25. juni 2021

Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)

 

Ein kjend historie, men presentert på ein ny måte, og med mange nye detaljar. Det handlar om Malcom McLaren og Sex Pistols, og boka går ekstremt kronologisk til verks: Forfattarane skriv kva dei viktigaste aktørane gjorde kvar månad fram til debutkonserten i november 1975, og deretter kjem innhaldet sortert på dato. I 1977 kan det ikkje vera mange datoar utan innhald.

Å skriva historien på dette viset får fram noko interessant ved historia til Sex Pistols: Det heile gjekk i eit absurd høgt tempo. Dei var i studio, dei var på turné, dei vart intervjua, dei krangla, dei sparka medlemmar, dei vart bannlyste, osb. Plateselskap kom og gjekk. Turnear vart planlagde, men vart avlyste omtrent før avisene skreiv om dei. Ikkje rart at dei fire i bandet var leie av kvarandre då slutten kom i januar 1978. Gjennom boka er det òg tydeleg at McLaren gjorde det han kunne for å tena mest mogleg pengar på bandet.

Her dukkar opp nye ting, i alle fall for meg: To historier handlar om Paul Weller i The Jam: Etter at Glen Matlock slutta i/vart sparka frå Sex Pistols, skal Weller ha spurt han om han ville vera med i Jam, som gitarist. Etter at Sex Pistols gav ut "Holidays In The Sun", med eit riff som heilt opplagt var kopiert frå Jam-songen "In The City", brukte Weller å vitsa med dette frå scena. Sid Vicious likte dette dårleg, og konfronterte Weller ein kveld han trefte han. Weller rundbanka han.

Så det meste her er underhaldande og interessant, men der er òg openberre manglar ved boka. Her burde vore kjeldetilvisingar, og her burde absolutt vore eit personregister. 

Guffen tilrår. 

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Pistol (fjernsynsserie, 2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar