5. november 2014

John Lydon: Anger Is an Energy (2014)

John Lydon gav for rundt tjue år sidan ei bok om livet i Sex Pistols. Denne boka er langt meir omfattande, og langt meir reflektert - her skriv han om heile livet sitt. Han er ikkje lenger den som skal slengja drit i alle retningar, her er han til dømes langt meir positiv i omtalen av Glen Matlock, den fyrste (og siste) bassisten i Sex Pistols. Lydon har alltid vore god med ord, og her er mange gode uttrykk, mange gode setningar, og mange gode historier. Ein av dei beste er frå 1987. Taxien Lydon sit i står fast i bilkø i London. Paul og Linda McCartney kjem ut frå ein butikk, ser taxien, spring bort til bilen og bankar på ruta: "John! John! It's me, Paul!" Lydon veit ikkje heilt kva han skal gjera, og ropar til drosjesjåføren at han må koma seg vekk, og svinga inn på ei sidegate. Drosjesjåføren gjer det, medan han mumlar "Bleedin' hell, I've seen it all now". Ein annan god historie er då Lydon og kona skal fly frå Tyskland til USA, men ligg så dårleg an med pakkinga at dei, ein time før flyavgang, endrar billettane til dagen etter. Flyet dei skulle vore på vart sprengt over Lockerbie.

Sjølvbiografiar skapar ofte inntrykk av at forfattaren er viktigare enn han kanskje er. Lydon/Rotten var ein av dei viktigaste i musikkhistorien, som vokalist i Sex Pistols, det viktigaste punkebandet, men alt han har gjort etter det har ikkje vore like viktig, slik ein kan få inntrykk av når ein les boka. Det er greitt, og det er òg greitt at Lydon har mange (uskivne) reglar han lever livet sitt etter: Det er ekstremt viktig for han å styra sitt eige liv. Det er ekstremt viktig at folk er ærlege og modige; dei andre har han ikkje tid til. Familien er ekstremt viktig for han; både familien han vaks opp i, og den (barnlause) familien han har no, saman med kona Nora i California. Han skriv eit par stader at han håpar at han døyr fyrst av dei ho, sidan han ikkje skjønar korleis han kan klara seg utan ho.

Det er ei underhaldande bok, som likevel av og til går på tomgang. Han skriv godt om Sex Pistols, både fram til dei vart oppløyst i 1978, og om gjenforeiningane. Om det andre bandet sitt, PiL, skriv han ikkje like godt, der er han meir oppteken av å prøva å få fram at dei òg er eit fantastisk band. Det kunne dei vera, men er det langt frå alltid.

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar