21. juli 2016

Bill Bryson: One Summer. America 1927 (2013)

Denne boka handlar (i prinsippet) om ein einaste sommar. Boka er på litt over 500 sider, så skal dette fungera føreset det to ting: Det må vera ein sommar der det skjer mykje, og boka må skrivast av ein forfattar som kan faget sitt. Begge desse føresetnadene er til stades, og resultatet er vorte ei svært underhaldande og lærerik bok.

Der er nokre gjennomgåande historier i boka. Den eine handlar om baseball, den andre handlar om flyging. Eg ser at baseball-delen er viktig, for baseball-fanatikarar var det ein legendarisk sesong. Babe Ruth sette ein home run-rekord som stod i tretti år, og greidde det etter nokre fantastiske kampar til slutt i sesongen. Fly-historia handlar om kampen for å verta den fyrste som flaug direkte frå New York til Paris, og om korleis dette gjorde Charles Lindbergh til ei global superstjerne. Innimellom alt dette kjem ei rekkje bi-historier, som ein ekstrem flaum i elva Mississippi, nokre mordsaker, lydfilmen, ein president som helst vil vera minst mogleg på jobb, Mount Rushmore, Al Capone, Henry Ford og mange og mykje anna.

Sjølvsagt skriv ikkje Bryson berre om sommaren 1927. Henry Ford lanserte bilmerket A-Ford i 1927, men før Bryson kjem til det poenget, skriv han godt og langt om det Ford hadde gjort før. Lindbergh flaug over Atlanteren i mai 1927, og Bryson skriv om alle som hadde prøvd det før, også om dei som hadde greidd det.

Her er, ikkje uventa, mykje å smila og/eller le av, og mykje som er oppsiktsvekkande. Bryson er jo glad i å dra fram det komiske. Nokre døme:
* Dei to fyrste som greidde å fly over Atlanteren flaug frå Newfoundland til Irland, og kom ut for så dårleg vêr at då dei endeleg kom ut or skydekket, merka dei at dei hadde svinga 180 grader inne i skyene, og var på veg tilbake til Canada.
* Charles Lindbergh tok ein gong av frå ei gate i ein liten by i Texas, der det var 44 fot mellom lyktestolpane på kvar side av gata - flyet hans hadde eit vingespenn på 40 fot.
* Viss pilotar kom ut av kurs og ikkje visste kvar dei var, var det vanleg å fly lågt over ein jarnbanestasjon for å lesa namnet på stasjonen.
* Dei fyrste seks vekene etter at Lindbergh fullførte flyturen sin var det berre to dagar hovudoppslaget i New York Times handla om noko anna enn flyging.
* Henry Ford, som verkar rimeleg forstyrra, var så fascinert av soyabønner at han fekk laga ein prototype av ein bil konstruert av soyabønner.
* Henry Ford er den einaste amerikanaren som får positiv omtale i Mein Kampf.

Og så vidare. Små og store godbitar kjem i fleng. Men det beste med denne boka er at Bryson argumenterer overtydande for at dette verkeleg var ein viktig sommar. Amerika endra seg, og tilhøvet mellom Amerika og resten av verda endra seg.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Notes from a Small Island (1995)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
The Road to Little Dribbling (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar