24. juni 2010

Rebel Without a Cause (1955)

Aftenposten hadde nyleg ein rar artikkel. Det skulle opnast ei utstilling om 50-åra på eit museum i Oslo, og vinklinga til avisa var at det biletet me har av 50-åra ikkje stemmer. Me har skapt oss eit eige bilete, mellom anna basert på filmen Grease. Poenget deira er meir enn greitt nok, me kan ikkje vekkja fortida til live igjen, men samstundes må dei ha valt eit feil døme. Rebel Without a Cause vart laga midt i 50-åra, og slik eg hugsar Grease, er det ikkje heilt ulikt, visuelt sett.

For nokre dagar sidan såg eg filmen Misfits. Eg reflekterte ikkje mykje over tittelen der, men då eg såg Rebel, tenkte eg at Misfits hadde passa mykje betre som tittel her. Ingen av dei sentrale karakterane passar heilt inn.

Jim Stark (spelt av James Dean) har nett flytta til Los Angeles. Familien har flytta ofte, og Stark slit med å finna roen, både innanfor og utanfor familien. På den fyrste skuledagen kjem han i bråk med nokre av dei hardaste elevane. Han vert utforda til ein chicken run, der to sjåførar køyrer bilane mot eit stup, og der den fyrste som hoppar er ein feiging. Det endar med at han andre misser livet, og Dean tek med seg Judy (Natalie Wood) og Plato (Sal Mineo) til eit avsidesliggjande hus. Kameratane til sjåføren som miste livet finn dei, det vert litt bråk også her, og då politiet kjem, skyt dei Plato, som har vifta litt for mykje med ein pistol.

Plato er den som passar minst inn av alle. Han kjem frå ein oppbroten familie, og knyter seg raskt altfor fort til folk han møter. Då me møter han, verkar han berre som ein innpåsliten diltar, gradvis ser me at det er han som slit mest.

Filmen vekte oppsikt då han kom ut, og vart forboden fleire stader. Her er litt vald, men det var ikkje den einaste grunnen til at folk ville stoppa han. Filmen varsla eit gryande ungdomsopprør, og noko av det viktigaste i så måte var at ungdomane i filmen i stor grad kom frå vanlege heimar. Dette var ungdomar frå middelklassen.

Guffen tilrår.

22. juni 2010

Alfred Hauge: Ungdom (1977)

Dette var mildt sagt uventa. Eg har vanlegvis nokre ulesne bøker liggjande, men av og til lurer ei anna bok seg forbi. Hadde nokon sagt berre for nokre dagar sidan at dette vart den neste boka eg las, ville eg hatt vondt for å tru det. Men Besten rydda litt i hyllene sine, og viste fram nokre dublettar han ville gje vekk. Eg plukka med meg eit par bøker, og vart sitjande og bla i denne. Dagen etter heldt eg fram, og vips - der var boka utlesen.

For det er ei lettlest bok. Hauge vart etter kvart forfattar, og i denne boka fortel han om tida frå 1931 til 1940. Han går på landsgymnas, fyrst på Bryne, seinare på Voss. Deretter flyttar han til Oslo for å studera, han vert lærar og får seg jobb på ein skule ved Stavern, før krigen kjem i 1940. Då fer han til Voss, der han skal gifta seg seinare den sommaren.

Det kan henda at det var den lokale vinklinga som gjorde at eg las boka ut. Eg er jo sjølvsagt interessert i å lesa mest mogleg om så mange nynorskforfattarar som råd, men Hauge er ein eg ikkje har lese noko av tidlegare. Eg har bladd litt i ei av bøkene han skreiv om Kleng Peerson, men det er alt.

Han skriv lett og ledig om det meste. Han dreg ofte fram nokre anekdotar om folk han har kjent eller møtt. Desse skal gjerne ha eit artig poeng til slutt, men det er ikkje mykje å le av i dag. Det var ei anna tid, og det mest interessante ved boka er nok når han skriv om korleis det var å vera elev ved landsgymnasa, og korleis det var å vera bondestudent i Oslo.

Hauge verkar reservert, og slepper ikkje lesaren altfor tett innpå seg. Det gjer at me får litt distanse til han, og det gjer òg at me ikkje får kjensla av at han framhevar seg sjølv. Språket er greitt, det er kanskje litt for enkelt. Nokre få stader glimtar han til med gode setningar, men det er langt mellom dei. Av og til hadde eg ei kjensle av at dette var eit hastverksarbeid.

Guffen er lunken.

Meir Alfred Hauge på kulturguffebloggen
Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Gå vest - (1963)
Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)

19. juni 2010

Piknik med døden (1972)

Piknik? Er ikkje piknik meir som ein landtur? Der ein har med seg ei korg med litt mat og drikke? Dette er noko heilt anna, på alle måtar. Ei elv i sørstatane i USA skal demmast opp, og fire menn har bestemt seg for å padla ned elva, medan det framleis er råd å gjera det. Det går ikkje så bra.

Området elva renn gjennom er busett av hillbillyar. Me møter fleire slike, og dei fleste er godt på veg inn i degenerasjonen. Det fyrste møtet med dei innfødde går bra, men det andre går til pisis. To av padlarane vert tekne til fange, han eine vert valdteken, og hadde ikkje dei to andre padlarane dukka opp hadde dei begge hatt verre ting i vente. Ein av dei innfødde vert drepen, han andre vert drepen seinare, etter at han kanskje har skote ein av dei fire.

Dei fire er sjølvsagt ulike. Burt Reynolds spelar leiaren i gruppa, han vil vera ein naturens mann, og kvir seg ikkje for å ta livet av fisk. Eller dyr. Eller menn. Han bryt foten i eit stryk, og etter det vert han mindre mann og meir menneskeleg. Ned Beatty spelar han litt fyldige som ikkje heilt får til padlinga, som vert valdteken, og som ingen stolar på mot slutten av filmen, då dei er samde om å fortelja ein dekkhistorie til politiet. Ronny Cox er den som slit mest med at dei grev ned liket av han Reynolds har drepe, og dett i vatnet kort tid etter, kanskje av di han vert skoten.

Den fjerde vert spelt av Jon Voight, som imponerer mest av alle. Han skal vera reflektert, han skal vera redd, han skal vera tøff, han skal gå innom omtrent alle kjensler som finst, og han taklar det strålande.

Også i denne filmen vert det presentert ulike verdisyn rundt USA. Elva skal altså demmast opp, og før det dreg seg til med dramatikk snakkar dei fire mykje om verdien av utbygging, dei refererer til at dei no får sett landet slik pionerane såg det, urørt av moderniteten. Det er ikkje så uvanleg, det er veldig tydeleg i Centennial, det er òg eit av dei temaa Morten Strøksnes var innom, men også her vert det gjort på ein god måte. Det ligg der som eit underliggjande tema, men det vert ikkje snakka for mykje om det. Mot slutten av filmen ser Voight på når lokale arbeidarar grev opp kister frå ein kyrkjegard som snart er neddemt.

I Misfits var tempoet altfor lågt for handlinga. Her er òg tempoet roleg, men her fungerer det mykje betre, og er berre med på å byggja opp spaninga. Det ligg i korta at han hillbillyen som stikk av etter valdtekta kjem tilbake, men me veit ikkje når det skjer. Det ligg òg i korta at etter at Voight har klatra til toppen av kløfta elva renn gjennom, for å prøva å ta livet av han som kan ha skote Cox, kjem han til å finna han, men me veit ikkje når det skjer.

Guffen tilrår.

Misfits (1961)

Eg skuldar på Joe Strummer. I "The Right Profile", ein song på London Calling, nemner han tre filmar med Montgomery Clift, og sidan Clift er stor i både Red River og From Here To Eternity, burde han vel vera stor i Misfits òg? Det er han, men han har berre ei birolle. Dei to hovudrollene har Clark Gable og Marilyn Monroe, og dei er langt frå å vera i same klasse som Clift.

Gable spelar ein avdanka cowboy, som er rimeleg vanskeleg å lika. Likevel får han napp hjå Monroe, som har kome til Reno for å ordna ei skilsmisse, og som ikkje veit kva ho vil i livet. Dei flyttar saman, og han legg av seg cowboyfaktene for ei stund. Det varer ikkje lenge, han og to kameratar skal til fjells for å fanga hestar, og då Monroe finn ut at dei skal ta livet av hestane, taklar ho det ikkje. Ho slit med å sjå kvifor dei skal ta livet av noko som helst, og den einaste som sympatiserer med henne er Clift. Gable slepper hestane fri igjen, men dei to går (truleg) kvar sin veg.

Filmen er regissert av John Huston, og manus er skrive av Arthur Miller. Begge veit normalt kva dei driv med, men her ser det ut som om dei er blinda av Monroe. Ho er ein veldig eindimensjonal skodespelar, som aldri hadde fått filmroller viss det ikkje var for at ho såg rimeleg bra ut. Miller var til og med gift med ho då filmen var spelt inn, sjølv om ekteskapet deira song på siste verset. Ut frå denne filmen er det nærliggjande å tru at det berre var kroppen hennar som fascinerte Miller (og Huston), her er nokre dansescener der kamera er så interessert i baken til Monroe at det berre vert pinleg.

Eg må dra fram eit vanleg ankepunkt. Det tek for lang tid før det skjer noko, den fyrste delen av filmen går ting for seint. Me vert kjende med dei fire-fem viktigaste figurane, men dei utviklar seg lite, slik at alt saman går på tomgang.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Huston på kulturguffebloggen
Malteserfalken (1941)
The African Queen (1951)
Wise Blood (1979)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)

Hausten 2008 stod det ein forvitneleg serie i Dag og Tid. Morten Strøksnes var på veg gjennom USA, frå aust til vest. Slike reportasjar veks på tre, i bøker, aviser og på fjernsyn, men denne serien var uvanleg interessant. Strøksnes viste stor innsikt i landet han reiste gjennom, og av alle liknande turar eg har sett eller lese om, er dette den turen der han som reiser har kome nærmast ei forståing av kva USA er.

Denne boka er basert på artikkelserien. Reisa til Strøksnes held framleis mål. I motsetnad til mange andre som reiser er han ikkje på jakt etter det kuriøse, det som skal få han eller andre til å le, han vil vita kva USA handlar om. Mange av dei han skriv om er personar han møter heilt tilfeldig, gjerne på barar han er innom. Han går òg til skriftlege kjelder, og oppsøkjer stader der han kan utfylla det han har lært frå bøkene. Fleire gonger bruker han ein dag på bibliotek ved ulike institusjonar, også det for å skaffa seg meir innsikt.

Der er fleire historiske gjennomgangspersonar, og nokre av desse står fram som heltar for Strøksnes. Han kjem stadig attende til Jack Kerouac, Walt Whitman og Henry David Thoreau. Den fjerde gjennomgangsfiguren, Henry Ford, er han langt meir skeptisk til.

Han lærer mykje om Amerika, men òg om seg sjølv. Han har nett vore gjennom ei skilsmisse, og når han er på det austlegaste punktet på reisa si, kastar han gifteringen i havet. Han er altså ikkje i topphumør når turen tek til, men det vert gradvis betre.

Rett vest er ei god bok, og tittelen er òg fin. Han kan lesast på tre måtar. Den eine er at Strøksnes reiser frå aust til vest, den andre er at han kan lesast som ein generell kommentar til korleis det amerikanske samfunnet har utvikla seg, og den tredje er ein kommentar til korleis det amerikanske samfunnet utvikla seg fram til kvitingane hadde spreidd seg over heile landet. Ein skulle vestover, det var der lukka låg.

Og slik det er ofte er med gode bøker: Under lesinga noterte eg titlane på eit par andre bøker eg kan tenkja meg å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Et mord i Kongo (2010)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)
Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (2017)

A Hard Day's Night (1964)

Det er alltid kjekt med Beatles. Denne filmen er frå 1964, altså litt for tidleg til at det er retteleg interessant, og det er tydeleg at dei her har eit anna og yngre publikum enn nokre år seinare. Handlinga er enkel – dei er på veg til ein by der dei skal vera med i eit fjernsynsprogram, og … ja, det er eigentleg alt. Dei prøver seg som komikarar, nokre gonger går det bra, andre gonger er det pinleg. For å auka humornivået er det skrive inn ei rolle som bestefar til McCartney, men det fungerer dårleg i dag. For femti år sidan kan dette ha fått folk til å dra på låtten, no kjem det knapt nok eit smil. I alle fall herfrå.

Det som reddar filmen er fyrst og fremst musikken. Det er ikkje Beatles på sitt beste, det er altså nokre år for tidleg til det, men det er likevel flott musikk. Dei fire i bandet er overraskande gode skodespelarar, og det heile vert sånn passeleg triveleg. Men aldri meir enn det. Sjølv om det alltid er kjekt med Beatles.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Naken (1993)

Denne filmen såg eg to gonger på kino. Dels av di filmen var god, dels av di det ikkje var lett å få med seg alt fyrste gongen. Johnny, glimrande spelt av David Thewlis, snakkar heile tida. Han stiller krevjande spørsmål, han kjemper ein evig kamp for å ta livet av illusjonane alle andre har. Er dei lukkelege? Gjev livet meining? Dei som tek til motmæle, og prøver å setja han fast, får fleire spørsmål og fleire replikkar tilbake. Han er kunnskapsrik, har lese mykje, men slit likevel med eit eller anna. Akkurat kva det er kjem aldri fram, men det vert hinta om ein oppvekst der anten faren eller mora eller begge var vekke eller drakk.

Filmen opnar med at han flyktar frå Manchester til London. her oppsøkjer han Sophie, ein gamal kjærast frå Manchester, men det meste av tida er han likevel på vandring gjennom gatene i byen. Det er stort sett natt, og mange av dei han møter er like ubalanserte som han. Han vert fråstole det vesle han har, og han vert banka opp, før han kjem attende til Sophie. Dei finn tonen igjen, og ho går heime frå for å seia opp jobben, og meiner at dei to bør ta buss attende til Manchester same dag. Han seier ja, men så snart ho er reist, tek han med seg nokre pengar husverten la att då han var innom, og hinkar nedover gatene i London igjen.

Her er mykje å le av, fyrst og fremst replikkane til Johnny. Det er likevel ein myrk film, der Sophie eigentleg er den einaste som er nokolunde i balanse. Ho verkar sterk, ho er den einaste kvinna i filmen som ikkje bryt saman på eit eller anna tidspunkt. Alle andre er på veg nedover, og dei ser ikkje ut til å vera i stand til å gjera noko med det. Den einaste måtte i tilfelle vera Johnny, men han har ingen interesse av å gjera ting betre for seg sjølv. Han oppsøkjer bråk, han gjer sitt for å gjera ting verre, også for seg sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Leigh på kulturguffebloggen
Happy Go Lucky (2008)

18. juni 2010

Cormac McCarthy: The Crossing (1994)

Snakk om nedtur. Eg har lese to McCarthy-bøker i år, og begge har imponert meg. Denne boka er den andre i grense-trilogien hans, men kan ikkje måla seg med All the Pretty Horses. Det tok lang tid å koma gjennom denne.

Billy er femten-seksten år gamal. Han bør i det sørvestlege USA, og greier å fanga ein ulv. Av ein eller annan grunn vil han ikkje ta livet av han, så han prøver å ta han med seg til fjella i Mexico, der ulven truleg høyrer heime. Det går bra ei stund, men innbyggjarane i byane han fer forbi ser ikkje poenget med å sleppa ulven fri, og tek livet av han. Billy reiser attende til USA, tek med seg broren Boyd til Mexico, reiser attende til USA, reiser attende til Mexico, får vita at broren er død, finn grava hans, og tek liket med heim til USA.

Det vert for omstendeleg, det går for seint, og sjølve historien er ikkje god nok. McCarthy skriv framleis godt, her er mange fine setningar og fine naturskildringar, men det er ikkje nok. Dette var seige saker.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

15. juni 2010

The Filth and the Fury (2000)

Historia burde vera velkjent. Rundt midten av 70-åra var rockemusikken prega av megalomane grupper som distanserte seg meir og meir frå publikummet sitt. Sånn omtrent parallelt vaks det fram heilt andre miljø i New York og London. Dei spelte punk; miljøet i New York var fyrst ute, miljøet i London sette større spor etter seg.

Sex Pistols var sentrale i punkemiljøet i London frå 1975 til dei vart oppløyst i januar 1978, og det er det denne filmen handlar om. Julien Temple har arbeidd med bandet tidlegare. I 1979 laga han filmen Great Rock'n'Roll Swindle. Her vart historia om bandet fortalt frå Malcolm McLaren, manageren, sin ståstad. Denne filmen er langt betre, her er det bandet sjølv som snakkar, dels gjennom intervju frå 70-åra, dels gjennom nye intervju. Innimellom desse intervjua får me konsertopptak, fjernsynsopptak, fjernsynsdebattar (der bandet ikkje er med), intervju med fans og fiendar, og me får mykje god musikk. Opningsakkordane på "Anarchy in the U.K." kan framleis gje meg frysningar på ryggen.

I denne filmen er McLaren den store skurken. Musikalsk sett gjekk det nedoverbakke etter at bassisten Glen Matlock vart sparka, og han er sjølv svært ivrig etter å få fram at grunnen til at han vart sparka var at McLaren baktala han. Det var han som skreiv dei store songane til bandet, etter at han slutta skreiv dei få songar. Dei andre deler ikkje oppfatninga hans, dei meiner at han ikkje passa inn, men dei er òg klare på at McLaren kunne gjort mykje meir ut av jobben som manager. Han ville sjokkera, for han var det meir interessant å vera kontroversiell enn å skapa ny musikk. Sånn sett må det ha vore ideelt for han at Sid Vicious kom inn som ny bassist - Vicious kunne matcha stilen til Johnny Rotten, vokalisten. Diverre var han heilt hjelpelaus på bassen, og han var òg så fiksert på å vera rock at han etter kvart gjekk på heroin, og døydde av ein overdose eit år etter at bandet vart oppløyst. For Rotten er dette det verste med å sjå tilbake, og han tek til tårene då han snakkar om korleis han ikkje gjorde noko for å redda Vicious.

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (fjernsynsserie, 2022)

3. juni 2010

John Adams (2008)

Ein hugsar mykje av det ein lærer, men gløymer sikkert like mykje. Men ein gløymer aldri det ein ikkje visste då det verkeleg galdt. Brynjulv var med i Jeopardy på TV2, og finalesvaret var "Han var den andre presidenten i USA". Korkje Brynjulv eller dei to andre i programmet ante at det var John Adams. Ikkje då, i alle fall, men Brynjulv visste det veldig godt resten av livet.

Adams er ikkje av dei best kjende presidentane. Eg kan ikkje tenkja meg at det var snakk om at han skulle vera ein av dei tre (som vart til fire) på Mount Rushmore, til dømes. Han var likevel ein av dei viktigaste, på fleire måtar. At han er komen litt i gløymeboka i dag kan skuldast at både George Washington, som var president før han, og Thomas Jefferson, som var president etter han, høyrer med blant dei heilt store presidentane.

Men Adams var altså viktig. Han var ein av fem i komiteen som utarbeidde den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776, men også her vart han nummer to. Det var Jefferson som skreiv det fyrste utkastet, og som har fått det meste av æra for at dokumentet ikkje berre handlar om den nye unionen, men òg om menneskerettar generelt. Det var i det heile noko Buzz Aldrinsk over Adams. I 1776 kom han litt i skuggen av Jefferson. I 1789 vart han valt til visepresident, men vart sett heilt på sidelina av Washington, som altså vart den fyrste presidenten. Og det var heller ikkje lett å hoppa etter Washington, og verta den andre presidenten.

Han meinte sjølv at han hadde fortent ei meir sentral rolle. Han vart bitter, og greidde ikkje alltid å styra temperamentet sitt. Han fekk færre og færre allierte, og greidde ikkje å verta attvalt etter fire år som president. Då tapte han til Jefferson, og det førte til at dei to, som hadde vore nære vener i bortimot tretti år, miste kontakten. Han møtte ikkje eingong opp då Jefferson vart innsett som president. Mot slutten av det lange livet til Adams tok dei opp att kontakten, og dei skreiv til kvarandre til dei døydde. Det skjedde like godt på same dag, og like godt 4. juli 1826, nøyaktig femti år etter at sjølvstendeerklæringa var underteikna.

Dette, og mykje meir, vert glimrande framstilt i ein fjernsynsserie på sju episodar. Han gjekk på NRK i fjor sommar, men då fekk me berre sett dei to fyrste episodane før ferien tok oss. No såg me alt på ei god veke, og det er ein imponerande serie. I nokre av episodane er det berre snakking og forhandlingar, men likevel sit me som fjetra. Eller, kanskje ikkje heilt som fjetra - eg er ikkje heilt sikker på kvar fjetregrensa går.

Då serien tek til er Adams advokat i Boston. Der tek han på seg å forsvara nokre engelske soldatar som har drepe nokre amerikanarar, og vert både populær og upopulær. Han står fram som ein prinsippfast og modig mann, og vert delegat til ein kongress der dei tretten koloniane kjem saman for å drøfta tilhøvet til Storbritannia, og andre saker. Her markerer han seg òg, og får altså fleire sentrale roller.

Frå 1777 til 1788 var han for det meste i Europa, der han prøvde å finna allierte til krigen mot Storbritannia. Kona hans var igjen i USA, og kom ikkje etter før mot slutten av opphaldet. Forholdet mellom dei to står sentralt i serien, ho var ein ivrig og god medspelar for han, og kunne truleg gjort det skarpt innan politikken sjølv, viss kvinner hadde fått sleppa til. Det er etter at ho døyr i 1818 at Adams tek opp att kontakten med Jefferson.

Serien er endå eit prov på at også amerikanske selskap kan laga gode og truverdige seriar for fjernsyn. I motsetnad til Centennial held denne serien koken heile vegen ut, men det er ikkje det største skiljet. I Centennial var det aldeles mislukka då dei prøvde å sminka folk eldre, denne serien er laga tretti år seinare, og her ser det heile ekte ut. Også byar og landskap ser ekte ut, men her øydelegg bakom-filmen heile illusjonen, og viser korleis det meste av dette er animert.

Guffen tilrår.