29. mars 2022

The Great Buster (2018)

 

Buster Keaton er ein av desse eg gjerne skulle sett fleire filmar av. I ein dokumentar som denne er det sjølvsagt dei beste klippa og påfunna som er med, men likevel: Dette er humor som er absolutt genial.

Filmen fortel om livet til Keaton, som kort fortalt er slik: Foreldra var vaudeville-stjerner, og Keaton vart med på scena frå han var tre-fire år gamal. Faren lærte Keaton å detta utan å slå seg, og det fekk han bruk for både her og seinare i karriera: I eitt av glansnummera deira kasta faren han tvers over scena. 

Han laga mange filmar, relativt korte. Nokre var halvgode, andre var glimrande. I 1920-åra laga han fem langfilmar, som alle verkar solide. Så gjekk han over til MGM, og det skulle han aldri ha gjort. Her fekk ikkje det kreative handlingsrommet han hadde før, og det gjekk nedover både med filmane og livet.

Historia vert fortalt på ein god måte. Mange filmklipp, mange samtalar. Nokre av dei som snakkar kjende han, andre er yngre filmfolk (som Tarantino eller Johnny Knoxville). Keaton kjem godt av det, og nokre av filmklippa er så gode at eg sleit med å avslutta latteren.

Guffen tilrår. 

27. mars 2022

Jon Fosse: Gitarmannen (1997)

Denne boka var jolegåve frå Samlaget i 1997. Eg reknar med at dette er noko forlag gjer ofte, kanskje kvart år - lagar ei bok som (vanlegvis) ikkje kan seljast i bokhandel. Det står i alle fall slik i føreordet/jolehelsinga frå forlagssjefen.

Boka er ein monolog, der gitarmannen snakkar og syng om livet sitt. Han kjem frå utlandet. Han har stått mykje på gatene og sunge. Han har sjeldan med seg mykje pengar heim, men han greier seg sånn nokolunde. Han bur i eit uthus. Han har ein son, men mora til sonen tok han med seg då ho flytta. 

Det er ikkje det beste livet, og det skin gjennom at inst inne er han ikkje nøgd med det han har fått til. Samstundes gjer han det han trivst med - han spelar gitar, han syng. 

Det er ein fin tekst. Det er ikkje heilt i toppklassen til Fosse, det er noko uforløyst over det heile, men me merkar likevel fort at det er Fosse som skriv. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

25. mars 2022

Arne Berg: Voss kyrkje (1977)

 

Arne Berg er best kjend som den store kjennaren av trebygningar frå mellomalderen, men han briljerer òg når han skriv om steinhus. Berg vaks opp på Voss, og sjølv om han flytta frå bygda då han var rundt tjue år, var han nært knytt til heimbygda. Han skreiv fleire artiklar om mellomalderbygg herfrå, og han var såleis eit opplagt val då det skulle skrivast ei bok om Vangskyrkja. Han fekk dette oppdraget i 1969, åtte år før 700-årsjubileet til kyrkja vart feira. 

Det er ei finfin bok. Berg har studert kyrkja nøye, han har brukt ei lang rekkje kjelder, han teiknar og forklarar, og han konkluderer berre der han har nok informasjon til å konkludera. Eit så gamalt hus har sjølvsagt mange løyndomar, og det er fascinerande å fylgja Berg på leit etter dei rette svara. 

Han skriv ikkje berre om sjølve huset. Det kjem kapittel om livet rundt kyrkja gjennom tidene, og om korleis kyrkja har vorte kjøpt og selt fleire gonger. Han skriv om korleis innreiinga har vorte endra fleire gonger, og kvir seg ikkje for å fortelja kva som var bra og kva som var mindre bra.

Guffen tilrår. 

20. mars 2022

Tarjei Vesaas: Kimen (1940)

Med denne romanen gjekk Vesaas inn i ein annan skog. Boka er skriven på ein heilt annan måte enn dei tidlegare bøkene hans, og peikar framover mot den andre halvdelen av forfattarskapen hans, ein halvdel der høgdepunkta kjem tett. Det er nesten utruleg at denne boka kom ut berre to år etter Hjarta høyrer sine heimlandstonar - skiljet er så stort.

Boka har to delar. Handlinga er lagt til eit døger på ei grøn og fredeleg øy. Alle kjenner kvarandre, alle veit (nesten) alt om alle. Ein ukjend mann kjem til øya, og då forsvinn idyllen. Han er ikkje heilt stabil, men oppfører seg fint heilt til han vert vitne til nokre urolege grisar i ein binge. Han tek livet av Inga, ei ung jente. Alle skjønar kven som har gjort det, dei leitar opp den tilreisande mannen, og tek livet av han. Om lag her sluttar den fyrste delen. Den andre delen opnar med at alle kjem saman på garden der begge dei to døde ligg i løa. Alle slit med det dei har gjort - det er lett for dei å skulda på Rolf, bror til Inga, som truleg var den fyrste som slo, men alle veit at alle har skulda. Boka sluttar om morgonen, og stemninga er igjen optimistisk.

Boka vart skriven ferdig etter at andre verdskrigen var i gang, og det er klart at Vesaas var påverka av verda rundt seg då han skreiv ho. Det var likevel ikkje einaste grunnen - Vesaas hadde arbeidd med eit liknande manus alt nokre år tidlegare. Menneska i romanen handlar i flokk, og påverkar og let seg påverka av andre. Dei vert dyr, nett som dei ville grisane i bingen, og roar seg ikkje før det er for seint. Det finst nokre unntak, mellom anna den mystiske Kari Nes. Ho er overalt, er den som samlar alle om kvelden etter dei to morda, og er eit uttrykk for det felles samvitet deira. 

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

16. mars 2022

Kyrre Andreassen: For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges (2016)

Krister Larsen er ikkje den mest sympatiske personen i litteraturverda. Han har sterke meiningar, kranglar med mange, oppfører seg mindre fint mot dei fleste, og vert valdeleg dersom det trengst. Han er rimeleg oppegåande, men ikkje så mykje som han trur sjølv. Han drikk litt i meste laget. Han har ikkje noko godt forhold til kona si, heller ikkje til sonen sin, og kvir seg ikkje for å innleia eit forhold til ei anna kvinne.

Det er ein finfin roman. Heile tida, absolutt heile tida, er det Larsen som fortel, slik at me får berre hans versjon av det som skjer. Han har eit fabelaktig og ekte språk, og han er ein glitrande forteljar. Han er ikkje noko truverdig forteljar, det er opplagt at han heile tida gjer det han kan for å setja seg sjølv i eit godt lys, men det må han få lov til. Når han er den einaste som slepp til i romanen, må me som lesarar fylla ut biletet, og det er altså då han vert mindre sympatisk. 

Han har arbeidd som elektrikar, men etter noko ryggtrøbbel arbeider han no som assistent (eller noko liknande) på ein skule. Det går ikkje så bra, alt det han meiner han gjer i beste meining fører berre til bråk der òg.

Guffen tilrår. 

Meir Andreassen på kulturguffebloggen
Svendsens Catering (2006)

15. mars 2022

Alice Munro: Open Secrets (1994)

Eg porsjonerer ut novellesamlingane til Munro. Etter denne har eg berre tre igjen. Det gjev meg stor glede å lesa dei, samstundes som det er vanskeleg å seia noko nytt. Eg kan repetera meg sjølv og seia at ho skriv fabelaktige noveller, at det av og til minner om trolldom, at både språk og forteljingar er stilreint og sikkert, men det har eg sagt før.

Dei fleste novellene her har ein kvinneleg hovudperson. Novellene opnar vanlegvis heilt greitt, før det på eit eller anna punkt, utan at nokon heilt merkar det, går over til å verta glimrande. Heile denne boka er bygd opp på denne måten - den andre halvdelen av boka er aldeles fabelaktig.

To av dei beste novellene er "The Jack Randa Hotel" og "A Wilderness Station". Begge er bygd opp rundt brev, i begge to kjem det nokre høgst uventa vendingar. I den fyrste reiser ei kanadisk kvinne til Australia for å vera nær ein eks-kjærast som har funne seg ei ny; i den andre bur to brør langt ute i dei kanadiske skogane - den eine finn seg ei kone, og litt seinare får han ei grein i hovudet og døyr. Det er stort geografisk spenn mellom dei to novellene, og det er det òg i tid - den fyrste er lagt til samtida, den siste er lagt til 1850-åra.

Guffen tilrår.   

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

13. mars 2022

Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

 

Nasjonalbiblioteket hadde (har?) ei fin foredragsrekkje for nokre år sidan, "Fortidens folkelesning": Her vart forfattarar inviterte til å halda foredrag om ein kjend og omtykt forfattar frå tidlegare tider. For mange var det nok slik at dei måtte setja seg inn i ein ukjend forfattarskap - i alle fall var det slik for Pedro Carmona-Alvarez. For han var bøkene til Jonsson ukjende, og i denne boka fortel han om korleis han las bøker av Jonsson og bøker om Jonsson.

Han opna med Dikt i samling, og var ikkje spesielt imponert over det han fann. Dikta var stive, fulle av klisjear, dei same orda gjekk att heile tida, og det heile var rimeleg tungt. Men det endrar seg. Han finn dikt han likar, nokre likar han svært godt, og boka/foredraget sluttar med at han finn eit "nydelig" dikt.

At inntrykket endrar seg så stort kjem delvis av at han les fleire dikt av Jonsson, men det verkar òg som om det kjem av at han gjer seg kjend med livssoga til Jonsson. Ein stad skriv Carmona-Alvarez at han er interessert av sjølvmord, at han set mange kunstnarar som har teke livet sitt høgt, og at han kanskje er ein av dei som etter eit sjølvmord les biografiar baklengs? 

Det går rimeleg fort å lesa denne boka, og det var ei fin stund. Carmona-Alvarez kjem med nok tankar og vinklingar til at Jonsson kan lesast med litt nye briller.

Guffen tilrår. 

Meir Jonsson på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Teigen og Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)

Meir Carmona-Alvarez på kulturguffebloggen
Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)
Bergen Ungdomsteater (2016)

12. mars 2022

Therese Tungen: Snu deg. Edvins bok (2022)

 

Dette er ei uendeleg trist bok, men det er samstundes ei finfin bok.  

Tungen skriv om det aller verste. Dei pussar opp ei leilegheit i Oslo, og saman med dei to ungane deira har ho vore på fjellet. Dei to ungane vert igjen hjå besteforeldra, og eit par dagar før ho skal henta dei går alt gale. Sonen, den nesten sju år gamle Edvin, klagar over vondt i hovudet. Han vert køyrt til dokter på Kvam, før han vert send med helikopter til Oslo. Han døyr den same dagen.

Dette skjedde verkeleg. Tungen teiknar eit fint portrett av sonen sin, men boka handlar like mykje om dei tre som sit att. Dei må finna ein veg vidare, og det er ikkje opplagt korleis det skal gjerast. Nokre rundt dei veit ikkje heilt korleis dei skal reagera. Andre taklar det betre, men overgangen til å verta ho som har mist sonen sin er ikkje lett.

Det er altså ei fin bok. Tungen skriv ope og ærleg. Det er nærliggjande å tru at skrivinga må ha vore ein måte ho kunne arbeida med sorga på, men det vert aldri så personleg at det ikkje kan overførast til andre, at det ikkje har verdi for andre. Både dei som har opplevd noko liknande, og dei som ikkje har det.

Guffen tilrår. 

Meir Tungen på kulturguffebloggen
Ein gong var dei ulvar (2017)
Kjærleik og det som liknar (2019)

10. mars 2022

Ragnar Hovland: 1964 (2006)

Handlinga i denne romanen er lagt til 1964, og hovudpersonen er tolv år gamal, like gamal som Hovland sjølv var det året. I eit føreord skriv Hovland at dette sjølvsagt ikkje tyder at boka skal lesast som ein sjølvbiografi. Det gjer eg heller ikkje, men viss boka skulle lesast slik er det kanskje mest nærliggjande å sjå etter spor av Hovland i ein av kameratane til eg-personen: Den jamgamle prestesonen, som mellom anna er ein rasande god stilskrivar.

Me er, slik me ofte er, ein stad på Vestlandet, kanskje i Sogn og Fjordane. Eg-personen er nummer to i ein syskenflokk på tre - den eldre systera skal snart flytta, den langt yngre broren er uvanleg klok. Eg-personen har òg fleire kjenningar, og han prøver å verta betre kjend med ei nyinnflytta jente, sjølv om ho høyrer til i ei sekt ingen andre vil inn i.

Hovland er i godt slag her. Det er fine skildringar av dei unge hovudpersonane, også av dei som ikkje passar heilt inn. Språket boblar, her er mykje å le av, og det dukkar opp både kjærleik og mystikk. Og dette er vel den einaste Hovland-romanen der Wenche Myhre dukkar opp, igjen og igjen.

Guffen tilrår.  

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

8. mars 2022

Lyset fra sjokoladefabrikken (2020)

 

Dag Johan Haugerud lagar flotte filmar, og denne er ikkje noko unntak. Det er ein svært roleg film, der kameraet gjerne står i ro lenge (i tydinga lenge), og der me berre ser ei av dei kvinnene som snakkar saman. Og det er kvinner som snakkar saman - eg trur ikkje me høyrer ei einaste mannleg røyst i filmen.

Dei snakkar om mykje rart, sjølvsagt, men to tema vender tilbake: Dei prøver å skriva ein song til bryllaupet til ei me aldri ser (og som like godt avlyser bryllaupet), utan altfor stort hell. Dei har altfor ulik innfallsvinkel til denne songen.

Det andre temaet er meir alvorleg. Mora til Ingrid er nyleg død, ho fekk lungebetennesle etter å ha site for lenge ute i kaldt vêr då ho skulle sjå Ingrid og dottera i akebakken. Nokre meiner at Ingrid burde tenkt meir på mora si, andre meiner at mora var gamal nok til å tenkja sjølv. Ingrid ser ut til å meina at ho hadde noko skuld, i alle fall, ho prøver heile tida å få andre til å seia at ho var skuldfri.

Filmen er finfin. Han varar om lag ein time, det er stort sett samtaling heile tida, med unntak av to sekvensar som nesten fungerer som pausar. Dialogane og replikkane er midt i blinken, og skodespelarane imponerer.

Guffen tilrår.

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)

6. mars 2022

Norman Mailer: The Executioner's Song (1979)

 

Gary Gilmore vart dømt til døden i 1976. Han var 36 år, og hadde levd nesten halve livet i fengsel. Han var nyleg sett fri, men etter å ha drepe to personar fekk han dødsdommen. Folk vart jamleg dømde til døden i USA, men det var nesten ti år sidan nokon av desse faktisk vart drepne. Det vanlege var at fangar kjempa for å få omgjort dødsdommar, men med Gilmore var det motsett: Han kjempa for å verta drepen. Det gjekk litt att og fram, og dei siste dagane var det hyppige møte i rettsvesenet, men i januar 1977 fekk han viljen sin, og vart skoten.

Det er ei fengande og fascinerande historie. Det tok to månader frå han vart sleppt fri til han vart sett inn att, og på desse to månadene får han gjort mykje. Han jobbar litt, han bur på slekt, han drikk rimeleg mykje, og han får seg ein kjærast. Ho er berre 19 år, men har alt to ungar og to skilsmisser bak seg. Dei to får eit nesten magnetisk forhold, også etter at Gilmore hamnar i fengsel igjen. 

At han absolutt ville drepast gjorde at saka hans vart kjend over heile USA, og etter kvart over heile verda. I den siste halvdelen av dukkar det stadig opp nye journalistar som vil skriva om saka, og som kjempar om rettane til å laga film og artiklar om det heile.

Historia er fengande, og boka er fengande. Mailer har intervjua mange, og har fått tilgang til intervju andre har gjort. Det er detaljert og innsiktsfullt. Det er litt uklart kva sjanger dette er - boka fekk Pulitzer-prisen for beste roman, men det er like mykje ei dokumentarbok. Det er uansett ei glimrande bok.

Guffen tilrår.