25. juni 2017

Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)

Citizen Kane er filmverda sitt svar på Sgt. Pepper. Filmen vart fleire gonger kåra til den beste filmen gjennom tidene, før andre filmar tok over. Eg googla litt no, og på lista over beste filmar på IMDB ligg Kane heilt nede på 36. plass. Det vert jo heilt absurd, ikkje minst når ein ser på kva filmar som ligg høgare.

For Citizen Kane er ein fabelaktig film. Denne boka får godt fram kor stor prestasjon filmen er. Orson Welles hadde ikkje laga film før, men fekk frikort frå RKO. Han kunne gjera kva han ville i Hollywood, og etter å ha lagt vekk to andre prosjekt (mellom anna ei filmatisering av Heart of Darkness) gjekk han i gang med Citizen Kane. Så godt som alle skodespelarane var debutantar, og sjølv var Welles regissør, produsent, medforfattar og skodespelar.

Eg såg filmen om att endå ein gong etter å ha lese boka. Welles er glimrande i hovudrolla, men det er mykje anna å gle seg over. Lebo skriv mykje om lyssetjing. Om korleis filmen er filma med uvanleg stor djupn i skarpheita. Om korleis det var heilt nytt at også taka i romma vert filma. Om korleis Welles skada venstrehanda i scena då Kane raserer rommet til Susan Alexander.

Han skriv òg mykje om problemet med å lansera filmen. Kane er heilt opplagt basert på den mektige mediamannen William Randolph Hearst, og han gjorde det han kunne for å stoppa filmen. Welles valde ein original taktikk: Han inviterte dei med mest makt i Hollywood til å sjå filmen, og alle var så imponerte at dei gjekk frå den lause planen om å kjøpa negativet til filmen, og øydeleggja det.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar