12. september 2022

Pistol (2022)

Eg kom til å tenkja på gamle dagar, då eg var ein ung wannabe-punkar. Me likte musikken, men ville gjerne vita meir om dei meir sentrale banda. Ein av oss fekk tak i ei bok om Sex Pistols (The Sex Pistols File?), og me las boka om att og om att. Denne dramatiseringa av historia deira kan kanskje ha same effekt på dei som oppdagar bandet no, men truleg ikkje: Dei finn jo alt dei vil på internett. Og då er det litt vanskeleg å skjøna kven serien er laga for. 

Her er sjølvsagt bra musikk, og det er nokre strålande skodespelarpresentasjonar, men innvendingane mot serien vert så mange at det som er bra druknar. Det er ikkje heilt greitt at dei juksar med kronologien, og at dei spelar "Bodies" medan Glen Matlock er med i bandet. Det vert litt for mykje svart/kvitt - Matlock snakkar om Beatles heile tida, Paul Cook har omtrent ikkje eigne meiningar, Johnny Rotten er forbanna på alle alltid, Steve Jones kan ikkje lesa, osb. Ingen andre punkeband vert nemnde. Chrissie Hynde får derimot ei altfor stor rolle. I røynda jobba ho på Sex, men bortsett frå det var ho perifer. Her vert ho kjærasten til Steve Jones, og vert den eine personen han verkeleg prøver å koma innpå. Det er aldeles uforståeleg at serien sluttar med at ho og The Pretenders skal spela konsert.

Boka er basert på sjølvbiografien til Steve Jones. I serien er han med så godt som heile tida. Det hadde vore meir stas dersom det var den verkeleg Jones som var med - han har langt meir sjarm enn slik han vert presentert her.

Men musikken er sjølvsagt bra. Og Anson Boon, som spelar Johnny Rotten, er finfin - han snakkar til og med slik Rotten gjorde. Det veit alle me som har sett intervju med Rotten, eller sett og høyrt han i det som framleis er den beste filmen om Sex Pistols - The Filth and the Fury.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar