10. juni 2021

Richard Ford: The Sportswriter (1986)

 

Ford har skrive fire romanar om Frank Bascombe. Bascombe er ein spanande romankarakter, og eg har lese alle fire romanane før. Han er forteljar i bøkene, men han er ikkje spesielt truverdig. Slik er det kanskje når du er ein dritsekk - når han skal forklara kva som har gått gale i livet hans er det lettare å skulda på andre.

I denne boka er han nyskilt. Handlinga i boka strekkjer seg over ei påskehelg der det meste går gale, og i tillegg kjem det mange (og lange) tilbakeblikk. Han reiser frå New Jersey til Detroit for å intervjua ein tidlegare idrettshelt, og inviterer med seg ei dame han har vore saman med rimeleg kort tid. Når helga er over kan han sjå tilbake på eit intervju som var mislukka, ei romantisk helg (som var mislukka) med kjærasten, ein påskedagsmiddag (som var mislukka) hjå foreldra til kjærasten, eit avslutta forhold til kjærasten, krangling med eks-kona, osb. I tillegg har ein perifer kjenning teke livet sitt, med eit brev til Bascombe på nattbordet. 

Slik han fortel dette, har han ikkje noko skuld i dette - det var til dømes heilt tilfeldig at han, på hotellrommet i Detroit,  rota i handveska til kjærasten då han trudde ho sov.

Det er mykje bra her, men det er òg noko med skrivestilen til Ford som gjer det litt tungt. Det vert ordrikt, det vert omfattande, og mange av kapitla manglar framdrift. Boka var slettes ikkje så god som eg hugsa ho.

Guffen er lunken. 

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
A Piece of My Heart (1976)
Wildlife (1990)
Let Me Be Frank With You (2014)
Between Them (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar