31. juli 2010

Maxine Marx: Growing Up With Chico (1980)

I 1974 kom boka Marx Brothers Scrapbook ut. Her var mange sjeldne bilete, og faksimilar av til då ukjende artiklar, så der var nok å gle seg over. Diverre var det ikkje velstand heile vegen. Forfattaren, Richard Anobile, hadde teke opp ei mengd intervju med Groucho Marx, og trykte dei omtrent ordrett. Groucho minte mest av alt om ein gamal, gretten gubbe, som var kritisk til det meste. Sjølv om Groucho var oppført som medforfattar, var han overraska då han vart klar over korleis boka skulle sjå ut, og han prøvde å stoppa utgjevinga. Det gjekk ikkje. To år seinare kom boka The Groucho File ut. Denne boka minte mykje om ...Scrapbook, men her var det ein høvisk tone heile vegen.

I ...Scrapbook var Groucho svært kritisk til korleis broren Chico hadde skusla vekk alt han hadde av pengar. Dette hadde han truleg for vane å gjera, men då det kom på trykk, såg det langt meir alvorleg ut. Ein av grunnane til at Maxine skreiv denne minneboka om far sin, var at ho ville retta opp inntrykket ...Scrapbook hadde skapt.

Det er eit usedvanleg dårleg utgangspunkt for å skriva ei bok. Ein meir nøytral forfattar ville vore langt meir kritisk til den biograferte. Her får Chico tilgjeving for alt. Han var ein notorisk gamblar, og spelte vekk alt han hadde. Han var ein notorisk rundbrennar. Han tok lite omsyn til kva planar andre hadde, viss han skulle spela kort ein kveld, skulle han spela kort.

Dei som vil finna fakta om Chico, og dei som i tillegg ynskjer å knyta hendingar opp til årstal, må leita andre stader. Sjølv om ein held seg til det reint personlege, kjem det ikkje fram kor tid han gifta seg, kor tid dottera var fødd, kor tid foreldra tok ut separasjon, osb. Boka vinglar mykje mellom livet til Chico, arbeidet hans, og livet til dottera. Det er ustrukturert, og mange stader er det reine samlingar med anekdotar om Chico. Maxine Marx ynskte sjølv å verta skodespelar, og bruker for mykje plass på korleis ho prøver å få det til.

Ei middels bok, med andre ord. Men så lenge det ikkje finst andre biografiar om Chico, og så lenge fellesbiografiane ikkje skriv mykje om kva han gjorde etter at trioen (eigentleg) vart oppløyst tidleg i 1940-åra, er her mykje informasjon ein ikkje finn andre stader. Tek ein boka for det ein er, kan ein ha utbyte av det. Så får me heller tru at det på eit eller anna tidspunkt kjem ein skikkeleg biografi om Chico.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

30. juli 2010

Alfred Hauge: Gå vest - (1963)

Fyrste halvdel av 1960-åra gav Hauge ut ein romantrilogi bygd på livet til Cleng Peerson. Midt i arbeidet med desse bøkene reiste han tre månader gjennom USA, kanskje mest for å samla stoff til romanane. I Gå vest - fortel han om denne reisa, og det har vorte ei fin bok.

Hauge er oppteken av sluppefolket, dei godt og vel femti personane som var med sluppen Restauration i 1825. Dette var opptakta til den norske masseutvandringa, og Hauge går i fotspora deira. Han prøver å finna ut kva som skjedde med dei, han oppsøkjer graver og hus, og han har det aldri større enn når han kjem til Texas, og vitjar den siste heimstaden til Peerson. Hauge set Peerson svært høgt, han gjer sitt beste for å forstå han, ut frå dei få kjeldene som finst, og viser kor viktig det er å vera ein stad der heltar har vore. Han omtalar det som å koma heim.

Han har mykje fint å seia om amerikanarane. Boka er forma som reisebrev, og nivået er høgt heilt til han på båten attende går vekk frå å skriva om sluppefolket og dei norske emigrantane, og i staden skriv litt om USA generelt. Han har vore i kontakt med mange folk på reisa si, og noko av det han skriv her gjev meining, men kapitlet om det han omtalar som "negerproblemet" er ikkje altfor imponerande. Han skriv at sjølv har han berre møtt trivelege negrar, men vert så farga av andre sine haldningar at han konkluderer med at negrane kjem til å vera eit problem for USA i minst hundre år til. Han skriv ingenting om borgarrettsrørsla, som var godt i gang i 1962, og han må jo ha visst om den.

Guffen tilrår.

Meir Alfred Hauge på kulturguffebloggen
Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Ungdom (1977)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

29. juli 2010

Howard Teichmann: Smart Aleck (1976)

For nokre år sidan gav Olav Vesaas ut ein biografi om Aasmund Olavsson Vinje. Meldaren i Vestmannen (evt. Målmannen) var ikkje nøgd, han meinte noko slikt som at det skal godt gjerast å skriva ein kjedeleg biografi om Vinje, men Vesaas skal ha for eit godt forsøk. Eg var ikkje samd i den meldinga, eg hadde godt utbyte av å lesa Vinje-biografien, men eg kom til å tenkja på den meldinga då eg las denne boka.

Alexander Woolcott (1887-1943) var ein fargerik person. Han levde av å skriva, han var journalist, teatermeldar, spaltist, forfattar. Han var av dei fremste journalistane i USA, og tok seg svært godt betalt for artiklar, for å halda foredrag, og for å vera vert for eit radioprogram. Det programmet gjorde han til ein rikskjendis, og gav han endå større inntekter, sidan bøkene hans fekk ein større lesarkrins.

Han var ein sosial person, som likte seg best blant andre skrivarar. Woollcott var sentral i krinsen som kom saman på Hotel Algonquin i New York, og der var andre framståande forfattarar med, som t.d George Kaufman. Her var det dei gode replikkane som gav status, det var eit miljø der språket stod sentralt. Woollcott åtte ei øy i Vermont, der han var store delar av sommaren, og der han heile tida hadde gjestar. Skulle han vera i Frankrike ein sommar, inviterte han med seg nokre av venene sine, slik at han ikkje vart verandre der åleine. Han elska practical jokes, så lenge dei ikkje gjekk ut over han sjølv. Då seier det seg sjølv at alle gjorde sitt for å kødda med han. Han var ein flannør, han var fullt klar over at andre visste kven han var, og koste seg i glansen.

I sjølvbiografien sin fortel Harpo Marx om ein gong han var med Woollcott på ein premiere. Stykket handla om ein pilot som overlevde ein flystyrt, og som vart teken vare på av nokre indianarar. Fyrste akt sluttar med at han forlovar seg med dotter til høvdingen i stamma. I andre akt vert høvdingen uroleg for at piloten kan ha gått til sengs med dotter hans, men piloten forklarar at det er umogleg, sidan han fekk store skadar i underlivet i flystyrten. Wollcoott melde stykket kort og konsist: In the first act, she becomes a lady. In the second act, he becomes a lady.

Alt skulle såleis liggja godt til rette for at ein Woollcott-biografi skulle vera god. Teichmann har ikkje greidd det. Eg trur det har noko med strukturen å gjera, boka vert litt laus i fisken. Ho er bygd opp strengt kronologisk, og kunne nok ha tent på ei tematisk inndeling i staden. Mange av kapitla sluttar med nokre sider med anekdotar, og mange av desse er ikkje gode nok. Teichmann tek òg altfor ofte for gitt at alle veit kven han skriv om. Nokre personar får brei omtale, andre får ikkje noko i det heile. Eg saknar altså eit strammare grep, eg saknar ein meir myndig forfattar.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

26. juli 2010

Harpo Marx / Rowland Barber: Harpo Speaks! (1961)

Dette kan verta langt. Dette er truleg den boka eg har lese flest gonger. Det er likevel ikkje einaste grunnen til at eksemplaret mitt er slite i kantane. Ei tid pusha eg denne boka på omtrent alle som var innom, og eg må ha lånt ho ut minst ein fem-seks gonger. Ein av dei som lånte boka har like godt skrive namnetrekket sitt i ho.

Harpo Speaks! kan godt vera viktigaste grunnen til at eg på slutten av 80-åra vart oppteken av Marx-brørne. Eg kjøpte ho brukt våren 1989, i eller ved Los Angeles, og på resten av USA-turen må eg ha kjøpt minst ti bøker til om dei. No har eg rundt 35.

Boka har vore ått av (minst) to personar tidlegare. Eigar nummer ein skreiv inn ein lang dedikasjon før han gav boka vidare til eigar nummer to, og dedikasjonen er så bra at eg tek han med her, utan å retta det som finst av skrivefeil:

1-29-87, 3:10 A.M.

Dear Friend of Friends,

when you give someone a book you have to write a sille dedication. So here goes:

I've been doing a lot of bitching lately and as you might have noticed have been rather unhappy. Well, I've been wondering - what happened to me?

The only thing I could do is say "R.S. skin, this is your life:

Well, let's see. I became lost at the Acropolis in the pouring rain. I was locked in and escaped on my hands and knees thru a hole cut in the fence. I've watches strippers in Vancouver B.C. I've been inside the great pyramids of Egypt and I've gone surfing in Mexico.

I have lots of good friends (and one who is quite beautiful both inside and out. Guess who!). For some reasons I'm very good at making little kids smile (And I can't think of a more noble profession than that, even if you can hose [?] head.

So what is this all leading to, you ask? Your probably thinking this going to be a lecture on how you could benifit from my years of experience, right? Well no, of course not. You never listen to me anyways! (However, you could benifit greatly from my years of world travel, disease and decadance. It frightens me to think of just hoe much I have been around. I'm the stuff legends are made of!)

Well anyways, I was skimming through this book and realized what a jerk I've been lately. What a waste of time and energy it is to let my foul temper get the best of me with these slimeballs. It makes me no better than they are. This is something I known for a long time. I just sometimes forget and let passion take control. But Harpo allways comes along to remind me.

As Harpo says "What's the use in talking?". I've learned from him "What's the use in getting mad?" 'Cause hey as I look at things, It's a wonderful life after all. In recent times you have added to that wonderfulness (well, most of the time anyway). Si I give you this book because it contains all the secrets of life.

Soon we will probably be going our seperate ways (sniff, sniff). So years from now, once in a while, I want you to pick this up, look thru it and lift a pint and a chocolate chip cookie to a certain drunken dwarf.

Well, pretty princess, thanx for being my friend, and love you allways,

Matthew.

Sterke saker. "All the secrets of life", "years from now", etc. Eg fann boka i ein bruktbutikk litt over eitt år etter at denne dedikasjonen vart skriven.

Resten av boka er altså glimrande. Den viktigaste grunnen til det er Harpo Marx. I filmane deira seier han ikkje eitt einaste ord (med unntak av eit nys og ei mogleg fjerdestemme i ein song), men han er ein god forteljar. Han var 73 år då boka kom ut, og gjennom livet hadde han vore med på ei rekkje små og store hendingar. Den raude tråden i alle desse er at han vil ha det kjekt. Han var eit barn heile livet, han skapte moro rundt seg, og sa svært sjeldan noko negativt om andre. Dette er ein sjølvbiografi, så viss dette var den einaste kjelda til korleis han var, ville eg teke det med ei klype salt. Men det finst ei rekkje kjelder, og alle desse fortel det same. Han var ein kjernekar, rett og slett.

I boka bruker han mykje tid på oppveksten sin i New York. Dei var fattige, dei hadde ingen sikre inntekter, og sjølv hadde han lite utbyte av å gå på skulen. Han slutta skulen midt i andreklasse, då var han lei av at dei irsk-amerikanske elevane i klassen kasta han ut av vindauga. Marxane var jødar, og Harpo fortel om korleis gatene i nabolaget hadde klare etniske skiljeliner. Dette var rundt 1900, ei tid då Amerika, men kanskje spesielt ein kystby som New York, var prega av det vandra inn innvandrarar frå alle kantar av verda. Forteljinga om Harpo og dei andre Marx-brørne er forteljinga om korleis nokre innvandrarar gjorde det godt, og vart gode amerikanarar.

I denne delen skriv han om korleis familien var nært knytt saman, og i den siste delen av boka handlar det mykje om korleis ein ny familie er nært knytt saman. Han og kona adopterte fire ungar, som voks opp utanfor Los Angeles, på den andre sida av det amerikanske kontinentet.

Innimellom alt dette skriv han om livet som ungkar og skodespelar. Skodespelarlivet vert mest omtalt fram til dei slår gjennom i 1924, deretter vert berre nokre av filmane nemnde sporadisk. Det verkar som om tida då dei reiste rundt gjennom heile USA på turné, store delar av året, var meir gjevande for Harpo. Nokre av kapitla er fylte med korte episodar frå turnélivet. Her er kronologien heilt feil, ting kjem i feil rekkjefølgje, og det han skriv skjer i Kansas kan like gjerne ha skjedd i Wisconsin. Det er ikkje det viktige, det finst nok av bøker som fortel ting akkurat slik dei skjedde.

Marx-brørne slo gjennom i 1924. Det var litt tilfeldig. Eitt av stykka deira, I'll Say She Is, kom til New York etter å ha turnert i lang tid. Den andre premieren same kvelden vart avlyst, slik at alle meldarane kom til Marx-stykket. Dei var alle særs nøgde, ikkje minst Alexander Woollcott, som vart ein av dei næraste venene til Harpo. Gjennom Woollcott vart han kjend med fleire av dei leiande skribentane i New York. Saman med desse levde han glade dagar i 1920-åra, fram til krakket i 1929. Då var Harpo ei hårsbreidd frå å gå konkurs, men berga seg så vidt, etter å ha fått låna 10 000 dollar frå Milt Jaffee, ein av venene til broren Zeppo. Her var det selskapsleiken Pinchie Winchie som redda han. Når Harpo fortel om då han møter Jaffee mot slutten av livet, og må takka nei til ein ny runde med Pinchie Winchie, er det vanskeleg å ikkje få klump i halsen. Eg burde vita det, eg har altså lese boka ei rekkje gonger.

Boka er altså full av gode episodar, men eg tek berre med éin her. Om somrane var mange samla på ei øy Woollcott åtte, og der var det spel og leikar dagen lang. Var veret dårleg, var mord den vanlegaste leiken. Ein vart trekt ut som detektiv, og ein vart mordar. Mordaren skulle ta livet av ein annan av gjestane, ved å seia "You are dead" til vedkomande, og detektiven skulle finna ut av kva som hadde skjedd. Akkurat denne gongen vart Harpo mordar, og Woollcott detektiv. Woollcott briska seg og sa at han alltid greidde å løysa desse mysteria, og Harpo tenkte ut noko snedig. Timane gjekk utan at dei fann noko lik, og Woollcott vart meir og meir oppøst. Utpå kvelden merka ein av dei kvinnelege gjestane at ei av dodørene var låst, og då dei fekk opna denne, sat ei "død" kvinne der. På rullen med dopapir hadde mordaren skrive You are dead, og offeret hadde lojalt vorte sitjande. Planen var bombesikker, hadde det ikkje vore for at Harpo hadde litt skrantande rettskriving - på dorullen stod det You are ded.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

24. juli 2010

Carl Frode Tiller: Innsirkling (2007)

Planen var å lesa denne boka for to år sidan, men den planen forsvann i flyttelasset. Marit hadde kjøpt boka, og var godt i gang med lesinga. Eg ville venta til ho var ferdig, men under pakkinga vart boka liggjande i ei dårleg merkt øskje, slik at korkje ho eller eg kom vidare i lesinga. Eg hadde lese dei to andre romanane til Tiller, og var imponert, særleg over debutboka, Skråninga. Eg likte spesielt måten han fekk fram at forteljaren i den boka ikkje var til å stola på.

Også i Innsirkling bør ein vera skeptisk til forteljarane. David har mist minnet, og gjennom ei lysing i avisa vert dei som kjenner han oppmoda om å senda inn alt veit om han, slik at han kan få vita meir om seg sjølv. I boka fortel tre av dei litt av det dei hugsar - Jon (ungdomsven og eks-kjærast), Arvid (stefar), og Silje (ungdomsven og eks-kjærast).

I desse tre delane vekslar Tiller mellom brev der forteljarane ser tilbake, og kapittel der handlinga er lagt til sommaren 2006. På denne måten vert me ikkje berre kjende med David, men like mykje med dei tre andre. Både Arvid og Silje skriv om Jon, til dømes, slik at me sit att med eit ulikt bilete av kven han er. Han pyntar sikkert sjølv på sitt eige bilete, men likevel - kan dei to andre ha grunnar til å skapa eit anna bilete av Jon? Alle tre skriv om forholdet David hadde til mor si, og til den ukjende far sin, og forholdet mellom åleine-foreldre og ungar går igjen gjennom heile boka. Jon er som snarast på vitjing hjå mor si; Silje har som snarast vitjing av mor si. I begge desse delane er der òg kranglar mellom sysken - Jon kranglar med bror sin, sambuaren til Silje kranglar med bror sin.

Det er altså ei innhaldsrik bok, og det heile vert fortalt på ein glimrande måte. Til liks med Skråninga, der det altså gradvis går opp for lesaren at forteljaren er mentalt ustabil, kjem det her ein liten vri til slutt. Eg såg ikkje at den kom til å koma. Det heile er betre kamuflert denne gongen, og det kan vera grunnen til at Tiller har valt å skriva det rett ut.

Eg er altså svært godt nøgd, men har likevel to innvendingar. Den eine går på at Tiller, mest i skrivestil, legg seg tett opp til Jon Fosse. Den andre går på at sjølv om Tiller skriv svært godt, skriv han svært dårleg nynorsk. Det florerer med enkle skrivefeil, og det er heilt uforståeleg at eit forlag som Aschehoug ikkje tek seg råd til å bruka ein korrekturlesar som kan nynorsk.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Begynnelser (Trøndelag teater, 7.9.16)

23. juli 2010

A Serious Man (2009)

I Fargo henta Coen-brørne fram eit miljø dei kjende frå oppveksten, det norskamerikanske miljøet i Minnesota. I denne filmen hentar dei inspirasjon frå eit miljø dei kjende endå betre - det jødiske miljøet.

Handlinga er lagt til 1967, i ein liten by i den amerikanske Midt-Vesten. I alle fall det meste av handlinga. Filmen opnar med ein kort episode som hende for mange hundre år sidan, truleg i Holland eller deromkring. Det er vanskeleg å sjå korleis denne delen heng saman med resten av filmen, bortsett frå at det jødiske dominerer i begge delane.

I resten av filmen møter me Larry Gopnik, ein professor som ikkje heilt får med seg at alt går til pisis. Kona vil gå frå han, ungane snakkar ikkje med han, bror hans slit med helsa og med litt til, og han er ikkje på spesielt god fot med naboane. Det einaste han er oppteken av er jobben sin, og der går det litt betre.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at det er ein Coen-film. Det er stilreint, det ser ut slik eg trur det såg ut i Midt-Vesten i 60-åra. Filmen er likevel bygd opp annleis enn andre filmar dei har laga. Filmen startar roleg, nesten kjedeleg, men vert betre og betre. Slutten kjem litt uventa, der er framleis mange uavklara spørsmål, men det gjer ingenting. Slik er det òg i andre av filmane deira - korleis går det til dømes med bowlingturneringa i The Big Lebowski? Viss noko er dumt med den uventa slutten, er det at han kjem når filmen endeleg har teke steget opp på det nivået du ventar at han skal vera på. Du ventar på at ting skal ta av, at filmen skal få eit større klimaks, men så er det i staden slutt. Då vert det noko uforløyst over det heile. Likevel - her er mykje godt, og ein middels Coen-film er likevel langt betre enn mykje anna.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

22. juli 2010

Siri Hustvedt: The Sorrows of an American (2008)

Eg var i USA i fjor sommar, og heldt mellom anna eit foredrag på eit arrangement i regi av Vosselaget. Der snakka eg med nokre vossingar som var på USA-ferie, og dei tilrådde at eg, på veg attende til Minneapolis, stoppa ved Urland Church, for å sjå på gravsteinane der. Dei meinte at det var så godt som berre namn frå Sogn. Eg stoppa der, og dei hadde rett. Men der var sjølvsagt nokre unntak. Lengst inne på kyrkjegarden kom eg over grava til Lloyd Hustvedt. Ei merkeleg kjensle kom over meg - eg trur det er fyrste gong eg i utlandet har stått ved grava til nokon eg har snakka med. Eg møtte Hustvedt då eg heldt på med hovudfagsoppgåva mi. Han arbeidde då ved NAHA, og me hadde nokre samtalar på kontoret hans. Etter at NAHA fekk ein kopi av oppgåva mi, sende han meg òg eit brev der han takka varmt.

No lever han altså ikkje meir, og det er utgangspunktet for denne romanen. Siri Hustvedt er dotter til Lloyd, og ho har brukt utdrag av nokre livsminne han skreiv til intern bruk. Det er likevel ikkje nokon biografi over faren, ho bruker heller desse utdraga som utgangspunkt for ein roman som handlar om korleis me er prega av folk som levde før oss. Ho omtalar dei fleire stader som ghosts, som er namnet på ei av dei tre bøkene i New York-trilogien til ektemannen hennar, Paul Auster, og som er namnet på den engelske omsetjinga av Ibsen-stykket Gjengangere.

Hovudpersonen i boka er Erik Davidsen. Far hans, Lars, er nyleg død, og då Erik og systera går gjennom papira etter faren, finn dei livsminna han har skrive, og mykje anna rart. Dei kjem mellom anna over eit brev faren fekk då han var i slutten av tenåra, der ei kvinne minner han på at han ikkje har lova å seia noko om det. Erik og systera vert nyfikne, og gjer det dei kan for å finna ut av det.

Men samstundes er her fleire andre handlingar. Erik bur i New York, og har leigd ut kjellaren til ei einsleg mor, som han vert forelska i, utan at ho bit på. Leigebuaren har ein forskrudd ektemann, som framleis fotograferer eks-kona og dottera døgnet rundt, og som òg fotograferer Erik, og som bruker desse bileta i ei kunstutstilling. Syster til Erik har nett mist mannen, ein kjend forfattar, og vert plaga av ein pågåande journalist som vil skriva om privatlivet hans. Elskerinna til denne forfattaren har nokre brev frå han, som både eks-kona og journalisten vil ha tak i. Og me får mange referat frå samtalar Erik, som er psykiater, har med pasientane sine.

Erik, leigebuaren og systera har alle hatt samlivsbrot. Dei to kvinnene bur saman med dotter si, men alle tre er likevel sterkt prega av personane som er vekke. Desse dominerer framleis liva deira, på ulike måtar. Slik er det òg med far til Erik, han brukte livet sitt på å arbeida med norskamerikanske utvandrarar, og på å forstå sine eigne foreldre. Han tok vare på huset på den vesle garden der han vaks opp, sjølv om der ikkje var drift meir.

Det vert for sprikande. Det verkar som om Hustvedt ville for mykje denne gongen, og eg tenkte fleire gonger på at ho burde ha kutta ut nokre av trådane ho vev saman. Best likte eg delane der Erik grev i si eiga familiehistorie, og der han prøver å forstå far sin. Samtalane Erik har med pasientar kunne gjerne vore fjerna for min del, her er det like godt snakk om pasientar utan fullt namn, det er Mr. D eller Mrs. T, slik at det er krevjande å halda dei frå kvarandre.

Dette er den fjerde romanen til Hustvedt. Dei to fyrste var sånn på det jamne, men den tredje, What I Loved, var glimrande. Denne held altså ikkje det nivået.

Guffen er lunken.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)

20. juli 2010

Manhattan (1979)

Av ein eller annan grunn har det vore mykje New York dei siste dagane. Dei to siste kveldane har me sett nokre gamle Seinfeld-episodar, eg er godt i gang med ei bok av Siri Hustvedt der mykje av handlinga er lagt til New York, og i kveld såg me like godt Manhattan.

Eg har sett filmen før, minst to gonger, men han er verdt eit gjensyn. Handlinga er kort og grei: Isaac (Woody Allen) har eit forhold til ei sytten år gamal jente. Den beste venen hans, Yale, fortel han at han møter ei kvinne, Mary, utan av kona hans veit det. Isaac bryt med syttenåringen, Yale bryt opp med Mary, Isaac vert saman med Mary, Mary bryt opp med han og går attende til Yale, og Isaac oppsøkjer syttenåringen, men ho er på veg til London, og vil ikkje snakka så mykje med han.

Det er ikkje handlinga som gjer denne filmen så flott. Det er minst tre andre ting: 1) Dialogen er framifrå. Fleire av personane snakkar fort og ofte. Det verkar rett, men dei gode replikkane kjem i fleng. 2) Gatebileta. Byen presser seg ikkje fram, men gradvis vert det tydeleg at dette er eit portrett av New York, og av folk som bur der. Eg har vore i New York eit par gonger, og lysta til å reisa attende vert ikkje mindre etter filmar som denne. Filmen er i svart-kvitt, slik at det vert litt nostalgisk. Andre filmar viser fram det kriminelle og farlege ved New York, her er det berre ein by der oppegåande menneske kan finna det dei treng, både av kunst og andre menneske. 3) Musikken til George Gershwin høyrest ut som om han er skriven til denne filmen.

Så det skjer ikkje så mykje, men det er ikkje så nøye. Det er ein flott film, og det gjer sjølvsagt ingenting at då Isaac ligg på sofaen og undrar seg over kva som gjer livet verdt å leva, er det fyrste han seier "Groucho Marx".

Guffen tilrår.


Meir Allen på kulturguffebloggen
Hannah and Her Sisters (1986)
Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)

19. juli 2010

Ronnie M.A.G. Larsen: Offa (2008)

På veg mot Danmark viste det seg at Marit ikkje hadde med seg lesestoff. Me vart samde om at eg skulle plukka ut ei bok til ho i ein bokhandel i Kristiansand, og eg valde like godt denne. Kva ho meiner om boka veit eg ikkje, men eg trur ikkje ho har lese meir enn tre-fire av dei tjueto korte forteljingane, så det er fare for at ho var like lite imponert som meg.

For dette er ikkje rare greiene. Forteljingane er ikkje gode nok, her er ingen uventa vendingar, og ingen av forteljingane sluttar med eit godt og uventa poeng. Mange av personane han skriv om verkar påtatt rare. All handling er lagt til øya Giske på Sunnmøre, der Larsen voks opp, og det kan godt henda at han har teke utgangspunkt i verkelege hendingar derfrå. Likevel tek det aldri heilt av. Larsen har ikkje funne si eiga stemme, han prøver seg fram i eit litterært landskap som minner altfor mykje om det Frode Grytten held til i. Grytten legg òg ofte handlinga til ein liten tettstad, men han er av eit heilt anna kaliber. At Larsen legg seg tett opptil Grytten ser me mellom anna i bruken av klengenamn på personane; der Grytten har Fittetjuven, svarar Larsen med Fitte-Per.

Boka skrik òg etter ein korrekturlesar. Her er ei mengd skrivefeil, og nynorsken til Larsen er altfor inspirert av bokmål. Berre på den korte baksideteksten er det eit par graverande feil, mellom anna "Alt forteljast med ..." - det er ikkje vanskeleg å sjå at denne er skriven av ein bokmålsbrukar, som tek sjansen på ei direkte omsetjing. Huff.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. juli 2010

Vidar Kvalshaug: Ingen landevei tilbake (1996)

Det er rart med det. Me pakka (endeleg) ut bøkene som har lege innpakka sidan me flytta hit for bortimot to år sidan. Ein eller annan stad, i ei bok eller i eit blad, dukka det opp eit bilete av Rui-jentene. Eg visste ingenting om dei, Marit visste det meste. To korte og gamle systre budde for seg sjølv ein stad i Telemark, og hadde fått invitasjon til kongevisitas. Biletet der dei står ved ein gardist utanfor slottet er fabelaktig.

Eg plukka med meg nokre bøker eg ville lesa, og tok fyrst til med denne boka av Kvalshaug. Eg kjenner han ørlite, for mange år sidan var eg såvidt innom heimen hans på Nordmøre, og veit at han har svært god smak* når det gjeld bøker. Dette er debutromanen hans, og kva er det fyrste eg ser når eg opnar boka? Ho er dedikert til Rui-jentene.

Grunnen verkar opplagt: Boka handlar om to eldre brør som ikkje heilt har kome i gang med overgangen til det moderne samfunnet. Dei lever i og av skogen, og er fåmælte og jordnære. Dei stikk oftare fingeren i jorda enn inn i bokhylla, for å henta fram ei formulering eg brukte i ein annan samanheng. Då faren døydde, grov han ned dei kontantane han hadde ved posthuset, og då posthuset skal rivast, finn den eldste broren ut at pengane må hentast. Dei handlar inn det dei treng av kvitevarer, men veit ikkje heilt korleis dei skal bruka dei. Desse kvitevarene er truleg òg grunnen til at den eldste broren døyr; ein sein kveld, medan han andre er på dans, brenn huset ned. Den mest opplagde forklaringa er at det elektriske anlegget ikkje har takla desse nye maskinene.

Kvalshaug skriv knakande godt. Språket er rikt og truverdig, og han fortel òg historia på ein god måte. Han deler ikkje ut meir enn det lesaren treng, og har ikkje hast med å henta fram det me treng for å sjå heile samanhengen. Lesaren må vera litt tolmodig, og det løner seg òg når det gjeld språket. Her er gode formuleringar og gode metaforar, og det er i det heile ei bok som gjev ein lyst til å lesa meir av Kvalshaug. Han har gjeve ut fleire bøker, og eg har lese nokre av dei, men det vert litt som med Kjetil Brottveit - ein skulle ynskja at dei heller skreiv bøker, enn å arbeida med andre ting.

Guffen tilrår.

* "Svært god smak" tyder sjølvsagt at han likar mange av dei same forfattarane som eg likar.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen

Trampolineland (2012)

17. juli 2010

Michael Grundt Spang: Torgersen-saken (1973)

I 1957 vart ei ung jente drepen i Skippergata i Oslo. Fredrik Fasting Torgersen vart teken av politiet seinare same natt, og vart etter kvart anklaga og dømt for drapet. Han sat i fengsel fram til 1974, og er den som har site lengst samanhengande i norske fengsel.

Rundt 1970 vart forfattaren Jens Bjørneboe engasjert i saka. Han var overtydd om at dette var eit justismord, og skreiv avisinnlegg, artiklar, essay og skodespel om saka, og prøvde å få saka teke opp att. Han fekk massiv støtte. Denne boka må nærmast reknast som eit svar til det me kan kalla Bjørneboe-aksjonen.

Grundt Spang var journalist i VG. Han har hatt tilgang til alle papir i saka, og refererer det som skjedde før mordet, og saka etterpå. Deretter tek han opp dei viktigaste ankepunkta til Bjørneboe, og tilbakeviser alle desse. Han er svært lojal mot politi og rettsvesen, og kan ikkje finna noko som viser at Bjørneboe har rett, og heller ikkje noko som tilseier at saka bør få ein ny runde gjennom retten.

Eg har lese mykje om Torgersen-saka tidlegare, og har vorte rimeleg overtydd om at det faktisk er snakk om eit justismord. Denne boka peikar i ei anna retning, og under lesinga vart eg meir i tvil. Likevel, etter at eg samla tankane litt, hellar eg framleis mot at det er gjort urett mot Torgersen. Boka Erling Moss og Camille Juel Eide gav ut (1999) er langt meir omfattande og overtydande, og i ettertid har også andre store advokatar teke til orde for at Torgersen bør få prøvd saka på ny. Det var greitt å lesa denne boka, som eit partsinnlegg frå den andre sida, men Grundt Spang greier altså ikkje å overtyda meg.

Guffen tilrår.

Blod og ære (2008)

Boksing er ein meiningslaus idrett. Det heile handlar om å slå motstandaren i bakken, og det seier seg sjølv at ein skal leita lenge for å finna noko meir primitivt. I boksemiljø verkar det som om det gjev mest status å vinna på knock-out, altså å slå motstandaren så hardt at han ikkje kjem seg opp. I kva andre idrettar gler ein seg over at motstandaren verdt skada?

Likevel er det råd å forstå at nokon vel å driva med boksing. Det som er vanskeleg å forstå, er at foreldre aktivt tek ungane sine inn i bokseringen, og at dei, når det viser seg at ungane har eit talent for boksing, tek aktivt del i boksekarriera til ungane, og sit ringside ved alle kampane deira. Korleis kan ein far sjå på at sonen slår andre menn så hardt han kan? Og korleis kan han sjå på at sonen vert slegen i bakken?

Team Klemetsen, som dei kalla seg, er altså eit rart par. John var boksetrenar i Stavanger, og drog med seg sonen Ole på treningar. Han viste stor framgang, og var lenge ranka som ein av dei beste i verda. Han tok EM-tittelen ein gong i 90-åra, men tapte kampen om VM-tittelen etter å ha gått tolv rundar mot den regjerande meisteren. Der var altså både opp- og nedturar. OL i 1992 var ein slik nedtur, proff-karriera i USA vart etter kvart ein annan.
Filmen handlar om boksekarriera til Ole, men er like mykje eit portrett av faren. Dei har eit uvanleg nært forhold, og det gjer inntrykk å sjå korleis dei heile tida tek på kvarandre. Mot slutten av filmen har faren kreft, og scenane der dei snakkar om det dei har gjort, og der faren sterkt oppmodar ein motviljug Ole til å gjera seg kjend med familiebakgrunnen, er sterke. Spesielt faren er ein draum for ein dokumentarfilmskapar, han snakkar med store bokstavar, og hentar fram alle klisjeane i boka. Sonen er meir reservert, i alle fall i dei nyaste opptaka. Han snakkar mindre, og snakkar utydeleg, for ein bokseskeptikar som meg er det nærliggjande å tru at den skrantande diksjonen heng saman med alle slaga han har fått som boksar.

Team Klemetsen var kontroversielle, og var dårleg likt av bokseforbundet. I filmen skuldar dei heile tida på andre, det var aldri deira feil at ting gjekk gale. Også den amerikanske trenaren deira får skulda for at det skar seg i USA. Dei braut kontrakten med han og reiste attende til Noreg. Han saksøkte dei, og vann saka.

Guffen tilrår.

16. juli 2010

Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)

Ei enkel og grei bok, som ikkje gjev seg ut for å vera noko anna enn ho er: Ei samling bilete frå filmane til Marx Brothers.

Boka er nok retta mot dei som alt kjenner Marx Brothers godt. Her er ein kort introduksjon, med korte og presise portrett av dei tre viktigaste brørne, og tekstane i resten av boka er òg gode. Bilettekstane er som bilettekstar plar vera, men gjennom heile boka er det heile tida sitat frå eller om brørne, og dei som har valt ut sitata viser at dei kjenner brørne godt. Det er gode utval, og fleire av favorittsitata mine er med. At ikkje alle er med er eit godt teikn, det viser berre at der finst svære mengder gode sitat.

Tekstane kjem på tre språk. Dei som har omsett til tysk og fransk må ha hatt store utfordringar, og fleire stader må dei ty til forklaringar i parentes, sjølv i desse korte utdraga. Biletutvalet er òg godt, her er mange lite brukte bilete, og her er òg med nokre faksimiliar av reklamar, og av eit uventa godt intervju med Gummo.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

Johan Harstad: Darlah (2009)

Dette er ikkje nokon spesielt original observasjon, men likevel: Johan Harstad ser ut til å vera bra interessert i turar til månen. I fjor las eg den fine Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, og det var vel viktigaste grunnen til at eg kjøpte denne boka. Darlah er mest retta mot meir ungdommelege lesarar, men eg hadde ei fin stund då eg las denne.

NASA vil attende til månen, men er usikre på om dei greier å skaffa pengar nok. For å skapa blest rundt måneturen utlyser dei eit verdsomspennande lotteri for ungdommar mellom fjorten og sytten (sånn omtrent), der dei tre vinnarane får vera med. Saman med fem astronautar vert dei sendt til månen, der dei skal vera ei veke på den inntil no hemmelege romstasjonen Darlah 2.

Det går heilt galt, sjølvsagt. Folk i NASA har visst det lenge, men på månen er der eit eller anna livsfarleg. Dei åtte misser livet, ein etter ein, heilt til ein av tenåringane, Mia frå Stavanger, greier å koma seg ombord i eit naudfartøy i Darlah 1, ein annan hemmeleg romstasjon, og skyta seg attende til jorda. Det ligg såleis an til ein happy ending, reint bortsett frå at det ikkje var Mia som var ombord i fartøyet, det var den onde dobbeltgjengaren hennar, som i løpet av imponerande kort tid greier å ta livet av alt og alle på heile jorda.

Historia er altså ikkje spesielt truverdig, men det er heller ikkje så viktig. Boka er godt skriven, det vert gradvis meir spanande, og spesielt timane på månen er skildra bra. Harstad får godt fram kor innestengde dei er, både i mørkret i romstasjonen, men òg på sjølve månen.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Hässelby (2007)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest. Hvem vi er og hva vi gjør (2013)

15. juli 2010

Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)

Etter at ein ekspedisjon skal det skrivast bok. Det er ein viktig del av finanseringa, både før og no, men det handlar òg om profilering. I gamle dagar, då ekspedisjonane ofte utforska ukjent land, var slike reiserapportar med på å gjera hovudpersonen kjend. Nansen er til dømes langt meir kjend enn Hjalmar Johansen; Amundsen er meir kjend enn dei fire andre til saman.

Framleis er det slik at ekspedisjonsleiaren skriv boka etter turen. Det fargar sjølvsagt boka, som er frå den andre gongen Gangdal prøvde seg på Mount Everest. Den fyrste gongen gjekk det heilt galt, ingen kom til topps, og ein sherpa miste livet. I denne boka bruker difor Gangdal mykje plass på å få fram at dei vart godt førebudde. Dei har rådført seg med psykologar, dei har sett saman eit lag der alle jobbar saman, dei har hatt møte der dei er samde om planane for turen, og alle har røynsle frå liknande turar.

Tida dei var på og ved Mount Everest var prega av mange ulukker. Nokre av dei andre ekspedisjonane og klatrarane får så hatten passar, Gangdal er misnøgd med korleis dei berre tenkjer på seg sjølv. Det norske laget har ein suksessfylt tur, åtte av dei ti kjem seg heilt til topps, langs den krevjande nordryggen. Gangdal var ein av dei to som ikkje kom seg opp.

Trass i at han heile tida legg vekt på å at dei ikkje tek nokre sjansar, skin det gjennom at dei har den same draumen som alle andre. Å nå toppen er viktig. Etter at den fyrste gruppa på fire har vore på toppen, vil den neste gruppa på fire prøva seg dagen etter. Gangdal funderer på om han bør stoppa dei. Er risikoen for stor? Ei ulukke ville ha endra ettermælet til ekspedisjonen. Han skriv at han som leiar ville "hatt fullmakt til en slik beslutning, men det ville høyst sannsynlig endt emd at vi samtidig ville ha kastet vrak på ekspedisjonens andre hovedmål: vennskap og trivsel. Hva ville da stå igjen av vårt møysommelig forberedte og så langt meget vellykkede teamarbeid? Ingenting." Dette vert jo rimeleg patetisk. Det viktigaste av alt er at ingen skal koma til skade, bortsett frå i situasjonar der venskapet kan verta sett på prøve.

Boka er bygd opp over same lest som andre liknande bøker eg har lese. Det opnar med litt historikk frå fjellet, og det er presentasjonar av ulike ruter, før ein tek til med alt som er av førebuingar. Det er greitt, sjølvsagt, det høyrer med til ekspedisjonen, men det er det som er minst spanande å lesa om. Retteleg interessant vert det ikkje før sjølve klatringa kjem i gang. Fleire av dei andre i ekspedisjonen kjem til orde undervegs, ei løysing som oftast fungerer godt, men som av og til kan vera noko forvirrande.

Guffen er lunken.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Lauritzen og Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eidslott og Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)

14. juli 2010

Odd Iversen / Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)

Sommarlesinga tok ei uventa vending etter ei vitjing på Farsund bibliotek. Der var det boksal, dei tømde hyllene for bøker ingen les lenger. To område var særs godt dekte, biografiar om fotballspelarar, og bøker på nynorsk. Fotballbiografiane er lettlesne og vel så det, så etter å ha vore gjennom ei på alle måtar tynn bok om Mini Jakobsen, brukte eg nokre timar på ei bok om Odd Iversen.

Odd Iversen var ein av dei fyrste norske spelarane eg visste namnet på, og kan godt vera ein av dei viktigaste grunnane til at Rosenborg vart favorittlaget mitt. Av og til var eg med far min til kontoret hans på folkehøgskulen, og medan han pusla med sitt, bladde eg i bøker eg fann på biblioteket der. Sportsboken frå åra rundt 1970 var blant favorittane, og det var på den tida at Ivers herja som verst.
Då ante eg sjølvsagt ingenting om korleis han var utanfor bana, og visste heller ikkje mykje om det ekstreme temperamentet hans. Han var ikkje akkurat nokon festbrems, og var støtt og stadig på kant med dommarar, og med representantar for styre og stell. I boka legg han ikkje skjul på dette, han skriv at han røykjer og drikk, og fortel sin versjon av dei mest vidgjetne episodane der han kom på kant med autoritetane. I 1973 kom han innpå som reserve i cupfinala nokre minutt før slutt, og vart utvist eit halvt minutt seinare.

Han fekk òg karantene frå landslaget ved to ulike høve. I 1969 var landslaget på tur til Mellom-Amerika, og her skulle Iversen få gullklokka. I kjølvatnet av ein runde på byen kom han på kant med Nicken Johansen, generalsekretær i fotballforbundet, og han fekk ikkje spela kampen. Nokre veker seinare fekk han vita at forbundet hadde gjeve han karantene på åtte månader. Han skriv at då han endeleg fekk gullklokka, for sin landskamp nummer tjuefem, var garantien på klokka gått ut.

Biografien handlar berre om fotballkarriera. Tida fram til junioralder vert fort fortalt, og det vert ikkje brukt mykje tid på anna enn fotball. Det står litt om korleis det er vanskeleg å vera gift med ein fotballspelar, og korleis dette førte til at han og kona tok ut separasjon. Namnet hennar vert ikkje nemnt, heller ikkje namna på ungane hans.

Iversen står fram som ein god sosialdemokrat. Han veit at han, til liks med mange andre storskårarar, vert framstilt som den viktigaste på laget, men han passar heile tida på å framheva resten av laget.

Boka er skriven nokre år før Iversen la opp. Han skriv om skadar og problem med familien, men det var fyrst etter at han la opp at han verkeleg fekk problem. Med den rette forfattaren kunne det ha vorte ei god bok, denne fengar berre sånn nokolunde. Den siste delen, der han har ein liten fotballskule, hoppa eg forbi.

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

11. juli 2010

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)

Eg er berre sånn middels interessert i norsk fotball. Eg har sånn passeleg oversikt over kva som skjer, men det heilt store engasjementet er ikkje der. Rosenborg har vore det norske favorittlaget mitt sidan tidleg i syttiåra, og paradoksalt nok var det det laget som tok knekken på den største interessa mi. Den totale dominansen deira på nittiåra gjorde at all spaninga var vekke, dei einaste gongene eg var engasjert var dei gongene dei spelte Meisterliga.

Det var ikkje berre fotballen deira som var lett å lika, dei hadde òg mange spelarar det var stas å sjå på, og som tidvis kunne verka sympatiske i intervju og slikt. Ein av dei som drog det samla inntrykket ned, var Mini Jacobsen. Då han vart selt til sveitsiske Young Boys i 1991 (omtrent), hugsar eg at eg sa til Brynjulv at no vart det lettare å vera Rosenborgfan.

Den viktigaste grunnen til at Mini var plagsam, var veremåten hans. Breial, stor i kjeften, sjølvsikker, kanskje litt arrogant - alt i alt var det ikkje mykje å skryta av. Som fotballspelar var han heldigvis betre. Han var svært populær, mest i dei yngre aldersgruppene. Denne boka er heilt klart skriven med denne lesargruppa i tankane.

Boka opnar slik idrettsbiografiar skal: Med høgdepunktet i karriera. Her er det den kampen der Mini skåra mot Italia, på bortebane. Deretter går ein tilbake til utgangspunktet, og skriv om korleis foreldra (i dette tilfellet mora), trenarar og medspelarar har vore gode medhjelparar. Det er ein total mangel på djupe analysar, og dei gongene Mini slepp til med direkte sitat er det heller ikkje djupe tankar som kjem.

Men vent litt? Var ei skåring på bortebane mot Italia høgdepunktet for Mini? Nja. Boka kom ut då Mini var 27 år, og han gjorde mykje etterpå. Han var med i to VM-sluttspel, han spelte mange kampar i Meisterligaen, han vann ei rekkje seriegull med Rosenborg, men dette vert ikkje nemnt her. Skal ein vurdera Mini ut frå denne boka, har han ikkje gjort noko sportsleg som rettferdiggjer at han har fått ein biografi.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

10. juli 2010

Bill Bryson: At Home (2010)

Bill Bryson er ein meir enn habil reiseskrivar. Han har skrive om andre ting enn reising, men det er der han er best. Då eg såg tittelen på denne boka på Amazon, tenkte eg at dette var lovande: Eg såg føre meg at han skulle vera reiseskrivar i sin eigen heim, og skriva om det som møtte han i heimbyen hans. Eg tok feil, og dei fyrste sidene av boka irriterte dette meg.

Bryson har altså skrive om anna enn reising tidlegare. I boka A short history of everything prøver han å fortelja historia til universet på ein veldig kompakt og populærvitskapleg måte. Denne boka følgjer omtrent same malen, men her skriv han om dagleglivet. Dagleglivet i USA og England.

I univershistoria sveipa han innom norske døme nokre få gonger. Etter det eg hugsar var eg djupt skeptisk til alle desse norske døma - minst to av dei var reine feil. Med ei slik utteljing på dei døma eg kjende best, ville det vera rart om absolutt alt det andre som stod der var rett. Begge desse bøkene fungerer difor best om ein les dei som rein underhaldning, der forfattaren gjerne kan ha smurt litt tjukt på, eller der han kan ha drege heilt feil konklusjonar. Dei som vil vita kva som eigentleg skjedde, bør gå til faglitteraturen.

Bryson tek utgangspunkt i eit stort hus han har kjøpt i England. Han bruker teikningane til huset som vegvisar, og går gjennom huset, rom for rom. I kvart rom finn han eit emne som passar, han skriv altså ikkje om historia til huset. Etter ein kort presentasjon av barnerommet skriv han til dømes om korleis born har vore sett på gjennom historia, litt om barnearbeid, litt om sjukdom og dødsfall, og sikkert litt meir. Han følgjer sine eigne innfall, og presenterer mange personar som har vore viktige i ulike sider av samfunnet. Det er ikkje måte på kor mange av desse som er gløymde i dag, og ein anar at Bryson har lyst til å henta fram att gløymde heltar.

Bryson har òg eit godt auge for det kuriøse, og han ser samanhengar som ikkje alltid er heilt openberre. Av og til ser han likevel ikkje langt nok. Han veit at huset vart bygt i 1851, og veit at han som fekk det bygt var barnlaus. Han bygde likevel inn eit barnerom, og Bryson spekulerer litt i om dette kan ha vore av di han drøymde om eigne born. Det kan det sjølvsagt ha vore, men ei minst like plausibel forklaring er at han ville sikra seg at når han ein gong skulle selja huset, ville der vera eit høveleg rom for familiar med born.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Notes from a Small Island (1995)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)