19. april 2015

Richard Ford: Let Me Be Frank With You (2014)

Frank Bascombe, hovudpersonen frå den store (og delvis vellukka) trilogien til Rochard Ford, er vorten gamal. Han har pensjonert seg, men arbeider litt gratis for gode føremål, og får elles tida til å gå ved å tru på dei same livsløgnene som før. I denne boka er det fire frittståande noveller om han, men ikkje meir frittståande enn at alle historiene er lagt til veka før jol 2012. Orkanen Sandy har herja New Jersey, der han og kona bur, og det er eit katastrofeområde.

Det Amerika Ford skildrar er ikkje eit katastrofeområde, men det er eit samfunn som er ute av balanse. Unge menn vert sendt til krigar ingen skjønar vitsen med. Helsesystemet fungerer best for dei velståande. Orkanoffer vert utnytta av all slags luringar. Naboar snakkar ikkje med kvarandre. Og så vidare.

Ford skriv godt, det veit me frå før. Han er òg betre i noveller enn i romanar, men likevel er ikkje dette Ford heilt i toppslag. Frank Bascombe gav ut ei bok for lenge sidan, og i den siste forteljinga vert han spurt av ein kjenning som ligg for døden: "When you write a book, how do you know when you've finished it?" Litt av problemet i desse fire novellene er at Ford burde sett punktum litt tidlegare. Det vert for mykje av mykje - litt for mange omvegar frå historia i novella, litt for mange flotte setningar, litt for mange måtar å seia at Bascombe kunne vore ærlegare med seg sjølv på.

Guffen er lunken.

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
Wildlife (1990)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar