22. april 2012

Gorm Henrik Rasmussen: Pink Moon (2012)

Nick Drake er eit klassisk eksempel på korleis interessa for ein musikar vert langt større etter at han er død. Her skulle det rett nok ikkje så mykje til, han var så godt som ukjend då han døydde i 1974. Han hadde gitt ut tre plater, som alle er glimrande, og som alle selde relativt lite. Musikken hans var ikkje spesielt lystig i utgangspunktet, men etter at det gjekk dårleg med dei to fyrste platene, vart Drake langt tyngre til sinns. Han sleit med store depresjonar, gjekk på ulike medisinar, isolerte seg frå venene sine, og kan ha teke livet sitt.

Eg vart kjend med han gjennom Nye Takter, der Svein Paulsen skreiv ein lang artikkel om han midt i 80-åra. Eg kjøpte samlekassetten Heaven in a Wild Flower i London i 1986, og vart hekta. Året etter gav Arnfinn meg boka Pink Moon: Sangeren og sangskriveren Nick Drake. Dette var den fyrste boka om Drake, skriven av den danske diktaren Gorm Henrik Rasmussen. Boka vart aldri omsett til engelsk, men i år kom ho ut på nytt, sterkt endra og utvida.

Det har kome andre bøker om Drake i mellomtida, men dette er den einaste boka der forfattaren har intervjua foreldra til Drake. Han fekk eit nært forhold til dei, dei var imponerte over og glade for at nokon ville skriva ei bok om son deira. Han fekk kopiar av ikkje-utgitte songar, vitja dei nokre gonger, og hadde kontakt med dei så lenge dei levde. Han har òg intervjua andre av dei som stod Drake nær.

Det er likevel ikkje desse intervjua som gjer dette til ei finfin bok. Rasmussen skriv uvanleg godt om songane til Drake. Han legg spesielt vekt på tekstane, som han tolkar og forstår på ein særs meiningsfull måte. Han skriv om korleis Drake var glad i å bruka ord som "dream" og "rain", og korleis mange av tekstane skildrar noko som kan vera ei draumeverd.

Boka kjem altså rundt 25 år etter at boka på dansk kom ut. Rasmussen er like glad i musikken til Drake framleis, og dette kjenner eg meg godt igjen i. Vert ein fyrst glad i Nick Drake, slepper han ikkje taket.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

Being John Malkovich (1999)

Charlie Kaufman skriv glimrande filmmanus. Eg såg nyleg Synecdoche, New York, og også denne filmen har eit høgst originalt manus. Det er ikkje lett å tippa kva som skjer rundt neste hjørne, og det er alltid ein god ting med ein film.

Dokkemakaren Craig (John Cusack) må spe på inntekta med ein fast jobb, og vert tilsett som arkivar i firmaet LesterCorp. På kontoret sitt finn han ei lita dør bak eit arkivskåp. Han krabbar inn, og oppdagar, overraskande nok, at han dei neste femten minutta er han inne i hovudet til skodespelaren John Malkovich. Kona hans, Lotte (Cameron Diaz), får òg prøva, og for ho vert dette som rein dop. Ho vil tilbake. Kollegaen til Craig, Maxine (Catherine Keener), ser at det er pengar å henta her, og dei sel turar inn i Malkovich for 200 dollar. Mellom dei tre, altså Craig, Lotte, og Maxine, utviklar det seg eit høgst originalt trekantdrama - Maxine vert elskaren til Malkovich, av di ho likar å ha sex med Lotte når Lotte er i hovudet til Malkovich. Craig vert sjalu, låser Lotte inne, og går sjølv inn i Malkovich for å ha ein slags sex med Maxine. Han merkar at han, som er dokkemakar, greier å kontrollera Malkovich, og han vert Malkovich i nesten eit år.

Originalt nok og vel så det, altså, og der er nok av andre påfunn og uventa vendingar i filmen. Det er ein fryd å sjå han, det er til dømes glimrande når Malkovich sjølv kjem inn i sitt eige hovud, og entrar ei verd der full av John Malkovichar, som alle berre har ordet "malkovich" i ordforrådet sitt.

Guffen tilrår.

Meir Kaufman på kulturguffebloggen
Eternal Sunshine of the Eternal Mind (2004)
Synecdoche, New York (2008)

Thelma and Louise (1991)

Dette er ein film om ein ferietur som ikkje går heilt etter planen. Dei to veninnene Thelma (Geena Davis) og Louise (Susan Sarandon) skal vera ei helg på hytta til ein kollega av Louise. Thelma er sterkt undertrykt av mannen sin, ho har ikkje fått klarsignal til å reisa, og er ei forsiktig og passiv kvinne. Dei stoppar på ein bar, der Thelma dansar litt med ein kar som trur at ho er klar for litt av kvart. Han prøver å valdta ho på parkeringsplassen utanfor, og Louise skyt han. Dei flyktar vestover (sjølvsagt), og undervegs ranar dei ein butikk, øydelegg tankbilen til ein truckar som har plaga dei fleire gonger, og då politiet endeleg får tak i dei, køyrer dei friviljug i full fart ut over kanten på ein canyon.

Då filmen kom, fekk han mykje ros for å visa korleis dei to protesterer mot undertrykkjande og sjåvinistiske menn. Det skal han framleis ha ros for, men det vert likevel litt for tydeleg. Det er grovt karikerte figurar her. Den forsiktige Thelma endrar seg stort i filmen, og i løpet av ei helg vert ho ei ekstremt sjølvsikker og sterk kvinne. Mannen hennar er ingenting å samla på, han tenkjer berre jobb, er hjelpelaus på kjøkkenet, og medan han er åleine heime går det i pizza og amerikansk fotball på fjernsynet. Truckaren dei herjar med er så truckar som det går an. I andre mindre biroller møter me både ein god og ein dårleg politimann.

Så han held seg ikkje heilt, denne filmen. Musikken er stort sett forferdeleg, og skodespelet er sånn opp og ned. Som alltid deler eg ut plusspoeng til filmar som legg handlinga til sørvest-USA, men elles er dette ein film på det jamne.

Guffen er lunken.

20. april 2012

Kes (1969)

15 år gamle Billy går siste år på skulen. Han vert hersa med av alle - dei andre gutane i klassen køddar med han, broren herjar med han, og alle lærarne på skulen gjer som dei vil. Den einaste som til ein viss grad tek seg av han, er mora.

Det einaste han verkeleg er interessert i er fuglar. Han stel ein haukunge, og lærer han opp til å ta av og landa på handa hans. Fridomen til fuglen fascinerer han, og kontrasten mellom korleis den mektige fuglen flyr fritt, og korleis Billy opplever spesielt skulen som eit fengsel, er enorm. Etter at Billy på sett og vis har stole nokre pengar frå broren, tek broren livet av fuglen. Billy bryt heilt saman, og mora hentar fram den sivlianske replikken om at det er berre ein fugl.

Det er ein fantastisk film, regissert av Ken Loach. David Bradley, som spelar Billy, er perfekt til rolla. Han minner litt om ein ung Mark E. Smith; han er den minste i klassen, men spesielt då han går åleine framstår han som svært sjølvsikker. Den autoritære britiske skulen vert òg framifrå presentert, det er nærmast ei visualisering av "The Headmaster Ritual". Gymtimen, der ein av lærarane realiserer sin eigen draum om å verta ein topp fotballspelar, er ein glimrande del av filmen, men den kan likevel ikkje måla seg med den utrulege sekvensen der Billy fortel klassen om korleis han har fått haukungen på si side.

Guffen tilrår.

Hans Seland: Aar og dagar (1931)

Hadde Hans Seland levd hundre år seinare hadde han truleg fått merkelappen standup-komikar hengt på seg. Han var bonde, og skreiv rundt førti bøker, men det han var best kjend for var historiene han fortalde frå scenekanten. Han turnerte over heile Noreg, og hadde òg eit USA-opphald på fleire månader, der han reiste rundt i dei norskamerikanske områda og fortalde skrøner.

Historiene hans vart gjerne kalla hikstorier, dei skulle vera så gode at folk hiksta av latter. Det er ingen spor av slik humor i denne boka, det er vel heller tvert imot. Dei få gongene han refererer eigne replikkar, eller dei få gongene han prøver seg som humorist her, fell det heilt på steingrunn. Boka er ein kort sjølvbiografi, der han greitt fortel om oppvekst og yrkeskarriere og haldningar. Noko komplett sjølvbiografi er det ikkje, familien får til dømes svært liten plass. Han skriv langt meir om folk han møtte, og det er heilt greitt for meg. Seland reiste altså mykje, og han møtte dermed mange folk det er verdt å snakka litt om. Han skriv til dømes godt (men kort) om Rasmus Steinsvik, og er òg så vidt innom gode gamle Lars Stavnheim.

For meg er det òg interessant når han fortel om reisene i det norske Amerika, men alt i alt vert det litt for overflatisk. Han vert ikkje lenge ved eitt og same tema før han hastar vidare til det neste. Mot slutten av boka går han gjennom bibliografien sin, og skriv tre-fire setningar om kvar av bøkene. Det vert altfor knapt, det verkar nesten som det han vil seia der er at han har skrive bra mange bøker. Det temaet han bruker nok plass på er engasjementet han viste i Hetlesaka. Ein far og son vart feilaktig dømde for eit mord, og Seland brukte mykje tid på å prøva å få dei reinvaska. Det var dei òg, mange år seinare.

Guffen er lunken.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

18. april 2012

Kjære Olav. Kjære Bodil (Ulvik, 18.4.12)

Dette vart litt annleis enn eg trudde. Eg visste jo sånn omtrent kva som skulle skje - det skulle lesast brev og dikt, med tonefølgje til. Det vart litt for lite av det fyrste.

Historia om korleis Bodil Cappelen møtte og vart kjend med Olav H. Hauge burde vera velkjent. Ho skriv eit langt (og godt) brev til han; han svarar ein månad seinare, og dei lærer kvarandre å kjenna gjennom den følgjande brevvekslinga. Etter nokre år med brevskriving vitjar ho han i Ulvik, og litt seinare inviterer han henne til å flytta inn. Dei vert sambuarar, giftar seg nokre år seinare, og Hauge seier seinare noko slikt som at ho var det beste som kunne ha hendt han.

Etter at Hauge døydde samla Cappelen alle brev dei sende til kvarandre i ei finfin bok. Det eg trudde skulle skje her var at ho skulle lesa frå fleire av desse breva. Slik vart det ikkje. Ho las det fyrste brevet ho sende til Hauge, og svarbrevet ho fekk. Så var det slutt på breva, og ho fortalde heller ingenting om samlivet deira, slik eg hadde forventa. I staden las ho ti av dikta hans - nokre av desse var opplagt inspirerte av Cappelen; andre var det ikkje. Ho er ikkje den beste opplesaren, men det vert likevel sterkt, mest av di ho var gift med Hauge, og altså hadde ei rolle i skapinga av nokre av dikta. Sigrid Moldestad utfylte dikta godt. Ho er drivande god, og ho vert ekstra god når ho legg av seg alt tompratet mellom songane sine. Best var dei to i framføringa av "Det er den draumen", der Cappelen las opp ei og line, medan Moldestad song dei same linene nokre sekund seinare.

Alt i alt var det ein grei kveld, som godt kunne ha vart litt lengre.

Guffen tilrår.

Meir Olav H. Hauge på kulturguffebloggen
Den andre mannen i meg (film, 2014)

15. april 2012

Intolerable Cruelty (2003)

Eit gjensyn med ein film som var langt betre enn eg trudde. Det er ikkje Coen-brørne på sitt beste, men filmen er vel verdt å sjå. Det er to grunnar til det - dialogane er gode, og George Clooney er glimrande.

Clooney spelar Miles Massey, skilsmisseadvokat i Los Angeles. Han er heilt i toppklassen, han vinn dei aller, aller fleste sakene sine. Han har spesiallaga ein idiotsikker ekteskapskontrakt for dei ekstremt rike, ein kontrakt som vernar dei mot unge kvinner som kan tenkjast å ha gifta seg med dei berre for å få med seg store pengar etter ei skilsmisse. Dette går bra, heilt til han møter Marylin Hamilton Rexroth Doyle Massey (Catherine Zeta-Jones) i ei sak der han representerer mannen hennar. Ho tapar saka, og vil ha hemn. Herfrå og ut tek historien nokre gode og uventa vendingar, og sjølv om det sjeldan er den heilt store komikken, er altså Clooney god.

Filmen har òg sine manglar. Det som skil han frå dei beste Coen-filmane, er mellom anna mangelen på den gode karakteren - han som anten slit med å få alt til, eller han som anten trivst eller ikkje trivst litt på kanten av samfunnet. Tenk The Dude, Jerry Lundegard, osb. Filmen handlar om dei vellukka, dei ekstremt rike. Det er talande at filmen går føre seg i to byar - Los Angeles og Las Vegas.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

14. april 2012

På eventyr med Tintin - enhjørningens hemmelighet (2011)

Eg har likt Tintin lenge. Eg har dei fleste, om ikkje alle, teikneseriealbuma, og har òg nokre andre bøker om serien. Merkeleg nok fekk eg ikkje med meg denne filmen då han gjekk på kino i fjor, men eg har sett og sett ein del andre Tintin-filmar det siste halve året: Gledeleg nok har to av dei minste i huset vorte hekta på ei samling enkle og tradisjonelle teiknefilmar baserte på albuma.

Dette er noko heilt anna. Her er animasjonen glimrande, og filmen er i langt større grad retta mot eit litt eldre publikum. Filmskaparane, regissør Steven Spielberg og produsent Peter Jackson, har òg endra historia litt.

Filmen er basert på dei to albuma Enhjørningens hemmelighet og Rackham den rødes skatt. Hovudvekta ligg på det fyrste av desse. Det albumet sluttar med at Tintin og kaptein Haddock finn nokre koordinatar som viser kvar ei sjørøvarskute har gått ned, og det meste av det andre albumet handlar om korleis dei leitar etter dette vraket. I filmen hoppar dei over heile denne leitinga, her viser koordinatane til Møllenborg slott i nabolaget deira, der skatten ligg.

For meg er denne, og dei andre endringane, heilt greie. Dei gjer dette for å skapa ein meir visuell og spanande film. Kapteinen på Enhjørningen er ein av forfedrane til Haddock. I filmen er kapteinen på skipet han slåst med ein av forfedrane til Sakharin, som òg prøver å få fatt i lappane med koordinatar på. Sakharin vil òg ta hemn for måten slekta hans vart vanæra på Enhjørningen for nokre hundreår sidan, slik at innbakt i forteljinga får me òg eit nytt motiv. Oppgjeret mellom Haddock og Sakharin vert ein moderne fektekamp, der dei sit i kvar sin store heisekran og fektar med heisekranarmen.

Guffen tilrår.

Meir Tintin på kulturguffebloggen
Pierre Assouline: Herge. The Man who Created Tintin (2009)

12. april 2012

Jon Krakauer: Under the Banner of Heaven (2011)

I 1984 drap to brør, Dan og Ron Lafferty, to personar - svigerinna si, og dotter hennar. Brørne var fundamentale mormonar, og etter at dei vart arresterte forklarte dei handlingane sine med at Gud hadde bede dei om å gjera det. Jon Krakauer bruker desse morda som utgangspunkt for å gjera seg betre kjend med mormonarane. Det gjer han godt.

Eg kjende lite til denne trusretninga før eg las boka. Eg visste at det er ein relativt ny religion, at dei midt på 1800-talet migrerte til Utah, i det vestlege USA, at dei to tidlegaste leiarane var Joseph Smith og Brigham Young, og at dei lenge praktiserte fleirgifte. No veit eg meir, og det heile verkar rimeleg forskrudd. I boka haglar det med incest, pedofili, mord, valdtektar, undertrykking - alt i tråd med den heilage skrifta deira.

Smith grunnla religionen etter at han fann nokre nedgravne gullplater, fulle av meldingar frå Gud. Han gav ut desse, og fekk raskt fleire tusen følgjarar. Smith fekk ofte nye meldingar frå Gud, som han skreiv ned og distribuerte, og på eit tidspunkt fann han ut at han ville ha meir enn ei kone. Han heldt lenge dette punktet hemmeleg for dei andre mormonarane, men etter at det vart kjent, vart dei pressa ut, for å seia det høfleg, frå Midt-Vesten, og dei flytta til Utah, som då ikkje var ein del av USA. Der forsvarte dei seg, både mot kritikk og mot inntrengjarar - desse vart gjerne massakrerte.

Etter at Utah vart eigen stat i USA, tilpassa dei seg det amerikanske storsamfunnet, og slutta med fleirgifte. I alle fall på papiret. Mange heldt fram som før, og der finst fleire småbyar, både i Mexico, USA og Kanada, der dei lever i tråd med tankane til Smith og Young. Det vanlege er at jenter i fjortenårsalderen vert gifta vekk med eldre menn. Kvinner har generelt lite dei skulle ha sagt, i desse byane har mennene aboslutt all makt. Koner gjer det ektemannen vil; døtrer gjer det faren vil.

Dette var viktigaste grunnen til dei to morda boka fortel om. Brenda, svigerinna til dei to Lafferty-brørne, var intelligent, modig og frittalande, og var sterkt kritisk til at dei i alt fem brørne praktiserte ein så fundamental mormonisme. Utvalde mormonar får beskjedar direkte frå Gud, og Ron hadde fått ei melding om at dei skulle drepa fire namngjevne personar. Det er altså ein veldig presis Gud, dette, det handlar ikkje om å gjera mot andre det du vil at dei skal gjera mot deg, her handlar det om at du skal ta livet av desse fire personane. Saman med andre fundamentalistar drøfta dei om dette faktisk var ei melding frå Gud, og kom fram til at det måtte vera det. Det mest skremmande er ikkje at dei trudde det, men at veldig mange visste om dette. Mange høyrde på desse drøftingane, men tok ikkje til motmæle, og åtvara heller ikkje Brenda og dottera.

Dei to brørne vart arresterte. I fyrstninga delte dei celle, men etter at Ron heile tida banka opp eller prøvde å banka opp Dan, fekk dei to celler ved sida av kvarandre. Ein dag viste Ron Dan ei melding han hadde fått frå Gud - det stod at Ron skulle ta livet av Dan. Dan tenkte litt på dette, og fann ut at det truleg var rett, og stilte seg difor heilt inntil gitteret mot cella til Ron, slik at han kunne kvela han med eit handklede. Han overlevde, men likevel: Sjukt er berre førenamnet.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Three Cups of Deceit (2011)
Missoula (2015)
Under the Banner of Heaven (fjernsynsserie, 2022)

8. april 2012

Michael P. Ghiglieri og Charles R. Farabee: Off the Wall. Death in Yosemite (2007)

It does exactly what it says on the tin: Boka går gjennom alle dødsfalla i Yosemite, ein av dei mest spektakulære nasjonalparkane i USA. I alle fall dei mest interessante dødsfalla - der bur folk fast i parken, og dei to forfattarane har ikkje teke med det ein kan kalla naturlege dødsfall, altså dødsfall knytt til sjukdomar og slikt.

Dei har likevel nok å ta av. Dei skriv om rundt 900 dødsfall. Dei fleste skuldast ulukker, men der har òg vore ei rekkje sjølvmord og mord. Ein stor del av den siste gruppa er mord på indianarane som budde i parken før kvitingane kom - indianarar som høyrde til den stamma parken er kalla opp etter. Svært mange av ulukkene skuldast at folk har gått for langt fram på kanten, eller overvurdert eigne ferdigheitar. Då er det ikkje noka bombe at det er ei klar overvekt av unge menn i listene over dei døde. I boka vert dødsfalla sorterte i grupper, og den einaste gruppa med flest kvinner er "natural treefalls".

Ghiglieri og Farabee prøver å analysera kva som skjedde, og har ikkje berre som mål å fortelja om alle dødsfalla. Dei vil at lesaren skal læra av det som har skjedd, slik at talet på dødsfall går ned. Dei er ikkje altfor optimistiske, mange av dødsfalla skjedde av di folk ikkje tok omsyn til store skilt som åtvara mot å gå lengre fram på kanten, eller mot å bada i elvar med sterk straum. Dei fortel òg mykje om historia til Yosemite. Dei kunne ha redigert boka litt strammare, av og til verkar det som om dei vil ha med for mykje. I det siste kapitlet, om mord, vert dei altfor detaljert i skildringa av to massemordarar som drap nokre av offera sine i Yosemite. Det verkar nesten som om dei ikkje vil avslutta boka.

Men før me kjem til slutten av boka har me altså lese om mange dødsfall. Til liks med ei liknande bok om Grand Canyon, som Ghiglieri skreiv saman med Thomas Myers, er her mange utrulege historier, og mykje uventa. Det dyret som har skuld i at flest menneskeliv har gått tapt i parken er hest. Fleire folk har mist livet i bilulukker enn båtulukker i parken.

Det som skjedde i ei av desse bilulukkene er nesten vanskeleg å tru. Dei heldt på med å leggja asfalt på ein av vegane i parken, då ein svær lastebil med to tilhengarar fulle av asfalt miste kontrollen over bremsene. Rett før bilen køyrde utfor vegen trefte han ein vanleg bil med to personar i. Personbilen vart dytta utfor stupet, og landa fyrst. Oppå personbilen landa lastebilen, og dei to tilhengarane med varm asfalt - desse stod nesten vertikalt oppå lastebilen, slik at asfalten rann ut, og la seg rundt den flatklemde personbilen. Dei tre i lastebilen hadde greidd å kasta seg ut før bilane landa, men der måtte framleis vera nokon i personbilen. Det kom hjelp med ein gong, og dei arbeidde frenetisk for å spa vekk asfaltene før han storkna. Omsider kom dei seg inn til bilen. Ein av hjelparane stakk ein arm inn gjennom eit knust vindauga, og kjende at han tok på ein fot - med puls. Pulsen forsvann før dei fekk gravd ut vedkomande.

I 1976 forsvann eit fly frå radaren rett over Yosemite. Ingen visste noko om flyet - det var ikkje eit rutefly, og ingen private fly hadde heller meldt at dei skulle fly over parken. Grunnen til at flyet var ukjent vart fort klar: Då park-rangerane fann flyet, såg dei at det hadde styrta i eit islagt vatn. Dei dukka til flyet, men fann ingen om bord. Kanskje hadde dei hoppa ut, kanskje låg dei under vatn. Dette var i februar,og dei venta til våren med å få ut flyet. Då hadde meir enn eit tonn av lasta forsvunne. Flyet var proppfullt av marihuana, ulovleg importert frå Mexico. Noko av lasta hadde flote opp til overflata, og då dette vart kjent, var det fleire av klatrarane i Yosemite som såg sjansen til å få seg ei ekstra inntekt. Fleire skal visstnok ha finansiert turar til Himalaya for det dei tente på dealinga si.

Bilar og fly - dei fleste ulukkene skuldast likevel at folk ikkje er nok førebudde på kor farleg naturen kan vera. Her er klatreulukker, drukningsulukker, folk som dett utfor kanten, folk som vert førte utfor kanten av fossar, osb. Yosemite Valley er ein ekstrem u-dal, med bortimot loddrette dalsider. Mange har falle utfor, men nokre vert redda i siste liten. Slik var det med han guten som var med på ein speidartur. Medan speidarane fylte vassflaskene sine i rimeleg trygg avstand til kanten, gjekk ein av leiarane heilt fram på stupet. Ein av speidarane miste fotfestet, og vart ført av elva mot kanten. Dei siste metrane mot stupet låg det litt is på vatnet, men leiaren kunne sjå guten gjennom isen, og huka tak i han i det han kom fram under isen, nokre få meter frå stupet.

Det er altså ei fascinerande bok. Ho kunne gjerne vore litt strammare redigert, men det er berre pirk. Noko av det mest fascinerande er korleis boka både gjev meg lyst til å reisa til Yosemite ein gong til, og til å halda meg vekke.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Ghiglieri og Myers: Over the Edge. Death in Grand Canyon (2001)

5. april 2012

Piratene (2012)

Animasjonsselskapet Aardman lagar stort sett glimrande filmar. Dette er ikkje noko unntak. Filmen er fantasirik. Sjølv om filmen vert marknadsført som ein barnefilm, og sjølv om han passar godt for born, er det ein film som vaksne har minst like mykje igjen for å sjå. Her er ei mengd detaljar ein truleg ikkje får med seg fyrste gong, og då er det jo greitt at det er ein film som toler å verta sett fleire gonger.

Hovudpersonen er Pirate Captain, ein relativt mislukka sjørøvar. Han drøymer om å få prisen 'årets pirat', men er eigentleg sjanselaus. Han augnar ein sjanse då han bordar skipet til Charles Darwin, og det viser seg at det sjørøvarane trudde var ein papegøye eigentleg var ein dodo, ein fuglerase ingen har sett på 150 år. Darwin meiner at å finna ein slik fugl vil vera nok til å få ein pris som årets forskar. Piratkapteinen legg to og to saman, og siglar til London for å krevja den prisen sjølv - Darwin har skapt inntrykk av at det er ein verdfull pris, og kapteinen tenkjer at det kanskje kan vera nok til å gje han trofeet han eigentleg vil ha.

Slik går det sjølvsagt ikkje. Historia tek nokre uventa vendingar, og når filmen sluttar er ikkje sjørøvarane stort rikare enn dei var før. På veg til den slutten har det altså skjedd litt av kvart, og i vanleg Aardman-stil er der ei fin samling overdrivingar, presentert i ein aldeles glimrande animasjon. For dette er skikkeleg animasjon, det er ikkje data-animert slik dei aller, aller fleste andre animasjonsfilmar er i dag.

Guffen tilrår.

Olav Sletto: Per Spegil (1939)

Per er ein gut rundt fire-fem år. Han veks opp hjå besteforeldra, på ein gard høgt oppe i ei dalside i Hallingdal, eit stykke unna næraste nabo. Boka er fortalt gjennom han, og han er ein god forteljar. Han har eit vake auge for alt som rører seg rundt han. Han får med seg alt som vert sagt, han ser kva som skjer i naturen, og han vil vita meir om alt dette. Boka har ikkje noka eigentleg handling, ho fortel meir om ulike hendingar over nokre få år. Slutten heng òg litt i lause lufta, men det heng truleg saman med at boka er den fyrste i ein serie på fire.

Per er altså læreviljug. Å vera barn er ein overgang, sjølvsagt, og me ser korleis han vert gradvis eldre og klokare. Men me ser òg at han ser meir enn det han ser. Han har ein voldsom fantasi, han har ein stor appetitt på å få høyra historier, og han leikar seg inn i rolla som andre. Les ein biografien som eit sjølvportrett, er det lett å sjå at noko av det viktigaste i boka er korleis den unge Per fekk vera fri nok til å fatta interesse for det kunstnarlege. Han likar musikk, og han likar å sikta og å høyra historier.

Og boka kan gjerne lesast som eit sjølvportrett. Det meste stemmer, Sletto voks opp hjå besteforeldra i Hallingdal, og vart etter kvart både forfattar og spelemann. Med ei slik vinkling vert det viktigaste i boka å sjå korleis ein liten gut fattar interesse for kunsten. Det store med boka er likevel korleis Sletto på ein svært vellukka måte får fortalt det heile gjennom Per. Det er ein unge som fortel - rett nok ein kunnskapsrik og oppegåande unge - men alt vert sett gjennom auga til ein liten gut.

Guffen tilrår.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)