29. oktober 2016

Odd W. Surén: Ansikter og navn (1997)

Det er spanande å gjera seg kjent med den tidlege delen av ein forfattarskap eg set høgt. Trilogien om Tommy Kristoffersen er fine greier, og også i andre av dei nyare bøkene sine skriv han om litt den same typen menn: Dei ser ikkje kor mislukka dei er, dei har vondt for å knyta seg til andre menneske, dei har svært høge tankar om seg sjølv, osb.

I denne boka tek desse mennene form. Dei har vore til stades i dei tre tidlegare bøkene til Surén, men her verkar det som om dei står klarare fram. Boka inneheld ti relativt korte noveller, og sju-åtte av dei er på det rette nivået. Her er mykje å smila av, litt å le av, litt å grina av, og språkføringa til Surén er framleis god. Det er nesten så det er dumt at eg nesten er gjennom heile forfattarskapen.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Usynlig for verden (2015)

Møster! (Østre, Bergen, 27.10.2016)

Eg såg desse på Vossa Jazz for nokre år sidan. Kjetil Møster, som stort sett spelar saksofon, er leiaren i bandet. Han har gjeve namn til bandet, og det er han som styrer det meste på scena.

Det er likevel ikkje han som gjer mest av seg. Rytmeseksjonen, med trommeslagaren Kenneth Kapstad og bassisten Nikolai Eilertsen, dreg i gang nokre buldrande og suggererande rytmar, og det er dei to som tek mest plass i lydbiletet. Møster og gitaristen Hans Magnus Ryan legg nokre tonar på toppen. I tillegg vert det vist fine filmar på bakveggen på scena.

Og det heile er stort sett fabelaktig. Ein eller to songar fengar mindre, men stort sett er det midt i blinken. Det er meir rock enn jazz, det er meir prog enn noko anna.

Guffen tilrår.

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
Vossa Jazz 2017

28. oktober 2016

Oasis: Supersonic (2016)

Dette var litt som i gamle dagar. Eg hadde nokre ledige timar ein ettermiddag i Bergen, og gjekk på kino. Ettermiddagskino var vanleg då eg budde der, det var hakket billegare enn om kvelden, og eg var normalt ferdig med økta på lesesalen likevel. Som i nittiåra var det ein seks-sju andre i salen.

Og som i nittiåra spelte Oasis ei sentral musikalsk rolle. I alle fall for mange - eg fekk aldri heilt sansen for dei. I intervju framstod dei som nokre deigar, musikken deira var enkel og ikkje altfor fengande, og dei var fort keisame. Men midt i nittåra var dei enormt store, spesielt i heimlandet England.

Filmen handlar, ikkje uventa, mest om dei to brørne Liam og Noel Gallagher. Me følgjer dei frå dei fyrste øvingane i 1991, via dei obligatoriske turneane rundt om i Storbritannia i ein trong varebil, fram til dei får ut den fyrste plata si, og til dei får ut plate nummer to, som sel enormt med plater, og sluttar med at dei spelar to konsertar på Knebworth, med eit samla publikum på ein kvart million. Dei vert superstjerner, og usjarmerande nok, dei skryter av det heile tida. Dei drikk, dei dopar seg, dei kranglar, dei bryr seg lite om dei andre i gruppa. Filmen fortel historia om bandet greitt, og dei var jo ei stor gruppe i nokre år, men det skal meir til for at filmen er verkeleg god. Det hadde vore greitt om musikken var hakket betre, til dømes.

Guffen er lunken.

Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)

Historia om Sex Pistols er fortald i fleire bøker og filmar. Denne boka gjer det òg, men det er illustrasjonane som er det viktigaste her. Med ujamne mellomrom kjem det ti-tolv sider med tekst, der historia vert fortald strengt kronologisk. Noko ser ut til å vera henta frå nye intervju, noko ser ut til å vera frå tidlegare samtalar. Sitata er gode, men prioriteringa er rar: Viss det er slik at mengda av og lengda på sitata seier noko om kva som er viktigast, er det oppløysinga av bandet, og det som skjedde det neste året, som er det viktige.

Men den historia er altså kjend. Nokre av illustrasjonane er òg kjende frå før, men her er òg bilete som er heilt nye, i alle fall for meg. Her er mellom anna eit bilete frå ei Swankers-øving i 1974, der Steve Jones er vokalist og Paul Cook er trommeslagar. Det er mange flotte foto, her er nok fanzine-intervju, og her er andre godbitar. Men her er òg mykje mindre godt: Her kjem nokre handskrivne og tettskrivne notat, som eg etter kvart hoppa over. Her kjem mange av dei visuelle godbitane, som vert viste i så mange variantar at det vert overkill. Så det er ei ujamn bok.

Guffen er lunken.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Alex Honnold og David Roberts: Alone on the Wall (2015)

I gamle dagar, då eg var i betre form og hadde færre ungar, gjekk eg i Jotunheimen kvar sommar. Det som drog mest var toppane, og etter kvart vart eg ein halvaktiv medlem på debattsida Fjellforum. Eg plukka opp mange turtips der, las svært mange gode turrapportar, irriterte meg over at også slike nettsider vart invaderte av høgrevridde nettroll, og så vidare. Eg var nett-kjend med mange som var der, og ein av dei som fascinerte mest var Mayhassen. Han var sett på som ekstrem - han ville opp på alle 2000-toppane i Noreg utan å bruka tau nokon stad, og det gjekk fint.

Mayhassen bleiknar likevel mot Alex Honnold. Han er ein av dei beste klatrarane i verda, og det han likar best er å klatra heilt usikra. Utan tau, utan boltar, utan klatrekameratar. Og det gjer han helst dei brattaste stadene som finst. Framsidebiletet på boka er frå Yosemite, der han har legendestatus, og som er den dalen han trivst best i. Men han har klatra også andre stader i verda.

Boka gjev eit greitt bilete av livet hans så langt - han var rundt tretti år då boka kom ut. Då hadde han sett ei rekkje rekordar på ruter i Yosemite (og nokre andre stader). Han strekar heile tida under at han har full kontroll når det er som brattast, at han er så konsentrert om klatringa at han ikkje er redd, men samstundes veit han jo godt at han aldri kan gjera feil. Akkurat det er han rimeleg lei av å få spørsmål om.

Det er ei fin bok, der kjærleiken hans til naturen kjem godt fram. Boka kunne godt hatt betre og fleire bilete, og det kunne vore stilt litt fleire spørsmål ved det ekstreme i den form for klatring, men i det store og heile var dette verdt bryet.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Helberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)

23. oktober 2016

Jørgen Norheim: Aldri redd for mørkets makt (2016)

Det er alltid stas å lesa bøker av Jørgen Norheim, kanskje med unntak av andreboka, Mars, som eg hugsar som mindre vellukka. Denne boka viser igjen at Norheim er ein stor forfattar, og at boka er god veg opp for den lange ventetida. Det er åtte år sidan den førre boka hans kom.

Boka har fleire hovudpersonar, og tre av dei fire viktigaste er i slekt: Oscar Normann, overtydd kommunist, reiste til Sovjetunionen i 1929, for å læra meir om kommunismen, og for å bruka ingeniøren i seg til å hjelpa Sovjetunionen. Han forsvinn, og barnebarnet hans, Tor Steinar Normann, reiser til Russland for å finna ut kva som skjedde med bestefaren. Han vert funnen drepen, og dottera Hege reiser til Russland for å finna ut kva som skjedde med faren. Den fjerde viktige personen er Anniken Øy, som var sambuar med Normann i studietida i 1970-åra, og som gjev Hege verdfull informasjon om ungdomstida til faren.

Både Øy og Normann høyrde til på den politiske venstresida. Normann sokna til SV, medan Øy vart med i AKP-ml. At det vart slutt mellom dei to skuldast dels desse politiske motsetnadene, dels press frå AKP om at Øy ikkje kunne ha ein sambuar som høyrde til så langt ute til høgre. Me får høyra om det vidare livet hennar som viktig person for AKP, slik at delar av boka vert ei lita forteljing om den store politiske vekkinga som heimsøkte dette landet.

Norheim hoppar i tid og stad, frå kapittel til kapittel. Han har full oversikt over stoffet sitt, han byggjer opp romanen på ein glitrande måte, han skriv klokt og innsiktsfullt om emnet sitt, og det er altså igjen ei fryd å lesa ei Norheim-bok. Måtte han få tid til å skriva mange fleire bøker.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Mars (1998)
Ingen er så trygg i fare (2002)
Adjutanten (2008)

22. oktober 2016

Knut Markhus: Oppdrag danning (2016)

Det er hundre år sidan Voss landsgymnas tok mot dei fyrste elevane sine. Skulen heiter i dag Voss gymnas, og denne boka handlar om heile hundreårsperioden. Det er ei ujamn, men heilt grei, bok.

Kapitla som fortel om landsgymnastida er dei beste. Då er boka mest levande, og me får høyra om både tilsette og elevar som utmerka seg. Fleire bygder kjempa for å få det fyrste offentlege landsgymnaset, og det vart altså lagt til Voss. Dei fyrste tiåra var det få som gjekk gymnaset, og det fanst få landsgymnas, slik at skulen drog til seg elevar frå heile landet. Dei budde oftast på hybel, slik at dei hadde ikkje anna nettverk på Voss enn det dei fekk gjennom skulen. Dei vart meir samanknytte, og det verkar òg som om skulen hadde ei større rolle i liva deira. Under andre verdskrigen vart også gymnaset prega av den tyske okkupasjonen, der fleire elevar sympatiserte med NS.

Seinare vart alt annleis. Skulen hadde stort sett berre elevar frå Voss, og frå nabobygdene, og det gjorde at elevane i mindre grad vart knytte til gymnaset. I denne bolken kjem det òg mange reformar og endringar i skuleverket, og dette er det rett og slett mindre interessant å lesa om. Der presentasjonen av dei fyrste (om lag) femti åra står godt på eigne bein som ålmenn kulturhistorie, vert det som står om dei siste tiåra meir internt, og vil truleg fenga gymnastilsette meir.

Den siste delen av boka var derimot fengande også for meg. Der er komplette lister over dei som har vore tilsette ved skulen, og over dei som har fullført gymnaset i desse hundre åra.

Guffen tilrår.

The Godfather (1972)

Denne filmen har eg sjølvsagt sett før. Filmen tek til i 1945, i New York. Handlinga krinsar om ein mafia-familie, der overhovudet Vito midt i filmen vert skoten. Han døyr seinare, og då den eldste sonen seinare òg vert skoten, tek den nest-eldste, Michael, over styringa av familien. Det viser seg at han er godt eigna for denne rolla, han framstår som urøynd og naiv, men styrer skuta godt, og markerer seg i kampen mot dei andre familiane i New York. I takt med at tida og samfunnet endrar seg, vil han òg satsa på andre område, og legg planar for ei etablering i Las Vegas.

Filmen ligg som regel høgt på lister over dei beste filmane som er laga. Det er ein god film, men det finst mange filmar som er betre. Forteljinga vert roleg fortalt, og i fleire scener er det ventinga på at noko som skal skje som gjer filmen spanande - slik det er då Michael møter ein politisjef og eit anna familieoverhovud på ein restaurant. Det er glitrande skodespel, både Marlin Brando, James Caan og Al Pacino briljerer.

Guffen tilrår.

19. oktober 2016

Bruce Springsteen: Born to Run (2016)

Bruce Springsteen - der har du ein musikar eg ikkje har plater med. Eg kan heller ikkje tenkja meg at eg kjem til å kjøpa plater med han, eg synest musikken er slitsam, og framtoninga hans på scena er direkte slitsam. Likevel framstår han som ein fornuftig kar, på mange vis. Naboen er knallhard Springsteen-fan, og fortalde ein gong at Springsteen gjerne kom ut på scena nokre timar før konserten, for å halda ein liten minikonsert for dei som alt hadde møtt opp.

Så eg kjøpte denne boka, og det var eit godt kjøp. Ho tapar seg litt etter kvart, men den fyrste halvdelen er svært god. Springsteen fortel om oppveksten, der han tidleg kom på kant med faren, og der foreldra flytta tvers over USA, frå New Jersey til California, då Springsteen var rundt tjue. Han overtok huset dei leigde, som vart ein samlingsplass for ei samling luringar som var så lure at dei vart kasta ut etter ein månad. Springsteen vil verta musikar, arbeider hardt for det, og midt i 70-åra slår han gjennom. Då har han alt vore sjef i bandet nokre år, og slik er det framleis. Han har siste ordet i alle diskusjonar.

Det handlar mykje om musikk, men det handlar òg om andre ting. Forholdet til faren er eit gjennomgåande tema, og det same er venskapen til dei andre i bandet, spesielt gitaristen Little Steven og saksofonisten Clarence Clemons. Kapitlet der han fortel om slutten på livet til Clemons er finfint, og boka er i det heile velskriven. Eg hadde nær sagt uventa velskriven - her er mange fine avsnitt og vendingar. Og her er svært få klisjear, slik det har lett for å verta når musikarar skriv om karriera si.

Guffen tilrår.

16. oktober 2016

Hail, Caesar! (2016)

Det er nokre år sidan den siste verkeleg store Coen-filmen. Me må vel heilt tilbake til No Country for Old Men i 2007 for å finna ein verkeleg godbit. Eit par av filmane dei har laga i mellomtida har vore greie nok, men langt unna toppnivået deira. Denne filmen bryt ikkje denne trenden. Hail, Caesar! er ein av dei svakaste filmane dei har laga.

Me er i Hollywood, ein gong i 1950-åra. Eit filmselskap har mange ballar i lufta, og Josh Brolin spelar ein kar som skal samla trådane og ordna opp i problema. Han er ein av dei få som forstår heile systemet, som veit kva som er det rette på gjera i alle situasjonar. Ein skodespelar er stokk dum, ein skodespelar vert kidnappa av kommunistar, ei ugift skodespelarinne er gravid, og så bortetter. Scene etter scene er laga for å få oss til å le, men me ler så godt som aldri. Lite er så morosamt som komediar som ikkje er løgne, og filmen greier etter kvart noko svært få Coen-filmar klarar: Å få oss til å kjeda oss.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)

15. oktober 2016

Ralph Ellison: Invisible Man (1952)

Eg er usikker på kvar eg høyrde om denne boka - eg trur eg las om ho ein eller annan stad. Boka vart presentert som ein av dei sentrale amerikanske romanane på 1900-talet, og vann nokre prisar då ho kom ut.

Det var ei tung bok å koma gjennom. Ellison skriv svært ordrikt, og bruker alt, alt for lang tid til å koma til poenget. Han skriv om eit viktig tema, og merksemda boka fekk då ho kom ut tyder på at mange høyrde på han, men eit viktig tema er ikkje nok til at boka fengar.

Når boka tek til, er den namnlause eg-personen i boka student ved eit universitet i dei amerikanske sørstatane. Han vert kasta ut, etter å ha sett ein av dei kvite sponsorane til universitetet i ein potensielt farleg situasjon. Han reiser til New York, for å prøva lukka si der, og vert dregen til Harlem. Litt tifeldig vert han talsmann for Brotherhood, ein organisasjon som kjempar for likskap mellom kvite og svarte, og som dreg til seg medlemmar frå begge leirar. Han kjem på kant med dei, og kjem òg på kant med organisasjonar som kjempar for betre rettar for dei svarte. Under eit gateslag dett han ned gjennom i kum-hol, og lever dei siste kapitla i undergrunnen.

Hovudpersonen er svart, og innimellom alle orda kjem det klart fram korleis dei svarte vart handsama i USA i åra etter andre verdskrigen. Dette var altså før Rosa Parks, det var før Martin Luther King, det var før Malcolm X, det var før kampen for like rettar verkeleg tok av. Slik sett er det ikkje vanskeleg å sjå at romanen var viktig. Men spesielt god er han altså ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

8. oktober 2016

Søsken til evig tid. Amerikareisa (2015)

I 2013 kom den fine filmen Søsken til evig tid, om to sysken som bur saman på ein gard i Naustdal, og som ikkje har teke mykje omsyn til at samfunnet rundt dei endrar seg raskt. I den filmen fekk dei besøk av slekt frå Amerika, som inviterte dei på Amerika-tur. Denne filmen følgjer syskenparet til Minnesota og heimatt.

Å laga film av denne turen var ingen god idé. Den fyrste filmen vart ein kinosuksess, og det er svært mykje som tyder på at oppfølgjaren vart laga for å smi medan jernet var varmt. Den fyrste filmen var varm og fin, og spelte på at dei to har laga seg ein heim dei har det godt i. Denne filmen dreg dei to ut av komfortsona si, og prøver å skapa noko ut av at to eldre personar, som ikkje har vore mykje utanfor heimbygda, vert plasserte i eit samfunn som er heilt ulikt det dei kjenner. Det fungerer dårleg, filmen vert berre lause scener - dei to et grillmat, dei får sitja på med ulike store køyretøy (skurtreskar, traktor, trehjula motorsykkel), dei ser store gardar, og så reiser dei heimatt. Dei to er framleis like ekte og jordnære, men all sjarmen frå opningsfilmen forsvann ein stad over Atlanteren.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Søsken til evig tid (2013)

4. oktober 2016

Kongens nei (2016)

Ei overskrift i Dag og Tid fortalde ein gong at "Noregshistoria sitt viktigaste rom ligg på Elverum folkehøgskule". Denne filmen handlar om kvifor det rommet er så viktig, og om litt til. (At filmen har døypt om skulen til "Elverum folkehøyskole" er sjølvsagt ei stor skam.)

Alle veit kva filmen handlar om: Dei tre dagane frå 9. til 11. april flyttar konge og regjering seg nordaustover frå Oslo. Den tyske sendemannen Curt Bräuer prøver å få til forhandlingar med kongen; det tyske militæret vil berre kriga. Kongen er vinglande, i denne filmen er kronprinsen innstilt på å slåst. Regjeringa er litt att og fram, nokre vil forhandla, andre vil omtrent berre lata som om alt går over av seg sjølv. Til slutt tek kongen til vitet, og gjev melding om at han slettes ikkje vil gje opp.

Kongen utviklar seg stort gjennom filmen. I opninga av filmen er han berre ein bestefar som vil leika med små ungar, og denne gleda over dei yngste held seg ved like gjennom filmen. Det vert litt i meste laget med det, eg reknar med at filmskaparane vil fortelja oss at kongen er oppteken av dei som skal bu i Noreg i framtida. Filmen er heilt grei. Litt i lengste laget, men stort sett fungerer det meste fint her.

Guffen tilrår.

2. oktober 2016

Frode Grytten: Menn som ingen treng (2016)

Ti noveller, ti menn som hovudpersonar. Det er vel ikkje ingen som treng desse mennene, men det er menn som i ulike faser av livet har kome litt skeivt ut. Ein vektar misser jobben av di nokon filmar at han går valdeleg til angrep på ein innvandrar. Ein mann omtrent utan vener får permisjon frå jobben, reiser til Manchester, og vert drepen dagen etter at han kjem fram. Ein ung finnmarking (i det som er ei av dei sterkaste novellene) tek med seg den endå yngre kjærasten på eit innbrotsraid i hytter på vidda, og går frå å vera innbrotsmann til drapsmann. Ein som har budd i Noreg i fleire tiår køyrer seg vill i snøvêret, på veg heim til Oslo frå Gardermoen.

Med eitt unntak er det finfine noveller. Det er den fyrste novellesamlinga til Grytten på mange år, og det er godt å ha han tilbake i dette formatet. Han kan sjangeren. Opninga på eit par av novellene verkar litt omfattande, men utover i novella er det tydeleg at opninga burde vera akkurat slik ho var.

Heilt til slutt kjem det ei liste over forfattarar, musikarar og filmskaparar boka er skriven i dialog med. Rundt femti namn. Referansane til nokre av desse er openberre, slektskapen mellom finnmarkingen og dama, og dei to hovudpersonane i Malick-filmen Badlands er openberr. Det same er tekstlina "det er tøft nok å overleve sjølv for dei som ikkje hører heime her"; Morrissey skreiv "life is hard enough when you belong here".

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Flytande bjørn (2005)

Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)

1. oktober 2016

Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren

Foreldra mine har flytta inn i eit mindre hus (som me flytta ut av), og dei har ein del bøker til overs. Dei fleste går til Fretex, ser det ut til, men dei plar spørja om der er bøker me vil ha før dei køyrer bøkene vekk. Eg plukka med meg denne og nokre til.

Boka handlar om Joachim Rønneberg, som var leiar for sabotørane som gjennomførte den vellukka sabotasjeaksjonen mot Vemork i 1943. Den dekkjer kanskje ein tredel av boka, og det er den delen det er mest fart i. Myklebust fortel om aksjonen på ein sakleg og grei måte, han let handlingane til sabotørane tala for seg, og treng difor ikkje smørja tjukt på. Han fortel svært detaljert om fluktruta etter aksjonen, då dei gjekk på ski frå Rjukan mot Sverige, i ei rute som førte dei langt mot nordaust.

Dei andre delane av boka er ikkje like fengande. Opninga, altså tida før Vemork, tek aldri heilt av. Me forstår at Rønneberg var ein svært røynd fjellmann, trass i at han berre var 21 år då krigen braut ut. Frå mars 1944 og ut krigen låg Rønneberg, saman med to andre, i ei enkel hytte i Tafjordfjella. Dei gjennomførte ein aksjon mot ei bru på Raumabanen, men elles handla denne perioden mest om å halda seg gøymd, og om å greia å skaffa seg nok mat. Her var det svært seigt, med mange repetisjonar.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
The Heroes of Telemark (1965)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Kampen om tungtvannet (fjernsynsserie, 2015)