31. desember 2016

Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)

Det er mange måtar å skriva om eit band på. Ein kan konsentrera seg om historia. Ein kan gjera det i dagboksform, og skriva om kva som skjedde dag for dag. Ein kan presentera alle songane bandet spelte inn. Eller ein kan gjera som Peter Hook gjer det her - ta med alt dette, og meir til.

Hook går kronologisk til verks. Han skriv om år for år, og når den generelle historia er over, repeterer han det dag for dag. Kvar gong bandet gjev ut eit album, skriv han om alle songane. Det gjer at boka vert omfangsrik, og tidvis er det seigt å koma vidare.

Bandet han skriv om er New Order. Dei tre som overlevde Joy Division forma New Order, saman med ein fjerde medlem. Eg har aldri hatt noko nært forhold til New Order, men Joy Division set eg høgt. Boka fortel mest om nedturane, det er generelt mykje syting her. Hook klagar over dårleg innsats frå manageren, om dårlege tider i studio, om kor mykje han etter kvart mislikar dei tre andre i bandet. To av dei er framleis med i New Order, Hook slutta/vart pressa ut for bortimot ti år sidan. Han har mykje hat han skal ha ut, og spesielt gitarist/vokalist Bernhard Sumner får så hatten passar.

Han skriv òg om oppturar, men dei handlar oftare om damer og dop. Han fortel om kor mykje han tener på plater eller konsertar, men det ser ut til at det meste av pengane vart brukt på dop. På turnear vassa han i damer, trass i at han hadde sambuar og seinare kone heime i Manchester. Anekdotane frå ulike festar rundt omkring er generelt keisame, og det vert alt, alt for mange av dei.

Sumner skreiv om sine minne frå New Order for eit par år sidan. Av og til verkar det som om den viktigaste grunnen til at Hook skreiv denne boka, var å hemna seg på Sumner.

Guffen er lunken.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)

26. desember 2016

Pedro Carmona-Alvarez: Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)

Dette var ei fin bok. Ho opnar med eit samandrag av det som skal skje, før det heile vert fortalt meir detaljert. Det er eit grep som kan fungera, og her fungerer det altså godt.

Det er ei familiehistorie, som opnar med harmoni og lukke i New Jersey, før det etter eit meir og meir disharmonisk opphald i Oslo sluttar med at mor og dotter bur i Bergen, medan faren bur i California. Mora Kari er norsk, medan faren Johnny er amerikansk. Vendepunktet i historia kjem då dei to eldste døtrene deira misser livet i ei bilulukke. Foreldra kjem aldri heilt på beina att, og foreldra deira foreslår at dei to barnlause flyttar til Noreg, for å ta til på nytt der. Dei får ei dotter til, Marita, men dei glir frå kvarandre. Johnny snakkar dårleg norsk, og forstår ikkje heilt dette nye landet, medan Kari drikk meir og meir, og finn seg etter kvart andre menn. Til slutt har Johnny fått nok. Han reiser til USA for å vera med i gravferda til far sin, og kjem ikkje tilbake.

Det vekslar mellom ulike tider og ulike forteljarar, men ein ting vekslar ikkje: Heile boka er skriven i eit fabelaktig språk. Det er lett å merka at Carmona-Alvarez også har gjeve ut mange diktbøker, dei poetiske vendingane står i kø. Både Johnny og Marita er dessutan karakterar det er lett å verta glad i, og lett å verta engasjert i, slik at dette var ei bok som var kjekk å lesa.

Guffen tilrår.

The Social Network (2010)

For ein ti-tolv år sidan skreiv avisene om Facebook, ei nettside der ein vart nettvener med alle venene sine, og der ein til ei kvar tid kunne vera oppdatert på kva dei dreiv med. Eg tenkte at dette ikkje var noko for meg, og slik er det vel framleis. eg har ein Facebook-profil, men bruker han berre for å koma i kontakt med folk eg treng kontakt med, oftast i samband med artiklar eller anna eg skriv.

Denne filmen fortel om korleis det heile kom i gang. Nokre Harvard-studentar ser behovet for ei nettside som knyter dei saman. Dei kontaktar Mark Zuckerberg, som har ekstrem peiling på data, og involverer han i prosjektet. Han vidareutviklar det heile, døyper det om til The Facebook, og det heile tek av. Dei koplar etter kvart fleire universitet på nettverket, både i USA og andre stader, og filmen sluttar med at dei rundar ein million brukarar.

På vegen dit har Zuckerberg mist dei få venene han hadde i utgangspunktet. Historia vert fortalt via vitneutsegner i to rettssaker, der Zuckerberg er saksøkt både av dei to-tre som hadde den opphavlege ideen, og av den beste venen sin, som vart frosen ut av prosjektet.

Filmen fungerer godt. Det er heller opplagt kva som skjer utover i filmen, men det er godt laga, og filmen var heilt grei sånn langt utpå kvelden fyrste joledag.

Guffen tilrår.

24. desember 2016

Gunnar Gunnarsson: Advent (1937)

Den islandske bonden Benedikt har éin førjolstradisjon: Fyrste sundag i advent reiser han til fjells for å sanka saman dei sauene han ikkje fann under den vanlege sankinga. Han vert eldre, formen vert dårlegare, og vêret er ekstremt dårleg dette året, men han legg ut likevel, saman med ein hund og ein vêr. Naboane er urolege, og åtvarar han mot fjellturen, men han gjer som han vil, slik han truleg har gjort det heile livet. Og når adventstida er over, kjem han heimatt med sauene han mangla.

Det er ein fin lita bok. Språket er nøkternt, og sjølv om det tidvis er dramatisk hevar ikkje forfattaren stemma. Benedikt er ein stor mann i bygda si, i tydinga ein dei andre respekterer, men i naturen vert han likevel liten. At han greier å overleva kjem av at han har lært seg å leva i naturen, lært seg å gardera seg mot dei utfordringane han møter.

Guffen tilrår.

21. desember 2016

Alexandra Yourieff: In Quisling's Shadow (2007)

Alexandra Yourieff hadde eit høgst uvanleg liv. Ho var fødd 1905, og vaks opp i relativ velstand i Ukraina. Familien miste det meste under andre verdskrigen. Faren var død, og Alexandra fekk seg arbeid på eit kontor som arbeidde med naudhjelp. I etasjen over heldt Vidkun Quisling til. Han var 18 år eldre enn ho, men dei vart eit par, og gifta seg dagen etter at ho fylte 17 år. Ho vart med han til Oslo, men det tok ikkje lang tid før han igjen måtte til dei ramma områda i aust-Europa. Han kom tilbake saman med Maria Pasetsjnikova, og det viste seg at han like godt hadde gifta seg med ho òg.

Dei neste par åra levde desse tre i eit merkeleg trekantdrama, der Alexandra heile tida var det tredje (og yngste) hjulet på sykkelen. Kanskje var alderen hennar grunnen til at ho ikkje skjøna heilt kva som skjedde, og i staden drøymde om å igjen verta kvinna i Quislings liv.

Slik gjekk det ikkje. Han sende ho til Nice, der ho hadde ei tante, og gradvis vart ho sjølvstendig att. Trass i at dei ikkje hadde nær kontakt, og trass i at Quisling var gift med Maria, hadde han stor nok makt over henne til at ho ikkje gjorde alt ho ville. Ho var ballettdansar, og gjorde det godt. Ho prøvde seg som skodespelar, og gjorde det godt. Men kvar gong ho stod framfor eit gjennombrot, la han ned forbod mot at ho heldt fram. Og ho lydde han. Seinare forstod ho betre kvifor - det ville vore ein skandale for han om det kom fram at han var bigamist.

Ho flytta etter kvart til Shanghai. Før ho kom så langt var ho vert for eit selskap som vart avlyst av di Isadora Duncan døydde i ei bilulukke på veg dit. Ho vart kjend med Picasso, som måla to portrett av ho. Ho overlevde då bydelen hennar i Shanghai vart bomba. Ho vart sett i husarrest heile andre verdskrigen. Ho svima av då ho i oktober 1945 fekk høyra at Quisling, som ho ikkje hadde høyrt frå eller om på nærare femten år, var dømd for landssvik og avretta. Ho utvandra til USA, der ho hadde fleire kunstutstillingar. Ho sende mange brev til Maria Quisling, men alle vart returnerte ulesne.

Boka er redigert av Kirsten Seaver og George Yourieff, ektemannen til Alexandra. Det er i hovudsak livsminna hennar, men kvart kapittel opnar med nokre forklarande sider, som er til stor hjelp. Livsminna er ikkje spesielt velskrivne, men det kjem greitt fram korleis ho var ei lita brikke i spelet til ein galning.

Guffen tilrår.

19. desember 2016

Blues Brothers (1980)

Jake Blues har sona ferdig i fengsel, og vert møtt av broren Elwood. Dei vitjar nonna som dreiv barneheimen dei vaks opp i, finn ut at viss ho ikkje skaffar 5000 dollar i løpet av nokre dagar må barneheimen flytta. Dei to finn ut at dei vil putta the band back together, og etter litt om og litt men er alle samla igjen. Bandet heiter Blues Brothers, og held ein konsert på ein country-bar, der det viser seg at dei tapar pengar, og i eit stort ballroom, der dei går i overskot. På vegen dit har dei irritert på seg nokre politifolk, ein gjeng nynazistar, ein eigar av ein countrybar, ei eks-dame, og eit countryband.

Filmen er ikkje utan gode scener. Musikken er (som regel) glimrande, og nokre scener og replikkar er blinkskot. Men der er òg keisame parti. Det vert altfor mykje bilkøyring, og ein skal vera velviljug innstilt til bilkøyring for å kosa seg med sekvensen der dei køyrer gjennom eit kjøpesenter, eller der eit titals politibilar køyrer inn i kvarandre på veg attende til Chicago. Det er altså høgt ujamne greier, dette.

Guffen er lunken.

18. desember 2016

The Last Man on the Moon (2016)

Så langt har tolv personar gått på månen. Alle er menn, alle er amerikanske. Den siste av dei er Eugene Cernan, som var der i 1972, under Apollo 17-ekspedisjonen. Cernan var ein røynd astronaut, Gemini-progammet til NASA tok til 1961, og gav astronautar høve til å prøva ut ulike løysingar før måneferdene tok til. Cernan var ombord i Gemini 9 i 1966. I mai 1969, berre to månader før månen endeleg vart nådd, var han ombord i Apollo 10, som i praksis var ein generalprøve. Saman med Thomas Stafford var Cernan med på ei prøvelanding, som sende landingsfartøyet heilt ned til 14 kilometer over månen, før dei returnerte til Apollo 10. Så kom han altså omsider til månen i 1972, og var der i tre dagar. Det er det lengste opphaldet nokon har hatt på månen, og altså det førebels siste.

Cernan var rundt åtti år då filmen vart laga. Han er altså eit stykke opp i åra, og ser tilbake på livet med meir visdom enn før. Han ser at han var veldig sjølvoppteken då han var astronaut. Slik var det òg for dei andre astronautane - rundt 60 % av dei vart skilde. Cernan var ein av dei - etter at han kom attende til landjorda etter å ha vore på månen la han ut på ein endelaus tur rundt jorda, for å halda foredrag og sola seg i sin eigen glans. Kona gjekk lei etter kort tid, men Cernan valde å halda fram med foredraga sine, sjølv om kona og dottera flytta frå han.

Det er ein fin film. Det er flotte historier, flotte bilete, og Cernan er altså ein god forteljar.

Guffen tilrår.


14. desember 2016

Per Halse: Peter Hognestad. Språkstrid og heilag fred (2016)

Peter Hognestad (1866-1931) var ein av desse som gjekk føre. Han var den fyrste som heldt preike på landsmål i Kristiania (1901). Han var hovudredaktør for Fyrebelsbibelen (1921). Saman med Bernt Støylen og Anders Hovden stod han bak Nynorsk salmebok (1925). Omsetjinga hans av "Fager kveldssol smiler" er uvanleg vellukka. (Diktet er eigentleg skrive av August Heinrich Hoffman von Falleersleben frå Tyskland, som òg skreiv "Deutschland, Deutschland über alles".)

Hognestad var prest, og vart i 1916 biskop i Bjørgvin, og religion og målsak var dei to store sakene i livet hans. For meg, som er langt meir oppteken av målsak enn av religion, var det langt meir gjevande å lesa om det han gjorde for målet. Per Halse har gjort eit grundig arbeid med denne biografien, men av og til vert det for detaljert og omfattande. Kanskje det skuldast det eg nett nemnde, altså at eg er meir oppteken av målmannen Hognestad, men dei avsnitta eg fann for detaljerte handla alle om teologi og hendingar frå det fagfeltet.

Guffen er lunken.

11. desember 2016

Frode Grytten og Sune Eriksen: Meter over havet (2015)

Langs dei norske jernbanelinene ligg det (sjølvsagt) ei rekkje stasjonar. Nokre ligg i tettbygde strøk og får besøk av tusenvis av reisande kvar dag; andre ligg i meir grisgrendte område og får besøk av langt færre, nokre ligg midt i mellom. Mange av desse bygningane er svært flotte, der både heilskapen og detaljane er smakfullt utført.

I denne fotoboka er det bilete frå godt og vel tretti stasjonar. Ein eller to av stasjonane er i dag nedlagde. Bileta, som er tekne av Sune Eriksen, er jamt over finfine. Dei langt fleste er utan folk, og det er med på å skapa ei kjensle av at stasjonane høyrer til i ei anna tid. Det vert noko nostalgisk over det heile, og det er lett å tenkja på kor nytt dette var ein gong, og kor lett det var å reisa når jernbanen kom.

Til og rundt bileta har Frode Grytten skrive korte tekstar. Desse kan minna om meldingane han skreiv på Twitter det året han var aktiv der, det er korte glimt inn i livet til folk som tek toget. Mange av tekstane har eit litt melankolsk preg, og sjølv om dei ikkje seier noko direkte om stasjonane, er dei med på å farga stemninga, dei òg. Det heile vert altså ei flott bok som både dokumenterer samtida, og fortel om ei tid som er forbi.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Flytande bjørn (2005)

Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
Menn som ingen treng (2016)

9. desember 2016

Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013)

Dag Solstad - eg har ikkje noko spesielt nært forhold til han. Eg har vel berre lese debutboka, sett ei filmatisering av ein av romanane hans, og det er det. Eller - eg har vel lese nokre av fotballbøkene han gav ut saman med Jon Michelet. Og eg har lese nokre intervju, der han kan vera både seriøs og skøyar. Så sjølv om denne boka nok passar betre for dei som kjenner forfattarskapen hans betre, prøvde eg meg. Solstad er jo ein sentral forfattar, og samtalebøker med taleføre personar er oftast verd å lesa.

Og slik er det her òg. Boka er sett saman av ei rekkje samtalar mellom Solstad og van der Hagen, der Solstad er uventa open om det meste. Han snakkar mykje om mora og faren, og om andre i familien, men han snakkar mest om seg sjølv og bøkene sine. Han fortel fritt, han bruker store ord, han snakkar varmt om både nye og gamle kollegaer, og det er i det heile ei bok det var lett og kjekt å lesa. Det spelar sjølvsagt òg inn at van der Hagen er ein uvanleg kunnskapsrik kar, som kjenner bøkene til Solstad godt, og som har førebudd seg godt til samtalane.

Guffen tilrår.

Meir Solstad på kulturguffebloggen
Spiraler (1965)

4. desember 2016

Stein Torleif Bjella (USF, Bergen 4.12.16)

Stein Torleif Bjella igjen. Det er godt og vel eit halvt år sidan sist, men mykje har endra seg i mellomtida. Han har gjeve ut ei ny plate - den fjerde, og det er framleis berre velstand. Han har bygd ut ensemblet sitt med to nye musikantar, og det er ingen kvensomhelst: Amund Maarud på gitar, og sjølvaste Kenneth Kapstad på trommer. Dei gamle kjende (i denne samanhengen) er bassisten Eirik Øien og strengetrollmannen Geir Sundstøl, slik at det er eit stjernelag Bjella har med seg.

Mykje har endra seg, men slettes ikkje alt: Det er framleis ein fryd å vera på Bjella-konsert. Songane er flotte, tekstane er tidvis glimrande, og Bjella er solid også mellom songane. Han snakkar om eitt og hitt, han gjev bandet gode og grundige introduksjonar, og verka å vera i kjempeform også denne gongen. Dei mange medmusikantane gjer òg at det vert meir variasjon i songane. Viss normalen er at alle held på med sitt og utfyller Bjella, kjem det unntak den eine vegen når alle andre har pause (som på biletet oppe til venstre), eller når det kjem lange instrumentalparti, der Bjella gjerne dreg seg litt tilbake, medan Maarud og Sundstøl duellerer på gitar. Dette var stas.

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)

3. desember 2016

Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Endå ei bok om historia til Sex Pistols, men med ei anna opning og slutt. Denne gongen er det gitaristen Steve Jones som fortel, og det gjer han godt. Han er ein god forteljar, og det er vel noko av grunnen til at han i dag lever godt i Los Angeles, med sitt eige radioshow. Det er eit friskt og godt språk i boka, med mange gode og halvgode replikkar. Han kom med nokre blinkskot den korte tida Sex Pistols eksisterte òg. I det fyrste intervjuet deira sa han "we're not into music. We're into chaos", og det var òg han som kom med dei friskaste utsegnene i intervjuet med Bill Grundy.

Men det var munnleg språk. Han skriv at han ikkje lærte å lesa og skriva skikkeleg før han var langt oppe i trettiåra. Skulegangen var berre pes for han, han brukte heller tida på å verta ein god innbrotstjuv. Han omtalar seg sjølv som kleptoman, og skriv at ei tid var det sånn at noko av det fyrste han tenkte på etter å ha vakna var kvar han skulle stela noko den dagen. Nokre år seinare fekk han ei anna omfattande interesse, som framleis pregar livet hans: Damer. Han vart heilt besett, og før han vart gamal nok/kjend nok til å dra damer sjølv, krabba han rundt på hustak i London for å kika på andre. Det er meir sex enn pistolar i denne boka.

Han framstår ikkje som den mest sympatiske personen. Det er mykje drikking, det er mykje dop, og damene er berre noko han bruker. Dei siste tiåra har han endra livsstilen stort, han har kutta ut alt av rusmiddel, og prøver å leva eit sunt og godt liv. Likevel verkar han framleis altfor oppteken av seg sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)

27. november 2016

Richard Connaughton: Descent Into Chaos (1996)

Eg reknar ikkje med at dei norske fjellvettreglane er godt kjende for britiske soldatar, men likevel: Ein av dei åtte reglane handlar om vinterfjellet. Av dei åtte andre reglane braut desse soldatane i alle fall seks. Det heile minner mykje om Scott sin vidgjetne ekspedisjon til Sydpolen: Det viktigaste var å verda fyrst i verda, og då var det ikkje så nøye om ein førebudde seg så godt som ein skulle.

Low's Gully er ein djup og smal dal rett nord for fjelltoppen Kinabalu (4101 moh) i Malaysia. Frå toppen ser ein ikkje botnen, og dei som hadde prøvd å gå ned i og gjennom dalen hadde gjeve opp. Dalen er i underkant av ei mil lang, men det er tett jungel, det er bratte fjellsider og tidvis bratt dalbotn, og det er mykje vatn der når det regnar. I 1994 prøvde ei gruppe på ti personar seg - sju britiske og tre kinesiske soldatar. Dei kom frå det med livet, men det var berre så vidt. Alt gjekk gale. Minst halvparten var for dårleg trente. Fleire av dei var utan trening i klatring. Dei hadde med seg altfor lite mat. Dei hadde ikkje radioar. Dei hadde ikkje nok machetar. Dei hadde rekna altfor kort tid. Dei var ikkje budde på at regntida ikkje var over, slik at halve gruppa vart sitjande fast mellom to flaumfossar nede i dalen. Og - kanskje viktigast av alt - ekspedisjonen mangla ein leiar dei andre respekterte. Fem av dei som var med kom seg gjennom, i to mindre grupper, men dei fleste måtte inn på sjukehus rett etterpå, for å koma til hektene att. Dei andre vart flogne ut med helikopter, etter å ha vore utan mat i mange dagar.

Kor mange dagar var dei utan mat? Det veit eg ikkje. Det er ei av mange opplysningar som burde kome langt klarare fram i boka. Ho er velskriven, men dårleg redigert. No hoppar Connaughton frå gruppe til gruppe, og hoppar samstundes mykje i tid. Eg trur det hadde fungert betre om han hadde delt boka inn i fleire kapittel, og skrive alt saman strengt kronologisk, gjerne med ein to-tre dagar i kvart kapittel. Her burde òg vore betre kart og langt fleire bilete, han greier ikkje å få klart nok fram korleis dalen ser ut, eller kor det ser ut på dei ulike stadene i dalen.

Men likevel - det er ein spanande historie, og eg merka at boka fenga meg meir og meir.

Guffen tilrår.

26. november 2016

Merethe Lindstrøm: Regnbarnas rike (1992)

Eg les gjerne tidlege bøker av forfattarar eg etter kvart har fått sansen for. Nokre gonger er det verdt bryet, andre gonger er det det ikkje. Eg var litt skeptisk til denne, kanskje mest på grunn av det forferdelege omslaget. Alt det der med å ikkje skua hunden på håra er heilt greitt, men likevel. Det kan vera eitt av dei verste omslaga eg har sett.

Boka er heldigvis langt betre. Ho vert fortalt av Maria, som trass sin relativt unge alder har sett og opplevd svært mykje. Ho reiser frå by til by, frå land til land, frå mann til mann, før ho igjen tek turen innom heimen til mora. Der trivst ho ikkje, dei to går ikkje altfor godt overeins, men ho kjem likevel attende heile tida. Ho leitar etter noko ho ikkje veit kva er, og finn det heller ikkje.

Gradvis lærer me meir og meir om kva Maria har vore ute for. Her er både fødsel og død. Kvar det heile tok til, kvifor det gjekk som det gjekk med Maria, får me vel ikkje noko klart svar på, men det er heller ikkje det viktige. Boka er eit fint portrett av ei kvinne som ikkje heilt har fått det til.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Svømme over vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)

21. november 2016

John Steinbeck: To a God Unknown (1933)

Joseph Wayne flyttar frå Vermont til California. Han finn seg land i ein frodig dal, og overtalar etter kvart dei tre brørne sine til å flytta etter. Han giftar seg, får ein son (John Wayne), og alt går bra. Heilt til det ikkje går så bra. Den eine broren døyr, ein annan flyttar, og så skjer det han vart åtvara mot før han tok seg land der: Det kjem ein tørkeperiode, avlinga slår feil, dyra hans døyr, og saman med den attlevande broren planlegg han ei evakuering til fuktigare klima. Broren reiser, sjølv vert Joseph verande i dalen.

Det er ei fin bok. Det er ei tidleg bok av Steinbeck, og han er ikkje heilt den meistaren han vert seinare, men det merkar ein best i oppbygginga av romanen. Det som burde vore uventa vendingar kjem ikkje så veldig uventa. Språket er likevel meir enn godkjent.

Naturen som omgjev ranchen hans får menneskelege eigenskapar av Joseph. Tuntreet vert ein farsfigur for han, og han drøftar ofte ting med dette treet. Det er eit frampeik til ei sinnsliding som kjem seinare, men spesielt den religiøse broren hans irriterer seg over det han opplever som ei gudedyrking av eit tre. Det er etter at denne broren drep treet at nedgangen tek til. Etter at kona til Joseph glir på ein stor stein og døyr, går Joseph i gang med å dyrka denne steinen. Han verkar så knytt til tuntreet og steinen at det er difor han ikkje greier å reisa.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
East of Eden (1955, film)
Travels With Charley (1962)
Of Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

19. november 2016

Return of the Jedi (1983)

Det var den trilogien. Heller ikkje denne filmen er mykje å skryta av. Her er eit langt mellomparti der tre av dei fire heltane fyrst vert fanga av nokre irriterande teddybjørnar, før dei same teddybjørnane hjelper dei tre heltane med å sprenga kontrollrommet til verneskjoldet rundt den nesten ferdige nye dødsplaneten. Luke Skywalker får vita at han har endå ein slektning han ikkje visste om - det viser seg at prinsesse Leia er tvillingsyster hans. Vaderen er framleis ond, men det viser seg at der var litt godt i han framleis.

Elles er det som før. Dårlege replikkar, dårleg skodespel, platt humor, dårleg framdrift, og så bortetter. Manuset er så dårleg at eg vrei meg i stolen. Gutane meinte at det er laga langt fleire Star Wars-filmar. Kjøper me dei òg, er det fare for at eg står over.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. november 2016

The Empire Strikes Back (1980)

Star Wars-festen held fram. Men festen er kanskje ikkje rette ordet. Som i opningsfilmen er det overspeling, der spesielt Matt Hamill viser hjelpelause sider ved seg sjølv. Som i opningsfilmen er det ikkje heilt overtydande effektar. Som i opningsfilmen spelar teknologien ei viktig rolle. Og som i opningsfilmen er manus enkelt.

Dei fire heltane våre er samla på Finse, men vert oppdaga av imperiet. Dei kjem seg unna, deler seg i to, og tre av dei slår seg ned hjå ein kjenning av Han Solo. Der vert dei tekne til fange av sjølvaste Darth Vader. Luke Skywalker er i mellomtida på opplæring hjå Yoda, og desse scenene er så pinlege at det er vondt å sjå på. Han reiser til planeten der dei andre tre er, fektar litt med Darth Vader, og får vita at Vader er faderen hans. Så kjem det ein relativt uavklara slutt.

Så det var ikkje så mykje å skryta av, dette heller. Heldigvis er det berre ein film igjen. I alle fall i denne omgangen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. november 2016

Star Wars (1977)

Ivar (9) og Aslak (11) ville gjerne sjå denne. Det var greitt for meg, eg har ikkje sett filmen sidan syttitalet, og det kunne jo vera greitt å friska han opp att.

Det er ein veldig enkel film. Prinsesse Leia er teken til fange og vert ført til Dødsstjerna, ein stor ... eh ...romstasjon. Ho har greidd å plassera teikningane til Dødsstjerna i roboten R2-D2. Roboten landar på ein planet der den rutinerte krigaren Obi-Wan Kenobi og den ferske jyplingen Luke Skywalker bur. Dei vert etter kvart òg tekne til fange på Dødsstjerna, saman med piloten Han Solo og wookien Chewbacca. Dei kjem seg fri, reiser til opprørarplaneten, analyserer teikningane og ser kvar det svake punktet til Dødsstjerna er, og - under over alle under - i absolutt siste sekund greier Skywalker å råka det punktet, slik at Dødsstjerna eksploderer. Men superskurken Darth Vader kom seg unna.

Det er urettvist å samanlikna effektane og kulissane i filmen med det som vert laga i dag, førti år seinare. Men likevel: Det ser enkelt ut. Det er patetisk skodespel, hjelpelause replikkar, og det er ein film det er lett å le av. Av andre grunnar enn dei filmskaparane tenkte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

15. november 2016

Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

Eg kjøper framleis alt som kjem av nye bøker om Marx Brothers. Det har lett for å verta repetisjon, men eg kjøper det likevel. Nokre av bøkene, som denne, er gjevne ut på små forlag, og det ber ofte bøkene, som denne, preg av. Formgjevinga er lite å skryta av - skrifta er altfor lita, og kombinert med altfor mange teikn på kvar line er ikkje sidene spesielt lesarvenlege. Bileta, som jamt over er gode, men hadde fortent å verta viste i større format.

Innhaldet er likevel det viktigaste. Andre bøker om Groucho legg gjerne vekt på oppveksten, på filmane brørne spelte inn, før det handlar meir om fjernsynsprogrammet You Bet Your Life og om korleis han vart utnytta dei siste leveåra sine. Denne boka har ei heilt anna vinkling. Det står minimalt om oppveksten, og det står så godt som ingenting om filmane brørne spelte inn. Det står om fjernsynsprogrammet og dei siste leveåra, men det som gjer denne boka til ein viktig tilvekst til Marx-biblioteket er alt det andre som står her.

Det handlar om solokarriera hans, altså det han gjorde utan at brørne var med. Han skreiv nokre bøker, han spelte i ei rekkje filmar, han var med i fjernsynsprogram, og han hadde nokre one man show mot slutten av livet. Desse delane av karriera har aldri vore så godt dekte før. Det kan godt henda at mykje av dette ikkje fortener djupe analysar - Coniam seier det som det er, og slaktar det som slaktast bør. Han skriv godt, og han er kunnskapsrik nok til at dette fengar omtrent heile vegen.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

14. november 2016

Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

Johnny Marr var gitarist og komponist i The Smiths. Det var han som forma bandet i 1982, som inviterte med seg dei andre, ein etter ein, det var han som skreiv all musikken, og det var han som gjekk fyrst ut av bandet, sommaren 1987. I åra etter har han spelt i fleire band, og har spelt på ei lang, lang rekkje plater. Han er ein suveren gitarist, og er forståeleg nok etterspurt.

Her fortel han si eiga historie. Det er musikk heile tida, frå han som liten gut vert fengsla av musikken foreldra spelar, og frå han i omtrent same alder får den fyrste gitaren sin. Han sluttar tidleg på skulen, og frå då av er det få ting som gjeld - musikk, klede, damer, og litt fotball. Han prøvespelte for Manchester City, men såg fort at dei andre som møtte opp var langt meir målretta enn han var. Dessutan var han den einaste som hadde sminka seg rundt augene.

Han spelte i nokre lokale band før The Smiths. Der tok det av, og mykje av ansvaret låg på Marr. Å skriva songane var ein ting, men han var òg produsent, og fungerte i tillegg som manager for bandet det meste av tida. Det tok på. I åra som kom var det lite kontakt mellom dei fire. Nokre gonger har han møtt vokalisten Morrissey - ein av dei mange fascinerande anekdotane i boka er då dei to møtest i 2008, omtrent, og så vidt snakkar om ein reunion. Det måtte i tilfelle vera med ny trommeslagar - Mike Joyce saksøkte dei to midt i 90-åra, for å få pengar han meinte han hadde krav på.

På møtet i 2008 var det berre Morrissey som drakk øl. Marr er i dag langt sunnare enn i 80-åra (og 90-åra). Han drikk ikkje, han er veganar, og han joggar kvar dag. Han joggar langt - ei veke sprang han ei lengd tilsvarande eit maratonløp fem dagar.

Det er ei fin bok. Marr skriv godt, og framstår som like sympatisk som i gamle dagar. Han gjev mest plass til oppvekståra, og til tida i The Smiths. Dei andre banda han har vore i får mindre plass, sjølv om dei kan ha levd like lenge som The Smiths. Eg trur det er ei fornuftig løysing, svært mange av dei som kjøper denne boka kjenner Marr best frå The Smiths.

Guffen tilrår.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Simon Goddard: Mozipedia (2009)
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)
Morrissey: Autobiography (2013)
Julie Hamoll: 15 Minutes With You (2015)

13. november 2016

The Great Gatsby (1974)

The Great Gatsby er ein av dei store amerikanske romanane. Boka er skriven av F. Scott Fitzgerald, og kom i 1925. Sjølv las eg boka då eg tok engelsk grunnfag, og hugsar ho som ein god roman. Viss denne filmen er på same nivå som boka, hugsar eg heilt feil. For dette var treige greier.

Me er på Long Island, midt i 1920-åra, der alle vassar i pengar. Den mystiske Jay Gatsby er ein av dei med mest pengar, sjølv om ingen veit heilt kvar dei kjem frå. Han skipar til store og folkerike festar, men tek sjeldan del i dei sjølv. Naboen, Nick Carraway, som er forteljaren i romanen, ser det heile litt frå utsida, og likar lite det han ser. Det er overflatisk, og tremenningen hans, som er den som inviterer han inn i dette miljøet, har gifta seg for pengar. Både ho og mannen har andre kjærastar, og det er dette filmen handlar mest om: Dette firkantdramaet, slik det vert sett av Carraway.

Det fengar altså lite. Det er mykje glamour og mykje rikdom (som vert sett opp mot det mindre glamorøse området der kjærasten til mannen til tremenningen er gift med ein mekanikar), og det går altfor, altfor treigt. Kanskje eg må henta fram romanen for å sjå om den verkeleg var like dårleg som dette.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Jørgen Norheim: Adjutanten (2008)

Slik er det av og til - eg sette den nyaste romanen til Norheim inn i bokhylla, og fann ut at eg hadde lyst til å lesa denne om att. Det er den nest nyaste romanen til Norheim, og kom ut for åtte år sidan.

Me er i 1967, stort sett på ei lita hylle høgt over Sognefjorden. Her bur ein over nitti år gamal tyskar, som fyrste gong kom til Noreg saman med keisar Wilhelm. Han var aktiv under den fyrste verdskrigen, men slo følgje med keisaren til eksil i Nederland, og flytta til Noreg om lag då andre verdskrigen tok til. Han får ofte besøk av grunneigaren, som veit litt og gradvis får vita meir om kva tyskaren dreiv med då han var yrkesaktiv. Han stiller mange spørsmål tyskaren helst ikkje vil svara på - kvifor handla han slik han gjorde? Korleis kunne han vera med på det det tyske militæret gjorde under fyrste verdskrigen? Korleis kunne han vera så lojal mot den tyske keisaren, og mot det tyske forsvaret?

Boka gjev ikkje noko endeleg svar på desse spørsmåla, men det gjer ingenting. Han forsvarar seg med at han gjorde plikta si, han gjorde det fedrelandet (og foreldra) venta av han, men det verkar som om han sjølv ser at dette er tynne svar. Har ikkje han, som alle andre, ei eiga fri vilje?

Norheim skriv som vanleg godt. Av og til vert han litt for mykje historikar, men berre av og til. Og det slår meg under denne lesinga at også her skal hovudpersonen innom ein vaktmeister i Hansteens gate i Oslo. Er ikkje dette noko som skjer i alle bøkene til Norheim?

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Mars (1998)
Ingen er så trygg i fare (2002)
Aldri redd for mørkets makt (2016)

10. november 2016

Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)

For oss som av og til er interesserte i fotball, men som omtrent ikkje har fjernsynskanalar, er det greitt med alle nettstadene som oppdaterer kampar minutt for minutt. Dei fleste av desse gjer ikkje anna enn å referera kampen, men det finst eitt heiderleg unntak: Nettsidene til den finfine britiske avisa The Guardian. På deira nettsider er slike fortløpande kampereferat stor underhaldning - dels av di journalistane skriv klokt og morosamt om kvarandre, dels av di dei tek mot spørsmål og kommentarar på e-post frå lesarane. Av og til vert denne kombinasjonen ei fin blanding av fotball og komikk.

Slik sett ligg mykje til rette for at denne boka skulle slå an. Smyth og Murray har begge skrive for The Guardian, og kjenner difor stilen godt. Likevel vert dette aldeles mislukka. Det er det to grunnar til: Den eine er den openberre - når eg fylgjer ein kamp via Internett anar eg ikkje kva som kjem til å skje. Å lesa eit kampreferat frå ein kamp der eg veit kva som skal skje fungerer ikkje i det heile. (Kampane er henta frå VM-sluttspel, frå 1950 til 2010, og brorparten er frå tida etter 1980. Sjølvsagt hugsar eg ikkje resultata frå alle kampar i desse sluttspela, men kampane dei har valt ut har som regel noko spesielt ved seg.) Den andre grunnen er at referata vert for ordrike. Dei bryt med sin eigen sjanger, rett og slett.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)

6. november 2016

Alice Munro: Lives of Girls and Women (1971)

Denne boka, som er den andre Alice Munro gav ut, vert på tittelbladet omtala som ein roman. Det er den einaste romanen Munro gav ut, og hadde det ikkje vore for at det står i boka at det er ein roman, ville eg teke dette for å vera ei novellesamling. Kapitla i boka vert alle fortalt av den same jenta, Del Jordan, og fortel om hendingar som i større eller mindre grad endrar ho frå å vera jente til å vera kvinne. Nokre få hendingar vert refererte til i andre kapittel, men elles er kapitla heilt frittståande. Likevel - kallar Munro boka for ein roman, er det klart at det er ein roman.

Her er ei rekkje sterke kapittel. Handlinga er lagt til det rurale Canada, der Munro vaks opp, i tida før, under og etter andre verdskrigen, Boka vert gradvis betre, og dei to novelle som avsluttar boka, tittelnovella og "Baptizing", er dei beste. (Det kjem ei kort epilog-novelle heilt til slutt.) I desse to novellene er Del gamal nok til å vita kva sex for er noko, og kapitla fortel fint om korleis ho fyrst lærer om det, vert vitne til det, og til slutt prøver det sjølv. Det viktige er likevel ikkje sjølve sexen. Gjennom desse opplevingane fortel ho om korleis ho vert meir og meir klar over at kvinner er undertrykte, og at dette ikkje er noko ho kan eller vil godta.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are (1978)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

5. november 2016

Great Expectations (1999)

For nokre år sidan fanst det postkontor mange stader i landet. Dei siste åra prøvde dei å spe på inntektene ved å mellom anna selja bøker og DVD-ar. For sikkert ti år sidan kjøpte me ein boks med Charles Dickens-skodespel, som opphavleg var sende på BBC. Av ukjende grunnar har me ikkje sett desse platene enno, men no er me i gang.

Eg las Great Expectations då eg tok engelsk grunnfag i 1990-91. Eg hugsa ikkje mykje av boka, viste det seg, anna enn at hovudpersonen heiter Pip. Han veks opp på landsbygda utanfor London, men får ein dag besøk av ein advokat som fortel at ein hemmeleg velgjerar har gjeve Pip mange pengar, og at han skal flytta til London for å verta ein gentleman. Det går berre sånn passe, han bruker for mykje pengar, han gjer ei sosial blemme då han ikkje får ho han vil ha, han vert skuffa når velgjeraren fortel kven han er, og han endar opp med å flytta attende til landsbygda.

Det minner om fjernsynsteater, og det minner mest av alt om godt fjernsynsteater. Det er godt skodespel, og sjølv om det ikkje er høgt tempo i historia, er det drama nok i forteljinga til at det fungerer og vel så det. Det kjem meir.

Guffen tilrår.

29. oktober 2016

Odd W. Surén: Ansikter og navn (1997)

Det er spanande å gjera seg kjent med den tidlege delen av ein forfattarskap eg set høgt. Trilogien om Tommy Kristoffersen er fine greier, og også i andre av dei nyare bøkene sine skriv han om litt den same typen menn: Dei ser ikkje kor mislukka dei er, dei har vondt for å knyta seg til andre menneske, dei har svært høge tankar om seg sjølv, osb.

I denne boka tek desse mennene form. Dei har vore til stades i dei tre tidlegare bøkene til Surén, men her verkar det som om dei står klarare fram. Boka inneheld ti relativt korte noveller, og sju-åtte av dei er på det rette nivået. Her er mykje å smila av, litt å le av, litt å grina av, og språkføringa til Surén er framleis god. Det er nesten så det er dumt at eg nesten er gjennom heile forfattarskapen.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Usynlig for verden (2015)

Møster! (Østre, Bergen, 27.10.2016)

Eg såg desse på Vossa Jazz for nokre år sidan. Kjetil Møster, som stort sett spelar saksofon, er leiaren i bandet. Han har gjeve namn til bandet, og det er han som styrer det meste på scena.

Det er likevel ikkje han som gjer mest av seg. Rytmeseksjonen, med trommeslagaren Kenneth Kapstad og bassisten Nikolai Eilertsen, dreg i gang nokre buldrande og suggererande rytmar, og det er dei to som tek mest plass i lydbiletet. Møster og gitaristen Hans Magnus Ryan legg nokre tonar på toppen. I tillegg vert det vist fine filmar på bakveggen på scena.

Og det heile er stort sett fabelaktig. Ein eller to songar fengar mindre, men stort sett er det midt i blinken. Det er meir rock enn jazz, det er meir prog enn noko anna.

Guffen tilrår.

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
Vossa Jazz 2017

28. oktober 2016

Oasis: Supersonic (2016)

Dette var litt som i gamle dagar. Eg hadde nokre ledige timar ein ettermiddag i Bergen, og gjekk på kino. Ettermiddagskino var vanleg då eg budde der, det var hakket billegare enn om kvelden, og eg var normalt ferdig med økta på lesesalen likevel. Som i nittiåra var det ein seks-sju andre i salen.

Og som i nittiåra spelte Oasis ei sentral musikalsk rolle. I alle fall for mange - eg fekk aldri heilt sansen for dei. I intervju framstod dei som nokre deigar, musikken deira var enkel og ikkje altfor fengande, og dei var fort keisame. Men midt i nittåra var dei enormt store, spesielt i heimlandet England.

Filmen handlar, ikkje uventa, mest om dei to brørne Liam og Noel Gallagher. Me følgjer dei frå dei fyrste øvingane i 1991, via dei obligatoriske turneane rundt om i Storbritannia i ein trong varebil, fram til dei får ut den fyrste plata si, og til dei får ut plate nummer to, som sel enormt med plater, og sluttar med at dei spelar to konsertar på Knebworth, med eit samla publikum på ein kvart million. Dei vert superstjerner, og usjarmerande nok, dei skryter av det heile tida. Dei drikk, dei dopar seg, dei kranglar, dei bryr seg lite om dei andre i gruppa. Filmen fortel historia om bandet greitt, og dei var jo ei stor gruppe i nokre år, men det skal meir til for at filmen er verkeleg god. Det hadde vore greitt om musikken var hakket betre, til dømes.

Guffen er lunken.

Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)

Historia om Sex Pistols er fortald i fleire bøker og filmar. Denne boka gjer det òg, men det er illustrasjonane som er det viktigaste her. Med ujamne mellomrom kjem det ti-tolv sider med tekst, der historia vert fortald strengt kronologisk. Noko ser ut til å vera henta frå nye intervju, noko ser ut til å vera frå tidlegare samtalar. Sitata er gode, men prioriteringa er rar: Viss det er slik at mengda av og lengda på sitata seier noko om kva som er viktigast, er det oppløysinga av bandet, og det som skjedde det neste året, som er det viktige.

Men den historia er altså kjend. Nokre av illustrasjonane er òg kjende frå før, men her er òg bilete som er heilt nye, i alle fall for meg. Her er mellom anna eit bilete frå ei Swankers-øving i 1974, der Steve Jones er vokalist og Paul Cook er trommeslagar. Det er mange flotte foto, her er nok fanzine-intervju, og her er andre godbitar. Men her er òg mykje mindre godt: Her kjem nokre handskrivne og tettskrivne notat, som eg etter kvart hoppa over. Her kjem mange av dei visuelle godbitane, som vert viste i så mange variantar at det vert overkill. Så det er ei ujamn bok.

Guffen er lunken.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Alex Honnold og David Roberts: Alone on the Wall (2015)

I gamle dagar, då eg var i betre form og hadde færre ungar, gjekk eg i Jotunheimen kvar sommar. Det som drog mest var toppane, og etter kvart vart eg ein halvaktiv medlem på debattsida Fjellforum. Eg plukka opp mange turtips der, las svært mange gode turrapportar, irriterte meg over at også slike nettsider vart invaderte av høgrevridde nettroll, og så vidare. Eg var nett-kjend med mange som var der, og ein av dei som fascinerte mest var Mayhassen. Han var sett på som ekstrem - han ville opp på alle 2000-toppane i Noreg utan å bruka tau nokon stad, og det gjekk fint.

Mayhassen bleiknar likevel mot Alex Honnold. Han er ein av dei beste klatrarane i verda, og det han likar best er å klatra heilt usikra. Utan tau, utan boltar, utan klatrekameratar. Og det gjer han helst dei brattaste stadene som finst. Framsidebiletet på boka er frå Yosemite, der han har legendestatus, og som er den dalen han trivst best i. Men han har klatra også andre stader i verda.

Boka gjev eit greitt bilete av livet hans så langt - han var rundt tretti år då boka kom ut. Då hadde han sett ei rekkje rekordar på ruter i Yosemite (og nokre andre stader). Han strekar heile tida under at han har full kontroll når det er som brattast, at han er så konsentrert om klatringa at han ikkje er redd, men samstundes veit han jo godt at han aldri kan gjera feil. Akkurat det er han rimeleg lei av å få spørsmål om.

Det er ei fin bok, der kjærleiken hans til naturen kjem godt fram. Boka kunne godt hatt betre og fleire bilete, og det kunne vore stilt litt fleire spørsmål ved det ekstreme i den form for klatring, men i det store og heile var dette verdt bryet.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Helberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)

23. oktober 2016

Jørgen Norheim: Aldri redd for mørkets makt (2016)

Det er alltid stas å lesa bøker av Jørgen Norheim, kanskje med unntak av andreboka, Mars, som eg hugsar som mindre vellukka. Denne boka viser igjen at Norheim er ein stor forfattar, og at boka er god veg opp for den lange ventetida. Det er åtte år sidan den førre boka hans kom.

Boka har fleire hovudpersonar, og tre av dei fire viktigaste er i slekt: Oscar Normann, overtydd kommunist, reiste til Sovjetunionen i 1929, for å læra meir om kommunismen, og for å bruka ingeniøren i seg til å hjelpa Sovjetunionen. Han forsvinn, og barnebarnet hans, Tor Steinar Normann, reiser til Russland for å finna ut kva som skjedde med bestefaren. Han vert funnen drepen, og dottera Hege reiser til Russland for å finna ut kva som skjedde med faren. Den fjerde viktige personen er Anniken Øy, som var sambuar med Normann i studietida i 1970-åra, og som gjev Hege verdfull informasjon om ungdomstida til faren.

Både Øy og Normann høyrde til på den politiske venstresida. Normann sokna til SV, medan Øy vart med i AKP-ml. At det vart slutt mellom dei to skuldast dels desse politiske motsetnadene, dels press frå AKP om at Øy ikkje kunne ha ein sambuar som høyrde til så langt ute til høgre. Me får høyra om det vidare livet hennar som viktig person for AKP, slik at delar av boka vert ei lita forteljing om den store politiske vekkinga som heimsøkte dette landet.

Norheim hoppar i tid og stad, frå kapittel til kapittel. Han har full oversikt over stoffet sitt, han byggjer opp romanen på ein glitrande måte, han skriv klokt og innsiktsfullt om emnet sitt, og det er altså igjen ei fryd å lesa ei Norheim-bok. Måtte han få tid til å skriva mange fleire bøker.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Mars (1998)
Ingen er så trygg i fare (2002)
Adjutanten (2008)

22. oktober 2016

Knut Markhus: Oppdrag danning (2016)

Det er hundre år sidan Voss landsgymnas tok mot dei fyrste elevane sine. Skulen heiter i dag Voss gymnas, og denne boka handlar om heile hundreårsperioden. Det er ei ujamn, men heilt grei, bok.

Kapitla som fortel om landsgymnastida er dei beste. Då er boka mest levande, og me får høyra om både tilsette og elevar som utmerka seg. Fleire bygder kjempa for å få det fyrste offentlege landsgymnaset, og det vart altså lagt til Voss. Dei fyrste tiåra var det få som gjekk gymnaset, og det fanst få landsgymnas, slik at skulen drog til seg elevar frå heile landet. Dei budde oftast på hybel, slik at dei hadde ikkje anna nettverk på Voss enn det dei fekk gjennom skulen. Dei vart meir samanknytte, og det verkar òg som om skulen hadde ei større rolle i liva deira. Under andre verdskrigen vart også gymnaset prega av den tyske okkupasjonen, der fleire elevar sympatiserte med NS.

Seinare vart alt annleis. Skulen hadde stort sett berre elevar frå Voss, og frå nabobygdene, og det gjorde at elevane i mindre grad vart knytte til gymnaset. I denne bolken kjem det òg mange reformar og endringar i skuleverket, og dette er det rett og slett mindre interessant å lesa om. Der presentasjonen av dei fyrste (om lag) femti åra står godt på eigne bein som ålmenn kulturhistorie, vert det som står om dei siste tiåra meir internt, og vil truleg fenga gymnastilsette meir.

Den siste delen av boka var derimot fengande også for meg. Der er komplette lister over dei som har vore tilsette ved skulen, og over dei som har fullført gymnaset i desse hundre åra.

Guffen tilrår.

The Godfather (1972)

Denne filmen har eg sjølvsagt sett før. Filmen tek til i 1945, i New York. Handlinga krinsar om ein mafia-familie, der overhovudet Vito midt i filmen vert skoten. Han døyr seinare, og då den eldste sonen seinare òg vert skoten, tek den nest-eldste, Michael, over styringa av familien. Det viser seg at han er godt eigna for denne rolla, han framstår som urøynd og naiv, men styrer skuta godt, og markerer seg i kampen mot dei andre familiane i New York. I takt med at tida og samfunnet endrar seg, vil han òg satsa på andre område, og legg planar for ei etablering i Las Vegas.

Filmen ligg som regel høgt på lister over dei beste filmane som er laga. Det er ein god film, men det finst mange filmar som er betre. Forteljinga vert roleg fortalt, og i fleire scener er det ventinga på at noko som skal skje som gjer filmen spanande - slik det er då Michael møter ein politisjef og eit anna familieoverhovud på ein restaurant. Det er glitrande skodespel, både Marlin Brando, James Caan og Al Pacino briljerer.

Guffen tilrår.

19. oktober 2016

Bruce Springsteen: Born to Run (2016)

Bruce Springsteen - der har du ein musikar eg ikkje har plater med. Eg kan heller ikkje tenkja meg at eg kjem til å kjøpa plater med han, eg synest musikken er slitsam, og framtoninga hans på scena er direkte slitsam. Likevel framstår han som ein fornuftig kar, på mange vis. Naboen er knallhard Springsteen-fan, og fortalde ein gong at Springsteen gjerne kom ut på scena nokre timar før konserten, for å halda ein liten minikonsert for dei som alt hadde møtt opp.

Så eg kjøpte denne boka, og det var eit godt kjøp. Ho tapar seg litt etter kvart, men den fyrste halvdelen er svært god. Springsteen fortel om oppveksten, der han tidleg kom på kant med faren, og der foreldra flytta tvers over USA, frå New Jersey til California, då Springsteen var rundt tjue. Han overtok huset dei leigde, som vart ein samlingsplass for ei samling luringar som var så lure at dei vart kasta ut etter ein månad. Springsteen vil verta musikar, arbeider hardt for det, og midt i 70-åra slår han gjennom. Då har han alt vore sjef i bandet nokre år, og slik er det framleis. Han har siste ordet i alle diskusjonar.

Det handlar mykje om musikk, men det handlar òg om andre ting. Forholdet til faren er eit gjennomgåande tema, og det same er venskapen til dei andre i bandet, spesielt gitaristen Little Steven og saksofonisten Clarence Clemons. Kapitlet der han fortel om slutten på livet til Clemons er finfint, og boka er i det heile velskriven. Eg hadde nær sagt uventa velskriven - her er mange fine avsnitt og vendingar. Og her er svært få klisjear, slik det har lett for å verta når musikarar skriv om karriera si.

Guffen tilrår.

16. oktober 2016

Hail, Caesar! (2016)

Det er nokre år sidan den siste verkeleg store Coen-filmen. Me må vel heilt tilbake til No Country for Old Men i 2007 for å finna ein verkeleg godbit. Eit par av filmane dei har laga i mellomtida har vore greie nok, men langt unna toppnivået deira. Denne filmen bryt ikkje denne trenden. Hail, Caesar! er ein av dei svakaste filmane dei har laga.

Me er i Hollywood, ein gong i 1950-åra. Eit filmselskap har mange ballar i lufta, og Josh Brolin spelar ein kar som skal samla trådane og ordna opp i problema. Han er ein av dei få som forstår heile systemet, som veit kva som er det rette på gjera i alle situasjonar. Ein skodespelar er stokk dum, ein skodespelar vert kidnappa av kommunistar, ei ugift skodespelarinne er gravid, og så bortetter. Scene etter scene er laga for å få oss til å le, men me ler så godt som aldri. Lite er så morosamt som komediar som ikkje er løgne, og filmen greier etter kvart noko svært få Coen-filmar klarar: Å få oss til å kjeda oss.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)