27. juni 2011

Glen Matlock: I Was a Teenage Sex Pistol (1990)

Dette er barnelærdom: Glen Matlock var bassist i Sex Pistols fram til 1977, då han fekk sparken. Bandet sende ut ei pressemelding der dei skreiv at den viktigaste grunnen var at han likte Beatles.

Matlock er ikkje samd i denne versjonen. Han meiner at han slutta av fri vilje, av di han ikkje greidde å samarbeida med vokalisten, Johnny Rotten. Matlock skriv at Rotten endra seg i takt med at bandet vart meir kjende, og meir berykta, og at det til slutt var uråd å vera i same rom som han.

Kva som er den rette versjonen er eg ikkje sikker på. Å bruka ein sjølvbiografi som kjelde er alltid utrygt. Matlock treivst heilt sikkert dårleg i bandet, men det er like sikkert at dei andre treivst dårleg med han. Då Sex Pistols la ut på ein gjenforeningsturne i 1996, var det med Matlock på bass, men i intervjua før turneen la ikkje Rotten og Jones skjul på at dei eigentleg ikkje likte Matlock.

Matlock var likevel viktig for Sex Pistols. Det var han som skreiv dei fleste og dei beste av songane deira, det dei skreiv etter at han slutta er ikkje mykje å skryta av. Han skriv overtydande om musikken deira, om korleis dei var meir opptekne av energi og melodi enn av fart. Han skriv òg godt om dei andre i bandet, og om forholda han hadde til dei. Han tonar òg ned rolla til manageren, Malcolm McLaren, som slettes ikkje hadde kontroll over alt som skjedde.

Men i det heile er det ei heller kjedeleg bok. Ho kan godt lesast som eit forsvarsskrift for Matlock, men eg vert ikkje overtydd. Her er ei rekkje korte anekdotar, nokre av desse er underhaldande, andre er heilt utan poeng. Matlock framstår som ekstremt oppteken av pengar. Han verkar ikkje spesielt punk, og det er lite i veremåten hans som tilseier at han faktisk var med i eit band som endra rockehistoria. Det som fanst av ideologi i Sex Pistols kom nok frå Rotten, og det var han og Sid Vicious, bassisten som avløyste Matlock, som var dei som sterkast påverka korleis punkarar såg ut. Dei tre andre i bandet, Matlock, Steve Jones og Paul Cook, var på alle måtar meir anonyme, og det kan gjerne vera grunnen til at sjølvbiografien til Rotten er langt meir underhaldande enn denne.

Guffen er lunken.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar