28. april 2013

Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)

Det Norske Teatret jubilerer i år. 2. januar 1913 sa Lars Tvinde fram opningsreplikken på den fyrste framsyninga deira, og han vart verande ved teatret resten av yrkeskarriera si. Dette heftet vart gjeven ut til åttiårsdagen hans i 1966, og kan med litt velvilje kallast ein Tvinde-biografi.

Men då må det altså litt velvilje til. Dalgard skriv litt om oppveksten på Voss, der Tvinde arbeidde i ein landhandel, og dreiv med amatørteater i ungdomslaget. Han var gåverik, og vart invitert til Kristiania for å prøvespela for det nyskipa teatret. Han vart, under sterk tvil, godteken. Frå då av gjer ikkje Dalgard (eller forlaget, som fullførte manuskriptet medan Dalgard var utanlands) anna enn å gå gjennom alle rollene Tvinde hadde. Han fortel kort korleis Tvinde greidde seg, og siterer flittig frå avismeldingar.

Det er difor relativt stussleg og einsformig lesnad, men utan verdi er likevel ikkje heftet. Det kjem tydeleg fram korleis Tvinde og DNT utvikla seg parallelt. Dei fyrste tiåra var repertoaret dominert av folkelivskomediar, og det passa Tvinde som hand i hanske. Så vart dei kunstnarlege ambisjonane til teatret større, og det viste seg, litt overraskande, at også det passa Tvinde godt. Han skal ha vore spesielt god i rolla som Didrik i Medmenneske.

Det er eit heidersskrift, komplett med tabula gratulatoria og nokre korte helsingar til slutt. Boka er altså heller oppramsande, men ein får løn for lesinga når ein kjem til helsinga frå Tarjei Vesaas: Han skriv om Tvinde at "der går ein mann og veit det vi ikkje vil veta".

Guffen er lunken.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

27. april 2013

Jack Kerouac: On the Road (1957)

Etterkrigsåra i USA. Dei unge mennene boka fortel om er rastlause - dei vil sjå noko anna, gjera noko anna, og vera ein heilt annan stad. Nokre har kone og born, men det gjer ingenting - så snart nokon snakkar om å reisa vekk, vert dei med. Dei køyrer og haikar på kryss og tvers i USA, og mot slutten tek dei òg ein tur til Mexico. Dei reiser dels for å sjå andre stader, men dei viktigaste drivkreftene deira er å finna drikke, dop og damer. Og dei vil kjenna seg frie.

Boka er altfor lang. Dei to fyrste reisene er godt skildra, men undervegs på den tredje reisa vert repeteringa for tydeleg. Det er det same som skjer heile tida, og dei to siste reisene, sjølv om den eine altså går til eit anna land, er seige å koma gjennom. Eg-personen er stort sett den same heile vegen, medan den beste kameraten (og det store idolet) hans, Dean Moriarty, vert meir og meir ustabil.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
On the Road (2012)

26. april 2013

Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)

Det Norske Teatret fyller hundre år i år (hurra!), og programmet ber til dels preg av det. Skodespelarane ved teatret vart spurde om kva stykke frå dei siste åra dei sjølve gjerne ville setja opp på ny, og fleirtalet ville visst ha Bikubesong. Det var ikkje så rart - stykket var ein stor suksess då det vart sett opp for bortimot ti år sidan, det gjekk for fulle hus i fleire sesongar. Tilfeldigvis såg eg og Marit det berre nokre dagar etter premiera då, og no fekk eg sjanse til å sjå det igjen.

Det var det verdt. Stykket er basert på delar av Grytten-romanen, og det er gode historier som er valde ut. Historiene er vevde inn i kvarandre, slik at det vert tydelegare her enn i romanen at dei skjer i og rundt det same huset. Opningskapitlet i romanen, om han 40-åringen som er besett av The Smiths, står sentralt i stykket. Viss her er ein hovudperson, må det vera han. Musikken til The Smiths er òg med gjennom heile stykket.

Men her er meir, sjølvsagt er det det. Det vert ofte sagt at Grytten skriv om vanlege folk, og slik er det i alle fall her. Alle har ambisjonar om noko meir, fleire er litt for glade i å drikka, alle slit med elementære menneskelege relasjonar - slik sett er det symptomatisk at der ikkje er eit einaste harmonisk parforhold i heile stykket. Den ekstremt happy endinga i epilogen bryt såleis med resten av stykket.

Scena har fire nivå, som trappetrinn bakover, der kvart nivå er ulike rom - puben Smeltaren; gata utanfor Murboligen; stove og bad; og soverom. Det vekslar mellom ulike leilegheitar, gjerne i rasande tempo, men det er likevel aldri vanskeleg å skjøna kva familie det handlar om, eller kva leilegheit me er i. Det er finfint teater, der dei fleste rollene vert spelte av dei same som hadde rollene sist stykket vart sett opp.

Guffen tilrår.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)


Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

21. april 2013

Searching for Sugar Man (2012)

Artisten Rodriguez voks opp i Detroit, og gav ut to LP-ar rundt 1970. Platene selde så godt som ingenting i heimlandet hans, og han avbraut innspelinga av den tredje LP-en, fekk seg ein jobb i byggjebransjen, og gav opp musikkarriera. Han vart ein gløymt artist, over så godt som heile verda. Bortsett frå i Sør-Afrika.

Platene hans vart opphavleg ikkje utgitt der, så korleis han vart så populær der er uvisst. Ei vanleg forklaring er at ei amerikansk jente hadde med plata på eit besøk til Sør-Afrika, nokon kopierte plata til kassett, desse kassettane spreidde seg raskt, og eit sørafrikansk plateselskap gav omsider ut platene hans. Kven han var var likevel ukjent, det stod ingenting om han på platene, han turnerte aldri, vener i USA visste heller ikkje noko om han. Det festa seg like godt ei oppfatning av at han i frustrasjon over den manglande interessa like godt hadde teke livet av seg midt under ein konsert.

Midt i nittiåra vil to sørafrikanske journalistar finna ut meir om han, og får seg nokre overraskingar. Det viser seg at han lever, og i 1998 kjem han til Sør-Afrika for å halda konsertar. Han reknar ikkje med at folk er interesserte, men spelar for fulle hus.

Det er altså ei høgst original historie, som vert fortalt på ein fin måte. Fram til midten av filmen ser me omtrent ikkje bilete av Rodriguez, og det vert teke for gitt at han faktisk er død. Dei som vert intervjua om han er folk som kjende han eller samarbeidde med han, og i dei intervjua kjem det heller ikkje nokre hint om at han lever. Så snur det, intervjuarane reiser til USA og møter han og døtrene hans, dei vert med på turneen til Sør-Afrika, og det som gjer dette så godt er at Rodriguez verkar som den mest laidbacke personen ein kan tenkja seg.

Det er ein fin film. Det er rett nok råd å stilla spørsmål ved den journalistiske teften til dei to som leiter etter han - dei er på nippet til å gje opp heile greia, dei finn ikkje ut av nokon ting, men fyrst då kjem dei på at dei bør kontakta han som står som produsent for platene hans. Dei hadde ikkje så god hjelp av Internett, men det har me i dag: Det viser seg at dei har kutta ut noko relativt viktig frå filmen - Rodrigiez var også stor i to-tre andre land på den sørlege halvkula, og var til dømes på to turnear i Australia rundt 1980. Akkurat det endra ikkje filmopplevinga for meg, men likevel.

Guffen tilrår.

20. april 2013

Merethe Lindstrøm: Natthjem (2002)

Eg har lese fleire bøker av Lindstrom det siste året. Denne imponerte meg ikkje like mykje som dei andre. Her er gode parti, men det går lenge før boka vert bra. Lindstrøm bruker lang tid på å etablera rammene for det som skjer, litt for lang tid. Den fyrste halvdelen av boka er sprikande, ting vert for omfattande, og samstundes vert me òg presenterte for litt for mange personar på litt for kort tid. Boka hoppar litt i tid, og det er heilt greitt, men det gjer det ikkje enklare å følgja med på kven ting skjer med. Lindstrøm vekslar òg mellom to forteljarar, og det gjer òg at det er vanskeleg å koma inn i boka.


Hovudpersonen er Mai. Ho er kunstfotograf, og bur saman med ektemann nummer to, og tre ungar. Far til den eldste ungen, Inge, bur i nabolaget, men etter ei rettssak om foreldrerettar året før snakkar dei ikkje med kvarandre. Ho slit òg med skuldkjensle etter at ho (kanskje) var skuld i at bror hennar som heilt liten vart dauv. Mai er ein dyktig fotograf, men er ikkje like flink med folk. Ho skulle gjerne hatt eit nærare forhold til Inge, som på si side heller ville budd hjå faren.

Me får vita meir og meir om Inge utover i boka, og han vert etter kvart minst like interessant som Mai. Han går mykje for seg sjølv, den tryggleiken og det fellesskapet han leitar etter finn han korkje hjå faren eller mora. Han trivst godt saman med eit piggsvin han har funne, og tek seg av det slik ein forelder burde ta seg av ungen sin. Tilhøvet mellom ungar og foreldre går igjen i heile boka, og slik sett er det eit klart signal om kvar Mai sviktar, det at Inge faktisk tek seg betre av piggsvinet enn ho gjer av ungane sine.

Det er altså ikkje den beste Lindstrøm-boka eg har lese, dette, men det skal jo òg noko til. Eg koste meg likevel tidvis i den siste halvdelen av boka, der Inge vert dregen mot fleire potensielle farar.

Guffen er lunken.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Ingenting om mørket (2003)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

18. april 2013

Frå arkivet: Mitch Hedberg: Strategic Grill Locations (1999)

Dei siste seks skuleåra har eg jamleg vore på skuleturnéar saman med Runar. Me har snakka med ungdomsskuleelevar om språk, og har vore i dei fire vestlandsfylka og tre av austlandsfylka. Timane med elevar har stort sett vore artige og gjevande, sjølvsagt, elles hadde me gitt oss for lenge sidan, men me har òg hatt det bra resten av tida. Mykje bilkøyring, mange ferjeturar, mange hotellfrukostar, og mange filmar på kveldstid. Desse turane tek slutt i morgon, etter nesten 250 framsyningar gjev eg meg, medan han held fram med ein ny turkamerat. Det er litt trist.

Runar er ein slik som heile tida tilrår film og musikk og slikt. Ein kveld for nokre år sidan, av ein eller annan grunn trur eg me var i Sogndal, meinte han at eg burde høyra på ein CD han hadde med komikaren Mitch Hedberg. Eg var lunken, det skal mykje til at komikarar får meg til å le. Men her lo eg godt alt av den fyrste vitsen: "I haven't slept for ten days, because that would be too long." Han lirar gjerne av seg slike one-liners i eit rasande tempo.

Den vitsen er typisk for Hedberg. Han leikar mykje med språket, som til dømes i klassikaren "I used to do drugs. I still do, but I used to, too." Den er kanskje endå meir typisk for Hedberg, han vitsar mykje med sin eigen dopbruk. Det var den som til slutt tok knekken på han, han døydde av ein overdose i 2005. Då hadde han gitt ut to CD-ar; tre år seinare kom ein til.

Det finst ei rekkje opptak av Hedberg på nettet. Dei viser ein komikar som både trivst og mistrivst på scena. Han skjelv på hendene, han kvir seg for å sjå på publikum, sjølv om dei likar det dei høyrer. Dei opptaka såg eg seinare; den fyrste kvelden (som eg altså trur var i Sogndal) låg eg på senga med denne CD-en i høyretelefonar. Eg trur eg lo til eg grein. Originale observasjonar, gode ordspel, og vitsar der han fortel om seg sjølv.

Mitch Hedberg er ein suveren komikar. Å skriva ned vitsane hans vert ikkje det same som å høyra dei, men likevel - her er nokre godbitar: "I'm against picketing, but I don't know how to show it." "Last night I helped my friend stay put. It's a lot easier than helping someone move. I just went over to his house and made sure that he did not start to load shit into a truck." "I don't own a cell phone or a pager. I just hang around everyone I know all the time."

Guffen tilrår.

Moneyball (2011)

Baseball - der har du ein idrett eg aldri heilt har fatta interesse for. Dei gongene eg har sett glimt av baseball på amerikansk fjernsyn, verkar kvar einaste reportasje identisk. Dei som liakr sporten snakkar om taktikk og alt det der; eg ser ikkje noko av det. Slik sett kan det verka litt rart å setja seg ned for å sjå ein baseball-film, men det var ein film som fekk fine meldingar då han kom, så eg tenkte det var forsøket verdt.

Det var det knapt. Filmen fortel den sanne historia om Billy Beane, manager for Oakland Athletics. Det er eit lag utan store økonomiske ressursar, og han prøver difor å hevda seg på ein annan måte: Med hjelp av ein dataanalytikar set han saman eit lag med spelarar kjøpt på billegsal, og dei hevdar seg godt mot langt dyrare lag. Beane er altså litt Drillo, litt Wenger.

Filmen er bygd opp slik sportsfilmar gjerne er. Beane møter intern motstand for planane sine, men gjennomfører dei likevel. Lenge går det heilt gale, og han er på nippen til å få sparken. Men så snur det, og laget vinn tjue kampar på rad, ein ny amerikansk rekord. Herfrå kan filmen gå to vegar - anten vinn Oakland heile meisterskapen, eller dei går ut. At det går som det går er ikkje noko stor bombe.

Guffen er lunken.

17. april 2013

Kill Bill 2 (2004)

Hm. Dette vart jo reine drøymekvelden.

Kill Bill 2 held, ikkje overraskande, fram der Kill Bill 1 slutta. Thurman-karakteren får her eit namn, Beatrice Kiddo, og det er ikkje den einaste nye vendinga: Ein liten detalj er at bryllaupet ikkje var eit bryllaup, berre ein gjennomgang med presten dagen før bryllaupet; ein anna detalj (som eigentleg vart nemnt heilt til slutt i KB1) var at også den ufødde dottera til Beatrice overlevde bryllaups-massakren.

Også denne filmen hoppar litt att og fram i tid. Her er to store flashbacks - eitt som viser kva som skjedde i kyrkja, og eitt som viser korleis Beatrice fekk opplæring i kinesiske slagsmålsteknikkar.

Ho har tre personar att på dødslista si. Alle misser livet i filmen, men det er ikkje ho som tek livet av dei. Ho er òg nær ved å missa livet sitt - ho framstår i det heile meir og meir som ein surperhelt i ein teiknefilm, ein superhelt som toler alt, og som aldri gjev opp. Spesielt ein av situasjonane ho finn seg i verkar det vanskeleg å koma ut av.

Det er to fine filmar, dette. Som alltid hjå Tarantino er dialogane framifrå, men det er ikkje berre det som gjer dette bra. Også visuelt er filmane ein fryd, med god bruk av fargar, og mange flotte bilete. Eitt døme på det er når kameraet, i svart-kvitt, glir ut frå kyrkja og sveipar over dei fire som står klar for å dra i gang massakren, før det heilt roleg glir oppover mot himmelen.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

Kill Bill 1 (2003)

Dette er ein film om hemn. Hovudpersonen, spelt av Uma Thurman, var tidlegare sentral i The Deadly Viper Assassination Squad, ei samling leigemordarar. På bryllaupsdagen vart ho nesten drepen av dei andre - på uforståeleg vis overlevde ho til og med eit skot i hovudet, og når ho vaknar etter fire år i koma vil ho ha hemn. I denne filmen oppsøkjer ho to av dei, og tek livet av begge.

Dei to episodane vert ikkje viste kronologisk, men den fyrste me får sjå er relativt konvensjonell. Ho oppsøkjer den gamle lagveninna si i heimen hennar, der det meste går etter planen, men ikkje alt: Den fire år gamle dotter til ho andre kjem heim frå barnehagen. Det gjer det endå tydelegare for Thurman-karakteren, som ikkje har noko namn, kva ho har mist - ho var gravid då dei andre angreip ho.

Den andre episoden er meir spektakulær. Thurman flyg til Japan, der ho får laga eit samuraisverd. Ho som skal drepast her er sjef for underverda i Tokyo, og har difor ei lang rekkje livvaktar. Thurman tek livet av eller lemlestar alle desse, før ho får drepe ho ho eigentleg er på jakt etter, og det er i desse sekvensane at filmen går over frå å verta ein tradisjonell valdsfilm til noko heilt anna. I starten verkar det heile som slossing, men etter kvart vert det meir dans, nesten ballett. Ein vert nesten blind for blodet og valden, og ser heller på det heile som noko grasiøst, noko visuelt. Sluttkampen, der dei to møtest med sverd ute i ein japansk hage, har enorme kontrastar. Dei to kjempar for livet, medan snøen sakte, sakte dalar ned rundt dei.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

15. april 2013

Yellow Submarine (1968)

Dette er den mest fornøyelege av Beatles-filmane. Det er passeleg vimsete, passeleg psykedelisk, passeleg surrealistisk, passeleg langt, osb.

Pepperland er eit idealsamfunn, der alle har det bra, og der det er musikk heile tida. Det einaste trugsmålet mot denne idyllen kjem frå the blue meanies, som ikkje likar musikk. Dei angrip Pepperland, og ein av innbyggjarane, Old Fred, vert sendt ut i ein gul undervassbåt for finna hjelp. Han reiser til Liverpool, finn The Beatles, og dei putrar attende til Pepperland. Denne reisa utgjer brorparten av filmen, og er finfin. Teikningane, for det er ein animasjonsfilm, dette, kan tidvis minna om mykje av det Terry Gilliam laga for Monty Python, og det er i det heile ei lystig stemning over det heile.

The Beatles reddar sjølvsagt Pepperland, saman med den litt uklare skapningen Nowhere Man, som dei plukkar opp på vegen. Innimellom får me ei rekkje Beatles-songar, og mykje av dialogen er òg meir eller mindre henta frå tekstane deira. Den einaste store nedturen i filmen er dei siste to-tre minutta, der dei fire Beatlesane dukkar opp i ein vanleg film, snakkar litt, før dei syng "All Together Now". Det er vanskeleg å skjøna kvifor dette burde vera med.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)

Der finst sikkert mange biografiar om Paul McCartney. Sjølv har eg berre lese Many years From Now, ei bok McCartney hadde full kontroll over. Den boka konsentrerte seg om sekstiåra; Fab dekkjer heile livet til McCartney. Slik sett burde dette vera ei interessant bok, men det er det ikkje.

Sounes prioriterer heilt feil. Me som les denne boka vil lesa om musikaren McCartney; Sounes verkar meir interessert i å skriva om privatlivet til McCartney. Det høyrer med i ein biografi, sjølvsagt, men det får vera måte på. Sounes skriv altfor mykje om kor mange damer McCartney har hatt, og heilt gale går det mot slutten av boka. McCartney gifte seg med Heather Mills i 2002, og seks år seinare skilde dei seg. Sounes bruker meir plass på å skildra rettsforhandlingane etter skilsmissa, enn på innspelinga av Sgt. Pepper. Kanskje det er fordi det alt er skrive svært mykje om akkurat den innspelinga, og om alt det andre The Beatles gjorde, men for ein forfattar må det jo vera spanande å skriva om det på ein ny måte?

Det er tida etter 1970 som var det mest ukjende for meg. Sounes teiknar eit bilete av ein dominerande og eigenrådig person, både privat og profesjonelt var McCartney van til å få viljen sin. Dei fleste som motsa han vart fjerna, det var svært få personar som kunne kritisera McCartney, og få han til å skifta meining - i tillegg til John Lennon og George Martin var det omtrent berre andre superstjerner som Stevie Wonder og Michael Jackson. Slik han vert framstilt her, kan han minna om Lance Armstrong (som eg nyleg las ei bok om).

Sounes legg ikkje vekt på at det meste av musikken McCartney spelte inn etter 1970 var middelmådig. Spesielt som tekstforfattar får han gjennomgå. Sounes meiner dette kjem av tre ting - dels manglar han nokon som kan motseia han, dels manglar han nokon som kan få han til å heva seg, og dels kjem det av at han vert blinda av sitt eige sjølvbilete. Her trur eg har Sounes har rett, utan at eg kjenner musikken frå den perioden spesielt godt.

Så her var mykje som var feil her. Og då har eg ikkje ein gong gjort noko nummer av at Sounes, av aldeles uforklarlege grunnar, stort sett omtalar Ringo Starr som "Ritchie".

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

14. april 2013

Motorpsycho (Røkeriet, Bergen, 13.4.2013)

Ein av grunnane til at Motorpsycho heile tida verkar friske og aktuelle er at dei stadig finn nye folk å samarbeida med. Kjernen i bandet har heile tida vore gitarist Snah og bassist Bent Sæther, med Kenneth Kapstad bak trommene sidan 2007, men dei er sjeldan åleine. Dette var den sjuande Motorpsycho-konserten eg har sett sidan eg tok til med denne bloggen, og berre to gonger har dei spelt som trio.

På denne turneen har dei med seg Reine Fiske, ein finfin svensk gitarist. Dette var berre den andre konserten på turneen, og han verka ikkje heilt varm i trøya enno - kanskje mest av di han konsekvent tima feil når gitaren skulle i veret under STG. Men å ha to glimrande gitaristar på scena på ein gong gav tidvis bandet endå meir å spela på. Dei opna med to eller tre songar frå den siste plata, trur eg (eg har ikkje høyrt den plata enno), og spesielt i eitt parti, der begge gitaristane spelte soloar samstundes, var det glitrande.

Høgdepunkta var likevel stort sett henta frå 90-åra. Det har vore eit Blissard-år, dette - plata kom ut på ny, i ein boks med fire CD-ar, Johan Harstad gav ut ei omfattande bok om plata, og i august skal dei spela heile Blissard på Pstereo-festivalen i Trondheim. Dei spelte fem songar derfrå på denne konserten, og samtlege var solide. Det handlar kanskje om gleda over å høyra att songar eg høyrde jamleg på konsertar for sytten-atten år sidan, det handlar kanskje om at det er stas å høyra dei spelte av eit endå betre band, eller det handlar kanskje om at det rett og slett er gode songar. Best av dei fem var Manmower; mest uventa var Greener, som kom som siste ekstranummer.

Best av alt dei gjorde denne kvelden var likevel Un Chien d'espace. Eg sende inn nokre konsertmeldingar til den halvoffisielle Motorpsycho-nettsida midt i 90-åra, og fyrste gongen eg høyrde denne songen skreiv eg at dette kunne verta eit høgdepunkt på motorpsycho-konsertar i årevis. Ein annan gong samanlikna eg han med Götterdammerung. Lite visste eg at dei seinare ville ha konsertar i operaen, og like lite visste eg sjølvsagt om at eg mange år seinare ville vera vitne til ein endå meir fantastisk versjon. Songen er kanskje det beste dømet på dette Motorpsycho er heilt suverene på - å byggja opp ein song frå det heilt rolege til det monumentale. Kor lenge varte han? Ti minutt? Femten? Anar ikkje. Etter at han var over klappa folk i fleire minutt, verka det som. Fabelaktig.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

7. april 2013

What's Eating Gilbert Grape (1993)

Gilbert Grape bur i småbyen Endora i Iowa, saman med den sterkt overvektige mora si, den lettare handikappa broren Arnie, den altfor pubertale systera Ellen, og ei syster til, Amy, som heldigvis ikkje skil seg for mykje ut. Faren tok livet sitt mange år tidlegare. Fleire av dei drøymer om å koma seg vekk, men inntil vidare er dei opptekne av å planleggja 18-årsdagen til Arnie.

Livet i Endora er heller stabilt. Den store hendinga denne sommaren er at burger-kjeda Burger barn opnar ein filial der. For Gilbert er viktigare at den unge jenta Becky vert der nokre veker saman med bestemor si, etter at bilen deira braut saman. Gilbert og Becky vert kjærastar.

Tidvis er dette ein fin film. Det handlar om venskap, om ansvar, om å høyra til ein stad, og forholdet mellom Gilbert og Arnie er flott skildra. Det som trekkjer filmen ned er Becky, som i altfor stor grad lirer av seg klisjear, og som ikkje framstår som sjarmerande nok. Kanskje Endorianarane finn ho sjarmerande av di det ikkje skjer så mykje i byen.

Guffen tilrår.

6. april 2013

Tyler Hamilton og Daniel Coyle: The Secret Race (2012)

Det er ikkje noko bombe, det som står i denne boka, i alle fall ikkje no lenger. Hamilton var profesjonell syklist, og fortel om korleis han, og alle andre syklistar, systematisk dopa seg for å få betre resultat. At det er massiv doping i sykkelsporten har lenge vore kjent, og ein fotnote i boka viser dette greitt: Frå 1980 til 1990 var snittfarten i Tour de France 37,5 km/t. Frå 1995 til 2005 var snittfarten 41,6 km/t.

Det er heller ikkje noko bombe at det er bilete av Lance Armstrong på framsida, saman med Hamilton. Boka handlar i hovudsak om Hamilton, men viser òg korleis Armstrong var ein så dominerande syklist at alt og alle var redd for han. Dei to sykla på same lag i nokre år, var nære naboar og gode vener, men etter at Hamilton i eit intervju sa at han sjølv hadde ambisjonar om å vinna Tour de France, vart han pressa ut av laget. Han fann seg lett eit nytt lag, med der var dopinga like dominerande. Og Hamilton hadde framleis overdriven respekt for Armstrong. Ikkje utan grunn - etter at Hamilton slo Armstrong i ei klatreetappe vart Hamilton kalla inn til hovudkvarteret for det internasjonale sykkelforbundet. Han møtte opp, og fekk høyra at dei hadde mistankar om at han dopa seg, og at dei kom til å følgja nøye med på aktivitetane hans. Ingen andre syklistar vart kalla inn, Hamilton skjøna lite, før ein av lagkameratane til Armstrong fortalde at det var Armstrong som hadde bede sykkelforbundet organisera eit slikt møte.

Det er ein tvers gjennom roten idrett som vert skildra i boka. Hamilton rettferdiggjer dopinga med at alle andre gjorde det same, slik at ein på sett og vis konkurrerte på like vilkår. Det handla ikkje berre om å trena best, det handla om å dopa seg best - og indirekte å knyta seg til dokterar som hadde eit forsprang på dopingkontrollørane. Hamilton meiner at det er utenkjeleg at dei som har hevda seg i sykkelsporten dei siste ti-femten åra ikkje har vore dopa.

Guffen tilrår.

1. april 2013

Leif Enger: So Brave, Young, and Handsome (2008)

Ah, Amazon. Når eg loggar meg på, vert eg tilrådd ei rekkje bøker, mellom anna denne. Omtalen såg grei nok ut, så eg kjøpte boka, og ho var ei av tre eg tok med meg på påskeferie. Hadde eg vore heime hadde eg truleg lagt ho vekk; mangelen på anna lesestoff gjorde at eg las ho ut. Til tider var det meir plikt enn glede; det er ikkje rare boka.

Monte Becket bur i Northfield, Minnesota. Han har skrive ei bok som vart ein uventa storseljar, men får ikkje til å skriva meir, og då han møter den litt mystiske Glendon Hale, som er på veg til Mexico for å be om orsaking til ei kone han reiste frå for mange tiår sidan, får han lyst til å slå følgje. Kona gjev han lov, og dei legg ut på noko som bakpå boka vert kalla "a road trip to end all road trips".

Skal reisa deira enda alle andre reiser, må det vera av di ho er fortalt så ekstremt kjedeleg. Dei reiser sørover, får med seg ein ung gut, vert oppspora av ein gamal politimann som har ei høne å plukka med Hale, dei svingar vestover, dei skil lag, dei kjem saman att, ein av dei vert skoten, og så bortetter. Ei lang rekkje korte kapittel som fortel om ei rekkje hendingar, utan at det engasjerer noko større.

Guffen kan ikkje tilrå dette.