8. februar 2015

Bill Bryson: Shakespeare. The World as a Stage (2007)

Det er mykje som fascinerer med denne boka, men noko av det mest fascinerande er kor lite me veit om William Shakespeare. Me veit ikkje sikkert korleis han såg ut, me veit ikkje kor mange skodespel han skreiv, me veit ikkje kor tid han skreiv dei skodespela som er kjende, me veit ikkje kor mange av dei han skreiv saman med andre, eller kor omfattande dette samarbeidet var, me veit ikkje når han skreiv sonettane sine, osb. Me veit ikkje eingong sikkert korleis han sjølv skreiv namnet sitt. Og det er fascinerande korleis mange, gjerne fleire hundreår etter at Shakespeare døydde, har funne det meiningsfullt å presentera udokumenterte påstandar som sanning.

Bill Bryson er ein forfattar som kosar seg i slikt landskap. Han fyller på med fascinerande kunnskap og hendingar frå samtida, eller om personar Shakespeare i større eller mindre grad hadde omgang med, men han er best når han stiller spørsmål ved all den oppdikta historieskrivinga. Eit kapittel om oppvekståra til Shakespeare, der han knapt nok har fortalt noko som helst, sluttar slik: "Shakespeare's early life is really little more than a series of occasional sightings. So when we note that he was now about to embark on what are popularly known as his lost years, they are very lost indeed".

Boka sluttar med omtale av dei mange som har hevda at Shakespeare ikkje skreiv skodespela han i dag vert hugsa for. Han gjer, ikkje uventa, eit nummer ut av etternamnet til ein av desse, J, Thomas Looney, og nemner òg to andre fantasi-skrivarar med relevante namn - Sherwood E. Silliman og George M. Battey. Sjølv fekk eg mest sans for Delia Bacon, ei amerikansk kvinne som via mykje av livet sitt til å skriva ei bok på 675 sider, der ho indirekte hevdar at alle Shakespeare-skodespela var skrivne av Francis Bacon. To år etter at boka kom ut døydde ho på ein mentalinstitusjon, overtydd om at ho var den heilage anden.

Det er mykje me ikkje veit om Shakespeare, altså, men Bryson skriv sjølvsagt òg om det me veit. Han skriv godt om publiseringa av sonettar og skodespel, og om ei fantastisk samling Shakespeare-folioar (og andre godbitar) i Washington D.C.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Notes from a Small Island (1995)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)

Relatert på kulturguffebloggen
Shakespeares skjulte sannhet (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar