27. november 2022

Kjell Andreas Oddekalv: Side Brok. Høge Brelle (2022)

Eg har framleis eit avslappa forhold til rap, men nokre få unntak finst det. Side Brok er eitt av dei unntaka, dels av di eg arbeidde i Hovdebygda då dei slo gjennom - viss eg hugsar rett vart debut-Epen deira lansert nokre meter frå kontoret mitt. Nokre år seinare var eg av og til på farten med Runar Gudnason, nokre veker kvart år, med eit progressivt skuleprogram for ungdomsskuleelevar.

Denne boka fortel om debut-albumet deira, Høge Brelle. Oddekalv veit absolutt kva han skriv om, både i masteroppgåva og PhD-en hans handla det om rap. Han er i tillegg frå Volda, og skriv at han har vore på så mange konsertar med Side Brok at han har mist teljinga. Han går gjennom plata spor for spor, men nyttar av og til høvet til å skriva om andre, relaterte ting. Det gjer han på ein eksemplarisk og leikande måte - han kommenterer mellom anna at det er omsynsfullt at plata opnar med kuttet "Intro" - det gjer jo at han kan bruka kapitlet om det kuttet til ein intro til boka.

Det handlar om heile bandet, men det handlar mest om Runar G. Han var den einaste hiphopparen i bandet, og det verkar som om alle er samde i at han var (og er) drivkrafta i bandet. Han skriv og framfører tekstane, som ein av rollefigurane han har skapt. Oddekalv går langt inn i tekstane, jamfører dei med tekstar av andre rapparar, og Runar G. kjem godt frå det. 

Guffen tilrår. 

Meir Side Brok på kulturguffebloggen
Heimegutar (2009)
Eg har ord (2023)

26. november 2022

Better Call Saul, sesong 4 (2018)

Det har vore mumla om at denne serien tek seg opp etter kvart, og så langt ser det korrekt ut. Denne sesongen er den klart beste så langt, og eg trur grunnen er opplagt: Den førre slutta med at Chuck McGill, bror til hovudrolle-karakteren Jimmy McGill, tok livet sitt i ein husbrann, og då er den historielina vekke. Det kan sikkert argumenterast for at det noko problematiske forholdet mellom dei to brørne var viktig for utviklinga av Jimmy, men likevel: Dei scenene drog ofte (men slettes ikkje alltid) nivået ned.

Denne sesongen sonar Jimmy karantene som advokat. Han må likevel ha ei inntekt, og får seg jobb i ein mobil-butikk. I butikken er det ingen kundar, men han finn ei grei ordning likevel: Han oppsøkjer eit lugubert miljø og tilbyr telefonar der samtalane ikkje kan sporast, og får ein stor kundekrins. Sambuaren hans, Kim Wexler, vil ha ein meir spanande jobb, og glir gradvis vekk frå einmannsføretaket som berre jobbar for banken Mesa Verde. 

Det som likevel hevar serien er dei andre karakterane. Mike Ehrmantraut er glimrande, Gus Fring får ei større og større rolle, og dei ulike Salamanca-figurane er fengande. Dette lovar verkeleg bra før dei to siste sesongane.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

23. november 2022

Rasmus Løland: Noveller (1972)

Rasmus Løland (1861-1907) er vel best kjend for barnebøkene sine. Han var den fyrste norske forfattaren som konsekvent skreiv frå borna sin synsvinkel. Seinare vart han redaktør for Norsk Barneblad, og fekk omsett fleire solide barnebøker til norsk. Han ville gje borna gode leseopplevingar, utan det sentimentale innhaldet han fann i mange av dei mindre gode bøkene.

Han skreiv òg for vaksne, og i denne boka er sju noveller samla. Sjølv brukte han ikkje det ordet om desse forteljingane, og éi av dei, "Automaten", fell ikkje inn under det vanlege novelle-omgrepet. Det er ikkje så viktig - med unntak av den novella er dette ei finfin bok. 

Løland skriv godt, og med få unntak er novellene godt oppbygde. Det er kompakte, dramatiske handlingar, der eit fellestrekk kan vera at det gjerne handlar om sjukdom og/eller død. Fleire av hovudpersonane har det vondt, gjerne fysisk, av og til psykisk, ein sjeldan gong av di dei slit økonomisk. I den lange opningsnovella "Skuld" byggjer han det heile opp nesten hitchcocksk. Han luringen som kjem på besøk til ein fattig familie er der eigentleg for å krevja inn gjeld, men det tek lang, lang tid før han kjem til det poenget. På vegen dit får Løland òg vist at han kan skriva humoristisk.

Guffen tilrår. 

Meir Løland på kulturguffebloggen
Hundre år (1910)
Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)
Sjølvbiografi (1988)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

22. november 2022

FIFA Uncovered (2022)

Fotball-VM i gamle dagar: Eg såg omtrent alt eg kunne sjå. Fotball-VM i litt yngre dagar; Eg såg mindre og mindre, men fekk gjerne med meg nokre kampar. Fotball-VM i år: Eg kjem ikkje til å sjå ein einaste kamp. Forklaringa er ikkje spesielt original: VM er lagt til Qatar, eit land som ikkje respekterer grunnleggjande menneskerettar, eit land som handsamar arbeidarane sine forferdeleg, eit land som manglar fotballtradisjonar, osb.

Denne miniserien fortel om kvifor Qatar vart valt som arrangørland, og han fortel òg mykje meir. Fifa, som altså er det internasjonale fotballforbundet, vert meir og meir korrupt. Der er fleire skurkar, og det verkar som om kvar ny generalsekretær vert verre enn den førre. Det har rett nok ikkje vore så mange - frå Joao Havelange tok over i 1974 har det berre vore tre. Sepp Blatter (1988-2015) var verre - han lot dei som hadde fått plass på toppen forsyna seg grovt av pengane som var i spel. (Men det skal Blatter ha - han var mot at Qatar skulle få VM.) Frå 2016 har Gianni Infantino vore sjef, og måten han oppfører seg under VM no er kvalmande. Med ein sterk FIFA-sjef kunne dette vore annleis; Infantino dansar etter dei qatarske pipene.

I serien fortel mange svært ope om kva dei dreiv med. I 2015 (eller 2016?) vart mange i toppen sikta for korrupsjon, og i dag er så godt som heile toppleiinga skifta ut, utan at det hjelper så mykje. Nokre frå innsida snakkar, mange journalistar snakkar, og det heile er altså forkasteleg.

Guffen tilrår.  

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

17. november 2022

Arnhild Skre: Berge Furre. Eit liv i rørsle (2022)

Undertittelen på denne boka er uvanleg presis. I boka tek Arnhild Skre oss med gjennom livet til Berge Furre, og det kjem nye element inn heile tida. Det skjer noko rundt eller med Furre heile tida, og det er nesten utruleg at han nådde over så mykje. 

Han var fødd i 1937. Frå ungdomen var han aktiv i kristne miljø. Seinare i livet tona han dette ned, før han i 1991 vart professor i teologi ved Universitetet i Oslo. Han var politisk aktiv frå ungdomen, og låg langt ute på den venstre fløyen i Arbeidarpartiet. Han hadde mykje kontakt med land i Aust-Europa, og denne kontakten var så tett og godt skjult at han greidde å halda det skjult for POT (men ikkje for Skre). Han var med då Sosialistisk Folkeparti vart skipa i 1961, og sat på Stortinget for SV 1973-77. Han var leiar i SV i åtte år.

Han var òg aktiv målmann; han sat i styret for Noregs Mållag i tre år, og var redaktør for det viktige målpolitiske skriftet Målreising 1967. Han skreiv lærebøker i historie, og ein massiv biografi om Lars Oftedal. Han skreiv mykje, og han var mykje brukt som talar. Han var med i utvalet som skulle granska samrøret mellom Arbeidarrørsla og POT. Han sat i Nobelkomiteen.

Skre har gått gjennom ei rekkje kjelder for å finna materiale om Furre. Der er nok å ta av, både frå aviser, bøker og ulike arkiv - mellom anna privatarkivet til Furre. Ho har òg snakka med svært mange som stod Furre nær, og må altså ha hatt eit kolossalt stort materiale å arbeida med. Ho taklar denne oppgåva strålande. Ho får godt fram at Furre var ein aktiv og viktig person i landet i andre halvdel av 1900-talet, og at Furre òg var ein stor mann.

Guffen tilrår. 

15. november 2022

Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)

Dette skodespelet kom ut to år etter krigen. Handlinga er henta frå krigsåra, og me møter seks ungdomar som er involverte i motstandsarbeidet. Dei snakkar om krigen og den vanskelege situasjonen nesten heile tida, utan å eigentleg seia kva som hender rundt dei. Dei pakkar alt inn i litt diffuse vendingar, kanskje av di dei er redde for at nokon kan høyra kva dei snakkar om. Eller kanskje det er av di Vesaas vil gjera det heile meir ålment. 

Ein av dei får av og til melding om aksjonar dei skal vera med på. Ein av dei seks vert utkommanderte til å ta livet av ein på den andre sida, og seinare samlar alle seg på den hemmelege gøymestaden sin. Dei kjem éin etter éin, men dei saknar Liv, den einaste kvinna på laget. For oss lesarar vert det tidleg opplagt kva som har skjedd og kvifor ho ikkje kjem; for dei andre tek det lang tid å oppdaga det.

Stykket vart framført på Det Norske Teatret, og i fylgje biografien Olav Vesaas skreiv om far sin vart det teke av plakaten etter ni framsyningar. Det er rimeleg lett å skjøna - det er eit skodespel som ikkje går djupt nok inn i spørsmåla det vil ta opp, og eit skodespel der dei mange personane ikkje vert så mykje meir enn personar. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

14. november 2022

Kristin Vego: Se en siste gang på alt vakkert (2021)

Dette er ei eksemplarisk novellesamling. Boka fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i år, og utan at eg veit altfor mykje om dei ulike prisvinnarane må dette vera ein av dei mest fortente.

Det er korte, presise noveller som gjev oss små innsyn og glimt i liva til hovudpersonane. Dei er alle kvinner, og dei er som regel på eit punkt i livet der noko er uklart. Kanskje dei nyleg har mist noko som heldt dei fast; kanskje dei er usikre på kvar vegen skal gå vidare. Nokre vert dregne mellom punkt som ikkje så lett let seg sameina. Handlinga går føre seg i mange ulike land, alle ligg vel i Europa (?), men dei fleste kunne gått føre seg kvar som helst. 

Og språket - språket er finfint. Det er like presist og avstemt som novellene, Vego skriv ikkje meir enn ho treng, og språket er med på å byggja opp den fantastiske stemninga i novellene. 

Guffen tilrår. 

13. november 2022

Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007)

Eg har lese dei fleste bøkene som er skrivne om Marx Brothers, og er visst i gang med å lesa dei om att. Ei av dei aller, aller beste er sjølvbiografien til Harpo, Harpo Speaks!. Denne er skriven av adoptivsonen hans, og sjølv om tittelen skulle tyda på eit visst slektskap mellom dei to bøkene, er det diverre ikkje lett å finna noko slikt.

Suan og Harpo Marx adopterte fire ungar, og tilfeldigvis viste det seg at den eldste av dei, Bill, hadde eit rimeleg stort musikalsk talent. Det førte til at han og Harpo samarbeidde mykje, både ved konsertar og plateinnspelingar. Bill arrangerte, Harpo spelte. Forholdet mellom far og son er det som er mest interessant i denne boka; etter at faren døyr skriv Bill og mykje om forholdet til mora (som var enkje i nesten førti år). 

Mest engasjerande er det når han sporar opp dei biologiske foreldra sine, men det greier ikkje å vega opp for alle dei mindre engasjerande kapitla. Han skriv om ekteskapa sine, han skriv om folk han har spelt saman med, han skriv om A- og B-kjendisar han har møtt, han skriv litt om onklane sine, men det er heile tida langt frå å vera engasjerande og interessant. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

12. november 2022

Alt for Norge (2021)

Dette var fin mimring. I 1990-åra hadde Noreg eit godt herrelandslag i fotball. Dei kvalifiserte seg til to VM med Drillo som trenar, og kom òg til EM-sluttspelet i 2000, etter at han hadde gått av. Denne filmen fortel om landslaget under Drillo, og litt om Drillo før og etter. 

Noko av det finaste er at det ikkje er så viktig å visa alle måla og få med absolutt alle resultata. Det er fenomenet Drillo som er viktig. Han hadde ei anna tilnærming til fotball enn andre norske trenarar på den tida. Han gjekk vitskapleg til verks, og var berre oppteken av resultat. Etter eit dårleg resultat vert han spurt av ein journalist om det er aktuelt å endra spelestil. Svaret er eit rimeleg kontakt "nei". 

Det er stort sett gamle opptak me får sjå. Det er delvis fjernsynsopptak, men det er òg meir private filmar. Nokre av spelarane som var med i VM-sluttspela hadde eigne kamera, og filmskaparane har fått tilgang til desse opptaka. Drillo er sjarmerande når han vil (som på pressekonferansen etter bar-besøket til to av spelarane hans under VM i 1998), rabiat når han vil (som når han på ein fest for eit fotballag i Fredrikstad får ei barnevogn).

Guffen tilrår. 

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

10. november 2022

Nybyggarna (1972)

Den andre av to filmar basert på romanane til Wilhelm Moberg. Det meste er bra, men eg har ei kjensle av at det hadde vore betre viss regissøren hadde skava vekk ein halvtime eller to. Filmen varar i rundt tre timar, og det vert i meste laget.

Filmen opnar med at Karl Oskar og Kristina Nilsson byggjer seg heim i Minnesota. Dei greier seg godt, husa vert betre og betre, og det toppar seg då Robert, bror til Karl Oskar, kjem tilbake frå gullrushet i California som ein velståande mann. Trudde dei. Det viser seg at pengesetlane hans ikkje var verdt spesielt mykje. Robert seier at han ikkje visste dette, men Karl Oskar skuldar (igjen) broren for å snakka usant, og då går det gale. 

Dei to får stadig fleire ungar, og etter ein vanskeleg fødsel får Kristina beskjed om at viss ho vert gravid fleire gonger er det stor sjanse for at ho ikkje overlever fødselen. Ho vert likevel gravid, ho legg alt i guds hender, og då går det gale igjen.

Noko av det som ber filmen framover er motsetnadene mellom eksteparet. Han er glad for å vera i USA, han ser landet som framtida og vert skuffa då han ikkje vert klarert for å kjempa i den amerikanske borgarkrigen. Ho lengtar heim, ho trivst ikkje der alt er framand og mykje er farleg, og synest at det er tull at han skal verva seg for å drepa folk. 

Så mykje er bra, men det går av og til så aldeles ubehjelpeleg treigt. 

Guffen er lunken.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

6. november 2022

David Leaf: God Only Knows (2022)

Dette var ei litt rar bok. I 1978 gav Leaf ut den fyrste boka om Beach Boys, ei bok som etter kvart fekk klassikarstatus. Det er lett å sjå kvifor - han går grundig til verks, og skriv om oppturar, nedturar og andre turar. I 1978 var ikkje Smile, meisterverket til Brian Wilson, å få tak i, og han skriv mykje om kvifor det stoppa. Leaf viser at motstanden Wilson møtte i det prosjektet prega han i mange, mange år etterpå.

Boka kom i ny utgåve i 1985. I dei nye kapitla korrigerer Leaf både fakta og konklusjonar, utan å endra på den opphavlege teksten. Den boka vart like etterspurd, ho har lenge vore utselt og har gått for store summar på antikvariat. Til Wilson sin 80-årsdag i år kom boka i ei tredje utgåve, også denne gongen med eit tillegg som delvis korrigerer det som står i dei to fyrste delane av boka. 

Som om ikkje det var nok, held ikkje Leaf det han lova i opningssetninga av boka. Der skriv han at "This is the story of Brian Wilson". Det er for så vidt rett, han vil få fram at det handlar meir om Wilson enn om Beach Boys, men likevel: I den siste delen av boka handlar det like mykje om Leaf som Wilson. Det er greitt at dei to etter kvart har fått eit nært forhold, og at Leaf har vore med på alle dei viktige hendingane i livet til Wilson dei siste tjue-tretti åra, men likevel. 

Så det er ei rar bok, men det er òg ei flott bok. Eg har lese eit par andre bøker om Beach Boys, inkludert sjølvbiografiane til helten Wilson og skurken Mike Love, men Leaf går langt lengre inn i materien. Han skildrar det nære forholdet Brian Wilson hadde til brørne Carl og Dennis (som begge har vore døde i mange år), det langt vanskelegare forholdet til Love (som nesten ikkje vert nemnt i den siste delen), og ikkje minst dei problematiske åra då "dokter" Landy styrte livet til Wilson. Her er mykje som kunne vore nemnt - det kunne nok stått meir om gjenforeiningskonsertane til Beach Boys, og søksmåla frå Love trur eg ikkje er nemnt i det heile. Men i det store og heile er dette informativt og godt, og er vel noko i nærleiken av ei essensiell bok for dei som vil gjera seg kjende med livet til Wilson.

Guffen tilrår. 

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)