6. juni 2021

Big (1988)

 

Eg hugsar ikkje heilt detaljane, men det må ha vore omtrent slik: Inge og eg og ein til (Håvard?) skulle på kino i Oslo. Inge ville absolutt sjå denne, men vart nedstemt. I ettertid såg han filmen åleine, og fortalde at filmen var aldeles suveren. Me fann aldri heilt ut om han meinte det alvorleg. Etter å ha sett filmen no, for fyrste gong, er eg framleis usikker.

Filmen har nokre verkeleg løgne scener, men det er òg mange andre scener som ikkje er så løgne. Filmen handlar om tretten år gamle Josh. Han puttar pengar på ein automat på eit tivoli, og får oppfylt ynsket sitt: Han vert stor/vaksen. Han lever i vaksenlivet ein månad eller to - han får jobb i eit leiketøyfirma, han får seg dame, han tener store pengar og får eiga leilegheit, og så bortetter. I mange av situasjonane er det sjarmerande å sjå ein ung gut i ein vaksen kropp, andre gonger er det altså noko seigare.

Tom Hanks er glimrande i hovudrolla. Med små gestar og blikk vert han tretten år gamle Josh. 

Guffen er lunken.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar