengre ned i stoffet sitt, og fortener honnør for denne boka.

Det er ikkje noko bombe at tyskarjentene vart dårleg handsaman, og det er heller ikkje uventa at dei norske styresmaktene ikkje gjorde noko for å stoppa mishandlinga av desse kvinnene. Det Aarnes gjer, er å prova dette, og å visa at kvinnene var så godt som rettslause. Menn som gjorde det same, vart ikkje straffa.

Nazistane hadde ikkje akkurat noko romsleg syn på folk med skavankar, korkje fysiske eller psykiske. Aarnes viser at det ikkje stod stort betre til med nordmenn, den siste halvdelen av 1940-åra. Fleire dokterar skreiv då at jenter som fann seg tysk kjærast var underutvikla. I ein interneringsleir på Hovedøya utanfor Oslo vart det gjort ein IQ-test av 310 kvinner, og det vart konkludert med at berre åtte av desse hadde vanleg norsk intelligensnivå. Seksti prosent av dei testa fekk stempelet tilbakeståande.

Den fyrste delen av boka fortel kva fem utvalde tyskarjenter opplevde under krigen, og i desse forteljinga gjev Aarnes oss òg overordna informasjon om korleis det norske samfunnet handsama desse. Denne delen er langt meir interessant enn den andre delen, der ho fortel korleis desse fem hadde det etter krigen. Eller - for ei av kvinnene er det sonen som snakkar om livet etter krigen. Mor hans døydde i 1951, to veker etter ein lobotomioperasjon.

Guffen tilrår.

28. november 2009

Some Kind of Monster (2004)

Det kunne vel ikkje gå annleis - etter å ha lese ferdig ein Metallica-biografi, gjekk eg til filmhylla og fann fram denne dokumentaren. Filmen handlar om dei to åra bandet brukte på å spela inn plata St. Anger, og dette var heller innhaldsrike år.

Bassisten Jason Newsted hadde nett slutta, og dei tre attverande medlemmane var usikre på korleis den nye plata skulle verta. Dei har ikkje noko ferdigskrive materiale, meininga er å skapa alt i studio. Eit filmteam får fritt spelerom, og filmar omtrent alt som skjer, og stemninga vert gradvis verre og verre. Dei hyrer inn ein terapeut, som lirer av seg mykje svada.

Etter ein krangel går vokalisten, James Hetfield, frå studio, og legg seg inn for rehabilitering. Han vert vekke i nesten eit år, og når han kjem tilbake er han klar på at han berre kan jobba fire timar kvar dag, og at han vil sjå det som mistillit viss andre arbeider når han ikkje er der.

Dette fører til nye kranglar, og samtalar om kva som er meininga med det heile, og terapeuten er stadig ein meister til å prata tull. Bandet er på nippet til å verta oppløyst, men det heile ordnar seg. Sekvensen der dei får ny bassist, Rob Trujillo, er stor, både når dei snakkar om kor raskt han spelar utan plekter, og når Trujillo får høyra at han får plass i bandet, og at han får utbetalt ein million dollar i forskot på komande inntekter.

Det er ein god film, der du kjem svært tett på bandet. Heilt til Beatles slepper Let it Be på DVD, har eg vondt for å tru at der finst filmar som viser så dårleg stemning mellom bandmedlemmane. Det er òg flott å sjå korleis desse harde rockarane av og til framstår som puddingar. I never opened myself this way, etc.

Guffen tilrår.


Meir Metallica på kulturguffebloggen
Joel McIver: To Live is to Die (2009)
Joel McIver: Justice for All. The Truth about Metallica (2009)

Joel McIver: Justice for All: The Truth about Metallica (2009)

Metallica er eit av banda som har påverka meg mest, reint fysisk. I desember 1988 budde eg i ein liten by i Colorado, og då eg såg at dei skulle spela i Denver, tok eg turen dit. Dei spelte i ein enorm idrettshall, og til alt hell var det billettar att. Eg ba om ein billett "as close to the stage as possible", og fekk ein plass litt ute til venstre, under ti meter frå scenekanten. Konserten var meir enn godkjend, men slik eg stod, var det rein terror for det venstre øyra mitt. Dei neste to-tre dagane høyrde eg ingenting på det, og då høyrselen kom attende, var han akkompagnert av ein liten pipetone. Den har vore der sidan.

Nokre år seinare kom singelen "Enter Sandman", som er eitt av mange døme på ein song som har fenga meg så sterkt at eg høyrde singelen om att og om att. Eg såg òg Metallica i Oslo Spektrum ein gong midt i 90-åra, eg hugsar ikkje akkurat når, men også det var ein bra konsert.

Plater av Metallica har eg ikkje mange av; dei einaste eg kjenner nokolunde godt er debutplata, Kill 'Em All, og den plata som alle andre kjenner. Eg har likevel nok sans for dei til at eg kjøpte denne boka.

McIver legg ikkje skjul på at for han var Metallica best i 80-åra. Nedturen startar med Metallica i 1991, og alle plater som har kome etter det vert slakta. Med unntak av Death Magnetic, som kom i 2008, der han er raus nok til å seia at det er ein opptur på gang. Boka byggjer på ei rekkje intervju, og for alt eg veit gjev boka eit godt bilete av historia til Metallica. Det er likevel litt drøyt å kalla boka for The Truth about Metallica - kva er sant? Dave Mustaine, som vart sparka frå Metallica før debutplata deira kom ut, vert av ein eller annan grunn ein gjennomgangsfigur. Det er greitt at Mustaine og nokre av bandmedlemmane har slengt drit i kvarandre så ofte dei kan dei siste 25 åra, men likevel. Han verkar ikkje som ei altfor truverdig kjelde, òg av di han framleis er bitter over å ha fått sparken frå bandet, men han får likevel brei plass i boka.

Bandet song på siste verset etter at bassisten Jason Newsted hoppa av i 2001. Dei hyra inn ein terapeut, som fekk bandet til å opna seg slik dei aldri hadde gjort før, og dette førte dei tettare saman enn nokon gong. Prosessen fram mot utgjevinga av albumet St. Anger i 2003 vart dokumentert i filmen Some kind of Monster, og i denne utvida utgåva av boka får filmen og dei neste åra stor plass.

Boka er sånn middels velskriven, og heller dårleg redigert. Fleire gonger tok eg meg sjølv i å kjenna att setningar eg nett hadde lese. Kontinuiteten i historia vert òg avbroten av nokre små sidespor, som alle har titlar som opnar med "The Truth about ...". Her har detaljane lett for å verta for mange. Trass i alt dette var det ei lesverdig bok.

Guffen tilrår.

Meir Metallica på kulturguffebloggen
Some Kind of Monster (film, 2004)
Joel McIver: To Live is to Die (2009)

25. november 2009

Blue Velvet (1986)

Endå ein film eg har sett fleire gonger. Eg såg han mellom anna på filmklubben i Bergen på tidleg 90-tal, og på veg ut frå eit relativt fullsett auditorium vart eg gåande ved sida av ein kar eg hadde budd saman med eit par år tidlegare. Han sa berre "David Lynch, altså. David Lynch!"

Når Lynch er god, er han heilt der oppe. Han har likevel eit par bomskot på filmlerretet, korkje Dune eller Twin Peaks: Fire Walk with Me er noko å skryta av. Men fleire av dei andre filmane hans, som The Straight Story eller Mulholland Drive, og det han gjorde med fjernsynsserien Twin Peaks, held eit svært høgt nivå.

Lynch er god på å skapa uhygge, og kan tidvis minna litt om Alfred Hitchcock. Me veit at her kan det snart skje noko skummelt, men me veit ikkje kva. Også rollefigurane i filmane hans har det ofte slik - dei veit ikkje kva som skjer, men dei vert redde når dei tenkjer på at noko kan skje.

I Blue Velvet møter me mange skodespelarar Lynch har brukt fleire gonger. Kyle MacLachlan i hovudrolla fekk seinare ei sentral rolle i Twin Peaks; Laura Dern er med i Wild at Heart, og Jack Nance var med på det meste frå Eraserhead, debutfilmen til Lynch i 1977, til Lost Highway, som kom ut året etter at Nance døydde, i 1997. Også musikarar som Angelo Badalamenti og Julee Curise er med her; begge er òg med i Twin Peaks. Og i denne filmen køyrer òg nokre lastebilar fullasta med tømmer gjennom gatene.

Både starten og slutten på filmen er ekstremt harmoniske, men i mellomtida har me vore vitne til ein del disharmoni. MacLachlan finn eit avkutta øyre i graset, tek det med til ein politimann, prøver å finna ut av saka saman med dotter til politimann, vert vitne til litt sex og litt drugs og litt rock'n'roll, før det heile ordnar seg i siste liten. Med unntak av det han vert vitne til er altså det heile bygd opp som ei Hardyguttene-bok, men med Lynch bak rattet vert det meir spanande. Her er ei ekstrem uhygge, Dennis Hopper er skremmande som den dominerande psykopaten, og for oss som ser filmen er det tydeleg at rollefiguren til MacLachlan burde ha trekt seg tilbake lenge før.

Filmen vart denne gongen vist på småskjerm på den ambulerande filmklubben langs Bergensbana. Det var ikkje heilt ideell visingsstad, men han i nabosetet såg ut til å ta det uventa fint.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

24. november 2009

Barton Fink (1991)

Eg er inne i ein god Coen-stim, dette er den sjette filmen eg ser i haust. Ein av desse var heilt ny, to har eg sett mange gonger, medan tre av dei har eg berre sett på kino før. Barton Fink er ein av dei siste. Dette er ikkje av dei sterkaste Coen-filmane. (For moro skuld - i toppgruppa ligg Fargo, The Big Lebowski, O Brother Where Art Thou? og No Country for Old Men; i midtsjiktet ligg Raising Arizona, Miller's Crossing, Barton Fink, The Man Who wasn't there, Intolerable Cruelty, A serious Man og True Grit, medan dei fire svakaste Coen-filmane er Blood Simple, The Hudsucker Proxy, The Ladykillers og Burn After Reading.)

Her er likevel mykje å gle seg over. John Turturro er strålande i tittelrolla, og det er òg stas å sjå Steve Buscemi i ei mindre rolle, og å sjå John Goodman i ei rimeleg djevelsk rolle. Alle desse tre er ofte å sjå i Coen-filmar.

Turturro spelar ein dramatikar som etter ein braksuksess i New York vert invitert til Hollywood for å skriva for film. Han får beskjed om å skriva ein film om fribryting, og slit med dette. Han vert innkvartert på eit simpelt hotell, eit hotell som tidvis motarbeider skrivinga hans - han høyrer alt som skjer på naboromma, og tapetet skrellar av veggane gong etter gong.

På naborommet bur John Goodman, som viser seg å spela ein klin galen kriminell, som tek livet av ein del folk. Når han returnerer til hotellet mot slutten av filmen brenn det rundt han, men han bryr seg lite, og går inn på rommet sitt. Hotellet er Helvete, rett og slett, og slik opplever og Barton Fink Hollywood - sjølv om sjefen hans ikkje likar manuset hans, får han beskjed om at han må halda seg i byen, så lenge dei vil.

Filmen er rimeleg klaustrofobisk, og mykje av handlinga er lagt til hotellrommet til Fink. Symbolbruken er tidvis litt for tydeleg, til dømes vert han på hotellrommet plaga av ein mygg, som gong etter gong stikk han, som gong etter gong syg skaparkrafta ut av han. Ved skrivemaskina får han ikkje gjort anna enn å kika på eit bilete på veggen, eit bilete av ei dame som sit på ei strand. Mot slutten av filmen går han sjølv på stranda, møter denne dama, og vert (ikkje uventa) sitjande slik at han ser dama sitjande som på biletet. Som i The Player er det eit kaldt, umenneskeleg og overflatisk Hollywood som vert vist fram. Det er blasse fargar, det er ein tafatt og trist Turturro - det einaste fargefriske på rommet hans er biletet av dama på stranda. Alt ein vil skapa er inntekter, om det er god kunst er mindre viktig.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

Red River (1948)

Where did I see this guy? Heroes don't come easy. Det store albumet som kom ved inngangen av 80-åra, London Calling, og det store albumet som kom litt etter utgangen av 80-åra, Automatic for the People, har ein ting felles. På begge platene er det ein song som handlar om Montgomery Clift. I haust har eg sett to filmar der Clift er med, og det er lett å sjå at Strummer og Stipe vart fascinerte av han.

I A Place in the Sun spelar han ein ung mann som er viljug til å gjera alt for å klatra sosialt, inkludert å ta livet av den gravide kjærasten sin. Det går ikkje så bra. I Red River spelar han ein ung mann som er viljug til å gjera mykje, men som inst inne er ein pudding. Det går litt betre.

Utpå omslaget er det eit bilete av John Wayne, samen med ei dame som vert saman med Clift; og Wayne står òg øvst på rollelista. At Clift ikkje kjem høgare er ikkje så rart, dette er debutfilmen hans. Likevel er det han som tek kaka, og det er han som er gjennomgangsfiguren i heile filmen.

I denne filmen er det Wayne som er viljug til å gjera alt. Han har slått seg opp som kvegbaron i Texas, og har rundt 10 000 dyr, medrekna nokre som eigentleg høyrer til naboane. Han har ingen pengar, og finn ut at han vil buføra alle dyra til Missouri, trass i at det er langt og langt og lengre enn langt, og trass i at ingen har gjort det før, og trass i at dei som har prøvd det har mist livet i møtet med bandittane som herjar på nordsida av grensa mellom Missouri og Texas.

Clift er med heile vegen. Wayne har lært han alt han kan, og Clift viser stor lojalitet. Gradvis vert Wayne meir og meir galen, han høyrer ikkje på fornuftige råd om å leggja vegen til Abilene, Kansas, der rykta seier at det no er kome jernbane. Til slutt gjer mennene hans mytteri, og Clift tek over som buføringssjef. Han fører kveget fram til Abilene, der dei vert tekne mot som heltar, og får langt meir betalt enn dei hadde von om. Dagen etter kjem Wayne, og det ligg an til eit blodig oppgjer mot slutten av filmen, men etter litt skyting og nokre knyttnevar vert Wayne og Clift gode vener att.

Handlinga er lagt til 1865, altså før fargefilmen var oppfunnen. Filmen går føre seg i eit flott landskap, og der er mange scenic views. Det hadde sjølvsagt gjort seg endå betre i fargar, men ein kan ikkje få alt.

So – where did I see this guy? In Red River? Or A Place in the Sun? Maybe The Misfits? Or From here to Eternity. Ja, ja, nei og ja - tre av fire er ikkje så gale. Misfits, som er einaste filmen Stipe syng om, må inn på lista over komande filmar i ein av dei lokale filmklubbane.

Guffen tilrår.

22. november 2009

Den siste revejakta (2008)

Dette er sjeldan kost - ein norsk film frå 2008 der verken Aksel Hennie eller Ane Dahl Torp er med. Alle dei andre er derimot på plass.

Filmen er basert på ein roman av Ingvar Ambjørnsen. Eg likte boka, filmen var heller midt på treet. Det vert langdrygt, sjølv om filmen er over på litt under ein og ein halv time. Også for dei som ikkje har lese boka er det rimeleg opplagt at noko kjem til å gå galt mot slutten.

Filmen er sikkert eit godt døme på korleis syttiåra var for nokre, men det verkar likevel svært karikert. Kleda, frisyrane, dei halvnakne damene - det er ingenting som overraskar. Det einaste måtte vera språket, som er fascinerande, og som truleg òg er rimeleg autentisk.

Av dei to hovudrollefigurane kjem Kristoffer Joner best frå det, kanskje av di han har ei meir spanande rolle. Med unntak av i epilogen har han noia gjennom heile filmen, og det er jo eit utprega sympatisk trekk. Han greier likevel ikkje å redda filmen, som truleg vert fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Ambjørnsen på kulturguffebloggen

16. november 2009

James Loewen: Lies my Teacher told me (2007)

Korleis får du høyra om dei bøkene du les? For mange år sidan las eg eit intervju med Howard Zinn, som mellom anna har skrive den glimrande A People's History of the United States, ei historiebok der folk flest, og ikkje kongar og knektar, står sentralt. I intervjuet vart han beden om å tilrå fem bøker. Eg hugsar ikkje kva dei fire andre bøkene var, men eg hugsar denne eine boka. Kanskje det kom av at tittelen er god, kanskje det var heilt andre grunnar.

Tidlegare i år las eg ein teikneserie basert på boka til Zinn, og neste gong eg tok ein runde innom Amazon, kom eg til å tenkja på boka til Loewen.

Boka var vel verdt ventetida. Dette er ei utvida utgåve av boka, som fyrste gong kom i 1995. I denne nye versjonen har han gått gjennom atten lærebøker i historie, seks fleire enn i 1995. Alle desse vert brukte i amerikanske highschoolar.

Han påviser mange feil og feige utvegar. Kortversjonen er at alle historiebøkene er skrivne ut frå eit anglo-amerikansk perspektiv, eit kvitt perspektiv, der alle med andre hudfargar eller andre meiningar ikkje får rare plassen. Eit døme kan vera at lærebøkene skapar inntrykk av at etter borgarkrigen, der slavemotstandarane i nord vann, var det omtrent slutt på rasediskrimineringa i USA. Loewen viser at slik var det slett ikkje, det tok seg heller opp fram mot hundreårsskiftet, og sjølv om tilhøva har betra seg dei siste åra, er det framleis langt frå godt nok.

Loewen stiller spørsmål med kvifor ein underviser historie på denne måten, altså kvifor ein utelet mykje som er relevant, slik at elevane ikkje får eit korrekt bilete. Det handlar sjølvsagt mykje om kven som vel ut kva bøker som skal brukast, og at forlaga ikkje vågar å provosera dei. Då kan resultatet verta at dei ikkje får selt bøkene sine, og det ville jo vera dumt.

Eit like relevant spørsmål kan vera kvifor ein underviser i historie. Sett ut frå det Loewen skriv om bøkene, som kan ha titlar som Land of Promise, eller Life and Liberty, eller Triumph of the American Nation, handlar det heile om å tilpassa elevane til den rådande oppfatninga av kva Amerika er, og kva det vil seia å vera amerikanar. Ved å utelata mykje, og ved å fortelja halve sanningar, byggjer ein opp under biletet av USA som eit førebilete for heile verda.

Det er ei god bok, og ei viktig bok, sjølv om det vart litt langdrygt for meg. Det kom seg likevel mot slutten, i dei to-tre siste kapitla stiller han gode spørsmål om kvifor ting er som dei er.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Lies Across America (1999)
Sundown Towns (2005)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

14. november 2009

Arnfinn Nordbø: Betre død enn homofil? (2009)

"Heilt frå vi var bitte små, blei eg og søskena mine tekne med på bedehuset på Randaberg, eit av landets største bedehus i areal. ... På bedehuset hadde både Indremisjonsselskapet og Santalmisjonen (nå slått saman til Normisjon), Misjonsselskapet, Indre Sjømannsmisjon, Israelsmisjonen, Kristen Muslimmisjon, Samemisjonen, etter kvart Norsk Luthersk Lekmannsmisjon og fleire, møta sine. Og sjølvsagt Norsk Luthersk Misjonssamband".

Denne boka fekk ein del merksemd då ho kom ut. Nordbø var eit kjent fjes i det norske bedehusmiljøet, han var ei lokal bedehuspopstjerne i Rogaland, som alle visste kven var. Så stod han fram som homofil, og over natta vart han ein person ingen ville snakka med. Nordbø fortel om korleis han sleit med å godta si eiga legning, men at han gradvis finn ut at det var viktigare å vera ærleg mot seg sjølv.

Boka har tre klare bolkar. Han opnar med å skildra korleis det var å veksa opp på bedehuset, før han fortel om korleis ting endra seg etter at han vart open homofil. I den siste tredelen drøftar han kva Bibelen seier om homofili.

For meg var den fyrste delen den mest interessante. Den siste delen har eg vore innom ved mange høve tidlegare, både i eigne drøftingar, avisartiklar og lesarbrev. Delen i midten var ikkje så veldig overraskande, etter at Nordbø har vist kva haldningar som var vanlege på bedehuset. Men opninga av boka viser eit miljø som var ukjend for meg. Det er eit miljø der alle handlingar vert styrte av det som står i Bibelen, og der det ikkje er spesielt stor aksept for folk som har andre meiningar eller lever liva sine på andre måtar. Nordbø skriv ein stad at han trur at "alt dette heng saman med ei frykt for alt som er nytt", og eg trur han er inne på noko.

Guffen tilrår.

11. november 2009

Badlands (1973)

I sommar var me ein snartur innom nasjonalparken Badlands. Som vanleg er, kjøper me i etterkant store mengder filmar som på ein eller annan måte kan knytast til ferieturane våre. I dette høvet var det berre tittelen som var i slekt; ikkje noko av handlinga i filmen er lagt til Badlands.

Denne filmen er smått legendarisk. Slik det ofte er, gjorde ikkje filmen mykje av seg då han hadde premiere, men han hausta likevel nok godord til at folk hugsa filmen. Han har gradvis fått status som ein viktig film, av fleire grunnar. At det er ein av dei fyrste filmane til Martin Sheen, og den aller fyrste til Sissy Spacek, gjer nok sitt. Det er òg viktig at filmen er regissert av Terence Malick. Dette er debutfilmen hans, og no, 36 år seinare, har han berre regissert tre filmar til. Det kjem visst ein ny ein neste år, men det er noko pynchonsk over det heile - få filmar, gode filmar, og null interesse for å gjera intervju.

Den viktigaste grunnen er likevel at det er ein god film. Handlinga er lagt til den amerikanske midtvesten, der dei to hovudrollefigurane, Holly og Kit, slår seg i lag på ei reise der han tek livet av 8-10 personar. Han er litt ute av balanse, og ho er så ung (15) at det heile verkar som ei spanande avveksling frå dagleglivet. Det er heilt tilfeldig kven som vert drepne, for Kit er det viktig at nokon overlever og kan fortelja andre om han. Han vil verta kjent, gjerne som kriminell, og då er det mindre viktig om andre må lata livet.

Det er ei fin historie, godt fortalt, og det er flott filma. Det heile går føre seg på lågbudsjett, og nokre av skodespelarane med mindre roller hoppa av. Det førte til at Malick sjølv fekk to mindre roller i filmen.

Guffen tilrår.

Meir Malick på kulturguffebloggen
Thin Red Line (1998)
The Tree of Life (2011)
The Hidden Life (2019)

10. november 2009

The Player (1992)

Eit underbruk av den vanlege filmklubben i Kvitahuset, som viser film på småskjerm eit par gonger i veka, er filmklubben på Bergensbanen, som viser film på ein endå mindre skjerm eit par gonger i månaden. På programmet står ofte filmar eg har sett tidlegare, filmar eg likte då eg såg dei på kino, og som eg gjerne vil sjå igjen.

The Player er ein slik film. Eg hugsar han som ei stor kinooppleving, og gleda meg til å sjå han på ny. Ikkje uventa var han ikkje så god som eg trudde.

Tim Robbins spelar filmprodusenten Griffin Mill, ein mann som slit med alt mogleg. Det som plagar han mest er at ein anonym manusforfattar sender trugande postkort, der han minner om at Mill skulle ta kontakt igjen etter at han hadde lese eit manus han hadde fått. Mill trur han finn ut kven denne forfattaren er, oppsøkjer han, og tek livet av han i rein vanvare. Det vert fort kjent at han snakka med manusforfattaren den kvelden, men greier å få folk til å tru at han ikkje hadde noko med drapet å gjera.

Parallelt med denne hendinga er han med på utviklinga av ein ny film, der manusforfattarane ikkje vil ha noko happy ending a la Hollywood. Filmen får likevel ein slik slutt, og det gjer òg The Player - Mill vert kalla inn til avhøyr fleire gonger, men heilt til slutt utpeikar eit vitne ein annan mann, slik at Mill går heilt til topps i filmselskapet, og har det mykje betre med seg sjølv når filmen er over.

Filmen vert dermed ein metafilm, trur eg, der den planlagde filmen filmselskapet lagar har ei tilnærma parallell handling med filmen me ser på. Her er mengder av referansar til andre filmar, og filmen har med mange kjende skodespelarar. Filmen viser eit film-miljø der dei fleste er falske, der alle på veg opp gjer alt dei kan for å klatra høgare, og der det alle viktigaste er å tena meir pengar.

Guffen tilrår, men ikkje like sterkt som i 1992.

Meir Altman på kulturguffebloggen
Short Cuts (1993)

8. november 2009

Idar Stegane: Mons Litlerés forlag (1983)

Eit lite hefte om ein av dei viktigaste nynorske forleggjarane.

Mons Litleré (1867-1895) fekk gjort mykje den korte tida han levde. Han dreiv bokhandel og forlag frå 1886 til han døydde, dei to fyrste åra i Naustdal, resten av tida i Bergen. Han var effektiv, og gav ut i alt rundt nitti bøker. Meir enn seksti av desse var på landsmål, og han gav ut bøker og skrifter av mange av dei best kjende forfattarane. Mellom dei var Arne Garborg, og han gav mellom anna ut Fred på Mons Litlerés forlag.

Litleré var òg journalist og redaktør, han redigerte Firda- og Sygnafylkets Avis, seinare Firda, 1887-93. Her vart mellom anna diktet "Aa liva" av Anders Vassbotn publisert fyrste gong. Litleré hadde eit stort nettverk, og var sentral i landsmålsmiljøet i 1890-åra.

I dette korte skriftet, som var jolehelsing frå Samlaget i 1983, viser Idar Stegane greitt korleis Litleré arbeidde for å få ut bøker på landsmål. Eg las det heile på rundt ein time, og etter lesinga var eg imponert over kva Litleré fekk gjort.

Guffen tilrår.

Meir Litleré på kulturguffebloggen
Jan Olav Gatland: Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré (2018)

4. november 2009

Simon Goddard: Mozipedia (2009)

Boka har undertittelen The encyclopedia of Morrissey and The Smiths. Det skulle difor vera opplagt at boka vender seg til dei som set denne musikken høgast.

Ein gong var eg ein av dei. I 80-åra var eg knallhard Smiths-fan. Eg kjøpte alle platene deira. Sidan platebutikkane på Voss ikkje tok inn Smiths-singlar, i alle fall ikkje same dagen dei vart utgitt, reiste eg nokre gonger til Bergen for å få platene så raskt som råd. Dette var rett nok medan eg hadde sivilteneste, så eg betalte omtrent ingenting for togreisa. Eg samla òg på bootlegs, dårlege kassettopptak frå konsertane deira. Eg abonnerte på ei engelsk Smiths-fanzine, eg brevveksla med andre Smiths-fans frå heile verda, eg reiste til England for å sjå dei live, osb.

For meg var det kombinasjonen av tekstane til Morrissey og musikken og gitarspelet til Johnny Marr som var det fascinerande. Det låg ein djup melankoli over det heile, men eg vart likevel glad av å høyra musikken deira. Eg kan framleis setja på ei plate med The Smiths, og tenkja at dette er fantastisk musikk. Høgast set eg Hatful of Hollow, ei samleplate med ein del alternative opptak av dei tidlege songane deira. Mange av songane er frå radioprogram, med eit heilt enkelt lydbilete, og for meg var det då dei var best.

Etter at gruppa vart oppløyst, miste eg fort interessa. Morrissey var den mest profilerte, men etter ei halvgod debut-plate kom det nokre lite spanande singlar, og eg datt heilt av. For nokre år sidan fekk eg CD-en Ringleader of the Tormentors frå Alex, som sa at dette var heilt på høgde med det beste The Smiths nokon gong gjorde. Etter to-tre gjennomhøyringar vart plata trygt plassert i CD-hylla, der ho har hatt rolege dagar.

Boka til Goddard er altså skriven for dei som likar både The Smiths og Morrissey. Der er meir enn 600 artiklar om songar, plater, byar og personar som på ein eller annan måte kan knytast til Smiths/Morrissey. Eg las dei fleste artiklane som handla om The Smiths, dei andre hoppa eg over.

Det er ikkje meininga at ei bok som denne skal lesast frå perm til perm. Det vert mange repetisjonar, og det vert òg tydeleg at Goddard har gjort det han kan for å finna koplingar til alt og alle. Kan denne teksten vera inspirert av ei tekstline i ei bok av Delaney? Kan Morrissey ha sett denne filmen, før han skreiv den teksten? Goddard er open for alt. Skal du få med deg alt, må du kunna alle tekstane - han tek berre med teksten som kan ha vore inspirasjonen, og tek ikkje med Morrissey-teksten. Boka er altså for dei innvidde.

Goddard kvir seg heller ikkje for å vera raus med godorda. Det er ikkje måte på kor mange songar som er det beste The Smiths eller Morrissey nokon gong har gjort. Til og med Shakespeare's Sister, ein av dei mest ordinære Smiths-singlane, vert skrytt opp i skyene - han omtalar songen som ein av dei ti beste i pop-historia.

Det vert altfor positivt, og for Goddard kan heller ikkje Morrissey gjera noko gale. Han har vore innblanda i ein del kontroversielle situasjonar, men i alle desse er det Morrissey som har rett, og alle andre som har feil. Det er greitt at for å skriva ei slik bok må ein vera positiv i utgangspunktet, men det går likevel an å visa litt vilje til kritikk.

Avsnitta om The Smiths har mange detaljar som var nye for meg, og det ligg mykje arbeid bak boka. Han har intervjua dei fleste som bør intervjuast, og bruker kjeldene godt, etter det eg kan sjå. Likevel vart dette ei bok sånn på det jamne for meg.

Guffen kan berre tilrå denne til slike som truleg alt har kjøpt ho.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)
Morrissey: Autobiography (2013)
Julie Hamoll: 15 Minutes With You (2015)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

2. november 2009

Mathieu og korguttene (2004)

Den høgst lokale filmklubben satsar på litt fransk film no seinhaustes. Det er ikkje noko oppsiktsvekkjande i det, alle filmklubbar satsar jo på franske filmar. Oftast er desse filmane litt for kulturelle, men der har òg kome mange blinkskot frå Frankrike.

Denne filmen er diverre ikkje eit blinkskot. Filmen er grei nok, det er fint skodespel, det er fin musikk, det er ei fin historie.

Historia er lagt til ein eller annan stad på den franske landsbygda, rett etter krigen. Ein musikalsk hjelpelærar vert tilsett på ein skule der det berre går rakkarungar, og han slit med å halda ro i timane. Elevane stel, slår og sparkar, og han veit ikkje heilt kva han skal finna på. Før han kjem på at han kan prøva å laga eit kor, og då går det heilt etter planen. Det viser seg at ein av dei verste elevane har ei finfin songstemme, og mot slutten av filmen held dei ein liten konsert for grevinna som finansierer heile skulen. Ho likar det, men læraren kjem på kant med rektor, og vert sagt opp.

Så det heile er fint og greitt. Der er berre ein liten hake ved det heile: Det er ikkje spesielt originalt. Filmar om lærarar som får kontroll over problemelevar er ein eigen sjanger, og skal ein få til ein fulltreffar i denne sjangeren, må ein gjera noko heilt spesielt. Slik er det ikkje med denne filmen, og då vert det ein kveld på det jamne i filmklubben. Filmen vert nok fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.