29. desember 2017

Odd W. Surén: Krem med et hint av kuruke (2017)

Dette vart ein liten nedtur. Surén har skrive ei rekkje fine bøker, og eg har likt dei fleste av dei.

I denne boka er forteljaren ein variant av ein person Surén ofte skriv om: Kjell Idar Holter som lever åleine, som (omtrent) ingen andre likar, men som ikkje ser at han sjølv har skuld i det. Han har ikkje levd eit altfor spanande liv. Han drøymer mest av alt om å vinna stort i Lotto, slik at han kan gje vekk pengane og visa seg som ein langt større mann enn han trur at alle ser han som.

Utgangspunktet er meir enn godt nok, slik eg ser det, men det skjer seg fort. Han vinn 54 millionar i Lotto, men får panikk og gjer ingenting med pengane. I staden får me ei forteljing der han fortel altfor langt og mykje om altfor lite interessante ting. Han fortel om to damer. Han fortel om den eine kameraten han hadde i oppveksten. Han fortel om nokre drepande keisame samlingar med dikt einkvan legg anonymt i postkassa hans. Han viser ofte til nokre skrifter av ein hobbyfilosof.

Og så vidare. Det er ikkje like spenstig som vanleg, og det er slettes ikkje den framdrifta som kjenner dei beste bøkene til Surén.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Maria Parr: Keeperen og havet (2017)

I denne boka møter me dei to luringane frå Vaffelhjarte igjen. Dei er framleis ulike - Lena er med på alt som er farefullt og nytt, medan Trille er litt meir usikker på alt det der. Lena tek høgst motviljug keyboard-timar; Trille er litt meir begeistra for pianotimane sine. Lena er målmann på fotballaget på øya; Trille sluttar etter at den nye trenaren stiller krav til spelarane.

Det er eit godt grep å henta fram att dei to, og det er òg eit godt grep at dei no er fem-seks år eldre. Verda deira er større - både geografisk, Lena har vore på sommarferie på Kreta, og den nye nabojenta har flytta hit frå Nederland, men òg kjenslemessig. Trille vert meir enn oppteken av jenta frå Nederland.

Her er hopp i havet, farlege flåte- og fisketurar, ungar som rømmer heimefrå, ein høgst dramatisk runde som jolebukk, og mykje anna stas. Både språket og historia er fullt av gode påhitt, og det er altså nok ei Parr-bok å gle seg over. Og det er heilt på plass når Lena, etter at ho vert vraka frå fotballaget, står att som vinnaren når ho møter dei største og sterkaste gutane i klassen.

Guffen tilrår.

Meir Parr på kulturguffebloggen
Tonje Glimmerdal (2009)
Vaffelhjarte (DNS, Bergen, 18.10.2014)
Tonje Glimmerdal (DNS, Bergen, 9.4.16)

27. desember 2017

Paul Auster: Moon Palace (1989)

Dette var ei av dei fyrste Auster-bøkene eg las, i 1994. Det var ei stor leseoppleving då, og det er alltid spanande å henta fram bøker ein sette høgt for lenge sidan. Har dei stått seg bra? Det kjem gjerne an på kor mykje ein hugsar, og her var det slik at eg berre hugsa delar av historia.

Hovudpersonen, Marco Stanley Fogg, minner om mange andre Auster har skrive om. Han er fødd i slutten av 40-åra, han studerer i New York, han er ikkje altfor velståande, og han er glad i det trykte ordet. Fogg har ingen slektningar, og omtrent den einaste arven hans er 1492 bøker han arva frå onkelen sin. Han sel bøkene når han har lese dei, og når bøkene tek slutt tek òg pengane slutt. Han får seg jobb hjå ein eksentrisk riking, skriv livssoga hans, og når rikingen døyr sender han livssoga til sonen til rikingen. Dei to vert kjende, legg ut på ei reise til det sørvestlege Amerika for å sjekka om alt rikingen fortalde var sant.

To stikkord melder seg med ein gong: Det eine er eit vanleg motiv der - den manglande faren. Her manglar Fogg far, og son til rikingen har heller ikkje kontakt med far sin. Det andre stikkordet er reiser, både små og store. Turen tvers over Amerika er ein ting; dei 1492 bøkene er ein annan, og namnet til Fogg er ein tredje. Månen er òg til stades i heile boka, også i opningssetninga: It was the summer that men first walked on the moon.

Det er ei flott bok. Auster er ein stor historieforteljar, og han skriv jo godt. Det er eit høgdepunkt i forfattarskapen hans - han har skrive nokre bøker som er betre, men det er ikkje mange.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

25. desember 2017

Erlend O. Nødtvedt: Vestlandet (2017)

Nødtvedt tek oss med på reise på Vestlandet. Reiseruta er like kronglete som Vestlandet kan vera, og reiseselskapet er like fargerikt som Vestlandet kan vera: Forfattaren Erlend og biletkunstnaren Yngve køyrer rundt i ein Toyota Camry, og det endelege reisemålet er Lærdal: I bagasjerommet har dei hovudskallen til lærdølen Anders Lysne, som vart halshogd i 1803. Han var leiar for eit bondeopprør, der bøndene protesterte mot at dei måtte gjera militærteneste - det var dei fritekne for, av dei hadde lagt ned mykje arbeid i vegen over Filefjell.

På vegen dit møter dei mange personar, sjølvsagt. Dei møter mellom anna mange forfattarar, medrekna mange som ikkje lever lenger. Dei møter òg mange andre, og det dei aller, aller fleste har til felles er at dei er glade i å drikka. Det er òg dei to hovudpersonane, og det må reknast som imponerande at dei greier å halda bilen på vegen.

Boka er ei rein hylling av Vestlandet. Ved sida av Lysne er det det temaet dei to heile tida kjem attende til. Alt som er austlandsk er dei skeptiske til, og då Vestlandet byr på eit så vestlandsk vestlandsver at dei må ta vegen om Gol for å koma fram til Lærdal, er det ei strekning boka hoppar glatt over. Og det er heilt som det skal vera når forteljaren, åtte-ti sider før boka er slutt, innser at det har vore feil å fortelja denne soga på bokmål - han går like godt over til nynorsk.

Guffen tilrår.

Meir Nødtvedt på kulturguffebloggen
Mordet på Henrik Ibsen (2021)

18. desember 2017

Christopher Hitchens: God Is Not Great (2007)

Hitchens er ateist, og det er det mange av oss som er. Han tek ateismen lengre enn mange andre - denne boka er eit omfattande og detaljert angrep på religion. Ikkje på ein bestemt religion, men på alle. Han viser korleis religion har ført til tap av liv, til mishandling av ungar og kvinner, til at kampen for likestilling er forverra, og så bortetter.

Han går grundig til verks, og tidvis er det ein fryd å lesa han. Nokre av kapitla vert i saklegaste laget, og då er han ikkje like god. Eg kjenner ikkje Hitchens i det heile, anna enn at eg har fått med meg at han likte seg godt i harde debattar, der han kom med den eine verbale fulltreffaren etter den andre. Slik er han i nokre av kapitla, men av og til manglar denne snerten. Kanskje det er gjort for å overraska, kanskje det er gjort for å få poenga fram tydelegare, kanskje det er andre grunnar.

Uansett - religion er ikkje noko ein kan stilla vitskaplege krav til. Det er ein grunn til at ein kallar det å tru, og ikkje å vita. Likevel viser Hitchens kor meiningslaust mykje av det som står i religiøse skrifter er, og kor rart det er at oppegåande personar trur på det. For Hitchens er det eit gjennomgåande trekk ved alle religionar, og det er nettopp dette han trur er grunnen til at dei står så sterkt: Alle (store) religionar gjev folk ei von om eit godt liv etter døden.

Guffen tilrår.

17. desember 2017

Seven (1995)

Me såg nett fjernsynsserien Mindhunter. Den var regissert av David Fincher, og handla om psyken til massemordarar. Det temaet var han òg innom i filmen Seven, og den hugsa eg som langt betre enn serien.

Det stemde òg, sjølv om filmen tek til med ein rimeleg stor klisje. Brad Pitt spelar ein ung politimann, som tek til i ein ny jobb samstundes som kollegaen, spelt av Morgan Freeman, går inn i den siste arbeidsveka si. Pitt er kjepphøg og irriterande; Freeman har all visdom ein rutinert politimann kan ha. Dei vert kalla inn til ein åstad, og ein ny dagen etter, og skjønar at dei har å gjera med ein massemordar som ser ut til å velja ut tilfeldige offer, for så å gjera ei av dei sju dødssyndene til tema for mordet. Mordaren har opplagt planlagt heile greia grundig, så det verkar litt for dumt at dei kjem på sporet av han av di han har lånt bøker om dødssyndene på bibliotek - ville han ikkje berre ha kjøpt dei? I leilegheita hans, som dei fann via adressa på lånekortet, er det uansett nok av prov på kven han var. Uansett - dei finn i alle fall ut av saka, på sett og vis.

Det er ikkje akkurat favorittsjangeren min, dette, men det er likevel ein fin film. Det aller meste av filmen går føre seg innandørs, i heller mørke rom, og dette står i stor kontrast til sluttscenen, der dei to etterforskarane tek med seg mordaren eit stykke ut på landet. Det er ikkje opplagt kva veg historia tek, og samspelet mellom Freeman og Pitt fungerer godt.

Guffen tilrår.


14. desember 2017

Olav Fjørtoft: Olaus J. Fjørtoft (1921)

Olaus Fjørtoft vert gjerne presentert som ein av dei tidlege rabulistane i den norske målsoga. Han var fødd på Flemsøy på Sunnmøre i 1847. Han var uvanleg oppvakt, med spesielt store kunnskapar i matematikk. Han gjekk på skule i Ålesund og på Molde, før han flytta til Kristiania, der han budde resten av livet. Han livnærte seg som privatlærar i matematikk, og var òg medredaktør av bladet Tiraljøren og redaktør av Fram (1871-73). Han skreiv òg nokre bøker og småskrifter, mellom anna ei lærebok i praktisk rekning.

Politisk låg han langt ute til venstre, og det gjorde at han vart endå meir uglesett. Han var målmann, men kjempa for ei ortofon rettskriving, altså ei rettskriving som minner mest mogeleg om talespråket. Dei som ynskte seg ei sams form for heile landet, mellom anna Ivar Aasen, var usamde i dette. Aasen var likevel ein av få Fjørtoft sett høgt og hadde respekt for livet gjennom. Han kom på kant med sin eigen familie etter at på ein heimtur til Sunnmøre kom i ordskifte med den lokale presten. Han døydde i 1878, 41 år gamal.

Namnet på forfattaren av denne boka kan tyda på at det er ein slektning som har skrive henne. Ynskjet til forfattaren er i alle fall at boka skal vera med på å henta Fjørtoft fram att, han meiner at det er dumt at Fjørtoft alt (i 1921) var i ferd med å verta gløymd. Olav Fjørtoft gjer ein god jobb, han går grundig til verks, sjølv om han ikkje er spesielt kritisk til Olaus Fjørtoft.

Guffen tilrår.

13. desember 2017

Olaug Nilssen: Tung tids tale (2017)

Eg-personen i denne boka har det ikkje så godt. Den eldste guten hennar endra seg i treårsalderen. Han hadde vore heilt frisk frå fødselen, men fekk etter nokre år autisme-diagnose. Ingen er budd på noko sånt, og begge foreldra nektar å innsjå kor sjuk sonen er. Dei ser at dei treng hjelp, men vil ikkje vedgå kor alvorleg situasjonen er.

Mora kjempar sjølvsagt for guten, men ho kjempar òg med han. Han er ni år gamal, men er alt så pass sterk at mora må ta i for å hindra han å gjera alt han vil. Han kan vera valdeleg, han bit og slår, men mora finn seg i det meste.

Det er ei fin, fin bok. Det er lett å leva seg inn i situasjonen til mora, samstundes som det er uråd å gjera det. Ho slit med dårleg samvit for at ho ikkje gjer ting rett, at ho ikkje er flink nok til å leggja til rette for sonen, at ho ikkje er god nok. Men det som sit att etter lesinga er eit fint portrett av ei mor som vil gjera kva som helst for guten sin.

Guffen tilrår.

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Ikkje tenk på det (2019)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)
Uønska åtferd (2023)

12. desember 2017

Mindhunter (2017)

Denne serien fekk mykje skryt i avisene for nokre månader sidan, og me sette oss ned for å sjå han, dumme som to brød. Dei fyrste episodane venta eg på at det skulle skje noko som tok serien til eit høgare nivå, men gradvis vart det klart at det slettes ikkje kom til å skje. Det vart seigare og seigare.

Me er i USA, sånn midt i 70-åra. To FBI-agentar reiser gjennom landet på kryss og tvers, for å undervisa politifolk. Dei intervjuar ein massemordar i eit fengsel, og då ein professor får høyra om dette, får ho dei med på eit prosjekt for å studera psyken til massemordarar. Dei intervjuar fleire massemordarar, får av og til spørsmål frå politifolk om å assistera dei i vanskelege mordsaker, og det gjer dei gjerne. Dei bruker triks dei har lært frå intervjua dei har gjort, og fakkar nokre bandittar. Så er det litt indre konfliktar i FBI, det er litt konfliktar mellom dei to, og det er litt konfliktar mellom han yngste og kjærasten hans, men ingenting av dette er spesielt interessant. Og det er heller ikkje denne serien - det er ein grunn til at eg aldri ser på påskekrim og slike greier.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

11. desember 2017

Kristofer Visted: Jul i gamle dager (2016)

«Den som blev satt hundre år tilbake i tiden, vilde sikkert ikkje kjenne julen igjen, men snarere tro at han var hensatt til oldtiden.» Slik opnar denne boka, og det kan vera lett å tru at boka fortel om jolefeiringa for hundre år sidan. I dette tilfellet skal me lengre tilbake i tid. Boka inneheld 16 artiklar om jola, skrivne av Kristofer Visted mellom 1928 og 1946, og handlar altså om joleskikkar for nærare to hundre år sidan.

Kristofer Visted (1873–1949) var fødd i Skånevik, og vaks opp i Bergen. Han arbeidde store delar av yrkeslivet ved museum, og hadde stor kjennskap til folkekulturen. Hovudverket hans er Vår gamle bondekultur frå 1907. Boka kom seinare i nye og større utgåver.

Visted skreiv òg ei rekkje artiklar – ein bibliografi i boka viser at han i 1930-åra fekk publisert meir enn 100 små og store artiklar. Han ser ut til å ha hatt ei særskilt interesse for jolefeiring, og artiklane hans om dette emnet er samla her.

Og det er sjølvsagt ei heilt anna jol han skriv om. Visted skriv mest om skikkar og truer knytt til jolefeiringa. Det var vanleg å tru at ein i jola kunne få varsel om kva som skulle skje det neste året – anten det handla om kven ein skulle gifta seg med, eller det var varsel om dødsfall og andre alvorlege hendingar.

Men han skriv òg om dei lysare sidene ved jolefeiringa. Han skriv om joletreet, han skriv om å gå jolebukk, og han skriv om joleleikar. Nokre av desse leikane er svært lite brukte i dag, får ein tru. Det kunne vera «pryleleker, hvor det gjaldt å gjette kven som slo», eller det kunne vera leiken «fuglen som ikke skal dø i hånden», der ein sat i ring og sende ein brennande pinne vidare heilt til nokon «med et skrik kaster den fra sig». Visted legg til at «der var altså rikdom og avveksling nok i julelekene, og selskapet behøvde ikke å kjede sig».


Til slutt i boka kjem det ein grundig biografisk artikkel om Visted, skriven av Bjørn Sverre Hol Haugen. Boka er redigert av Gudmund Harildstad.

Guffen tilrår.

9. desember 2017

Godless (2017)

Det kan godt henda at denne western-serien ikkje er så altfor nyskapande, men det er likevel ein svært solid serie. Historia er godt fortalt, me møter interessante personar, og både skodespel og filming er av høg klasse. I den fyrste episoden er me omtrent midt i handlinga. Samstundes med at resten av historia vert fortalt får me hyppige og tidvis lange tilbakeblikk, slik at det er ikkje før heilt mot slutten at me får sett alt me har fått hint om.

Handlinga er lagt til småbyen La Belle. Alle yrkesaktive menn som budde der døydde i ei gruveulukke, men dei overlevande, som altså stort sett er kvinner, gjev ikkje opp. På ein farm utanfor småbyen har ein kriminell, Roy Goode, søkt tilflukt hjå ei enkje. Han har svike bandeleiaren sin, Frank Griffin, og heile banden hans er på leit etter han. Alle veit at dei som gøymer eller hjelper Goode vert slakta. Det kjem ut at Goode er i eller ved La Belle, og alle personane i serien vert dregne mot småbyen for det som i western-sjargongen vel heiter eit endeleg oppgjer.

Det er ein serie som fungerer godt gjennom alle dei sju episodane. Personane er altså interessante, dei aller fleste av dei har løyndomar - den opnaste er Griffin, som er ein av dei mest fascinerande i serien. Men der er løyndomar. Sheriffen held på å verta blind. Assistenten hans har ein farga kjærast. Syster til sheriffen er lesbisk. Goode har gøymt ein stor pengesum på eigedommen til enkja. Og så bortetter.

Guffen tilrår.

7. desember 2017

Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (2017)

Denne boka tek utgangspunkt i essay Agnes Ravatn skreiv for Dag og Tid. Der fungerte ikkje alt like godt, utan at eg heilt hugsar heilt kvifor. Her er essaya omskrivne og forbetra, og det er vorte ei finfin bok.

Ravatn flyttar til Valevåg saman med sambuar og son, for å bu eit halvt år på eit småbruk som høyrer til familien hans. I eitt av nabohusa bur forfattaren Einar Økland, og mykje av boka handlar om forholdet mellom dei to. I mangt og mykje er det ein gamal meister som lærer vekk det han kan, også om daglegdagse ting som fisking og baking. Det vert referert mange samtalar mellom dei to, og her framstår Økland slik han ofte gjer: Som ein som vil framstå som ikkje altfor sjølvoppteken, men som absolutt ikkje får det til.

Samtalane er likevel underhaldande, og det er òg resten av boka. Her vert mykje smiling, mykje humring, og ikkje så reint lite latter. Eit høgdepunkt er då ho søler tran på badegolvet, og ikkje greier å få vekk lukta, same kor mykje ho vaskar. Eit anna høgdepunkt er når ho vert intervjua av ein journalist, som på førehand bed om namn på personar ho kan snakka med. Ravatn vurderer å nemna Økland som ein nær ven, men finn etter mykje tenking ut at det vert feil. Intervjuet sluttar med at journalisten kjem på kor tid dei har snakka saman sjølv - det var då ho intervjua Økland, og han hadde gjeve opp Ravatn som ein nær ven.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

5. desember 2017

Mark Lee Gardner: Rough Riders (2016)

Dette er den tredje boka til Gardner. I dei to fyrste tok han føre seg dei amerikanske legendene Jesse James og Billy the Kid, og begge bøkene var gode. Denne gongen handlar det om den seinare presidenten Theodore Roosevelt, og om regimentet Rough Riders. Denne boka er ikkje like vellukka som dei to andre.

Roosevelt var, merkeleg nok, uroleg for at han aldri hadde gått i krigen for landet sitt. Den relativt korte krigen mellom Spania og USA i 1898 endra dette. Der var kampar på Cuba, og Roosevelt samla saman eit regiment av frivillige, som var i krigen to månader sommaren 1898. Soldatane i regimentet var alle sugne på krig, og var ei lett blanding av cowboyar og byfolk. Dei fekk mykje pressedekning, og i avisene kunne det verka som om det var dei som avgjorde heile krigen, i alle fall på Cuba. Dei tok den viktige åsen San Juan Hill, stod det, men det var nok langt rettare å skriva at dei var med på å ta denne åsen - det kom profesjonelle soldatar frå to andre sider av åsen.

I alle fall: Denne krigen var med på å gjera Roosevelt endå meir berømt, og var ein viktig grunn til at han vart visepresident og seinare president nokre få år seinare. Han verkar meir usympatisk enn sympatisk. Han var ein lagspelar, som i intervju og i eigne bøker framheva dei friviljuge han hadde med seg. Men han var òg ein som pressa seg sjølv fram for å verta vidgjeten. Han var djupt vonbroten over at han ikkje fekk noko medalje for innsatsen sin, og hadde truleg eit altfor stort sjølvbilete til å sjå at rolla hans kanskje ikkje var så viktig likevel.

Det svingar altså ikkje like mykje av denne boka. Ein grunn kan vera at historia ikkje er god nok, det handlar om rekruttering, om trening, om båtreisa til Cuba, om dei vanskelege tilhøva der, om slaget på San Juan Hill, og om heimreisa og livet etterpå. Gardner har hatt tilgang til ei rekkje kjelder, også dagbøker og brev, men han bruker litt for mykje av dette, slik at det rett som det er vert for detaljert.

Guffen er lunken.

Meir Gardner på kulturguffebloggen
To Hell on a Fast Horse (2010)
Shot all to Hell (2014)