29. juli 2018

Mick Wall: Last of the Giants. The True Story of Guns N' Roses (2017)

Guns N' Roses var aldri mitt band. Ein ting er at dei hadde altfor mykje og feil hår, og at dei kledde seg heilt feil. Ein annan (og viktigare) ting er at stemma til vokalisten var heilt forferdeleg, og tekstane hans var heller ikkje all verda, der la han for dagen haldningar som ikkje var mykje å skryta av.

Denne biografien forsterkar det inntrykket. Mick Wall har skrive om musikk heile livet, han var lenge journalist i Kerrang!, ei rolle som gav han fri rolle til mange av tungrock-banda. Han kom på kant med vokalisten i Guns N' Roses, Axl Rose, og vart hengt ut i ein av tekstane på plata Use Your Illusion II. Dette pregar ikkje boka, Wall gjev ros der han føler for det, og prøver å forsvara Rose for dei verste tekstane hans. Likevel står Rose fram som den store skurken i denne boka, der han gradvis vart meir og meir diktator i bandet, og der han gradvis gav meir og meir blaffen i kva andre sa han skulle gjera. Det var ikkje uvanleg at han avlyste konsertar på kort varsel, eller at han gjekk på scena mange timar etter det tinglyste tidspunktet.

Bandet vart skipa i Los Angeles midt i 1980-åra, og debutplata deira, Appetite for Destruction frå 1987, er ei av dei mest selde platene i USA. Dei levde opp til tittelen, dei øydela både eitt og hitt. Rusproblema stod i kø, og ei tid verkar det som om minst éin av medlemmane i bandet til ei kvar tid var på avrusingsklinikk. Ein etter ein av dei fem originalmedlemmane slutta (eller vart sparka), og frå 1997 var det berre Rose att. Han heldt fram, saman med ei lett blanding musikarar, men det kom ikkje noko nytt album før i 2008. For eit år eller to sidan kom to av grunnleggjarane tilbake, gitaristen Slash og bassisten Duff McKagan, og dei held på med lukrative turnear framleis.

Wall baserer seg mykje på eldre intervju han har gjort med folk i eller rundt bandet, og har òg gjort nye intervju. Det er mange lange sitat, og det fungerer godt. Det er fargerike folk, som òg ordlegg seg godt. Det er òg passeleg med krangling og dritslenging, og boka er lettlest, også for oss som ikkje greier meir enn ein eller to GNR-songar. Og for oss som ikkje nødvendigvis meiner at gigantane er dei som bråkar mest, bruker mest rusmicdel, kler seg rarast, og viser fram eit mindre godt syn på andre menneske.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar