30. juli 2018

Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)

Denne har visst vore tilgjengeleg digitalt ei stund - skrifter av Ivar Aasen vart fyrste gong publisert for fem år sidan, skrifter om Ivar Aasen eitt år seinare. Det fekk eg ikkje med meg, men sjølv om eg hadde gjort det hadde eg sikkert kjøpt denne. Undertittelen er heilt presis - "Skrifter av og om Ivar Aasen 1825-2017)". I tillegg er der fire innleiande og forklarande og utdjupande artiklar av Grepstad, to tidlegare uprenta artiklar av Aasen, ein artikkel av Ole Olsen, og nokre tabellar og slikt.

Grepstad har arbeidd i Aasen-tunet sidan 1999, som direktør i Nynorsk kultursentrum, og har samla stoff om Aasen heile tida. Her står om dei fem gongene Aasen vart intervjua av aviser, alle mot slutten av livet hans. Her står om små notisar og større bokmeldingar. Grepstad viser korleis talet på artiklar om Aasen aukar og minkar i takt med jubileumsåra hans. Her står om komponisten Aasen.

Det er eit finfint oppslagsverk, som fyller eit hol i litteraturen om Aasen. Det går sjølvsagt an å finna manglar i desse oversyna, men det er meir enn nok å gle seg over. Éin ting må likevel nemnast: Eg greier ikkje heilt å følgja Grepstad når han skriv om "Nordmannen". Det var eit dikt Aasen arbeidde mykje med, fram til den endelege versjonen som kom i 1875-utgåva av Symra. Fram til Aasen døydde i 1896 var det berre denne versjonen som vart trykt, skriv Grepstad, som legg til at den einaste som braut dette var Anders Reitan i 1874. Korleis han skulle bruka ein versjon som kom året etter forstår eg ikkje, også av di Reitan-boka frå 1874 kom ut posthumt - han døydde i 1872.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Symra (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar