23. april 2024

Øystein Milli: Dødelig brorskap (2023)

I 1990-åra var det kniving mellom ulike MC-miljø i Noreg, fyrst og fremst mellom Bandidos og Hells Angels. Miljøet var ikkje spesielt stort, men det var eit hardt miljø, og det toppa seg då ei bombevart detonert utanfor lokala til Bandidos i Drammen. Ei kvinne som tilfeldigvis køyrde forbi vart drepen. Begge MC-klubbane var internasjonale, slik at knivinga var ein del av noko større.

Denne boka gjer ikkje akkurat det framsida fortel. Boka handlar lite om brorskapet, og endå mindre om den norske MC-krigen. Det aller meste i boka handlar om etterforskinga av eksplosjonen, der politiet mistenkjer folk, har dei inne til avhøyr, finn nokre spor, går ned nokre blindvegar, osb. Det vert litt livlaust, og det hadde vore langt meir spanande og interessant dersom me faktisk hadde kome på innsida av motorsykkelgjengane. No vert det litt for oppramsande, altfor detaljert, slik at det me gler oss over når politiet endeleg finn dei siste viktige spora er ikkje at saka er løyst: Det er meir at no går boka mot slutten.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. april 2024

Curb Your Enthusiasm, sesong 12 (2024)

Dette var den siste sesongen av Curb Your Enthusiasm. Larry David har sagt det same fleire gonger, men no er det høgst truleg alvor. Her er som vanleg ein gjennomgåande historie i sesongen, og denne gongen endar det opp med ei rettssak der David er tiltalt. Det er altså klare parallellar til den siste episoden av Seinfeld, og det kjem stadig referansar til det. Jerry Seinfeld dukkar opp fleire gonger, mellom anna heilt til slutt, der dei i den siste scena er samde om at denne slutten var langt betre enn måten dei slutta Seinfeld på. Og den siste episoden er eit høgdepunkt, i ein sesong (og i ein serie) som har mange, mange høgdepunkt. 

Leon Black er som vanleg med, og det er som alltid stas å sjå han. Han snakkar mykje om damer og sex. Han har aldri sett Seinfeld, men då han ser det er det stort sett damer og sex han får ut av det òg. Pluss at han, høveleg nok, meiner det er rart med Kramer som heile tida går inn til naboen utan å banka på.

Den gjennomgåande historia handlar om at Larry David er i Atlanta under eit presidentval. Det er langt køar, det er steikande sol, og han gjev ei av dei i køen litt vatn. Det er forbode, viser det seg, og utan at David er klar over det vert han ein helt for alle menneskerettskjemparar i USA. Historia er fin og rar nok i seg sjølv, men i tillegg er det minst éin annan historie i kvar episode. Det handlar om alt mogeleg, på same vis som Seinfeld handla om alt mogeleg. Og dette er ein betre serie enn Seinfeld.

Guffen tilrår. 

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

21. april 2024

Gunnhild Øyehaug: Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (2023)

Eg trur ikkje dette skodespelet har vore framført enno, men eg skulle gjerne sett det. Det er leikande, det er absurd, det er morosamt, osb. 

Det handlar om ei kvinne på ein sjukeheim. Ho vaknar, og snakkar litt med seg sjølv og mest med andre. Det kjem fram at ho er Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, og nokre av dei ho snakkar med er òg frå vikingtida. Ho får til dømes besøk av Egil Skallagrimsson, som vert rekna for å vera hovudfienden hennar. Andre er frå meir moderne tider - Lille Eyolf (frå Ibsen-skodespelet) dukkar til dømes opp, slik at me hoppar ein del i tid og rom. 

Det kan godt henda at kvinna i senga berre innbiller seg alt dette. Det er ikkje så viktig. Det er fornøyeleg og innsiktsfull lesnad, og igjen - eg skulle gjerne sett dette stykket på ein scene.

Guffen tilrår. 

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

20. april 2024

Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)

Dette er den nest siste romanen Vesaas gav ut. Han var 66 år då, og berre det er uvanleg: At forfattarar er på ei stigande kurve så seint i livet. Dette er ei makelaus, makelaus bok, som gjer like stort inntrykk kvar gong eg les ho.

Det handlar om Siss og Unn. Unn har nyleg flytta til bygda, og bur hjå moster si. Siss vitjar henne ein kveld, yr av glede av di ho vert den fyrste som får koma så tett innpå Unn. Ho kjem tett innpå, men ikkje heilt inn til den inste grinda - Unn fortel at ho har vore med på noko, utan at ho vil seia kva. Dagen etter skulkar Unn skulen, og me vert med ho på ei vandring inn i ein frosen foss, eit is-slott, der ho går seg vill og døyr. Alle leitar etter ho, utan resultat. 

Siss vert ein annan. Ho er ikkje lenger leiaren i klassen, men tiner sakte opp. Mot slutten av vinteren foreslår ho at klassen skal gå til den frosne fossen. Ho går litt for seg sjølv, og får då sjå Unn innfrosen i isen. 

Det er ei fabelaktig bok, der språket er minst halve gleda. Nokre av kapitla er omtrent som dikt, og ved eitt høve kjem det òg eit dikt. Det er imponerande korleis Vesaas lever seg inn i sinna til dei to elleve år gamle jentene. Og det er vel på sin plass å ta med det Doris Lessing skreiv om boka: "How simple this novel is. How subtle. How strong. How unlike any other. It is unique. It is unforgettable. It is extraordinary". 

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

18. april 2024

USA og Holocaust (2022)

Av og til dukkar det opp seriar absolutt alle burde sjå. Dette er ein slik serie. Det handlar om korleis jødane vart handsama før og under andre verdskrigen, med vekt på handlingane i USA. 

Det kan verka som noko me har sett og høyrt før, men det verkar nytt. Serieskaparane har intervjua ei mengd relevante folk - nokre vaks opp i Europa, andre var amerikanske. Dei bruker originalfilmar, og dei bruker ei mengd flotte foto, slik at det nesten hadde vore bryet verdt å sjå serien utan lyd.

Men det handlar altså om jødane. Hitler kjem til makta i Tyskland i 1933, og det ikkje lang tid før jødane i Tyskland skjønar at dei bør vekk. Det er berre eit lite problem: Nesten ingen vil ha dei. Jødehatet var svært utbreitt, ikkje minst i USA. Franklin Roosevelt, president i USA 1933-45, var sympatisk innstilt, men vågde ikkje å auka kvotene for jødar. Han var redd for at det ville føra til at senatet vedtok at færre jødar skulle koma inn i USA kvart år. 

Det er kanskje dette som verkeleg var nytt for meg: Kor organisert og omfattande jødehatet i USA var. Filmsnuttar av amerikanarar som i 1930-åra marsjerer under hakekorset. Foredrag og innlegg av flyhelten Charles Lindbergh, som var ein rein rasist. Han var ikkje åleine, serien opnar alt i 1920-åra, då KKK var ein maktfaktor i USA, og då USA innførte strenge kvotar for ulike land. 

Serien sluttar med at konsentrasjonsleirane vert avslørte og frigjorte. Det heile kunne altså ha slutta optimistisk, men det gjer det ikkje: Dei viser foto og filmar frå tiåra etter andre verdskrigen, foto og filmar som viser at rasismen slettes ikkje er vekke frå USA.

Guffen tilrår. 

16. april 2024

Sigurd Petersen: På Voss med bestefar (1990)

Eg var vel på nikk med Petersen, sjølv om eg aldri hadde han som lærar. Han var inspektør då eg gjekk på gymnaset, og eg møtte han av og til i andre samanhengar etterpå. Eg hugsar han som litt seriøs og keisam, men ting endrar seg med åra: Eg hadde nok sett pris på å snakka med han i dag.

Denne boka er greitt lagt opp: Petersen hadde fire barneborn då boka vart skriven. I boka smeltar han dei saman til guten Tron, og han fortel om turar dei har teke på Voss. Det er oftast skiturar. Bestefaren er den faktainteresserte forteljaren som vil læra guten alt mogeleg; guten utviklar seg til å verta interessert, han òg. Han set meir og meir pris på desse turane, og i det siste kapitlet avlyser han ein slalåm-avtale med ein jamaldring, av di han heller vil gå på ski med bestefaren. 

Den viktigaste bodskapen i boka er å sjå det store i det små. Petersen og Tron finn meir enn nok av interesse i heimbygda; det gjeld berre om å sjå seg om. Det handlar òg om å vidareformidla kunnskapen ein har samla, og Petersen har mykje kunnskap å formidla. Han var lektor i den tida då lektorar var kunnskapsrike og kunnskapshungrige, og det viser godt att her. Det er nesten trist å tenkja på kor få lektorar ved gymnaset i dag som kunne skrive ei liknande bok.

Guffen tilrår.

14. april 2024

Praying for Armageddon (2023)

Denne filmen kunne vore ganske morosam, hadde det ikkje vore for at det er blodig alvor. Det handlar om evangeliske kristne i USA som lengtar etter dommedag. Dei tolkar Bibelen slik at etter ein blodig krig på jorda vil Jesus koma tilbake og sortera levande frå døde. For oss som ikkje er spesielt religiøse verkar det relativt absurd.

Det som gjer det alvorleg er mengda av folk som trur på dette. Filmen snakkar om 100 millionar amerikanarar, altså nær ein tredel av alle som bur i USA. Ein kan seia mykje rart om amerikanarar, men det talet må vera for høgt. Men sjølv om det rette talet er 50 millionar, er det framleis svært, svært mange amerikanarar. Dei er mange nok til å vera ein maktfaktor, og det er ikkje spesielt overraskande å sjå Donald Trump dukka opp som talar på eit arrangement i ei av dei enorme mega-kyrkjene. Å blanda religion og politikk er ikkje spesielt lurt.

Filmen vekslar mellom USA og Israel. Dei evangeliske kristne er sjølvsagt heilt på Israel si side, og også der verkar det som om dei har eitt mål: Krig. 

Eg såg filmen på NRK, der han vart introdusert av Thomas Seltzer, og der det var ein interessant og innsiktsfull debatt rett etterpå.

Guffen tilrår. 

13. april 2024

Arnfinn Haga: Aksjon Telavåg (1993)

Eg vart gåande og tenkja på Telavåg-aksjonen her ein kveld, og fann ut at dette var noko eg burde gjera meg litt meir kjend med. Eg fann denne boka på nettsidene til Nasjonalbiblioteket, og sette i gang. 

Arnfinn Haga har skrive svært mykje om andre verdskrigen. Frå 1979 til 2010 var det berre eitt år han ikkje gav ut bok, og dei aller fleste bøkene ser ut til å handla om krigen. Det er eit høgt tempo, og sjølv om det altså er bøker frå eit avgrensa felt, er det fare for at bøkene kunne vorte betre dersom han hadde sett ned tempoet litt. Det er i alle fall tilfellet her - historia om Telavåg-aksjonen er så dramatisk at ho fortener ei langt betre skildring enn dette. 

Kortversjonen er at mange flykta til Storbritannia via Telavåg. Litt tilfeldig oppdagar ein norsk politimann at to som ventar på skyss gøymer seg i eit hus i Telavåg. Politiet og tyskarane går til aksjon, nokre av tyskarane vert drepne, og hemnen vert grusom: Alle menn i bygda vert sende til Tyskland, alle kvinner og born vert sende i eksil i Norheimsund, alle hus i bygda vert brende. 

Boka kan nok reknast som god dokumentasjon. Haga har snakka med mange som overlevde, og eg er ikkje i tvil om at han kan stoffet sitt. Likevel burde det vore presentert betre.

Guffen er lunken. 

9. april 2024

Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø: Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år (2005)

Denne jubileumsboka er todelt: Den fyrste delen fortel soga til Kringkastingsringen, den andre handlar meir om stoda for nynorsk og samisk og dialektar i media. Det er ei heilt grei todeling, sidan Ringen arbeider for meir nynorsk i media. 

Samstundes er det ikkje tvil om at den fyrste delen er meir interessant enn den andre. Det heile opnar med eit godt intervju med Magne Rommetveit, før Erling Lægreid kjem med minne frå den tidlege tida, då både han og Rommetveit var sentrale. Så kjem sjølve lagssoga, der eg vart både overraska og imponert: På kort tid bygde dei opp ein målorganisasjon som hadde fleire medlemer enn Noregs Mållag. Sjølv meinte dei at ein av dei viktigaste grunnane var at dei ikkje engasjerte seg i rettskrivingsspørsmål. Ein annan viktig grunn var at dei ikkje hadde lokallag - dei ville ikkje konkurrera med Mållaget. 

Så er det nok ein veikskap med framstillinga av soga til Ringen at dei ikkje skriv noko om nedgangen i medlemstal. Eg fekk det i alle fall ikkje med meg, og det burde vel òg ha stått noko om kvifor nedgangen kom (og kvifor Noregs Mållag igjen var størst).

Guffen tilrår. 

6. april 2024

Johan Austbø: Olav Sletto. Ein studie (1923)

Slike bøker burde det vore fleire av. Ho er på 45 sider, og gjev seg ikkje ut for å vera noko anna enn ho er: Ein introduksjon til ein kunstnar. Mange av biografiane som vert gjevne ut i dag er omfangsrike og er gjerne resultatet av mange års arbeid. Ofte er dei verdt bryet, men dei kan vera tunge å ta fatt på for dei som ikkje les så mykje. Då er ein slik introduksjon betre, og det kan godt vera at det er slik boka fungerer: Lesarane vert nyfikne og prøver seg kanskje fram.

Men når alt det er sagt: Akkurat denne boka kunne vore betre. Austbø er mest interessert i bøkene til Sletto, men han skriv òg litt om livet hans. Han framhevar at han er ein stor talar, og at han høver godt som skulemann. Men det meste av boka er altså ein gjennomgang av bøkene Sletto hadde skrive fram til 1923, og det vert for livlaust. Han refererer meir enn han analyserer, og når han finn fram til omgrep han likar godt, kjem dei attende fleire gonger. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Meir Austbø på kulturguffebloggen
Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)

Meir Sletto på kulturguffebloggen
Per Spegil (1939)

28. mars 2024

Tormod Haugland: Om søvn og mørke (2019)

Del to i det som vel er ein trilogi. Haugland hentar stoffet frå eige liv, og tek opp eit tema som er eller har vore aktuelt for mange: Korleis er det å ha odel på ein gard, samstundes som ein helst vil gjera noko heilt anna?

Den unge forteljaren i boka er fascinert av naturen. Han gjer oppgåvene som skal gjerast, men legg òg merke til ting andre ikkje bryr seg om. Det er ei forståing av at han skal ta over garden, spesielt då faren vert sjuk og etter kvart døyr. Han tek òg over garden, men dei fyrste åra han driv garden går han òg på ein kunstskule i Bergen. Der har han, slik han fortel i boka, "ein gardbrukar sin mentalitet, på same tid som eg prøvde å drikka meg vekk frå han". Han lever studentlivet, og sel garden til broren.

Det er ei finfin bok. Haugland skriv som vanleg godt, og det er lett å leva seg inn i kreftene som slit i han. Frå slekta kjem det berre eit lett press; dei ser òg at det er andre ting forteljaren skal og bør driva med.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)

27. mars 2024

J.D. Salinger: Nine Stories (1953)

På veg heim frå USA, tom for lesestoff, fann denne i ein bokhandel på veg til flyplassen. Av Salinger har eg berre den boka alle har lese - det er rett nok lenge sidan, men eg minnest boka som god. Sjølv om dette er ei samling noveller han (stort sett) skreiv før Catcher kom ut, plar det ofte vera bryet verdt å lesa dei likevel. Der er som regel eit eller anna som hintar fram mot større litteratur.

Det er det ikkje her. Absolutt ikkje. Eg las den fyrste novella, "A Perfect Day for Bananafish", og tenkte at dette var ekstremt tynne greier (bortsett frå tittelen, som jo er godkjent). Så svippa eg innom Wiki for å lesa litt om boka, og då stod det at "... Bananafish" var ein av dei beste og mest vidgjetne av novellene til Salinger. Eg hadde altså ikkje mykje tru på resten av boka, og det burde eg heller ikkje ha: Dette er det ikkje verdt å bruka tid på.

Personane han skriv om engasjerer ikkje, sjølve forteljingane er lite spesielle, språket er dårleg (med altfor mange adjektiv), og så bortetter.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. mars 2024

Ari Behn: Trist som faen (1999)

Av og til dukkar det opp debutantar som får ekstremt med stryk. Det vert gjerne sagt at dei står for noko nytt, at dei er svært talentfulle, og kanskje at her har me fått ein forfattar me kan gle oss over i mange år framover.

Det var omtrent slik då denne boka kom ut. Det var debutboka til Behn, og boka fekk terningkast seks i fleire aviser. Boka inneheld femten korte forteljingar; heile boka er på under hundre sider, og mange av dei sidene er blanke. 

Det går altså fort å lesa boka, og det går òg fort å gløyma boka. I alle fall for meg - det er vanskeleg å sjå kva som er så stort her. Kanskje boka råka ein eller annan tidsånde for 25 år sidan, kanskje eg ikkje er i målgruppa. Forteljingane viser oss augneblinkar i ulike liv. Viss me ser etter fellesnemnarar kan det vera at det handlar (mest) om menn, det handlar om mot, det handlar gjerne om folk som puslar med noko småkriminelt, det handlar litt om menn som er ute på eventyr. 

Det er ikkje spesielt fengande. Det dukkar opp ein og annan velskriven setning av og til, men det er ikkje mange av dei.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. mars 2024

Ibelin (2024)

Historia om Mats Steen er nesten ufatteleg sterk. Eg las ein artikkel om han på nettsidene til NRK for nokre år sidan, og ein skal vera rart skrudd saman om ein ikkje vart rørt av å lesa han. Steen hadde ein medfødd sjukdom som gjorde at han frå tidleg alder måtte bruka rullestol for å koma seg rundt. Han vart mindre og mindre sosial, og brukte all tid framfor dataskjermen. Han døydde då han var 25. 

Og det var då familien merka at dei hadde teke feil. Steen hadde eit svært sosialt liv i dataspelverda. Han var ein aktiv og omtykt medlem av eit lag i World of Warcraft, der han var den han var, utan at dei andre visste om sjukdomen hans. Han hadde vener over heile verda,. Etter at foreldra la ut melding på bloggen hans om at han var død, rann det inn med støttemeldingar frå medspelarane hans. Foreldra såg sonen i eit anna lys, og både dei og me andre vart påmint om at det er råd å vera sosial med folk via ein dataskjerm.

Foreldra hans filma heile tida, slik at i filmen ser me korleis Steen vert gradvis dårlegare. Desse delane av filmen er finfine, og det er sterkt å sjå korleis foreldra og systera samlar seg rundt dataskjermen og les støttande meldingar frå folk dei ikkje kjende. Resten av filmen er sett saman av autentiske dialogar frå spelet, sett saman med animasjonar som viser korleis dei ulike WoW-figurane kan ha oppført seg då ting var sagt. Desse delane er ikkje like fengande. Me har alt fått fortalt historia; animasjonane er mest med på å forsterka noko som alt er fortalt.

Guffen tilrår.

19. mars 2024

Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)

For ei flott bok. Jan H. Landro, ein av dei aller, aller finaste kulturjournalistane me har hatt, går grundig gjennom romanane og forteljingane til Jon Fosse. Han skildrar, analyserer og kommenterer, han dreg liner mellom ulike bøker i forfattarskapen, og det lyser kunnskap og innsikt av alt han gjer.

Alle bøkene får like seriøs handsaming, også dei som vert sette på som noko mindre vellukka. Av og til fortel han om korleis boka vart til, og han kan skriva noko om korleis boka vart motteken. Men han bruker mest tid på å finna moment som går att i kvar roman. I omtalen av debutromanen Raudt, svart skriv han om vekkjarklokka; i omtalen av Melancholia skriv han om lyset. 

Boka sluttar med eit bortimot seksti sider langt intervju med Fosse. Dette intervjuet er òg ein fryd å lesa - Fosse snakkar ope og alvorleg om skriving, om livet, og om dei ulike bøkene. Landro møter sjølvsagt godt førebudd, og stiller utfordrande spørsmål som Fosse ser ut til å lika. 

Det er eit storverk, slik Fosse fortener. Eg har nett lese meg gjennom alle desse bøkene, men fleire gonger under lesinga tenkte eg at akkurat den boka må eg lesa om att. Og omtalen av Septologien var så fin at eg nesten vart rørt igjen. 

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

17. mars 2024

Tarjei Vesaas: Brannen (1961)

Dette må vel vera ei av dei mørkaste bøkene i forfattarskapen til Vesaas. Det er dystert, og det vert dystrare rundt kvar sving. 

Me følgjer hovudpersonen, den relativt unge Jon, på ei ferd gjennom eit bygdelandskap. Han møter skremmande og uvenlege folk, han møter ei ung jente som viser han veg til ein stad med store mengder døde og døyande sauer, han møter ein manngard som leitar etter ei bortkomen jente, osb. Det er ikkje mykje von eller lys. Det ser rett nok ut til at boka skal få ei (uventa) happy ending då han finn den bortkomne jenta, men dei neste sidene vert ikkje spesielt lystige.

Boka vart skriven då den kalde krigen var på sitt kaldaste, og det er velkjent at Vesaas var ein av mange som undra seg over kor mykje vondskap menneska var i stand til å skapa for kvarandre. Det er nok verda han prøver å skildra, og typisk nok for Vesaas er det ein ungdom som skal prøva å finna ut av alt det vonde. Boka er velskriven, mange stader er setningane rein poesi. Likevel er det ikkje Vesaas på sitt beste, fleire av episodane fengar lite.

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

12. mars 2024

Michael Scott-Baumann: The shortest History of Israel and Palestine (2021)

Ei bok som denne er diverre alltid aktuell. Boka fortel historia til dei to landa. Der har vore bråk og strid lenge, og det er ikkje noko som tyder på at det ordnar seg. Den politiske leiinga i Israel i dag ser vald som den einaste løysinga, og så lenge andre land i verda, fyrst og fremst USA, ikkje tek kraftig til motmæle, kjem Israel til å halda fram. 

Det er kortversjonen av historia, men det er ein grundig kortversjon. Scott-Baumann har vore historie-lærar i 35 år, og han har reist mykje i Midt-Austen. Han kjenner altså både området og historia, og sjølv om det nokre få stader nok skin gjennom kvar sympatien hans ligg, ser dette ut til å vera ei imponerande nøytral bok. Det i seg sjølv er jo ein prestasjon, all den tid dette er ein konflikt som vekkjer sterke kjensler.

Han går kronologisk til verks. Denne boka byrjar mot slutten av 1800-talet, og me ser kva som skjer når Storbritannia styrte, og ikkje minst kva som skjer når dei dreg seg ut. Staten Israel vart oppretta i 1948 og har vist seg som eit grådig land, som stadig legg under seg større og større område. Sjølv om det absolutt har vore leiarar i Israel som har prøvd å få til fredelege løysingar, er det ikkje tvil om at det er dei som er som den store stygge ulven her. 

Guffen tilrår. 

9. mars 2024

I, Tonya (2017)

Kunstlaup - der har du ein idrett eg ikkje veit mykje om. Men viss eg nokon gong får spørsmål om å nemna ein (eller to) som har drive med den idretten, er det fare for at namna Tonya Harding og Nancy Kerrigan dett ut av meg. Dei hadde hovudrollene i ein real life-såpeopera før OL på Lillehammer - dei var amerikanske, dei var medaljekandidatar, og dei skal ha hatt eit dårleg forhold. Nokre månader før OL vart Kerrigan angripen av ein mann som heilt opplagt prøvde å skada ho; seinare vart det klart at mannen til Harding hadde planlagt angrepet. Kerrigan vart frisk til OL, der ho tok medalje; Harding vart nummer åtte.

Det var mest til å le av, og denne filmen opnar vel òg opp for at ein kan smila litt. Det er ein god film. Det er ein liksomdokumentar, der skodespelarane vert intervjua kvar for seg, og der me ser ting som skjedde. Eller ting som kan ha skjedd - eg kjenner ikkje saka godt nok til å vita om dette er historisk korrekt.

Det er Harding det handlar om. Ho veks opp i ein heim der ingenting fungerer - det er vald, det er skriking. Mora tvingar ho til å gå på kunstlaup, og det viser seg at ho har eit talent. Det bryr ikkje mora seg om, ho ropar og kjeftar like mykje som før. Harding giftar seg tidleg, men den fyrste kjærasten sin, og der er det òg vald i lange banar. Det er vanskeleg å lika desse tre personane, men skodespelet er glitrande, og det er ein film det er lett å fylgja med på.

Guffen tilrår. 

7. mars 2024

The Virgin Suicides (1999)

Noko av det finaste med denne filmen er korleis han ikkje fortel alt. Det vert tidleg klart at alle dei fem tenåringsdøtrene i Lisbon-familien tek livet av seg, men det er ikkje like tydeleg kvifor dei gjer. Me ser at foreldra deira er strenge og vernande, spesielt etter det fyrste sjølvmordet, men ligg det noko meir bak? 

Det heile vert fortalt gjennom augene til nabogutane. Dei likar dei fem systrene, og vil verta betre kjende med dei. Men det er eit eller anna ved jentene - dei ser ut til å vita noko andre ikkje veit, og dei spelar heile tida på lag. Etter at Cecilia, den yngste dottera, tek livet sitt under ein (sjeldan) fest i heimen, vert reglane for dei andre fire endå strammare. Dei avtalar med nabogutane at dei skal hjelpa dei med å rømma, men planar deira er eigentleg heilt annleis: Den natta gutane kjem for å henta dei tek dei livet av seg, ei etter ei. 

Gjennom fjernsynsinnslag fortel filmen at folk veit lite om sjølvmord og endå mindre om korleis dei skal takla det. Det vert tydeleg mot slutten av filmen. Etter massesjølvmordet flyttar foreldra frå byen, og for dei attverande held livet fram som om ingenting har hendt.

Guffen tilrår.

5. mars 2024

Yesterday (2019)

Det finst nok filmar som kan by på større overraskingar enn denne. Er det noko som er opplagt heile vegen er det til dømes at han og ho finn kvarandre. Det vert òg etter kvart tydeleg at han kjem til å sleppa den musikalske katten ut av sekken. Og med unntak av dei to andre som hugsar The Beatles er det ikkje vanskeleg å sjå om folk er med han eller mot han.

"Han" er Jack Malik, ein visesongar utan altfor stor suksess. Han bestemmer seg for å leggja opp, sjølv om manageren hans, Ellie Appleton, vil han skal halda fram. På veg heim går straumen over heile verda, og det viser seg at The Beatles (og litt til) er fjerna frå historia. Platene finst ikkje, dei finst ikkje på internett, ingen kan songane. Bortsett frå Malik. Han framfører dei som om det var hans songar, han spelar litt på fjernsyn og vert ein sensasjon. Heilt til han ikkje orkar å leva på ei løgn meir. Og då vert Ellie så glad at ho vert saman med han likevel.

Eg ser ikkje altfor mange romantiske komediar, og det er vel ikkje slik at eg kjem til å kasta meg over den neste liknande filmen eg ser. Men her er likevel små og store lyspunkt, så heile bortkasta var det ikkje.

Guffen er lunken.

4. mars 2024

Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)

Ein dag slo det meg at eg har lese det meste som tre nobelprisvinnande forfattarar har gjeve ut. Hjå Fosse og Munro held det aller, aller meste eit skyhøgt nivå, men hjå Steinbeck er det ikkje heilt slik. Her er mange toppar, men det er òg mange mindre vellukka bøker. 

Denne biografien legg ikkje skjul på det. Der ligg kanskje eit slags forsvar i at Benson ofte kjem tilbake til at Steinbeck ville vidare, at han eksperimenterte med nye tema og former. Men han greier ikkje heilt å vera usamd i at det var 1930-åra som var det verkeleg store tiåret til Steinbeck. Og at det var litt rart at han fekk nobelprisen i 1962, lenge etter at han hadde gjeve ut noko stort.

Denne biografien er stor, boka er på noko over 1000 sider. Det er ei solid bok, der Benson bruker kjeldene godt. Han har hatt tilgang til fleire brevsamlingar, og bruker breva til Steinbeck flittig. Han skreiv brev heile tida, og kunne vera open om både personlege ting og om litteraturen sin. Han var nok ein vanskeleg person, mest av di han var ein slik som lett vart fornærma, og som aldri gløymde ein uvenskap.

Det var litt overraskande for meg at Steinbeck ikkje stod lengre ute på venstresida. Fleire av bøkene i 1930-åra tyder på det. Etter meisterverket The Grapes of Wrath, som kom i 1939, vart han så upopulær hjå dei han kritiserte at han nærmast gjekk i dekning. Han var redd for at dei anten skulle skada han, eller at dei skulle setja opp ei felle for han. 

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

2. mars 2024

Alice Doesn't Live Here Anymore (1974)

Nja. Ein ikkje altfor original film, og ein film der ting tidvis er altfor tydelege og for lite subtile, men likevel ein film som aldri vert så dårleg at det vert pinleg.

Det handlar om Alice Hyatt. Ho er gift med ein ikkje altfor sympatisk mann, og dei har ein fritalande son på 11 år. Mannen døyr i ei ulukke. Ho sel det meste av det dei eig, tek med seg resten og køyrer mot Monterey i California saman med sonen. Så langt kjem dei aldri - dei har lite pengar og stoppar to stadar for at ho skal tena pengar. Ho møter menn begge stadane, med vekslande hell. Han ho møter den fyrste staden viser seg å vera gift (og valdeleg); han ho møter den andre staden viser seg å vera perfekt, bortsett frå at han er så streng med son hennar at ho ikkje greier meir. Nesten.

Filmen er nok prega av at han er femti år gamal. Humoren er ikkje så artig, og det visuelle er heilt på det jamne. Det er godt skodespel, spesielt frå Kris Kristoffersen. Det er òg halvartig å sjå Harvey Keitel og Jodie Foster i veldig tidlege roller.

Guffen er lunken. 

20. februar 2024

Challenger. The Final Flight (2020)

Challenger-ulukka var ei av dei hendingane alle fekk med seg. I ein av episodane her seier ein amerikanar at han fekk assosiasjonar til Kennedy-mordet, og det kan godt vera noko i det. Alle sju om bord omkom kort tid etter avgang - både dei seks astronautane og ho lærarinna som var invitert med. 

Ein av grunnane til at ho vart med var at NASA ville ha meir merksemd om romferjereisene sine. Dei trong meir pengar, og følte at interessa for aktiviteten deira var så låg at dei frykta at løyvingane ikkje ville auka. Dei pressa òg på for å få mange avgangar, og presset deira var hovudgrunnen til at Challenger eksploderte. Mange rundt NASA åtvara mot pakningar som var dårlege; NASA ignorerte det og skaut ut romferja sjølv om det var ei kald dag.

Det er eigentleg berre dette denne miniserien handlar om. Me vert kjende med dei sju, me vert kjende med prosedyrane dei gjekk gjennom, osb. Alt dette vert vist i arkivopptak. I tillegg er det mange nye intervju med sentrale folk, og her er det vel ein av sjefane for det heile som fascinerer mest: Han meiner at han ikkje gjorde noko gale, og skuldar på alle under seg. Serien er sikkert informativ nok, men det hadde vore greitt om dei faktisk òg hadde fått noko nytt på bordet. 

Guffen er lunken.

15. februar 2024

The Sting (1973)

Paul Newman og Robert Redford gjorde det godt saman i filmen Butch Cassidy and the Sundance Kid, og fire år seinare laga dei igjen film saman. Også denne gongen kosar dei seg på den andre sida av lova. Filmen har ikkje den same sjarmen som Butch..., men har til gjengjeld eit meir originalt manus.

Dei svindlar litt histen og pisten, kvar for seg. Etter eit vellukka triks vert ein kompanjong av Redford drepen, og Redford slår seg saman med Newman for å ta hemn. Dei finn ut at den beste måten å gjera det på er å lura motstandaren, og dei (eller fyrst og fremst Newman) kokar saman ein rimeleg sikker plan. Det mest imponerande er korleis så mange statistar vert med, og korleis dei innreier fleire lokale for å unngå at motstandaren skjønar at han vert lurt. 

Handlinga er lagt til 1936, og slik ser det òg ut. Det er stilreint og vel så det. Skodespelet er suverent, der fleire i biroller er heilt på høgd med dei to store stjernene. 

Guffen tilrår. 

13. februar 2024

Priscilla (2023)

Elvis kunne velja og vraka. Han fekk alt og alle han peika på, og gjorde stort sett som han ville. Slik var det òg med Priscilla. Han var ti år eldre enn henne, og dei møtte kvarandre då han var i militæret i Tyskland. Far hennar var yrkesmilitær. Elvis likte det han såg, men han hadde òg eit visst utbyte av å snakka med ho. Foreldra hennar likte kontakten dårleg, men han snakka godt for seg og fekk lov til å treffa ho av og til. Merkeleg nok gjekk dei òg med på at ho skulle flytta inn på Graceland for å gå det siste året på high school. 

Det var ikkje nokon dans på roser for Priscilla. Her merka ho kven som var sjefen, og at ho (og alle ja-mennene hans) måtte gjera som han ville. Han reiste på turné og vassa i damer, han reiste til Hollywood og vassa i damer; ho sat heime og kjeda seg. Dei gifta seg, fekk ei dotter, og glei lengre og lengre frå kvarandre.

Dette vert fortalt på ein heilt grei måte. Me ser det heile frå hennar side, der glansbiletet av Elvis falmar meir og meir. Samstundes er ho glad i han, og lét seg overtala til å halda fram litt til. Sjølv om det vert i meste laget då Elvis trur at han kan lesa seg til eit betre liv. Slik sett er filmen ei god motvekt til Elvis-filmen frå året før.

Guffen tilrår. 

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)

11. februar 2024

Makta, sesong 1 (del 2, 2024)

Gro har fått makta, og serien handlar om tida fram til Arbeidarpartiet tapar valet i 1981. Det er ein litt ujamn serie, men eit par av episodane er så glimrande at dette høgst truleg er den beste norske fjernsynsserien nokon gong. 

Den viktigaste grunnen til det er at det heile er leikent. At serieskaparane har eit litt avslappa forhold til kva som eigentleg skjedde er heilt greitt, men det er ikkje det viktigaste. Det er viktigare at dei leikar med sjølve sjangeren, slik som når Thorbjørn Harr (som spelar Kåre Willoch) presenterer seg for Kathrine Thorborg Johansen (som spelar Gro Harlem Brundtland) på sminkerommet før dei skal i gang med filminga. Då har han vanleg stemme; litt seinare har han den knirkete Willoch-stemma. 

Det er altså mykje å smila av, medan det er djupt alvor andre stader. Då handlar det ofte om Reiulf Steen, som vart pressa ut av toppleiinga. Episoden om landsmøtet der akkurat det skjedde var finfin, og det absolutte høgdepunktet i heile serien var då Steen er på Utøya og held eit spontant og uformelt foredrag om Chile og sosialisme, saman med nokre AUF-arar i strandkanten. 

Guffen tilrår. 

Meir Makta på kulturguffebloggen
Sesong 1 (del 1, 2023)

10. februar 2024

Cormac McCarthy: The Sunset Limited (2006)

Eg las ein stad at dette stykket fungerte dårleg som teater, av di det berre er to menn som sit og snakkar ved eit bord. For meg er det ein merkeleg ting å seia - eit slikt stykke kan fungera godt, så lenge samtalen deira er interessant. Her er samtalen aboslutt interessant.

Dei to, Black (ein farga) og White (ein kvit) møtte kvarandre for litt sidan. Eller møtte kvarandre - White prøvde å kasta seg framfor ekspresstoget Sunset Limited; Black stoppa han. Under heile stykket sit dei i den litt lugubre leilegheita til Black. Det er han som stiller spørsmål og driv samtalen vidare, White er litt meir reservert. 

Dei snakkar mykje om religion - Black er truande; White er avvisande. Dei snakkar mykje om velstand - Black bur i ein fattig del av byen; White er ein noko meir velståande professor. For Black er livet heilag; White har ikkje så mykje tru på det.

Og slik går no dagan. Dei er aldri oppøste eller sinte, men dei er usamde om det meste. Det fengar, det er spanande. Det er stort sett korte replikkar, men av og til kjem Black med lengre historier frå fortida si. Eg skulle gjerne sett dette stykket.

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)

Debutboka til John Lennon, In His Own Write, vart, noko uventa, ein storseljar. Denne boka kom året etterpå. Det handlar sjølvsagt litt om å smi medan jarnet er varmt, men sjølv om dei to bøkene har mykje felles er det ikkje ein rein kopi.

For noko har endra seg. Boka er vel omtrent like omfangsrik, men her er det fleire lange tekstar. Nokre av desse lange tekstane er fulle av langt fleire ordspel enn sist, og her er påverknaden frå Lewis Carroll endå tydelegare. Og av og til verkar det litt om Finnegan's Wake, smak til dømes på "I find it recornered in my nosebook that it was a dokey and winnie day towart the end of Marge in the ear of our Loaf 1892..." Det verkar òg som om teikningane får meir plass her, og dei er òg større. Og betre.

Samstundes er det òg mykje felles. Her er mykje å le av. Alt er ikkje like løye, det kan skuldast at tidene har endra seg eller at eg ikkje plukkar opp det som kan ha vore samtidige referansar; det kan òg henda at det vert i meste laget å lesa boka ut på ein kveld.

Guffen tilrår. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

9. februar 2024

Annie Ernaux: Sommeren 58 (2016)

Annie Ernaux skriv sjølvbiografiske romanar som handlar om noko langt meir enn ho sjølv. Spørsmåla ho tek opp angår mange, og sjølv om ho kan verka utleverande er det ikkje akkurat det ho er.

Denne gongen tek ho utgangspunkt i ein sommar ho arbeidde på ein barneleir. Ho var 18 år, ho var fri for fyrste gong, og ho var nyfiken på dette med seksualitet. Ho prøvde seg fram, eller rettare: Andre prøvde seg fram på ho. Ho fekk eit stempel som rundbrennar, der andre fekk omtrent fritt spelerom. 

Ho skriv at ho lenge har hatt lyst til å skriva noko om dette, men at ho ikkje har fått det til. Det verkar som om ho, i alle fall i ettertid, såg at ho vart brukt. Det er vonde minne, må ho skriva om attenåringen i tredje person. Dette endrar seg halvveges i boka - ho er nokre månader eldre og arbeider ei tid som au pair i England. Då kan Ernaux skriva om den unge seg som "eg". 

Det er altså ikkje (berre) ei bok om å debutera seksuelt. Det handlar langt meir om å finna ut kven ein er og kva ein vil, og om korleis kjønnsrollene har endra seg til noko betre sidan 1958.

Guffen tilrår. 

Meir Ernaux på kulturguffebloggen
Hendelsen (2000)
Årene (2008)
Far. En kvinne (2021)

8. februar 2024

Fargo, sesong 5 (2023)

Velkomen tilbake! Etter den litt tafatte og ikkje altfor vellukka fjerde-sesongen er Fargo tilbake på gamle høgder. Dette var finfine greier. Stort skodespel, rette skodespelarar, godt manus, god humor, god filming, osb. Det er til og med ein altfor aktuell serie - nokre av hovudpersonane har laga sin eigen milits i Nord-Dakota, der dei absolutt ikkje respekterer det som skjer i hovudstaden og på nasjonalt nivå.

I tillegg er her òg ei rekkje referansar til filmen Fargo, og til andre Coen-filmar. Hovudpersonen er ei kvinne som har skifta identitet. Eks-mannen, den rabiate sheriffen i Nord-Dakota, sender ut to luringar for å kidnappa ho. Scena når dei kjem til huset er som henta frå filmen - ho sit i stova og ser to maskerte menn nærma seg huset. Den eine av dei er nihilist, så der går Lebowski-alarmen. Han har òg nokre mystiske og merkelege band til Europa for mange hundre år sidan, så der går A Serious Man-alarmen. Han er òg ein rabiat og nådelaus valdsmann, så der går No Country-alarmen. 

Det er altså strålande greier. Ti episodar; eg såg dei fleste på eit par dagar. Juno Temple er glimrande som kvinna; Jon Hamm er like god som sheriffen. Her er andre politifolk, både lokale og nasjonale, som snører nettet saman rundt Hamm og farmen han har bygd om til ein festning, og det heile sluttar med ein del skyting der. Eller, det gjer det jo ikkje - skal me trekkja for noko, må det vera at spaninga vert utløyst litt for tidleg i den siste episoden. Sjølv om det avsluttande måltidet er koseleg og greitt.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 3 (2017)
Fargo, sesong 4 (2020)