26. september 2021

J. Niimi: Murmur (2005)

 

Eg likar R.E.M., i alle fall viss me ikkje snakkar for mykje om dei fyrste og siste åra deira. Rundt 1990 gav dei ut nokre finfine plater; før og etter det er det berre sporadisk at eg finn gullkorn blant songane deira. 

J. Niimi finn gull alt på debutplata deira, og det var han ikkje åleine om. Murmur selde ikkje all verda, men langt meir enn venta. Flire kritikarar tok henne med på listene sine over dei beste platene frå 1983. Bandet var kritikarfavorittar gjennom resten av 1980-åra, frå slutten av 1980-åra var dei både kritikar- og publikumsfavorittar.

Niimi kjenner plata godt. Dei beste kapitla er når han skriv om dei ulike songane på plata, og om korleis plata vart spelt inn. Han bruker òg mykje plass på eigne tolkingar og analysar, og her er det berre sporadisk at eg finn gullkorn. Eg les gjerne analysar av musikk, men då må det vera hakket meir innhald i analysane enn det eg finn her.

Guffen er lunken. 

22. september 2021

Magnus Takvam: Hun skrev for å kunne leve (2021)

 

Magnus Takvam har skrive ei fin bok om mor si. Han skriv om livet hennar og har teke med fleire av dikta hennar, men det er ikkje nokon rein biografi over mora. Det handlar langt meir om forholdet mellom mor og son, om korleis det var å veksa opp og å leva som vaksen saman med ei mor som vart ein del av eit tidvis destruktivt kunstnarmiljø i Oslo.

Marie Takvam vaks opp på Sunnmøre. Ho ville ut, og etter å ha gått gymnaset på Nordfjordeid flytta ho til Oslo for å studera psykologi. Ho arbeidde ved sida av, og ho skreiv òg dikt, og debutsamlinga hennar, Dåp under sju stjerner, kom i 1952. Den mest vidgjetne meldinga av den boka var skriven av André Bjerke, som skreiv svært mykje om utsjånaden til Takvam. Det kom fleire bøker, både diktbøker og barnebøker, men det var ikkje det som prega heimen mest. Ho og ektemannen gjekk frå kvarandre, og livet hennar vart aldri godt etter det. Det var mykje drikking og fleire skandalar, mellom anna knytt til filmrolla ho hadde i Åpenbaringen, ein film av Vibeke Løkkeberg.

Og kvar var sonen i alt dette? Han var til og frå. Han og mora hadde eit varierande forhold - av og til hadde dei mykje kontakt, andre gonger var det mindre. Mora innbilte seg mykje rart, og vart etter kvart innlagt på ulike institusjonar.

Magnus Takvam skriv godt og varmt om livet dei delte. Han legg ikkje skjul på at det tidvis var vanskeleg, men han skriv òg varmt om kor høgt han sette henne, og kor stor pris han set på at dikta hennar vert lesne og framheva.

Guffen tilrår. 

Meir Takvam på kulturguffebloggen
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

21. september 2021

The Middle Man (2021)

 

Ein ny fin film av Bent Hamer. Eg har sett dei fleste av filmane hans, og der er jamt over mykje å gle seg over.

Handlinga er lagt til byen Karmack i USA. Det er ingen lystig by, det meste av byen står til nedfalls, og mange av innbyggjarane døyr. Byen treng ein ny mellommann, ein mann som kan fortelja dei etterlatne at nokon er daude. Den jobben går til Frank Farrelli, som taklar jobben sånn nokolunde godt. Heilt til det ikkje går så godt likevel.

Filmen er strålande. Det er noko melankolsk over det heile, og filmen er så godt som fri for sterke og klare fargar. Eg har sett at nokre meiner det minner om Fargo, for meg gjekk heller assosiasjonane i retning av Kaurismäki-filmane. Visuelt er det eit roleg og stabilt kamera, det er sparsam møblering. Språkleg er det ordknapt, det ligg mykje usagt mellom replikkane. Og Pål Sverre Hagen i hovudrolla er som vanleg aldeles glimrande, der han i svært mange av scenene har eit nervøst smil om munnen. Ein film eg svært gjerne ser fleire gonger.

Guffen tilrår. 

19. september 2021

Garrison Keillor: Liberty (2008)

 

Garrison Keillor kan skriva godt om det norske Amerika. Han kjenner livet i Midt-Vesten godt nok til at han kan laga god litteratur av det - han skriv godt, og er av og til over snittet morosam. Slik er det ikkje i denne boka. Det verkar som eit hastverksarbeid, der eit greitt utgangspunkt ikkje vert noko meir enn ei lang rekkje med situasjonar som ikkje er spesielt morosame. 

Utgangspunktet er at småbyen Lake Wobegon skal feira nasjonaldagen. Clint Bunsen har vore ansvarleg for feiringa i mange år, men dette er siste gong han har det ansvaret. Det gjer at han ikkje tek det like alvorleg, og det betrar ikkje situasjonen at han etter førti års ekteskap har eit kort forhold til ei langt yngre kvinne. Til feiringa skal CNN koma, og guvernøren i Minnesota skal koma. Dei kjem, men boka vert ikkje betre då. Det er altfor mange dårlege vitsar, og altfor mange pinlege halv-seksuelle vitsar. 

Det er rart med det. Nokre av bøkene til Keillor gjev meg lyst til å lesa meir av han; med nokre av bøkene hans er det stikk motsett. Denne fell ned i den siste kategorien.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)

Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)

18. september 2021

Frode Grytten: Dublin (2002)

Spartacus hadde ein fin serie med reisebøker. Eg trur i alle fall det er rett å kalla dei reisebøker - det var ikkje reiseguidar, det står ingenting om flyplassar og hotell og restaurantar og opningstider på museum, men forfattarane skriv om byar dei likar godt. Slik har det i alle fall vore i dei tre bøkene eg har lese i denne serien, og slik er det absolutt her. 

Frode Grytten set Dublin veldig høgt. I boka, som er glitrande illustrert av fotografen Oddleiv Apneseth, går han rundt i Dublin som ein vanleg mann. Han går på bar, han høyrer musikk, han går på hundeløp, han går langs elva, og han trivst overalt. Han fortel om folk han møter, han fortel om bøker, plater og filmar frå Dublin, og han storkosar seg. Ein stad skriv han at om han skulle døy utan å ha sett Dublin, ville han gå i grava som ein litt fattigare mann.

Sjølv har eg aldri vore i Dublin. Denne boka gjev meg lyst til å reisa dit, og kven veit? Kanskje ein vakker dag.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Flytande bjørn (2005)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

14. september 2021

Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)

Med denne romanen tok Vesaas endå eit steg opp. Dei føregåande romanane hadde vore ujamne, men her er det mykje som fell på plass. 

Hovudpersonen er atten år gamle Klas. Han har levd heile livet som fosterson hjå snikkaren Anders Ru. Her trivst han godt, heilt til Ru sender han til Dyregodt. Her er det ikkje like harmonisk. Ved garden ligg det ein enorm demning, som er bygd for å demma opp vatn til eit sagbruk lengre nede. Demningen er ikkje trygg, og då det kjem ein flaum vert det fare for at demningen ryk.

Dette trugsmålet slit på alle. Saman med Dyregodt-mannen har Klas tilsyn med dammen, og den eldre mannen taklar dette langt dårlegare enn Klas. Han går opp på dammen døgeret rundt, for å sjekka at alt er som det skal, og vert gradvis meir og meir øren. Parallelt med alt dette får Klas vita at bestemora, Sigrid Stallbrokk, vil ha besøk av han, og på veg dit møter han nokre tømmerfløytarar som har mist ein i arbeidslaget. Han ligg død i ei utløe, og medan dei ventar på at han skal verta henta vakar Klas over han.

Det er altså ein meir heilskapleg og vellukka roman enn dei tidlegare bøkene til Vesaas. Naturskildringane er ikkje så lange og detaljerte, han konsentrerer seg meir om dei indre spenningane i personane i romanen. Klas er ikkje den einaste personen som er spanande, mellom anna er dei to mystiske mennene Olav og Jørgen fascinerande. Dei dukkar brått opp, gjer det som må gjerast, og forsvinn att.

Guffen tilrår.  

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

9. september 2021

a-ha - The Movie (2021)

 

Nja. Det er litt rart med ein musikkfilm der det ikkje er musikken som fengar mest. a-ha har laga nokre fengande songar, men svært mykje av musikken i denne filmen er knapt nok middelmådig. Det kan henda at filmen vert likt betre av dei som har eit nært forhold til a-ha, men for ein som meg, som er interessert i musikkhistoria, var det likevel ein film eg visste eg ville sjå.

Historia er velkjent: Tre unge menn frå Oslo reiser til London for å verta popstjerner. Det greier dei etter kvart, dei toppar singellistene både i USA og England. I USA held dei ikkje koken spesielt lenge, men i Europa, Sør-Amerika og Asia er dei framleis store, fleire år etter siste nye plate. 

Ut frå det som vert sagt i denne filmen kjem det ingen fleire plater frå bandet. Både Waaktaar-Savoy og Harket er klare for det, men Furuholmen er rimeleg irritert over måten barndomsvenen Waaktaar-Savoy har oppført seg. Furuholmen meiner at dei musikalske bidraga hans ikkje vert verdsett, og han vert ikkje kreditert som komponist. Waaktaar-Savoy meiner det er heilt greitt, det er han som har formgjeve og spikra bordet, medan bidraga til Furuholmen er meir å rekna som blomebukettar på toppen av bordet. 

Det ser altså ut som om det ikkje er så mykje harmoni i bandet no. Dei tre i bandet (og nokre få personar rundt) er intervjua kvar for seg, og når dei snakkar om den tidlege tida er dei meir lystige og rosande. Dei slår gjennom, dei reiser verda rundt, og dei mislikar alle at dei vert sett på som enkle popstjerner. Dei prøver seg på meir seriøs musikk, dei går nye vegar, gruppa vert oppløyst, gruppa kjem saman att, osb. For førti år sidan var dei nære vener; i dag er dei bandmedlemer.

Guffen tilrår. 

6. september 2021

Robert M. Pirsig: Zen and the Art Of Motorcycle Maintenance (1974)

 

Denne boka prøvde eg meg på midt i 90-åra. Eg køyrde meg fast ein stad midt i boka, men prøvde igjen no. Eg er ikkje heilt overtydd om at akkurat det var ein god idé - det var ikkje vanskeleg å skjøna kvifor eg la boka vekk for nokre tiår sidan.

Boka er todelt, kanskje tredelt. Rammehistoria er den enklaste og greiaste: Eg-personen i boka er på road trip saman med den elleve år gamle sonen sin og eit par han kjenner. Dei sit på kvar sin motorsykkel, og veneparet snur halvveges i boka. Turen til far og son går frå Minnesota til California, og her er ei rekkje fine skildringar. Det var uråd å lesa denne delen av boka utan å tenkja på glansdagane då eg køyrde (bil) i det same området.

Eg-personen var professor ein stad i Montana for lenge sidan, men slutta, mellom anna av di studentane ikkje forstod han. Turen gjennom dette området får fram dårlege minne, og i boka vert desse presenterte som samtalar mellom eg-personen og den personen han var i gamle dagar - i boka kalla Phaedrus. Nokre av desse samtalane vert reine filosofiske diskusjonar, og der er òg kapittel som er rein filosofi. Der dett eg diverre fort av, så desse kapitla var seige å koma gjennom.

Det er altså litt On The Road, litt Sofies Verden, og eg fekk òg assosiasjonar til Moby Dick. Nokre kapittel dreg handlinga vidare, andre er av meir teknisk karakter. For min del burde det vore meir av den fyrste og langt mindre av dei to siste bøkene. Samtalane mellom far og son er til dømes jamt over gode.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

5. september 2021

Seven Years In Tibet (1997)

 

Den austerrikske fjellklatraren Heinrich Harrer reiser til Himalaya i 1939 for å prøva å nå toppen på Nanga Parbat, eit fjell fleire tyske ekspedisjonar har mislukkast i å nå toppen på. Dei greier det ikkje denne gongen heller, men då dei kjem attende til base camp får dei ei overrasking: Det er erklært krig mellom Tyskland og England, og sidan dei er ein tysk ekspedisjon på engelsk område, vert dei sette inn i ein fangeleir. Eit par av dei greier å rømma og tek seg over til Tibet, som på den tida var fritt for utlendingar. 

Dei to greier seg godt. Den eine, spelt av David Thewlis, giftar seg med ei lokal kvinne. Heinrich Harrer, spelt av Brad Pitt, vert tettare og tettare knytt til den unge Dalai Lama. Han returnerer til Europa i 1951, men held kontakten med Dalai Lama livet ut. 

Det er vanskeleg å kjeda seg med Thewlis og Pitt, og det er vel dei (og den mektige naturen) som gjer at dette er grei tidtrøye. Harrer endrar seg stort i filmen - frå å vera ein sjølvoppteken dritsekk vert han prega av tida i Tibet, og går gjennom livet med heilt andre haldningar. 

Guffen er lunken. 

4. september 2021

Ragnar Hovland: Paradis (1991)

Ei Hovland-bok eg har hatt ståande i hylla lenge, utan å lesa ho. Eg plukka ho fram no, på vegen min gjennom Hovland-bibliografien. Det er lett å sjå slektskapen med andre av bøkene hans, men her er òg nok av originale vriar og vendingar til at det fungerer.

Roger kjem attende til heimbygda, der han for lenge sidan drap ein mann. Dei andre i bygda er usikre på korleis dei skal ta mot han. Den einaste som taklar han er den unge Gloria. Roger overtalar ho til å leggja ut på ei reise saman med han. Ho låner bilen til far sin, og saman køyrer dei gjennom eit vestlandsk landskap med fjordar, fjell og ferjer, på leit etter ein mann som skuldar Roger pengar. Samstundes er det folk på leiting etter Roger. Mot slutten finn Roger mannen han leitar etter, og han vert òg funnen av mannen som leitar etter han. 

Kapitla der all leitinga tek slutt er litt knappe, men det er ikkje så nøye. Hovland er ein forfattar som ofte skriv om folk som er på farten, og det skriv han godt. Det er gode dialogar, godt språk, og ved enden av vegen ligg det alltid ein bar der ein kan få seg litt å drikka.

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)